Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Dyngeland må gje til corner på eit kjempeskot frå 30 meter.
90+2'
Sogndal med ein glimrande overgang, men Ofere sin kjipp i bakrom er ekstremt ufølsom og Grytebust plukkar lett.
90+1'
Aaelsund får klarert.
90+1'
Frispark til Sogndal som skal dunkast opp.
90+1'
Det er lagt til dei sedvanlege 3 minutta.
89'
Sogndal sitt forsvar rotar og Barrantes får prøve seg, men skotet er farlegare for tilskodarane enn Dyngeland.
88'
Sogndal klarerar.
88'
Flyttar fram luftskytset og går for siger.
88'
Frispark til Aalesund midt på Sogndal sin halvdel.
86'
Det verkar som Aalesund har grei kontroll, men av og til gjev dei faktisk Sogndal nokon gode overgangsmoglegheiter. Dessverre for sogningane går det svært seint på desse overgangane og dei klarar ikkje å skape noko seærlege problem for Aalesund.
85'
4517 tilskodarar i dag.
83'
Brochmann med skot frå 30 meter denne gong. Langt utafor.
82'
Valgardsson med eit glimrnade innlegg som det eit under at Ofere bommar på. Heldigvis for han kan han unnskylde seg med at han var i offside.
80'
Otoo med susar frå 30 meter. Grytebust må gje til corner.
78'
Sogndal pressar høgt, men Aalesund er flinke å halde i ballen. Ser meir komfotable ut no Aalesund.
77'
Siste 15 minutta. Sogndal må ha siger i denne kampen eller vert det nok ein tung haust. Aalesund vil med siger legge nedrykkspøkelse bak seg for ei stund. Kven tør satse alt framover på slutten her?
76'
Flo skyt frå 30 meter. Barnemat for Grytebust.
75'
Fantastisk ball frå Barrantes til Mos som avsluttar like over.
74'
Søderberg avsluttar utafor.
73'
Frispark til Sogndal i midtsirkelen. Vert ein høg ball i feltet trur eg.
73'
Barrantes skyt frå 30 meter og Dyngeland held skotet. Viktig for Sogndal for der var Mos klar på returen.
72'
Aaleusnd trillar ball og er flinke til det. Sogndal vert springande ein del mellom no.
70'
Kampen står heilt klart og vippar no. Sogndal er nok det laget som mest må gå for tre poeng og det gjev fine overgangar for Aalesund.
68'
Aalesund heilt klart meir med i denne omgangen etter at dei sov dei første 10 minutta.
68'
Glimrande spel av Aalesund og Bjørdal legg tilbake til Karnass som blir hindra i siste sekund av Brochmann.
67'
Bolseth vinn ballen og Sogndal kan komme 5 mot 3, men dommar bles frispark. Meget tvisomt.
66'
Patronen avsluttar tilslutt over etter litt klabb og babb.
64'
Ofere klarerar via ein aalesundspelar til kast for Sogndal.
64'
Matland skal svinge innover.
64'
Frispark til Aalesund i fin innleggsposisjon.
64'
Aalesund byggjer opp og Sogndal ligg lågt no.
62'
Aalesund får holde litt på ballen og det er nok viktig for sjølvtilliten.
60'
Først har Sogndal eit enormt trykk før Aaleund kontrar og vinn ein corner.
60'
No er det Hawaii her!
58'
Aalesund ligg framleis lågt. Uavgjort er jo eit heilt greitt resultat for Aalesund, men spørs om dei kan halde fram slik som dei har framstått dei ti første minutta her i 2.omgang.
56'
Sogndal som styrkkjer på no. Aalesund merkeleg tafatte i starten av denne omgangen.
53'
Frispark til Sogndal på kanten av 16-meteren.
53'
Frispark til Sogndal på kanten av 16-meteren.
51'
Knallhardt skot rett på Grytebust. Glimrande retta opp der av sisteskansen.
50'
Ofere eller Valgardsson skal skyte.
49'
Stor sjans for Sogndal no!
49'
Frispark til Sogndal på 16 meter etter at Grytebust går utafor med ballen. Rar situasjon.
49'
Sogndal prøver seg på kanten, men Aalesund har grei kontroll. Ser ut som Aalesund legg seg litt lågare no.
47'
Sogndal klarerar.
46'
Aalesund sparkar i gang andre omgang og går rett i angrep. Teniste feller Karnass og dei oransje vinn eit frispark på kanten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi klare for 2.omgang.
Aalesund leiar 1-0 til pause etter ei flott scoring signer Matland og James. Heilt greit det, men det har vore ein jamn kamp og ingenting er avgjort her på Fosshaugane Campus. No må iallefall Sogndal satse hardt framover for blir det ikkje 3 poeng i dag så brenn det eit blått lys for vidare tippeligaspel i sogn.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Leke James er forresten tilbake på bana igjen og det ser ut som han ikkje er hefta av skaden.
45+2'
Innlegg igjen frå Valgardsson, men Strand si heading får over.
45+1'
Men der er han oppe igjen. Vanskelig å sjå kva som skjedde, men ein liten vannsprut var ialle fall nok til å få James på beina igjen.
45+1'
Dommaren vinkar på båre.
45'
Held seg til ryggen her målscoraren.
45'
Leke James ligg ned og har fryktelig vondt.
45'
Då blir det hardt for Sogndal.
43'
Ojojoj! James slår inn framfor mål og Psyché klarar akkurat å hindre Abdellaoue. God sjanse for Aalesund.
42'
Sogndal på, men Aalesund kontrar!
41'
Psyché stussar i stolpen!
40'
Teniste skal kaste langt for Sogndal som flyttar opp tårna sine.
38'
Etter ein lengre periode der Aalesund var kalrt best har kampen jamna seg meir ut.
36'
Valgardsson med nytt innlegg som Otoo headar ein meter utafor.
34'
Sogndal kjem på ei kontring og Strand avsluttar frå 20 meter. Grytebust held enkelt.
32'
Vi har spelt ein halvtime og nokre veldig store sjansar har det ikkje vore å skrive heim om. Men det er heilt klart nerve i kampen.
30'
Ofere skyt knallhardt ein meter over.
28'
Patronen fekk orresten sitt 5 gule kort for sesongen og problema hopar seg opp for Sogndal sidan han no må stå over neste kamp.
27'
Ulvestad får veldig veldig vondt etter at Ofere er sein i ei takling. Ofere får gult kort og Ulvestad kjem seg raskt på beina igjen.
26'
Forferdelg dårlig utnytta frispark av matland. Kort ball rett i ein sogndalspelar.
25'
Der gjekk sola ned. Dynglenad ikkje lenger sjenert av sola, men for oss som sitt og ser på så vart det med ein gong ganske kalt.
24'
God sjanse for Sogndal. Valgardsson legg inn og Otoo headar like utafor.
22'
Valgardsson med høg ball inn som Grytebust held lett.
22'
Denne gongen er det Matland som sparkar ned Brochmann. Frispark til Sogndal igjen.
22'
Den einaste frå Sogn og Fjordane ute på bana prøver eit skot, men Dyngeland er nede i hjønet og held. Tenkjer sjølvsagt på måløyværingen Orry Larsen.
21'
Rar situasjon det der. Spørs om Otoo vart satt ut av Søderberg som var framfor han, men som ikkje nådde ballen. I allefall ein god sjanse for Sogndal.
20'
Endar på hovudet til Otoo som ikkje headar på mål, men heller klarerar.
19'
Valgardsson skal slå inn.
18'
Latifu preøver seg igjen. Betre denne gong. Berre 20 meter utafor. Men den ikkje prøver intet vinner.
17'
Heilt klart Aalesund som har grepet på kampen her no. Kjem ofte rundt på kant, men Sogndal sin 16-meter er som regel overbefolka.
16'
Latifu med eit skot eller innlegg som ikkje er langt frå å treffa underteikna sin bil.
15'
Kvarteret spelt i Sogndal og Aalesund har vel vore det beste laget sjølv om ingen av laga har skapt nokon store sjansar endå.
14'
Teniste kastar langt, men stussen frå Søderberg går i hanskane til Grytebust.
13'
Og når ein seier det så er Otoo gjennom berre stoppa av Matland. Kast til Sogndal.
13'
Aalesund det førande laget no etter at Sogndal starta friskast.
12'
Litt rart at Aalesund låg igjen med tre spelarar bak på corneren når Sogndal trekte ned alle sine 11.
10'
Stor intensitet i starten, men ingen store sjansar.
10'
Lang ball opp på Ofere som prøver å heade igjennom Otoo, men ghanesaren er i offside.
9'
Aalesund byggjer opp. Sogndal ligg lågt.
9'
Treff Søderberg som headar ballen inn i feltet, men til slutt får Aalesund klarert.
8'
Valgardsson med innoverskrudd.
8'
Frispark til Sogdal ti meter inn på Aalesund sin halvdel. Skal også slås inn i feltet.
7'
Aalesund kjem fint rundt med bakkane sine Latifu og Lie. Inne i boksen derimot har Sogndal god kontroll.
6'
Aalesund med trykket no.
6'
Sogndal får aldri kalrert og Aalesund får fleire halvsjansar før Søderberg til slutt dunkar ballen vekk.
5'
Frispark til Aalesund ti meter inn p åSogndal sin halvdel. Ser ut som ein skal slå ballen inn i feltet. Matland står iallefall klar.
4'
Dei tre norske spelarane til Sogndal kjem frå Bergen og sidan bergensarar ikkje heilt ser på seg sjølv som nordmenn så kan vi kanskje seie at Sogndal i dag stiller med 11 utlendingar?
4'
Sogndal stiller i dag med ingen spelarar i startelvaren som kjem frå Sogn og Fjordane. Ingen her på presetribuna kan hugse at det har skjedd før. Når samtidig 8 av dei 11 som startar er utlendingar så vert det nok vanskeleg å profilere seg som Fylkeslaget.
3'
Sogndal kanskje best i gang dei første minutta. har festa eit lite grep på kampen utan å skapa nokon store sjansar.
2'
Godt innlegg frå Teniste, men Arnefjord får klarert framfor Ofere.
2'
Leke James skjer inn ifeltet, men Patronen og Søderberg får saman stoppa han.
1'
Sogndal pumpar høgt opp på Ofere. Spørs om det er slik den store nigerianaren skal brukast i dag.
Avspark Start 1. omgang
Dyngeland får den sterke sognesola i ansiktet i fyrste omgang. Kanskje ein psykologisk fordel Aalesund dette?
Der kjem både dei kvite og dei oransje på bana. Om nokre minutt er vi klare for kamp.
Då er laga gått i garderoben og om ca. 10 minutt er vi klar for denne særs vikige kampen i botnstriden i Tippeligaen.
B-laga til Aalesund og Sogndal kjempar og ein innbitt kamp om opprykk til 2.divisjon. Aalesund 2 var i dag i Årdal og tok ein viktig 1-0 siger. Stor stemning bak mål til Grytebust når speaker opplyste om dette resultatet. Aalesund 2 er no 7 poeng føre Sogndal 2, men sogningane har ein kamp tilgode. I morgo møter dei Spjelkavik i ein kamp du sjølvsagt kan følgje her på liveportalen.
Ein god del endringar på Sogndal og i dag. Bolseth og Flo osm har vore bærebjelkane i klubben er satt på benken. Sogndal sin kanskje beste spelar i år, Bjørn Inge Utvik, er ute med skade.
Allereie godt med oransje og blått på kortsida bak Grytebust. Underteikna huska derimot då desse laga møttes i Adeccoligaen for 7-8 år sidan og over 1000 tilreisane frå Jugenbyen hadde tatt turen. Det blir nok ikkje like mange i dag, men Aalesund er heilt klart den klubben som kjem med flest supportera til Sogndal.
Noko veldig interessant å merkje seg er at Aalesund aldri har tapt mot Sogndal i Tippeligaen. I fjor møttes laga i siste serierunde på FOsshaugane Campus. Sogndal måtte vinna for å vere sikra, men Aalesund vann 2-1 etter mål av Matland og James. Sogndal klarte likevel å behalde plassen i Tippeligaen sidan alle andre botnlaga også tapte.
Då er laga klare og vi ser at Sogndal går ut sin vante 3-5-2, mens Aalesund ligg i 4-4-2. Mest opsiktsvekkande er det kanskje at Barrantes og Abdellaoue begge startar på benken.
Vi ynskjer difor alle som ikkje har høve til å møte på Fosshaugane Campus tilbake her i liveportalen ca. 1 time før kampstart for lagoppstilling og litt prematch info. Vel møtt!
Aalesund kan med siger her ta eit sjumilsteg vekk frå nedrykksplassen. Vinn dei vil dei vere 7 poeng føre Sogndal, men med tap vil dei kun vere 1 poeng føre. Ord 6-poengskamp har vel sjeldan passa betre.
Sogndal fall under streken i går etter at Brann banka Godset i Drammen og dette er ein kamp sogningane må vinne. Gjer dei ikkje det er det nok kroken på døra i denne omgang for sogningane på det øverste nivået i Noreg.
Det byrjar å spisse seg til både i toppen og botn av den norske Tippeligaen og i dag kan vi ynskje velkomen til ein gysare i kampen for tilværelsen. Sogndal tek i mot Aalesund kl 18.00 på Fosshaugane Campus.