Oppsummering
Det blir tre fortjente poeng til bortelaget på Fosshaugane! Stillinga blir berre 0-1, men det kunne vore mykje meir. Heimelaget sleit med presisjonen gjennom heile kampen, og Aalesund vann dei fysiske duellane. Nielsen stanga bortelaget i leiinga på ein corner rett etter pause, og det vart den einaste scoringa i dag. Det har no blitt åtte tap på rad for Sogndal, og denne hausten blir ein kamp om å overleve i divisjonen i haust. Aalesund tek tre viktige poeng i sin kamp å halde seg i divisjonen, og får ein fin tur heimatt til Sunnmøre.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Sjølstad skal spele gjennom Borgthorsson, men slår ballen ut til innkast.
90+2'
Endå ein corner for Sogndal.
90+1'
Corner til heimelaget.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
87'
No er det voldsom tenning på Fosshaugane. Sogndal jaktar scoring.
83'
Mensah får ballen høgt i bana. Han avsluttar frå distanse, men ballen går utanfor.
81'
Braga bommar på ope mål! Ein Sogndalspelar kastar seg inn, og blokkerer. Burde vore 0-2. Flo blir skada i løpet av situasjonen, og må ut.
80'
Aalesund er veldig komfortable med kampen, og tek ingen unødvendige sjansar.
79'
Øren prøver å drible seg inn i boksen, men sparkar ballen ut til utspark.
77'
Sogndal sine supporterar har nesten gitt litt opp. No er det latter, og ikkje kjefting kvar gong dei slår vekk ballen. Og det har blitt ein del balltap i dag.
76'
Grøgaard får ballen ute til venstre etter fleire duellar framfor boksen. Han avsluttar rett utanfor stolpen.
73'
Ny redning frå Jendal. Ngongo blir spelt gjennom, og Jendal hoppar ut for å blokkere. Treff både ballen og Ngongo. Får vondt, men kjem seg opp igjen.
68'
Bra angrep frå Sogndal. Endar med corner.
67'
Mensah prøver å slå inn mot Flataker. Innlegget blir blokkert før det kjem fram.
65'
Flo stoppar Ngongo etter ein farleg heading frå Robertsen inne i eigen boks.
63'
Eriksson skaffar ein corner.
63'
Flataker rotar vekk ballen på klønete vis, og Rafferty får ein stor sjanse. Han sender ballen over målet til Jendal. Ekstremt mykje rot av heimelaget.
59'
Flataker vinn ein corner.
59'
Kilen slår inn mot Ngongo. Spissen kjem ikkje høgt nok opp til å heade ballen mot målet.
58'
Roleg periode etter scoringa. Bortelaget er komfortable slik som kampen er no.
53'
Viktig scoring for Aalesund. Dei tek steg oppover på tabellen medan Sogndal går nedover på tabellen.
50'
Mensah prøver å kome seg inn i boksen, men får ein alt for lang touch. Blir utspel for keeper.
48'
Nessø kjem til ein brukbar sjanse. Blir stoppa, og det blir corner. Kunne blitt ein kjempestart på omgangen for bortelaget.
47'
Bortefeltet startar omgangen med bluss. Får håpe på like mykje tenning på bana også.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause på Fosshaugane. Det har ikkje skjedd veldig mykje denne omgangen, men bortelaget har hatt dei største sjansane.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Fleire stygge gloser på tribuna når Sogndal slår ballen bakover i ei kontring.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
40'
Kalvenes er ikkje nøgd med dei manglande løpa i bakrom når Sogndal speler seg framover i bana.
32'
Fint angrep av bortelaget. Rafferty si avslutning blir blokkert.
31'
Det regnar mykje i dag, og det kan vere ei forklaring på feilpasningane. Ser ut som at ballen ofte sklir av føtene til spelarane.
26'
Første sjanse for Sogndal. Avslutning frå Mensah går utanfor.
26'
Begge laga har hatt ein del upresise pasningar i dag. Då blir det vanskeleg å spele fin fotball.
24'
Sogndal får frispark i god innleggsposisjon.
21'
Kollisjon mellom Flo og Kilen. Begge treng hjelp. Flo er kjapt oppe igjen. Kilen treng litt meir tid.
20'
Bortelaget har eit lite overtak sjølv om ingen av laga har klart å skape noko farleg.
17'
Ufin takling frå Flataker. Blir ikkje gult.
17'
Meir rot frå Eriksson. Snublar ballen ut til innkast.
16'
Sogndal prøver å kontre, men Eriksson slepp ikkje frå seg ballen når han får sjansen. Bortelaget får kontroll.
14'
Mensah pressar Medjimorec til å miste ballen, men stopparen blir redda av Larsen.
11'
Veldig roleg start på kampen. Ingen store sjansar.
10'
Arrocha er tilbake etter litt behandling.
8'
Arrocha går ned igjen. Denne gongen blir det tilkalla hjelp.
8'
Arrocha set seg ned etter at Sogndal får frispark på eiga banehalvdel. Fekk vondt i ein tidlegare duell med Kilen.
6'
Kilen dyttar Arrocha, og lagar frispark.
4'
Grøgaard skaffar ein corner.
4'
Ngongo går ned i boksen, men får ikkje straffe. Hauge er tydeleg.
1'
Aalesund startar med å slå langt. Ballen går til slutt ut til utspark for Jendal.
1'
Hauge bles i fløyta, og bortelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kalvenes sender laget sitt ut i 4-3-3 i sin første kamp. Flataker får sjansen på topp. Aalesund gjer eit par endringar frå førre kamp. Grøgaard og Kitolano kjem inn i forsvaret.
Steinar Hauge er hovuddommar i dag. Han har med seg Helge Myklebust og Johannes Remøy som assistentar. Haakon Arve Pedersen Bue er fjerdedommar.
Det førre oppgjeret mellom Sogndal og Aalesund vart spelt 16. mai. Resultatet på Color Line Stadion vart 0-2, og Sogndal låg på 1. plass i OBOS-ligaen medan Aalesund sleit i botn av tabellen. Mykje har skjedd sidan den kampen. Begge laga har fått nye trenarar, og no kjempar både Sogndal og Aalesund i nedryksstriden. Sist gong Kjetil Rekdal møtte Sogndal, var i 2021 med HamKam. Då enda det 1-1 på Fosshaugane.
På grunn av dei dårlege resultata, og ein nedrykksstrek som stadig nærmar seg, har Sogndal Fotball bestemt seg for å kvitte seg med Tore Andre Flo som hovudtrenar. Erstattaren hans blei Morten Kalvenes. Kalvenes er ein mann med mykje erfaring. Han er mest kjent som Kjetil Knutsen sin assistent i både Bodø/Glimt og Åsane. I hans førre jobb var han Per-Mathias Høgmo sin assistent i Urawa Red Diamonds i Japan. Han har i tillegg hovudtrenarerfaring frå blant anna Arna-Bjørnar og Brann 2.
Dette er ein ekstremt viktig kamp for begge klubbane. Med fem kampar att av sesongen, er begge laga i ein posisjon der dei kan rykke ned. Det er krise for to relativt store klubbar i norsk fotball. Aalesund ligg på 14. plass med 25 poeng. Det er like mange poeng som Mjøndalen, som ligg på direkte nedrykksplass. Sogndal ligg på 10. plass med 30 poeng, og har tapt sju kampar på rad. Blir det bortesiger i dag, ser det verkeleg skummelt ut for Sogndal. Ein heimesiger vil derimot gi dei veldig gode sjansar til å halde seg i divisjonen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Aalesund i OBOS-ligaen!