TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
12-5 i avslutningar 4-3 i avslutningar på mål viser at sigeren nok var fortent. Stig Anders Hauge takkar for seg. No er det berre å fylgje trilleren frå Brann Stadion her i liveportalen. Dette blir spanande!
Det første som skjer i kampen er mål til Sogndal og det er også det siste som skjer. Det stod lenge å vippa, men det var heilt klart sogningane som ville mest i denne kampen. Det er heilt utrulig med den posisjonen Aafk er i! Svært misnøgde medlemmar av Stormen lar spelarane få høyre dette akkurat no. Sogndal sikrar dermed 4.plassen og med fullstendig Aafk-kollpas på slutten og full pott til Sogn så kan dei faktisk ta 3.plassen også.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Mål!
2-0
Spikeren i kista! Jensen skyt eit svakt skot som Lie fomlar i mål. Det summerar opp dagen for Aafk.
90+4'
Fridjonsson får lagt inn, men Dyngeland er ute å fangar. held nok nullen i sin 100. kamp no keeperen.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Innlegg til Fridjonsson som for første gong står åleine i dag. Headinga er dessverre for dårlig og går utafor.
90+1'
2166 på Fosshaugane i dag.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Hjørnespark
Endar til slutt i offside på Grønner.
89'
Hjørnespark
Ny corner.
89'
Ufattelig lite egentlig som Aafk klarer å produsere.
88'
Mykje bakrom som sagt for Sogndal, men slit med å utnytte det.
87'
Hjørnespark
Aafk får klarert.
85'
Soltvedt rett inn og skyt! To meter over.
85'
Spillerbytte
84'
Frispark til Sogndal på ca 30 meter.
84'
Ballen inn i Sogndal sitt felt og to oransje og to kvite går i bakken. Blir dømt frispark til Sogndal.
83'
Mykje bakrom for Sogndal no.
82'
Litt meir fart her no. Skal vi få eit lite temposkifte dei siste ti minutta?
81'
Haugen igjennom igjen og set ballen i mål, men igjen er det også offside.
81'
Ramsteijn får heada på mål, men avslutninga er ikkje hard nok og Dyngeland held lett.
80'
Frispark til Aafk ti meter inn på Sogndal sin halvdel.
78'
Spillerbytte
76'
Hjørnespark
Sogndal får ingenting ut av corneren.
76'
Spillerbytte
75'
Riise med lekker ball til Haugen som er åleine gjennom, men linjemannen er raskt oppe med flagget. Vore god i dag B.H. Riise.
74'
Gult kort
Kastar bort ballen.
73'
Og der kjem den. Gueye skyt via Fridjonsson og utafor.
73'
Eg har faktisk ikkje notert ei avslutning for Aalesund i denne omgangen.
72'
God intensitet i kampen, men svært lite som skjer framfor mål.
72'
Aalesund trøkkjer på, men Fridjonsson vert avblåst i boksen. Såg billig ut.
67'
Gueye inn og skapar trøbbel med ein gong for Sogndal sitt forsvar. Vinn ballen frå Fredriksen og legg inn framfor mål, men der er ingen oransjekledde.
66'
Spillerbytte
65'
Står og vippar litt denne kampen. Sogndal sitt trykk har avtatt dei siste minutta, men Aalesund ser ikkje ut som dei har det som skal til endå for å skape noko særleg offansivt.
61'
Spillerbytte
59'
Sogndal heilt klart giftigast her i starten av denne omgangen. Akkurat som den første, så får vi sjå kor lenge trøkket til sogningane fell litt etterkvart.
57'
Hjørnespark
Stor sjanse for Sogndal. Fredriksen er først på ballen og flikkar den like utafor.
56'
Mandic legg inn til Haugen som brassesparkar mot mål. Lie må gi til corner.
54'
Hjørnespark
Steiring vert avblåst for hands.
54'
Svakt skot av Mandic som Lie somlar utafor.
54'
Agdestein akkurat igjennom, men skotet vert blokkert av Fredriksen.
53'
Har faktisk berre notert to avslutnigar på Aalesund sålangt så sjølv med mykje ballbesittelse så er det heilt klart kva skoen trykkjer.
52'
Ulrik Fredriksen dreg seg innover i Aalesund sin sekstenmeter, men avslutninga er svak og endar utafor.
51'
Kjem seg ikkje til noko sjansar her i starten sunnmøringane.
50'
Aalesund med ball no. Trillar rundt inne på Sogndal sin halvdel.
48'
Mandic blir spelt gjennom åleine med Lie, men vert avblåst for offside.
47'
Fram og tilbake her i starten. Sogndal vinn eit kast høgt i bana.
Start 2. omgang Start 2. omgang
God start av Sogndal, men så har Aalesund tatt over dette. No har spelarane fått varme seg i 15 minutt og snart er vi klare til dei iskalde 45 siste.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Fridjonsson vinn duellen, men Dyngeland snappar framfor Agdestein.
45+2'
Frispark til Aafk midt på bana. Skal pumpast opp.
45+1'
To minutt tillegg.
45'
Slit ein del i samanhandlinga offansivt no Sogndal. Eit innkast som blir kasta rett ut over kortlinja, mens alle i kvitt spring motsatt veg.
44'
Hjørnespark
Sogndal får klarert.
44'
Godt forsøk av Oddbørn Lie og Dyngleand må ut i full strekk. Endar i corner.
43'
Frispark til Aafk på ca. 22 meter.
42'
Sogndal ligg lågt no og dunkar ballen i bakrom kvar gong dei har sjansen. Haugen akkurat no god då han klarar å komma til innlegg, men Sogndal klarar ikkje å fylle på i boksen.
41'
Fet oppe igjen!
40'
Fet ligg nede og Aalesund vel etter kvart å spele ut ballen.
39'
Aalesund heilt klart det førande laget no og Thrandarson på midten har vore svært toneangivande dei siste minutta, Vinn omtrent alle duellar og klarar også å få litt fart i pasningsspelet til Aafk.
37'
Hjørnespark
Mandic bryt corenren og blir lagt i bakken av Nenass. Lever farlig no midtbanespelaren.
34'
Hjørnespark
Nære at Thrandarson får houvdet på ballen, men Sogndal får til slutt klarert.
34'
Aalesund med eit visst trykk, men innlegget frå Fet går rett i klypene på Dyngeland. Er helst frå høgre Aalesund har klart å komme til innlegg i denne omgangen.
32'
Riise svingar inn, men Aafk får klarert.
31'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong ute på kanten av sekstenmeteren og igjen er Nenass for sein. Derimot ikkje i nærheiten av det gule kortet mange sogningar vil ha.
30'
Nenass er forresten artistnamnet til Erikson Spinola Lima for dei som lurte.
29'
Riise skyt like over!
28'
Gult kort
28'
Sogndalfrispark på 20 meter etter ein hands av Lima. Får vel ballen opp i handa der, men dommar meiner det er tilsikta og gir til og med eit gult kort.
28'
Veldig lite som har skjedd dei siste 10 minutta. Aalesund heilt klart med og Sogndal sitt høge press byrjar kanskje å miste litt intensitet.
25'
Hjørnespark
Kort corner som endar i frispark til Sogndal. Elendig utnytta av Aalesund.
23'
Aalesund kanskje litt meir med i kampen no. Får bygd opp spelet litt lenger framme i bana og unngår å berre slå langt opp.
21'
Grei start her av Riise som har jobba godt sentralt på midten.
21'
Riise slår og Lie stangar ut.
20'
Frispark til Sogndal nede ved hjørneflagget.
20'
Så får vi Aalesund si første avslutning. Fet dreg til frå 20 meter, men rett på Dyngeland.
19'
Lang ball opp på Flo som slår Sæthre i duell. Blir ikkje noko ut av det, men stryningen er nok ein av få i det angripande spelet til Sogndal som kan vinne noko på hovudet og det har han vore god til dei første 20 minutta.
15'
Aalesund har kanskje ballen mest, men det verkar mykje farlegare kvar gong Sogndal kjem. Klarar verkeleg å få dei oransje i ubalanse i starten her heimelaget.
14'
Dyngeland spelar forresten sin 100. kamp for Sogndal i dag. Ikkje dårlig av ein 23-åring.
13'
Så kjem endeleg Aafk til innlegg, men Sæthre sin innsvingar er for høg og Dyngeland fangar lett.
12'
Aalesund lar ikkje akkurat fartsfantomet Ulrik Flo få storme inn i bakrom. Slapt av Aafk-forsvaret, men godt løp og fantastiske initiativ frå den rutinerte stryningen som har fått ein ny vår i Sogndal her på hausten.
10'
På ny ein stor sjanse til Sogndal. Haugen dunkar ballen inn i feltet og Schulze styer kula ein halv meter utafor.
10'
Aalesund veldig tafatte dei første ti minutta. Trillar ball fram og tilbake i det bakre leddet før ballen blir slengt opp utan noko særleg mål og meining.
7'
Haugen får ballen i boks og skyt nokre centimetrar utafor. Nære!
7'
Sjølv om vi er tidlig i kampen kan det jo fort gå mot ein avgjerande kvalikkamp mellom desse laga om dei skulle ende som nr tre og fire på tabellen.
5'
Inne igjen no midtstoggaren.
5'
Fredriksen framleis ute på sidelinja så 11 mot 10 akkurat no.
5'
Dyngeland med lang ball opp, men denn gongen er Lie ute og snappar.
4'
Så er det Fredriksen som er nede etter ein duell med Fridjonsson. Den svære islendingen tek verkeleg for seg her i starten.
3'
For ein kalddusj for Aalesund dette!
1'
Mål!
1-0
Sogndal med ein draumestart! lang ball opp frå Dyngeland. Kaos i feltet og keeper Lie ute på ein aldri så liten skovtur. Mandic prøver seg først, men vert blokkert. Ballen fell så ut til Birkelund som skyt frå 16 meter, mellom beina på ein tildekka Andreas Lie.
1'
Aalesund med avspark og lang ball opp mot Fridjonsson som vert avblåst i duell med Latifu.
Avspark Start 1. omgang
At fotball ikkje skal spelast vinterstid har også sogningane fått med seg. Veldig glissent på tribuna utanom kortsida som Aalesund har fått. Der har Stormen mobilisert og iallefall 200 har tatt turen frå Jugendbyen. Ikkje fullt så mange som den gong då dei fylte opp heile kortsida, men dei tilreisande lagar no uansett godt trøkk her når laga endtrar bana.
Vi har også komme til den tida på året der fotball er best forran tv'en eller med live'en på mobil eller datamaskin. Gradestokken er nok godt ned på det blåe i kveld, men avgjerande fotballkampar i okotber, november og desember er visst det som er bra for norsk fotball meiner dei som har peiling på det.
Statistisk så har Aalesund eit godt tak på Sogndal her i saftbygda. Fire gonger har sunnmøringane dratt heim sigeren mot berre to for heimelaget. Derimot er det mest vanlege resultatet uavgjort. Heile sju gonger har dette skjedd.
Då har vi fått bekrefta frå gode Aalesund-kjelder at det blir 3-5-2 men litt endringar på dei spelarane vi hadde satt opp. Og kjelda var ikkje Lars Bohinen som hadde meir enn nok med å finne vegen ned i garderoben då vi møtte han i korridorane på Foshaugane Campus.
Herre min hatt! Viking scorar på over-overtiden og dermed er Aalesund akkurat no ute av topp 2 og direkte opprykk. Må ha poeng og helst siger i dag om ein etter denne runden framleis skal være i førarsete om opprykk no tangotrøyene. For Sogndal er eigentleg det at Ull-Kisa tapte eitt poeng ein fordel. No treng ein faktisk berre uavgjort i kveld for å sikre kvalikkplassen. Siger vil gjere at sogningane er sikra fjerdeplassen.
Bohinen gjer ein god del endringar frå vikingkampen. Inn kjem Sæthre, Fet og Tkalcic og ut av laget går Ramsteijn, Gretarsson og Arnarson. Sistnemnte heller ikkje med i troppen til kampen i kveld. Litt usikker på om Aalesund held fram i 3-5-2, men dette skal vi finne ut før kampstart.
Sogndal sitt lag klart og vi kan røpe at heltane frå kampen mot Åsane, Soltvedt og Adams, ikkje får tillit i dag heller. Omtrent same lag, men Fredriksen erstattar Baranov i midtforsvaret. I tillegg får Bjørn Helge Riise prøve seg mot gamleklubben. Spanande!
Som vanleg er det vanskelig å finne ut noko særleg frå klubbane sine heimesider om skadar og stoda i stallen. Men ifølgje mine tal skal ingen av laga ha nokon suspensjonar til denne kampen. Vi får difor sjå seinare i ettermiddag kven Bohinen og Bakke sender utpå frå start. I tillegg har då også fleire av dei andre laga i striden om opprykk og kvalikk vore i aksjon så då kan vi ta ein ekstra titt på tabellen for å sjå kor viktig denne kampen vert for desse to laga. Vel møtt!
For Sogndal går alt på å sikre kvalikk og då helst med fjerdeplass slik at dei allefall får spelt første kvalikkamp på heimebane. Ein siger i kveld vil så godt som sikre denne plasseringa. Eit tap kan gjere at pulsen i saftbygda stig igjen for då vil det ikkje være langt ned til 7.plass og ein haust utan kvalikk.
Aalesund vitjar saftbygda og fór ein viktig kamp for oransjetrøyene! Etter å nært sagt krusa gjennom sesongen har det byrja å skjelva i jugendknea no på slutten. Viking og, etter sitt eige utsagn divisjonens soleklart beste spiss, Tommy Høiland, herja med tangotrøyene på tysdag og gjorde at det no berre skil eitt fattig poeng mellom dei tre øvste laga. Eit tap i kveld kan fort føre Aalesund utafor direkte opprykk, ein plass dei ikkje har hatt sidan andre serierunde.
Det byrjar verkeleg å dra seg til på Noregs nest høgste nivå og vi ynskjer velkomne til eit skikkelig vestlandsderby frå Fosshaugane i kveld.