TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen over. Tre viktige poeng til Sandane i kveld. Rotete kamp frå begge lag i 1 omg, men Sandane fekk eit lite overtak i 2 omg. Dei unge på Sandane imponerte i dag, både August Aa Berge og Sander A. Granheim spelte ein god kamp. Sistnevnte blei kåra til dagens STIL-spelar. Ampert på slutten av kampen då begge laga mister konsentrasjon/fokus. Dommaren kunne nok gjerne tatt litt større plass siste 10 min, men heldigvis ingen skadde og grei stemning når kampen er over. Godt oppmøte i Idrettsparken og mange tilreisande frå Jølster. Ønskjer alle ei riktig fin feiring i morgon.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+11'
Jonas Løvland tek med Kvellestad på ei runde i karusell, før Joakim vinne ballen og vil bli med på leiken. Dei bytter litt på å dra nokre fine finter. To gode spelarar begge to!!!
90+7'
Rødt kort
Usikker på kva som skjer, men dommaren står godt plassert.. Ufine kommentarar frå tilreisande frå Jølster.
90+6'
Gult kort
Holding i trøya på Mads Wie..
90+3'
Nimrod og Mallesvik er begge like lite opptatt av ball. Begge kunne fått gult i den duellen, men dommaren velger å la den gå. Nimrod kom vertfall vinnande ut av duellen.
90+2'
Då har det vore ei kåring av dagens jølster spelar: Jakob Eikås får den fortjent. Har jobba godt heile kampen og var nok Jølster sin mest presise i dag.
90+1'
Fantastisk frispark av Severin Halland, og nydeleg redning av unge Erlend Hetle.
90'
Gult kort
Usikker, men trur det var Martin som fekk det. Frispark til Jølster litt utanfor 16 m.
88'
Hjørnespark
87'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
81'
Christian Eimhjellen Fjeldtvedt har imponert på midtbana til Sandane i vår. Går i 10klasse på Gloppen Ungdomskule, men spelar med enorm ro i sin første sesong som seniorspelar. Står aldri i ro og gjer gode val når han vinner ballen. Har hatt eit godt innhopp sålangt i kveld.
79'
Almar ser ut til å klare seg.
77'
Målvakta til Sandane ligg nede med skade. Erlend Hetle er i oppvarming om Almar ikkje kjem seg på beina.
75'
Spillerbytte
73'
Veit ikkje kor mange som har møtt opp i dag, men dette trur eg er publikumsrekord.
72'
Kjekt å sjå Magnus Klakegg tilbake på bana etter lang tid på sidelinja grunna skade.
71'
Spillerbytte
69'
Spillerbytte
64'
Mål!
3-1
Hallvard tek med seg ballen langt nede på eigen banehalvdel. Kjører karusell med fleire av spelarene i grønt før han starter på den lengste etappen på Holmenkollstafetten. Både Eikås og Halland prøver å lage frispark, men klarer det ikkje. Då får han gå til 20m frå mål før han sett den i nede i lengste hjørne. Spring rett til russen og feirer i Rashford-stil.
62'
Gult kort
Veit ikkje kvifor han fekk det.
60'
Hjørnespark
Arild Øygard får ofte med seg ballen,og brøytar seg fram. Skaffer Jølster corner. Men Løvland på Sandane får den ut.
60'
Sandane er farlege når dei f¨år ballen. Mathias Eikenes jagar ballen og får den nesten med seg..
57'
Mål!
2-1
Jonas Løvland med ei nydeleg scoring. Ser at Sundal står litt langt ute og legg den elegant i lengste. Finfin avslutning frå ca 20 meter
57'
Enorm mulighet til Jølster! Arild Øygard kriger med seg ballen og Isak Tveit kjem plutseleg på åpent måll. Men den kjem nok litt kjapt på han, og den går over mål! Stor stor sjangse!
55'
Spillerbytte
54'
Stor målsjangse til Sandane! Bjotveit med eit flott innlegg til Mathias Eikenes. Men headinga går over mål.
52'
Nesten sjølvmål. Det blir ikkje scoring , men corner til Sandane.
47'
To spelarbytte på Sandane i pausa. Verken Ludvig eller Magnus har spelt noko spesielt dårleg så her det nok eit ønskje om friske og raske bein,
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fleire STIL-spelarar i oppvarming i pausa.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Hjørnespark
Då går vi til pause! 1-1 etter 45 min. Jamn kamp sålangt. Veldig mykje upresist frå begge laga, men gutta i blått lykkast litt ut i omgangen med dei offansive kombinasjonane. No skal eg varme meg på ein kopp kaffi.
45'
Hjørnespark
45'
Hjørnespark
Corner nr 4. Fantastisk redning av Sundal. Ny corner
45'
Vanvittig kaldt på Idrettsparken i dag! Fingrane stivnar litt så TOUCH-metoden sitter ikkje lengre. Beklager evt skrivefeil :)
44'
Sandane lykkast endeleg med kombinasjonane offansivt.
43'
Ein Jølsterdag med Oddvar Torsheim blir spelt frå dei tilreisande
41'
Sandane med eit lite press på Jølster no. Har flytta seg høgre opp i bana!
36'
Veldig mykje feilpasningar frå begge laga. Begge laga har utfordringar med å ha adresse på pasningane.
35'
Har ikkje statistikken framfor meg, men over fleire år enda desse oppgjera ofte med poengdeling. Dei siste åra har Jølster hatt eit overtak og spesielt i 2018 då Sandane blei sendt tilbake frå Skei med 6-1 tap. Då spelte laga i 5 divisjon og det er kjekt at begge laga er tilbake i Kretsligaen.
33'
Skummelt balltap av Halland på midtbana. Sandane spelar seg gjennom, med siste pasninga blir litt for upresis.
32'
Fint spel på venstrekanten med Hallvard Bjotveit. Har vore anonym dei første 30 min, men har våkna litt siste minutta.
29'
Og der kom Tveit på høgrekanten. Magnus Bolseth med ei god takling.
27'
Isak Tveit har hatt ein god vårsesong for Jølster. Scoring mot både Høyanger og Fjøra og blei kåra til dagens jølstring i den siste heimekampen. Kanskje den raskaste spelaren på bana, så lokomotivet bør ikkje få for store rom å springe i. Då kan Tveit skape trøbbel for gutta i blått.
26'
Hjørnespark
Ufarleg
23'
Magnus Bolseth ligger nede. Stuper fram i duellen og header ballen ut til innkast. Halland uheldig og treff han i hovudet. Greit å ikkje blåse frispark på den. Bolseth er oppe og ser frisk ut.
19'
Hjørnespark
Corner nr 3 til Sandane. Mads Wie header ut til Andreas Heggedal som skyter frå 12 meter. Får ikkje kraft i avslutninga og Sundal i Jølstermålet har full kontroll.
17'
Gult kort
Klart gult kort. Klipper ned Mads Wie på midtbana.
17'
Arild Øygard, 27 år født i 1996 , statar sjølvsagt på topp, 4 mål på 4 kampar. Klarer han å score i dag også? Han har vore frampå to gonger siste 5 min.
16'
Gestur Gylfason på Jølster sin innbyttarbenk fortjener litt omtale. Mannen er 54år! Islendingen har spelt aktivt fotball på Island og i Norge har han kampar for Strømsgodset. Tippeligakampar for Godset i 1996! I Godset spelte han med store namn som : Jon Knudsen, Ousman Nyan, Hans Erik Ødegaard og Jostein Flo. Har nok tapt seg litt mtp tempo, som alle andre i den alderen. Men rutinen og det kloke fotballhovudet er viktig for Jølster. Heilt sikkert ei viktig brikke i treningskvardagen på Skei.
15'
Jølster sine supportarar drar i gang supportersang! God stemning og godt oppmøte!
11'
Mål!
1-1
Her svinger det fort og sidan underteikna må skrive og sjå på kamp så er det litt utfordrande. Men i følge rapportane var det ei flott heading av Sander Granheim,
9'
Mål!
0-1
Spesiell situasjon. Sandane spelar med 10mann då August Aa Berge får beskjed frå dommaren om å tørke vekk litt blod frå kneet. Jølster vinner ballen på midtbana og Severin får sendt avgårde ei god avslutning frå ca 18 meter.God prestasjon av Jølster-spelaren.
7'
Joakim Solheim Kvellestad er nok Jølster sin beste spelar. Kapteinen er ein solid stoppar som er uredd i duellspelet, god pasningsfot og styrer det meste av forvaret til Jølster. Framover i bana bør Sandane ha eit ekstra auge til Severin Halland og Sigmund Høyvik. Sistnemnte meldte overgang frå Førde til Jølster i midten av april.
4'
Jakob Gjesdal Eikås startar på midtbana for Jølster. Enorm arbeidskapasitet, og god på å holde i trøya. Lav odds på at han får gult kort denne kampen.
3'
Sandane rett i angrep og får corner. Ufarleg.
Avspark Start 1. omgang
Innmarsj og god stemning. Kan bli avgjerande å treffe med spenningsreguleringa denne kampen . To lag med ein del unge spelarar og første 16mai-kamp mellom STIL-Jølster på fleire av dei. Klassekameratar som spelar mot kvarandre og mykje folk på tribuna. Dommartrioen i kveld er frå Sogn: Asbjørn Kjetil Grinde Håre (Fjøra FK), Jarle Andersen (Syril) og Vegard Aa Albretsen ( Kaupanger IL) Lykke til!
Jølster hadde spelefri i helga, men fleire av spelarane sprang Holmenkollstafetten. Jølster imponerte i eliteklassa og kom inn på 6 plass! Jølster sin ivrige supporter Eivind Øygard er ikkje tilstades på Sandane i dag, han spring rekordforsøk på 3000m i pausa mellom Førde og Florø. Øygard har krinsrekorden på 8.06.71 og håper å springe ned tida i dag. Vi ønskjer han lykke til!
Då er laga tatt turen til garderoba for siste førebuing. Hjelle måtte dessverre gi seg på oppvarminga. Kjedeleg for han og Jølster.
Russen er på plass i Idrettsparken, 16 mai kamp og russ på tribuna er eit flott vårteikn. Dessverre er det 5 grader i lufta, lett bris fra nord med vindkast på 10 m/s. Men godt oppmøte på tribuna og det ser ut til at alle har funne fram vinterbekledninga igjen… Laga er i gang med oppvarminga og det er god tenning. Mange som er spente både på tribuna og bana.
Startoppstillnga er litt usikker 20 min før kampstart. Kristoffer Hjelle slit med skade og mest truleg kjem Nikolai Farsund inn. Vi skal prøve å få alt oppklart før kampstart.
Unge Leander Mulen Sunde( 20 år) er trenar for Jølster i år. Han har landa på lagoppstillinga til dagens kamp, som er ganske lik det dei stilte med mot Førde 2. Einaste forskjellen er at Kristoffer Hjelle startar i staden for Simen Alexander Sunde.
Sander Granheim startar sin første heimekamp for sesongen, han spelar ein del kampar for Sogndal Nasjonal G17. Granheim var Sandane sin beste spelar mot Måløy. 10-klassing som spelar med stor ro og gjer gode val med ballen.
Sandane stiller utan kaptein Robert Vik i denne kampen, han var heller ikkje med mot Måløy grunna kneskade. Då må andre på Sandane ta ansvar på midtbana! STIL stiller med solid benk i denne kampen. Er nok ikkje sikkert at alle kjem innpå, men god læring å få oppleve desse kampane på nært hald.
Sandane ligg på 9 plass på tabellen med 4 poeng etter 5 spelte kampar. Jølster har spelt 4 kampar og står med 3 poeng. Dette blir nok jamt. Det har lugga litt for Sandane i dei to siste seriekampane mot Høyanger og Måløy, så det blir spennande å sjå om dei klarer å finne tilbake til spelet dei viste mot Stryn og Studentspretten. Jølster har møtt god mostand i dei to siste kampane og gått på to klare tap mot Fjøra og Førde 2. Vi er tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart kl 19.00 på Sandane Idrettspark.
Det er 16 mai og fotballens festdag. Vi ønskjer alle velkomne til lokaloppgjeret mellom Sandane og Jølster. Når terminlista blei publisert merka nok begge laga ut dette som sesongens viktigaste kamp.