Oppsummering
Der er det over på Koteng Arena! Det ender med 0-1 til dei tilreisande. Gjestene tar dermed med seg alle 3 poenga heim igjen til hovudstaden. Heimelaget opna kampen klart best, og kunne ha gått opp i leiinga med ein stor dobbeltsjanse i det 6.minuttet. I staden er det Vålerenga som går opp i leiinga etter 16 minutt, då Stefanovic styrer eit innlegg frå Thomsen enkelt i mål. Resten av omgangen pregast av etablert spel og foregår uten dei heilt store sjansane. Jøsendal er nære på å sette inn utlikninga idet vi entra overtida, men laga går til pausen med leiing til bortelaget. I 2.omgang går vertene rett i strupen på gjestene, men slit med å komme til store sjansar. Bortefansen ropar på mål då ballen endar i klypene til Christensen på streken etter klabb og babb i feltet til heimelaget, men kula var aldri over streken. Gjestene får likevel ein ny stor sjanse til å auke leiinga til 2-0 då Thea Bjelde fellast, men Stefanovic sette straffen like utanfor stolpen. Heimelaget etablerte eit massivt press i sluttminuttane, men lukkast ikkje med å sette kula i mål. Dermed er det Vålerenga som tek med seg alle 3 poenga og viser med det at dei skal gi SK Brann kamp om serietittelen i Toppserien 2022. Håkon Albretsen takkar for følget og ønsker alle ein strålande laurdag vidare.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Heimelaget med eit massivt press no, men gjestene held unna.
90+3'
Brønstad slår inn i boksen, men Tompkins tek den i fast grep.
90+3'
Lang ball klarrsat av Tennebø. Vore god i dag, Tennebø.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Nesten for Fornes, men avslutninga ender i klypene til Tompkins.
89'
Tida byrjar å renne ut for heimelaget no. Vertene frå bartebyen prøvar og prøvar, men kjem ikkje til dei store sjansane.
88'
Jøsendal haltar av bana med skade, men kjem seg inn på matta igjen.
85'
Nesten 2-0! Mykje klabb og babb i RBK-feltet, men heimelaget får klarert til slutt.
82'
Thomsen og Sævik prøver å tråkke seg gjennom heimeforsvaret, men hindrast.
81'
Så er Skinnes Hansen meget nær å få ein fot på eit innlegg. Den kunne blitt farleg.
75'
Tvedten bankar til frå 25 meter. Christensen må ut i full strekk for avverge at gjestene går opp i 0-2.
73'
Andreassen slår mot Nautnes, men avslutninga blir for svak.
72'
Vertene med initiativet i kampen no, men bortelaget frå hovudstaden står godt imot.
65'
Andreasen slår ein millimeterpresis tversoverpasning mot Sigurdardottir, som får avslutta. Men den går utanfor.
62'
Stefanovic fyrer laus frå 25 meter, men skotet går like utanfor.
61'
Gjestene går i angrep, men innlegget frå Tennebø blir upresist.
59'
Lang ball mot Nautnes blir litt for lang. Tompkins har kontroll.
59'
Høg temperatur og mange tøffe duellar no.
55'
Tvedten vinn ball høgt i bana. Kula havnar hos Tennebø, som får lagt inn. Deretter ender ballen i klypa til Christensen som held ballen i fast grep på streken. Det ropast på mål og frispark. Svedberg dømmer ingenting.
50'
Gjestene prøvar seg på høgrekanten nok ein gang, men pasningen Sigurdardottir blir upresis.
48'
Heimelaget på offansiven no, Nautnes kjem til ein halvsjanse.
47'
Vertene går rett i strupen på bortelaget, idet Thorsnes sparkar igang 2.omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 0-1. Vertene kontrollerte kampen dei første 10 minuttane, men bortelaget kom gradvis inn i kampen og går opp i leiinga i det 16,minuttet med ein enkel, men god scoring av Stefanovic. Etter det har begge lag store målsjansar. Jøsendal kjem til kampens kanskje største sjanse, men godt keeperspel av Tompkins sørger for at bortelaget held på leiinga idet kampen er halvspelt.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Nesten 1-1! Hørte slår ein lang ball mot Jøsendal, som får avslutta, men Tompkins får avverga utlikninga.
39'
Jøsendal kjem til innlegg, men gjestene frå klarert.
36'
Stor sjanse for gjestene! Thorsnes kjem til avslutning etter eit innlegg frå Thomsen, men avslutningen blokkerast.
34'
Thomsen finn fram driblefoten og går på raid langs høgrekanten, men stoppast av MInde.
32'
Gjestene etablerer seg på heimelagets banehalvdel, men kjem ikkje til dei store sjansane.
30'
Rosenborg med ny offansiv, men Tompkins snappar ballen før Nautnes rekk å få ein fot på den.
28'
Bjelde kjem til avslutning på 16-17 meter, men blir ufarleg. Kunne ha fått meir ut av den, Bjelde.
20'
Nok ein kjempesjane for gjestene. Skotet frå Thorsnes blokkerast.
19'
Ny stor sjanse for Vålerenga. Avslutninga går like utanfor.
14'
Heimelaget trillar ball rundt gjestene sin 16-meter, før Andreassen kjem til avslutning. Tompkins får ei hand på skotet, og avvergar scoring.
10'
Nytt innlegg frå Minde, men det blir keepermat for Tompkins.
10'
Heimelaget har tatt fullstendig styringa i kampen i opningsminuttane.
8'
Magnusdottir med lovande bakromsball mot Nautnes, men den blir for lang.
7'
Bortelaget farleg frampå no, men avslutninga går like utanfor.
6'
Der skal det stå 1-0! Enorm dobbeltsjanse til Rosenborg. Skinnes Hanssen med eit presist innlegg, men avslutninga går rett på keeper. Deretter er det minde sin tur til å legge inn, men også denne avslutninga går midt på Tompkins.
3'
Jøsendal med offansiv på venstrekanten. Vinn eit innkast.
2'
Heimelaget trillar ball på eigen banehavldel.
1'
Der er vi igang!
Avspark Start 1. omgang
Trondheim og Koteng Arena byr på 7 varmegrader, solgløtt og mykje god stemning. Alt ligg til rette for ein god formiddag med fotball!
Der er startoppstillingane klare. Vil legger merke til at Sara Hørte erstatter Kristine Leine, som er ute med korsbåndsskaden ho pådrog seg i landskampen mot Brasil forrige fredag. I tillegg får Minde sjansen til fordel for Olsvik. Hos bortelaget får Ylinn Tennebø sjansen frå start. Utenom det er laga identiske samanlikna med då desse laga møttes for 13 dagar sidan.
Rosenborg og Vålerenga spelte mot kvarandre for knappe 2 veker sidan. Då enda oppgjeret med ein 2-0 seier til heimelaget på Intility Arena etter 2 scoringar av Elise Thorsnes. Klarer dagens bortelag å gjenta bragden?
Rosenborg enda på 2.plass i gruppespelet, og tok derfor med seg 4 poeng inn i sluttspelet. Vålerenga enda på 3. plass og fekk med seg 2 poeng. No er den poengdifferansen utlikna og laga har like mange poeng idet dagens kamp sparkast i gang. Laga som møtast til dyst på Koteng Arena i dag har historisk sett spelt uhyre jamt. På dei siste 28 innbyrdes oppgjera har begge lag vunne 10 kampar kvar og begge har scora i snitt 1,5 mål per kamp. Vi har derfor all grunn til å forvente eit tett og spennande oppgjer i dag.
Det finst ulike meiningar kring seriesystemet i årets sesong av Toppserien. Blant anna har Røas trenar Geir Nordby og Avaldsnes sin John Arne Riise uttalt seg kritisk angåande det nye systemet. Men det som er sikkert er at vi får mange tette og jamne kampar i mesteligasluttspelet. Dagens kamp blir neppe eit unntak.
Dersom det skulle vere noko usikkerheit knytt til Toppserien sitt nye ligasystem, kan eg oppsummere systemet med ein kortversjon: Toppserien består av 10 lag som alle skal spele mot kvarandre 2 gangar. Deretter går dei fire laga med flest poeng vidare til eit mesterligasluttspel. Her startar laga med 6, 4 eller 2 poeng basert på sluttplasseringa etter den 18.runden. Laga som endte grunnspelet på 5.plass til og med 10.plass skal, saman med 1. og 2.plassen i 1.divisjon kjempe om å unngå nedrykk. Dagens kamplag er i mesterligasluttspelet, også kalla toppserien topp 4, og skal altså kjempe om seieren i Toppserien 2022 og mesterligaplass for neste sesong.
Dagens kamp er den 4. kampen av sluttspelet i Toppserien topp 4. Desse to laga, saman med Stabæk og SK Brann, enda blant dei fire beste etter gruppespelet og skal kjempe om seieren i Toppserien 2022 og mesterligaplass. VIF-kaptein Stine Ballisager Pedersen sa til Dagsavisen før sesongstart at «Vårt mål er opplagt. Vi skal være med i tetkampen». Med 3 kampar igjen av sesongen, kan vi konkludere med at målet er nådd. Både Vålerenga og Rosenborg er i skrivande stund 5 poeng bak serieledar SK Brann. Bergenslaget har altså festa lite grep om ligatittelen, men kampen er langt frå over.
Hei og hjertelig velkommen til livedekninga av Rosenborg – Vålerenga!