Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (6-1)
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
88'
Mål!
6-1
Så er Bjotveit rettvendt og viser sine avsluttareigenskaper. Set ballen sikkert i mål etter fin frispeling. Æra for målet må han også dele med Ludvig Gimmestad, som duellerer glimrande i forkant.
85'
Mål!
5-1
Og der får innbyttar Ruben Brekke verkeleg vist seg fram! Glimrande ballbehandling når han får ballen på venstre kant, leverer lekkert til Bjotveit som er vaken og serverer Skogli. Han avsluttar med eit kontant skot i mål.
85'
Hardt skot frå Sander Skogli, men Bremangers målvakt har kontroll.
83'
Spillerbytte
83'
Så får Bremanger ein kjempesjanse! Nr 30 kjem seg fint til lina og legg bak i feltet til Slåtten. Han får bra klem på skotet, men det går til sides for det som nesten må kallast ope mål. Den hadde fortent ein betre skjebne!
78'
Spillerbytte
78'
Godt langskot frå Magnus Klakegg. Målvakta slår ballen til corner.
76'
Så roper eit samla Bremangerkor på hands i Sandane sitt felt etter at ballen landar på Fjellesad sin skulder.
73'
Bolseth, Klakegg og Hjelle i fint samspel. Sistnemnde forsøker ein ball i bakrom til Gimmestad, den blir litt for lang.
71'
Sandane med fullstendig kontroll for øyeblikket.
69'
Ludvig Gimmestad med avslutning - over mål frå litt distanse.
65'
Mål!
4-1
Ja, kva skal ein seie? Bjotveit er suveren i dag, skaper seg rom på venstresida, drar seg inn i bana og avsluttar med ein kanon i vinkelen, lengste hjørne. Dagens høgdepunkt.
60'
Kjempesjanse for Sandane. Bjotveit er på eit av sine signaturløp, mottek ballen sentralt framfor mål og skal vel sette den der. Skot utanfor!
58'
Mål!
3-1
Så rotar Bremanger det skikkeleg til! Sander Skogli pressar målvakt på utspel, lukkast med å blokkere og vinn også påfølgande duell med BIL-keeperen. Rundar forsvaret og set ballen i mål.
56'
Bjotveit set straffa høgt - ballen fyk i tverrliggar og ned på strek. Ifølge relativt sikre kjelder første straffebom for Bjotveit sidan tidleg 2000-tal.
53'
Bom på straffe!
52'
Straffe!
Sandane får straffe etter hands i feltet. Robert Vik finn Bjotveit med ein crossra, og Bjotveit herjar med glimrande mottak og driblingar. Ballen sprett opp i handa på ein Bremangerforsvarar.
48'
Bremanger går rett i angrep og spelar seg til to cornerar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fortent Sandaneleiing til pause, men ei redusering frå Bremanger vil fort skape spenning i andre omgang. I pausen er det 100-årsfeiring for Sandanefotballen!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Hurtig angrep for Sandane, Sander Skogli får ein god mulighet, men får ikkje klem på det.
45'
Sandane Idrettspark har godt besøk, trass i hustrig oktoberver.
44'
Eirik Rylandsholm og August Ommedal forsøker å kombinere på Bremanger si høgre side. Martin Hukset les spelet glimrande og ryddar opp for sandensarane.
41'
Frispark Bremanger. Tore Rylandsholm har stilt seg opp, men det blir lagkameraten som tar det. Flipperspel i feltet, men avslutninga manglar.
40'
Bremanger med fire mann i boksen. Dei er nære på med å få til noko der, men ballen går fort og dei får ikkje kontroll.
38'
Halvard Bjotveit forsøker skot frå 16 meter. Går til sides for og over mål.
37'
Sandane har festa grepet igjen . På ny er Bjotveit smart og finn rom bak Bremangerforsvaret, men igjen er assistentdommar oppe med flagget.
34'
Bremanger kjempar for ei redusering, og er nære på då ein ball havnar inn på femmeter. Målvakt Erlend hetle får kontroll.
33'
Sander Rauset Skogli herjar med Bremangers venstrekant. Vinn corner. Den blir slått farleg inn mot ein ventande Robert Vik, men Bremanger får klarert. Det gir ein stor overganssjanse der Bremanger kan kome i overtal med eit hav av rom framfor seg, men det blir i staden eit langskot frå midtsirkelen, godt til sides for mål.
29'
Robert Vik i duell med målvakt og ein forsvarsspelar. Vil ha straffe, men dommar Mahamad er av ei anna oppfatning. Frispark Bremanger.
27'
Bremanger med frispark på midten. Blir slått høgt inn i feltet. Der dukkar Kristoffer Hjelle opp og får klarert. Bremanger bit seg fast, men Erik Rylandsholm er uheldig med touchen og Sandane overtar.
25'
Gult kort
25'
Bremanger på visitt hos Sandane og skaper ein farleg situasjon som Erlend Hetle i Sandanes mål får kontroll på.
24'
Annulert mål, Sandane: Robert Vik styrer Sandanes midtbane med stor bravur. Serverer Halvard Bjotveit som har lurt seg inn bak Bremangers forsvar. Set ballen oi mål, men linjemannen vinkar får det som må ha vore ein hårfin offside.
22'
Sandane med balltap og Bremanger set fart framover. Robert Vik jobbar hardt heimover og pådreg seg frispark.
20'
Stor Sandane-sjanse: Ludvig Gimmestad får avslutta, men Bremanger slepp med skrekken. Igjen er det Halvard Bjotveit som har regien frå sin venstre kantposisjon.
19'
Sandane bryt og Kristoffer Hjelle forsøker seg med ein lobb i bakrom. Robert Vik og Ludvig Gimmestad lurer der, men målvakt Berlizov har kontroll.
17'
Bremanger med ei avslutning. Langt over mål.
16'
Kristoffer Hjelle stoppar ein overgang for Bremanger. Får tilsnakk av dommar Ammar Mahamad for fellinga av Eirik Rylandsholm.
14'
Torbjørn Førde forsøker ein lang ball retning Thomas Gytri, men Emil Helgheim har kontroll.
11'
Kalddusj for Bremanger, dette. Gjestene har nokre gode forsøk framover, og set STILs forsvar på prøve, men utan å lukkast heilt.
7'
Mål!
2-0
Så smeller det igjen når Sandane regisserer eit nytt angrep. Det er Halvard Bjotveit som kjem seg laus på kanten. Innlegget hans blir først klarert av Bremangers forsvar, men Ludvig Gimmestad vinn ballen, drar seg fri og set ballen kontant i nota.
3'
Mål!
1-0
Sandane skårar i sitt første angrep. Halvard Bjotveit gjer alt sjølv. Mottek ballen på sin venstre kant, drar seg inn i bana og velger overraskande skot frå 20 meters hald. Går via stolpen og i mål.
Avspark Start 1. omgang
Årets siste heimekamp i Sandane Idrettspark. Heimelaget Sandane markerer 100årsjubileet med kaker til publikum. Gjestene frå Bremanger har eitt mål for auge: 3 nødvendige poeng i kampen for å halde seg i divisjonen.