Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sandane vinn ein svært fortent seier mot eit Vik som ikkje var påskrudd i dag. Jonas Løvland vart kåra til dagens STIL-spelar, fullt fortent. Men i dag var det eit svært velspelande Sandane-kollektiv som tidvis leverte svært god fotball.
Kamp slutt Slutt (5-0)
81'
Hjørnespark
Blir slått bak i feltet og der får Vik sjansen frå kort hald. Uribe får imidlertid kontroll.
73'
Espen Larsen Fjellheim, Imran Khan, Henrik Johan Fjærestad Holmberg og Andreas Helgesen har kome inn for Vik.
72'
Robert Vik med skot frå 20 meter. Målvakt Hovland er med på notene.
69'
Gult kort
Feller Robert Vik på veg framover,
68'
Mathias Eikenes med glimrande innlegg som Jonas Denk får hovudet på.
61'
Hjørnespark
Viks første corner. Blir slått høgt og godt inn på femmeter, Men der viser Sebastian Uribe fram spensten sin og held ballen med begge hender.
60'
Sindre Fjellestad på glimrande løp langs venstrekanten, får lagt inn til Jonas Denk som får avslutta. Men der vartar Stig Roar Hovland opp med ei glimrande eihandsredning!
58'
Sandane og Jonas Løvland styrer spelet. Løvland med nytt langskot, denne gongen utanfor stolpen.
56'
Martin Stadheim forsøker eit skot frå litt skrått hald. Går inn til Sandanes målvakt.
55'
Upresist av Sandane, og Vik får sjansen framover.
50'
Denk plasserer seg sentralt framfor mål og forsøker å bryste ballen i hjørnet.
47'
Sandane med balltap på midten og Vik kjem med mange mann framover.
46'
Vik har nok på ingen måte gitt opp kampen om poenga, og vi ser fram til ein spennande andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til ein velfortent pause. Heimelaget har vore best i nesten alt og har ei fortent tomålsleiing. Vik ligg svært lågt med laget sitt og vegen fram til mål har vorte svært lang når dei vinn ballen. Omgangens høgdepunkt var nok Sandanemålvakt Uribes strafferedning.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Tore Tveit forsøker eit langskot frå 30 meter, men godt over mål.
45+1'
Hovlands frispark havnar i klypene til Sebastian Uribe.
42'
Nydeleg langpasning frå Jonas Løvland til Sander Aske Granheim som vartar opp med eit nydeleg nedtak. Hallvard Bjotveit er på løp i feltet, men får ikkje kontakt med ballen.
37'
Bom på straffe!
Godt plassert straffe, men Sebastian Uribe vartar opp med eit kjempesprang!
36'
Straffe!
Knallhard takling i STILs 16-meter, gult kort til Bolseth og straffe til Vik!
36'
Joakim Blomseth Skjerven med fin crossball ut til høgre kant, men der vinn Sandane duellen.
33'
Så kjem ein fin ball ut på høgre kant og Vik kjem i angrep. Blir ikkje noko meir av.
32'
Vik slit med å kome seg ut av eigen banehalvdel. Sandane er aggressive i presset sitt.
28'
Sander Aske Granheim viser sin speleforståelse og får sendt Nimrod Isaac-Habtemariam igjennom, innlegget nesten fram til Bjotveit.
25'
STILs sterke midtbane briljerer og Robert Vik og Jonas Løvland viser godt samspel. Ballen inn til Tveit som får avslutta, men Hovland er med på notene.
23'
Jonas Løvland forsøker skot frå distanse. Utanfor.
20'
Erlend Fjørestad Aase får ein smell i foten og blir liggande. Kjem seg på beina raskt.
19'
Sindre Holen Eimhjellen prøver seg med eit skot, men Viks forsvar får blokkert.
17'
Sandane får ballen i mål på ny, men Hallvard Bjotveit blir vinka av for offside.
10'
Så er Granheim der igjen - denne gangen som avsluttar. Glimrande lobb inn på 4 meter, som Granheim set hovudet på. Stig Roar Hovland i Viks mål vartar opp med ei god redning.
9'
Sandaneovergang. Sander Aske Granheim slår i bakrom retning Hallvard Bjotveit, men litt upresist denne gangen.
7'
Sandane har lagt press på Vik og spelet i opninga har foregått på Vik sin banehalvdel.
6'
Sandane med hurtig spel i opningsminutta. Sander Aske Granheim blir spelt fri på høgre kant og slår kontant inn i feltet. Ballen stryk hovudet på dei ventande i blått.
3'
Sandane på farleg visitt i Viks målgard, men bortelaget får på ny klarert.
Avspark Start 1. omgang