TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Høyang vinn 5-1 tek med seg tre fortente poeng heim til Høyanger. Sandane kom aldri heilt inn i oppgjeret. Høyangs forsvar hadde god kontroll, og heilt bak ei god målvakt som hadde fleire gode redningar i dag.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-5)
90+3'
Flotte Høyangkombinasjonar gir Julian P. Agovic (han er komen inn igjen på bana) ein god sjanse, men ikkje sikker nok på labben i avslutninga der.
90+1'
Ein jury har kåra dagens STIL-spelar: Robert Auflem Vik. Lagkapteinen er ein glimrande fotballspelar og har vore dominant i sin posisjon på midtbana.
90'
Lite å melde fra Sandane. Høyang kontrollerer det heile inn, sjølv om Sandane skal ha for at dei prøver.
86'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
74'
Joakom Måren forsøker skot frå 20 meter - over mål.
70'
Mål!
1-5
Sandanes forsvar klarerer rett til motstander og Mentasenote Girmissio legg fint inn frå kant til Nyland som set ballen i lengste hjørne.
67'
Rødt kort
Sindre Fjellestad får direkte raudt for farefullt spel, etter ei takling på Daniel Aven midt på bana.
64'
Spillerbytte
63'
Høyang overtar og får roa ned spelet litt.
61'
Høyangs ballsikre spelarar skaper arbeid for Sandane sitt forsvar. Sindre Fjellestad med glimrande inngripen der bak, får også frispark til sin fordel.
59'
Joakim Sjøthun Måren skaper panikk når han set fart inn i feltet, Avslutninga blir imidlertid ei pasning inn til Sandanes målvakt.
58'
Sandane har overtatt det meste av banespelet.
57'
Eit Sandanefrispark går over alle som ventar i feltet, men havnar nesten i mål. Sualp Bayar strekker seg og får klarert!
54'
Mål!
1-4
Så får Sandane si redusering! Fint spel og Bjørhovde Heggedal held fram løpet sitt inn i feltet og får avslutta frå skrått hald, i nærmaste hjørnet.
53'
Så er det Hallvard Bjotveit som kjem åleine igjennom frå sin venstre kantposisjon. Hårfin offisde.
51'
Stor Sandanesjanse: Mads Wie blir spela nydeleg fram av Ludvig Anders Gimmestad og kjem åleine mot målvakt Sualp Bayar. Høyangermålvakta vartar på ny opp med ei glimrande redning.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget bør kanskje vere takksame for ein tydeleg og lærerik fotballeksjon av gjestene frå Høyang, men er neppe tilfredse med eigen prestasjon i første omgang. I omgangens første halvdel hadde Sandane eit lite spelemessig overtak, men når det kom til effektivitet og sting i angrep var gjestene langt overlegne, Høyang hadde ikkje avslutning på mål før skåringane tok til, men i løpet av ti effektive minutt midtvegs i omgangen skåra sogningane fire ganger. Fleire av måla kom etter balltap på midten for Sandane, og Høyangs oppskrift var både enkel og effektiv: lang ball til superraske Sjøthun Måren. Høyang vaks gjennom omgangen, medan Sandane sitt lag gjekk meir eller mindre i oppløysing. Sjølv om heimelaget fekk til fleire gode avslutningar mot slutten av omgangen må det eit Sandane-under til om poenga ikkje skal bli med i bilen heim til Høyanger,
Slutt 1. omgang Pause (0-4)
41'
Pent Høyangspel, kjem med fem mann i angrep, men det buttar litt i mot for Michael Hansen Våge i siste fase.
38'
Jonas Løvland driblar seg fri i feltet og får avslutta med eit godt skot. Keeper Bayar med ny, glimrande redning!
37'
Joakim Sjøthun Måren herjar med Sandane sitt forsvar. Driblar seg fri, fFår løyst skot som Sandane sin keeper reddar.
36'
Stor Sandanesjanse! Jonas Løvland fyrer av frå 18 meter. Keeper Sualp Bayor ligg i hjørnet og ventar.
33'
Mål!
0-4
Høyang lukkast med alt på Sandane! Gedigen forsvarstabbe i STILs forsvar hjelper også på. Ballen blir sendt inn framfor mål, passerer både keeper og ein STIL-forsvarar før Joakim Måren kan trille ballen i mål.
33'
Høyangs forsvar under hardt press. Sandane jaktar redusering, men strevar med å få til avslutningar.
29'
Mål!
0-3
Klabb og babb i Sandanefeltet, og Nyland får det servert på 2 meters hald.
25'
Mål på straffe!
0-2
24'
Straffe!
Sjøthun Måren viser farten sin igjen, distanserer Sandaneforsvaret og blir felt når han skal avslutte. Robert Huseklepp Alrek set straffa sikkert i mål.
23'
Mål!
0-1
Høyang si oppskrift verkar: Sandane med balltap på midten. Lynrask kontring av Høyang og Sjøthun Måren får kome rettvendt mot Sandanemålet. Gjer ingen feil!
21'
Eit Sandanefrispark blir slått inn på femmeter. Der er Robert Vik oppe med hodet, men til sides for mål.
14'
Spillerbytte
11'
Hjørnespark
Wie dreg seg fri bak i feltet, Får nikka, men over mål.
11'
Høyang satsar på ballar i bakrom, Sandane har så langt klart å rydde opp.
10'
Sandane nære på. Først er det Bjotveit som kjem fri og får avslutta frå kant, så er det Wie som løyser eit tungt skot som stryk stolpen.
8'
Jamspelt i opningsminutta. Høyang med fleire gode ballvinningar på midten,
Avspark Start 1. omgang
Dommartrioen blir leia av Johnny Skjerven, Kapanger. Han har med seg Therese Figved, Bjerkreim IL, og Ruben Petersen Heggen, Heia IL.
Høyang er tilbake i Sandane Idrettspark, for første gang sidan 2016. Det er med andre ord sju år sidan Sandane sist hadde lag i Kretsligaen. Tilsvarande oppgjer i 2016 enda med 1-0 til gjestene frå Høyanger.