TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare!
11. mars blir returoppgjeret spelt i München, og med resultatet i dag kan dette absolutt bli eit spanande møte, trass i at Die Bayern er storfavorittar. Det er berre å glede seg!
Dei første 90 minutta mellom Shakhtar Donetsk og Bayern München endar 0-0. Tyskarane opna klart best og hadde fleire gode moglegheiter i starten av kampen. Etter dette blei oppgjeret prega av frispark, knuffing og kort. I det 65. minutt blei også Xabi Alonso vist ut etter å ha fått to gule, men det var også fleire andre som kunne ha lidd same skjebne. 2. omgang baud også berre på éin fattig sjanse og til slutt ebba det ut med eit tamt uavgjortresultat.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Å ha nekta Bayern frå å lage eit bortemål i dag vil nok glede Shakhtar-manager Lucescu. Det ventar ei meget tøff oppgåve i München, men når ein har ein målscorar som Luiz Adriano i rekkjene kan alt skje.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90+2'
Knuffing igjen. Denne gongen er det Ribery som gir ein etterslengar.
90'
Få minutt att å spele, og ingen av laga virkar å makte å skape sjansar og score mål. Denne andre omgangen har vore ein stor skuffelse.
89'
Spillerbytte
88'
'Fifty shades of yellow' kan nok vere ein bra beskrivelse av denne kampen hittil. Ein del av spelarane burde også definitivt ha blitt påsett handjern og piska etter måten dei har oppført seg på her idag.
84'
Gult kort
Wellington har berre vore på bana i nokre få sekund før han blir meid ned av Schweinsteiger. Treng eg å skrive at det blei eit gult kort?
84'
Hjørnespark
Pyatov boksar unna.
84'
Spillerbytte
83'
Robben skjer innover og avsluttar men skotet blir blokkert. Nederlendaren ropar sjølvsagt på straffe, men blir ikkje høyrt av den spanske domaren.
80'
Gult kort
Også Boateng har lyst til å bli skrive ned i domaren si bok, og klarer det med glans i det han feiar ned Taison bakfrå.
78'
Spillerbytte
77'
Gult kort
Fred er så lysten på å byte drakt med Ribery at han ikkje klarer å vente til kampen er ferdig. Det blir han belønna med gult kort for.
74'
Spillerbytte
73'
Lewandowski står klar til å kome innpå for Bayern München.
71'
20 minutt pluss tillegg att å spele. Framleis ventar vi på den første Shakhtar-sjansen.
69'
Spillerbytte
69'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet, og i tillegg får heimelaget frispark.
68'
Skadeutsette Holger Badstuber gjer seg klar til å kome innpå for bortelaget.
67'
Ei utvisning har lege ei god stund i lufta, og no kom den altså. Shakhtar med 11 mot 10 den siste halvtimen. Skal dei klare å utnytte det, eller knyt berre Bayern igjen sekken?
65'
To gule kort
Alonso har fått sitt andre gule kort og må forlate bana! Spanjolen prøvar å halde igjen Teixeira som er på veg framover, så avgjersla er det ingenting å seie på.
65'
Det står altså 1-1 mellom PSG og Chelsea i Paris, medan vi her framleis ventar på den første scoringa. Diverre er det langt mellom moglegheitene her no.
63'
Den spanske domaren har sitt å stri med i kveld. Har vore meir knuffing enn finspel i dag på Arena Lviv.
62'
Alonso med ei stygg takling på Adriano, men merkeleg nok blir det frispark i favør spanjolen. Han lev definitvt farleg ettersom han allereie har blitt 'booka'.
59'
Gult kort
Costa med ein bevisst olboge i andletet på Ribery. Det burde definitvt ha vore eit raudt kort, for der veit brasilianaren godt kva han gjer.
58'
Ikkje langt unna at Adriano blir spelt fri. Boateng får ordna opp.
58'
Srna lagar eit klart frispark før Costa kjem og sparkar ballen i Ribery. Franskmannen svarer så med å sparke etter brasilianaren. Det er barnehagefakter frå spelarane, men heldigvis kjem onkel Mallenco springande med fløyta og ordnar opp.
55'
Nok ein gong knuffing på bana.
55'
Robert Lewandowski i oppvarming på sidelinja. Det gledar nok Bayern-fansen!
54'
Brukbart Shakhtar-innlegg frå høgre. Diverre for heimefansen går det berre til ein Bayern-spelar.
53'
Ribery held seg til kneet etter eit lite samanstøyt med Fred. Det ser likevel ut til å gå bra med franskmannen.
51'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
51'
Nesten for bortelaget! Müller går først i bakken innanfor Shakhtar sin sekstenmeter, før Götze får ballen og avsluttar. Skotet frå matchvinnaren i fjorårets VM blir blokkert.
49'
Eit slapt tilbakespel og påfølgjande svak klarering frå Pyatov held på å forære Bayern ein sjanse, men Shakthar-forsvaret får rydda opp igjen.
48'
Die Bayern trillar ball innleiingsvis.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på grasmatta på Arena Lviv igjen.
Det står 0-0 etter dei første 45 minutta av dette åttendelsmøtet mellom Shakhtar og Bayern Müchen. Tyskarane dominerte den første halvtimen, og kom også til tre store sjansar utan å få utteljing. Det siste kvarteret før kvilen var derimot prega av fleire stopp i spelet og mykje slurv. Shakhtar har hatt trøbbel defensivt, og offensivt har dei ingenting å vise til så langt i oppgjeret. Forhåpentlegvis får vi fleire moglegheiter med påfølgjande scoringar etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Vi har ikkje sett mykje til Luiz Adriano denne første omgangen. Spissen, som blei kåra til den mest verdifulle spelaren i gruppespelet, har hatt tøffe vilkår mot Boateng og co, og også fått liten støtte frå sine eigne lagkameratar.
43'
Taison kjem seg inn i Bayern sin sekstenmeter med ballen, men den påfølgjande pasningane hans blir blokkert.
42'
Lite engasjerande spelet som føregår på grasmatta i Lviv no. Fleire feil frå begge lag.
40'
Nok ein gong endar ballen i fanget til Pyatov. Bortelaget må definitivt heve kvaliteten på dødballane om dei skal overliste keeperen som har 47 landslagskampar for Ukraina.
39'
Dødballmoglegheit for Bayern.
38'
Gult kort
Kaptein Srna får det gule kortet etter å ha protestert på eit frispark.
37'
Veldig nære på at Die Bayern klarer å spele seg gjennom Shakhtar sitt forsvar. Den avgjerande sistepasninga frå Müller blir stoppa.
34'
Shevchuk ruslar av bana med blodet rennande nedover andletet. Må få behandling av støtteapparatet.
34'
Müller med ein høg fot inne i feltet, noko som endar med at Shevchuk går i bakken. Frispark og stopp i spelet.
32'
Bra sjanse for Die Bayern! Ribery finn Müller på sju meters hald, men spissen er i ubalanse og avsluttar utanfor.
28'
Hjørnespark
Pyatov kjem ut og plukkar. Bra keeperspel.
28'
Shakhtar Donetsk forsvarer seg veldig djupt når bortelaget har ballen. Tyskarane klarer likevel å finne rom.
27'
Mange tøffe taklingar og påfølgjande basketak den første halvtimen. Bayern München har fått to gule kort allereie.
26'
Rakitskiy går for avslutning på det påfølgjande frisparket, men Neuer fangar kula lett. Hadde nok gått utanfor også.
24'
Gult kort
Spanske Alonso kjem flygande inn i Teixeira bakfrå og får eit korrekt gult kort.
24'
Litt rolegare periode i kampen no.
22'
Gult kort
Gjer alt han kan for å hindre Shakhtar i å ta eit frispark kjapt. Domar Alberto Undiano Mallenco får nok og dreg opp det gule kortet.
20'
Shakthar med innleggsforsøk frå Srna, men ingen rekk å kome på det.
20'
Muller slår inn frå høgre, men ballen går forbi alle i feltet.
19'
Alonso slår kula rett i fanget til Pyatov. Svakt utnytta av den tidlegare Liverpool- og Real Madrid-spelaren.
18'
Der FCB med frispark i fin innleggsposisjon.
18'
Litt knuffing mellom spelarane etter ein ettersleng frå Costa.
16'
Dei offensive forsøka frå Kroty har vore av det spede slaget det første kvarteret.
14'
Shakhtar prøvar å drage i gong ei kontring, men Fred blir takla overende av Boateng. Frispark til heimelaget.
12'
Bortelaget trykkar veldig på no. Det er nok ikkje lengje ukrainarane klarer å stå imot om dette held fram.
11'
Ikkje langt unna for Bayern! Robben får lov til å bruke armemakt til å kjempe seg framover i bana og speler så Muller fri bak Shakhtar sitt forsvar. Landslagsspissen prøvar eit slags skot i langhjørnet men må sjå ballen gå forbi mål.
10'
Det blir spanande å sjå korleis Champions League sin toppscorar Luiz Adriano gjer det i dag. Brasilianaren står med ni nettkjenningar etter gruppespelet, eitt meir enn Lionel Messi.
7'
Lur variant som blir slått flatt inn i boksa. Veldig nære at Robben får avslutta frå kort hald.
7'
Tyskarane med dødball no. Kan bli farleg. Alonso og Gotze står klare.
5'
Frispark for heimelaget. Blir slått inn mot nærmaste stolpe, der Bayern får rydda unna.
2'
Stor sjanse for Bayern! Schweinsteiger får plutseleg stå heilt åleine i veldig god posisjon. Tyskaren prøvar ein slags volley, men skotet endar utanfor.
1'
No er vi endeleg i gong!
Avspark Start 1. omgang
Kveldens oppgjer blir faktisk det første offisielle møtet mellom laga nokon gong. Shakhtar sine tal mot tysk motstand er 5-4-5, medan Bayern har 5-1-4 mot ukrainske lag.
Heimelaget manglar Stepanenko og Bernard i dag. For Bayern er Martinez, Lahm og Thiago.
Bayern Munchen var på si side suverene i Gruppe E og enda opp med 5-0-1. Det einaste tapet kom mot Manchester City i den nest siste kampen, og det mest minneverdige oppgjeret var i Roma, der tyskarane slo til med knusande 7-1. Det ligg med andre ord til rette for ein verkeleg målfest i Donetsk i kveld!
Kroty, moldvarpane, som Shakhtar blir kalla, enda som nummer to i Gruppe H. 2-3-1 var statistikken etter dei seks innleiande kampane, og heime på Donbass Arena enda dei med 1-1-1 etter siger mot berre BATE Borisov. Ukrainarane var blant dei mestscorande laga i gruppespelet, noko som nesten berre skuldast dei to oppgjera mot BATE. Her vann ukrainarane nemleg heile 12-0 samanlagt over dei to møta!
Pep Guardiola sitt Bayern Munchen har på si side hatt bra flyt i kampprogrammet, og forma er også veldig bra. I helga blei nemleg Hamburg smadra heile 8-0 etter at blant anna Muller, Gotze og Robben scora to kvar. Der FCB leiar ligaen suverent og har åtte poeng meir enn toarlaget Wolfsburg.
Ei stor oppgåve ventar for Shakhtar Donetsk om dei skal klare å ta seg vidare til kvartfinalene etter dei to møta med Bayern Munchen, laget som har vunne den gjevaste europeiske turneringa fem gongar, og sist i 2012-2013. Mircea Lucescu sitt Shakthar har heller ikkje spelt kamp i 2015. Siste gongen ukrainarane spelte offisiell kamp var den 10. desember, i den siste gruppespelkampen mot Porto. Ligaen i Ukraina startar for øvrig opp om 11 dagar.
Hei og velkomen til livedekning av åttendelsfinaleoppgjeret mellom Shakhtar Donetsk og Bayern Munchen. Endeleg er det Champions League-kveld igjen!