Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 7-20. På mål: 1-6.
Dei engelske gjestane tok oppskriftsmessig leiinga ved Agüero tidleg i 1. omgang, men Schalke snudde oppgjeret før pause etter to straffemål av Nabil Bentaleb. Ved det første blei spelet først vinka vidare, før ein beskjed frå VAR-teamet sørgja for at det blei dømt straffespark. Etter kvilen sleit City lengje med å få til noko særleg offensivt, og då Otamendi i tillegg blei utvist etter å ha fått to gule kort såg det ut til at Schalke kunne få eit smått sensasjonelt resultat. Men det ville ikkje dei engelske meistrane ha noko av. Først utlikna tidlegare Schalke-spelar Leroy Sane på eit fantastisk frispark, før Raheem Sterling sørgja for vinnarmålet etter å ha blitt spelt fri i bakrommet av målvakt Ederson. Sigeren sat langt inne for Guardiola sitt mannskap, for Schalke forsvarte seg godt lengje.
Manchester City vinn 3-2 over Schalke på Veltins-Arena og har med det minst eitt bein i kvartfinalene!
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+4'
Lang ball inn i City si boks. Endar med frispark og påfølgjande knuffing.
90+2'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Kan Schalke kome tilbake?
85'
Sané er blant dei som har lyst å skyte.
84'
Sterling blir felt og City får frispark på 22-23 meters hald.
83'
Halvsjanse for heimelaget. Innbytar Skrzybski avsluttar innanfor boksa, men rett i ein motspelar.
82'
Framleis ingen sluttspurt frå Guardiola sitt mannskap. Det har sjølvsagt blit vanskelegare no når dei speler med éin mann mindre etter Otamendi si utvisning.
80'
Schalke speler klokt no. Held på ballen når dei kan.
77'
Bernardo går og går med ballen, men når skotet til slutt kjem går det over mål.
74'
De Bruyne sender frisparket via muren og utanfor mål.
74'
Frispark til City i veldig god posisjon. 18-19 meters hald. Her kjem det nok eit skot!
72'
City slit med å få det offensive spelet til å site her. Schalke ser nokså komfortable ut i augneblinken.
71'
54.417 tilskodarar på Veltins-Arena i kveld!
67'
De Bruyne avanserer med kula og prøvar ein stikkar igjennom til Agüero, men mislukkast.
62'
Fortsatt ikkje noko stort City-press denne 2. omgangen.
59'
Stopp i spelet då ein Schalke-spelar ligg nede. McKennie er det som gjekk i bakken. Den 20 år gamle amerikanaren fekk sin debut for klubben i 2016/2017-sesongen.
57'
Utruleg stor strekk i Schalke-laget til tider. Lang avstand mellom dei tre i det bakerste leddet sjølv om City har ballen.
56'
Bernardo Silva skjer innover i bana og avsluttar utanfor målet til Fährmann.
55'
Sterling får nesten ballen i bakrom. Må sjå den trille utover sidelinja.
53'
Den vesle argentinaren er på farten igjen. Vender vekk ein motspelar og avsluttar utanfor det lengste hjørnet.
51'
Agüero får med seg ballen inn i Schalke si boks, men blir takla før han får avslutta. Nære på, det.
49'
Nære på at Uth når ein innsvingar i boksa. Bra forsøk av vertane.
47'
Bra forsøk for City! De Bruyne vender opp og avsluttar like utanfor mål. Går via ein motspelar og til corner.
46'
Då er vi i gong med dei siste 45 minutta på Veltins-Arena!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 2-1 til pause på Veltins-Arena etter at Schalke har snudd 0-1 til 2-1 på dramatisk vis. Manchester City tok som venta kommandoen frå start av og fekk ei fortent leiarmål ved Sergio Agüero i det 18. minutt, då City utnytta massivt rot i tyskarane sitt forsvar. Bortelaget heldt fram med å presse for mål nummer to, men i staden endra ting seg dei siste ti minutta før kvilen. Først fekk Schalke straffe etter at domaren hadde konferert med VAR-teamet i det Otamendi stoppa eit skot med arma, og den plasserte Bentaleb flott i mål. Nokre minutt etterpå var det duka for straffe nummer to, då Fernandinho dytta Sane over ende i boksa. Også den ekspederte Bentaleb i mål. Med minst 45 minutt att å spele har vi mykje god fotball i vente!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+5'
City rullar bra opp og Bernardo Silva avsluttar på sekstenmetersstreken. Like over målet til Fährmann.
45+4'
2-1 er sjølvsagt eit ok resultat for City då dei har fått bortemålet sitt, men om ein kjenner Pep Guardiola rett så kjem The Citizens til å gå offensivt til verks for å få til det.
45+1'
Det blir lagt til heile fem minutt denne omgangen. Stoppen før straffe nummer ein er sjølvsagt grunnen til det.
45'
Domaren konfererer kort med VAR-teamet og får stadfesta at han har gjort rett.
40'
Dermed steig stemninga nokre hakk på Veltins-Arena.
35'
Domaren skal prate med dei to kapteinane no. Silva og Fährmann.
35'
Framleis stopp i spelet her.
34'
Caligiuri skyt via ein City-spelar og ut. Heile heimelaget ropar på hands. Den blir interessant å sjå! Ballen er definitivt borti arma på Otamendi.
33'
De Bruyne skyt, men forsøket går rett på Fährmann.
32'
Frispark til City i fin innleggsposisjon etter hands på ein Schalke-spelar.
26'
Brukbar Schalke-kontring like etterpå. Uth avsluttar like utanfor.
25'
City utnyttar enda meir feil i Schalke-laget og kjem i overtal framover. Sterling får ballen inne i boksa, men klarer ikkje å gjere noko konstruktivt med den.
23'
Det går litt tid før Schalke kan ta avsparket ettersom domaren må sjekke via VAR om det har skjedd noko ulovleg før scoringa. Han finn derimot ingenting å annullere scoringa for.
17'
Sterling chippar ballen inn til Agüero som dempar og avsluttar via ein motspelar og ut. Corner.
17'
Kevin De Bruyne fører med seg ballen og avsluttar frå 18-19 meter. Rett på Fährmann.
13'
Tillaup til panikk inne i tyskarane si boks. Sjølv i upressa situasjonar sparkar dei ballen utover sidelinja.
11'
City har vore klart mest angrepsvillige i starten her. Schalke har hatt meir enn nok med å rydde unna.
9'
Schalke med eit forsøk på kontring. Endar med eit håplaust innlegg utover sidelinja.
7'
Bra sjanse! City vartar opp med ei fin variant der ballen er innom fleire spelarar før den blir slått inn i feltet. Agüero headar på mål, men Fährmann får boksa unna ballen.
6'
Silva og De Bruyne står klare.
6'
Frispark til City i brukbar innleggsposisjon. Sterling er det som blir felt.
5'
Sterling slår inn i feltet frå venstre, men heimelaget får blokkert til corner.
5'
Ingenting å seie på stemninga på stadion i Gelsenkirchen!
4'
Ny pasning bak Schalke-forsvaret til Agüero. Fährmann kjem ut og taklar kula vekk.
2'
Agüero får plutseleg ballen åleine inne i Schalke si boks, men argentinaren blir stoppa før han får avslutta. Veldig god bevegelse i forkant, der.
Avspark Start 1. omgang
Kveldens hovuddomar er Carlos del Cerro. VAR er også på plass!
Kampen blir nok ekstra spesiell for Schalke-stoppar Matija Nastasic. Han var i Manchester City frå 2012 til 2015, men enda berre opp med 34 kampar for dei lyseblå.
Dette blir det første oppgjeret mellom laga i Champions League. Tidlegare har dei møttest i Cupvinnarcupen og UEFA-cupen.
Heimelaget må unnvere blant andre Omar Mascarell, Breel Embolo og Alessandro Schopf til kveldens match. City har på si side John Stones og Gabriel Jesus ute.
Schalke si form på dei seks seinaste oppgjera er 2-2-2. Førre kamp enda med 0-0 heime mot Freiburg. Manchester City har på si side 5-0-1 på tilsvarande antal. Dei står med fire strake sigrar, inkludert 3-1 mot Arsenal og 6-0 mot Chelsea.
Kontrastane er dermed store i forhold til dei regjerande engelske meistrane frå Manchester. The Citizens toppar Premier League, á poeng med Liverpool, men med betre målskilnad. I gruppespelet i Champions League tok The Citizens seg greitt vidare. Fasiten blei 13 poeng etter dei doble oppgjera mot Lyon, Shakhtar Donetsk og Hoffenheim.
Schalke 04 enda på ein klar andreplass i si gruppe etter 11 poeng på dei seks kampane mot Lokomotiv Moskva, Galatasaray og Porto. Det einaste tapet kom borte mot dei portugisiske gruppevinnarane. I Bundesliga går det derimot langt dårlegare for laget til Domenico Tedesco. Die Königsblauen ligg heilt nede på 14. plass, 28 poeng bak topplaget Bayern München.
Manchester City og Pep Guardiola er favorittar til å ta seg vidare frå åttendelsfinalene, men å møte Schalke 04 her på Veltins-Arena i Gelsenkirchen blir ikkje nødvendigvis ei rein transportetappe for dei lyseblå.
Hei og velkomen til livedekning av dette meget spanande Champions League-oppgjeret mellom Schalke 04 og Manchester City!