TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det var lagt opp til eit skikkeleg oppgjer mellom Ålesund og Sogndal, som begge trengte poeng før dagens kamp. Laga var på 8. og 9. plass før kampen og trengte begge eit godt resultat. Sogndal åpna friskt og skapa mykje dei fyrste 20 minutta. Målet til Gueye i det femtende minutt kom ikkje overraskande og det verka som Sogndal hadde god kontroll på motstandaren frå Møre. Utover i fyrste omgang kom Ålesund meir og meir til. Castro skapa mykje trøbbel for Sogndal og kom til ei rekke skudd. Likevel ville det seg ikkje heilt for Ålesund mot eit godt etablert Sogndal. Andre omgang vart sparka igang og Ålesund fortsette å skape mykje. Sjølv om Castro og spesielt Nordli kom til ei rekkje avslutninger ville det seg ikkje heilt for Ålesund som sleit mot eit godt etablert Sogndals-forsvar. Lufta gjekk nok heilt ut av Ålesund då Flo på magisk vis fekk ballen limt på hælen som ein tatovering og senda den i det lengste hjørne. Tre viktige poeng for Sogndal som klatrar oppover på tabellen og forbi Ålesund. Publikum fekk med seg 90 minutt med god fotball og høgt tempo på Fosshaugane.Over og ut frå Trygve Brendehaug.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+1'
Spillerbytte
90+7'
Ålesund gjer seg klar til å ta siste frispark for kampen og flyttar spelarar opp i boksen. Ut kjem Mbaye og plukker ned ballen. Dommar Medic bles i fløyta og avsluttar kampen.
90+5'
Vi er inne i det siste av fem tilleggsminutt her på Fosshaugane. Dette ser ut til å gå Sogndal sin veg.
90+4'
Gult kort
90+2'
Spillerbytte
90'
Mål!
2-0
Nessø gjer seg klar til å ta frispark like over Ålesund sitt høgre hjørneflagg. Frå fem meter dukkar Flo først opp og helar ballen inn i lengste hjørne på utruleg lekkert vis!
89'
Ålesund mistar ballen etter hjørnespark og Sogndal kontrar med to mot ein inn på Ålesund sin halvdel. Nessø får ballen og har med seg Kupen. Nessø prøver å sende ein høg ball inn til Kupen i 16- meteren men lukkast ikkje, og keeperen Lansing snapper opp. Publikum sukkar og er tydeleg skuffa over moglegheit. Klart største målsjanse i andre omgang.
89'
Hjørnespark
86'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Sogndal verkar ikkje å gi seg og er meir med i kampen igjen etter at Ålesund stod for det meste fyrste del av andre omgang.
84'
Nessø blir tatt nede ved høgresida til Ålesund og Flo gjer seg klar til å legge inn. Ballen går over heile feltet og til dødball.
83'
Spillerbytte
83'
Sogndal får tildelt frispark midt inne på Ålesund sin banehalvdel. Nessø svingar inn og Flo får avslutta på hovudet. Ballen stryk seg rett utanfor, og det går eit sukk gjennom publikum.
80'
Hjørnespark
Castro svingar inn etter att Sogndal klarerte vekk skudd. Mbaye kjem ut og plukker ballen.
80'
Det er fleire av spelarane som kjenner på speletida. Både Nordli og Flo legg seg ned for å tøye.
79'
Ålesund er på ny på veg framover og kjem til slut til avslutning med Nordli. Ballen går ein meter til venstre for mål.
76'
Gult kort
Castro er for sein i duell og skapar frispark for Sogndal. Nenass snakkar på seg eit gult kort.
76'
Ålesund prøvar å finne rom, men Sogndal ligg svært tett og hindrar mogleg gjennomspel.
73'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Begge lag skapar fleire sjansar, men slit med å komme til dei verkelege målsjansene.
71'
Eid tek eit langt kast frå sidelinja som blir stussa vidare av Gueye til Akor. Headinga går like over.
68'
Hjørnespark
Valsvik gjer seg klar, spring fram og legg inn hardt mot Ålesund sin femmeter. Keeper ruvar høgt og boksar ut.
68'
Flo legg inn, der Ålesund får avverga til hjørnespark.
68'
Sogndal prøver å bygge opp eit angrep men blir stoppa av Kallevåg som held Eid meir enn lovleg. Flo gjer seg klar til slå inn frisparket.
66'
Eid spelar opp Akor som får avslutta frå 20 meter. Skuddet går rett i klypene på Lansing.
65'
Det er tydeleg temperatur ute på bana, der begge lag ynskjer mykje.
65'
Ålesund pressar på og prøvar å komme seg gjennom forsvaret til sogndal. Gueye får avverga ut til kast.
62'
Olaffson er oppe igjen og Lansing skyt ut frisparket.
61'
Gult kort
61'
Kraftig hodeduell mellom Olaffson og Eid. Olaffson blir liggande og tar seg til hovudet. Medisinsk hjelp kjem springande.
60'
Sogndal skapar no meir og meir. Det kan fort føre bli fleire mål.
59'
Sogndal spelar seg fint gjennom på høgresida si, og legg inn hardt langs bakken der Akor så vidt ikkje rekk fram tre meter føre mål.
57'
Bakke fyrar seg opp på sidelinja og er tydeleg irritert på dommar. Blir tildelt det gule.
55'
Gult kort
Haugen er alt for sein i duell med Eid og får tildelt det gule frå dommar Medic
55'
Hjørnespark
Nordli svingar inn, men Sogndal får klarert.
54'
Hjørnespark
54'
Ålesund kombinerar fint på høyrekanten og Nordli kjem gjennom i feltet til Sogndal. Han prøver å legge inn, men ballen går via sogndal-spelar og til hjørnespark.
51'
Hjørnespark
Valsvik svingar inn høgt. Blir for høgt og keeper Lansing plukker enkelt ned.
51'
Kontrollert start på andre omgang. Ålesund med ballen store delar og prøver å bryte gjennom sogndal-forsvaret.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dommaren bles av og fyrste omgang er ferdig på Fosshaugane. Sogndal skapa klart mest dei fyrste 20 minutta, før Ålesund har kome meir og meir inn i kampen, der særskilt Castro har laga trøbbel for Sogndal.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Gult kort
Kryger er for sein mot Castro og får tildelt det gule frå dommar Medic.
40'
Hjørnespark
Nordli gjer seg klar, svingar inn og treff Fällman. Avslutningar går utanfor.
38'
Hjørnespark
Castro svingar inn, men Akor ruvar høgt og stangar unna.
38'
Castro har kome til fleire avslutningar for Ålesund dei siste ti minutta og gitt Sogndal meir problem utover omgangen.
35'
Etter mål og store sjansar frå Sogndal dei fyrste 20 minutta har Ålesund fått meir til å stemme og kome til fleire sjansar.
33'
Gult kort
Roseth held lenge i skjorta til Ødemarksbakken og får gult av dommar Medic.
31'
Hjørnespark
31'
Nordli skyt rett i muren, men Catro kjem til ny avslutning som går via Salte og over mål.
31'
Castro får frispark på 25 meter, og Nordli gjer seg klar.
27'
Hjørnespark
Nordli legg inn, men blir stanga ut av sogndal.
27'
Castro kjem på nytt til avslutning frå 23 meter, denne gongen bedre og Mbaye klarar å avverge ut til hjørnespark.
25'
Hjørnespark
Flo legg inn, men Lansing ruvar høgt og plukker ballen.
23'
Castro vender opp på 25 meter og kjem til avslutning. Rett i hendene på Mbaye.
19'
Hjørnespark
19'
Nessø utfordrar inn i Ålesund sin 16- meter og får sendt ballen vidare til Kryger som får avslutta. Lansing boksar over mål, og avverger.
15'
Mål!
1-0
Flo svingar inn, der Gueye stig til værs og dunkar ballen i mål på hovudet frå 4 meters hold.
15'
Nessø får frispark ned mot Ålesund sitt hjørneflagget og Flo gjer seg klar til å svinge inn.
12'
Nessø kjem seg fri på kanten, svingar inn kor fleire Songdalspelarar ventar. Keeper Lansing mistar litt kontroll på ballen, men får frispark.
10'
Laga vekslar på pallen i starten av kampen, og slit med å trenge gjennom.
6'
Hjørnespark
Nordli svingar inn, men Sogndal får frispark etter knuffing i feltet.
5'
Hjørnespark
Flo legg inn, men ballen går over heile feltet og ut bak mål.
1'
Ålesund kjem til avslutning frå 20 meter, men rett i hendene på Mbaye. Ufarleg.
Avspark Start 1. omgang
Med 18 grader, sol og litt vind er det duka for fotballfest i saftbygda. Vi teller ned til avspark, i det spelarane kjem ut på bana.
Vi er klare for kamp i Saftbygda. Publikum har nok tatt turen for å slå to fluger i ein smekk. Både sjå lokalfotball og bli solbrune i same slengen.
Når desse laga møtast, blir det alltid svært jamt. Dei siste 12 oppgjøra har enda med 3 sigrar til Sogndal, 5 uavgjort og 4 sigrar til Ålesund. Med ein målforskjell på 18-20 til Ålesund er det duka for ein svært spennande kamp mellom to lag som sårt treng poeng for å klatre på tabellen.
Ålesund har heller ikkje fått den starten dei ynskja og er lysten på å hente poeng i trivselsfylke. Etter ein dårleg start på sesongen viste dei i førre runde med 2-2 mot tabelltopp Fredrikstad at dei skal ha ein finger med i spelet i kampen om opprykk.
Etter to knipne tap har Sogndal fått meir til å stemme, noko som har resultert i uavgjort mot Sandnes Ulf og ein knusande siger mot Ranheim 4-0 førre runde. Pila peiker rett veg for Bakke og Co.
Sogndal og Ålesund er to av laga som kan ende opp med å kjempe om opprykk til Eliteserien når sesongen nærmar seg slutten. Om dette skal være mogleg må begge laga heve seg frå årets sesongstart. Både Sogndal og Ålesund har fått ein dårleg start på årets sesong og følgjer kvarandre på tabellen med høvesvis 8. og 9. plass.