Oppsummering
Der er det over på Koteng Arena! Det ender med 0-1 til dei tilreisande. Gjestene tar dermed med seg alle 3 poenga heim igjen til hovudstaden. Heimelaget opna kampen klart best, og kunne ha gått opp i leiinga med ein stor dobbeltsjanse i det 6.minuttet. I staden er det Vålerenga som går opp i leiinga etter 16 minutt, då Stefanovic styrer eit innlegg frå Thomsen enkelt i mål. Resten av omgangen pregast av etablert spel og foregår uten dei heilt store sjansane. Jøsendal er nære på å sette inn utlikninga idet vi entra overtida, men laga går til pausen med leiing til bortelaget. I 2.omgang går vertene rett i strupen på gjestene, men slit med å komme til store sjansar. Bortefansen ropar på mål då ballen endar i klypene til Christensen på streken etter klabb og babb i feltet til heimelaget, men kula var aldri over streken. Gjestene får likevel ein ny stor sjanse til å auke leiinga til 2-0 då Thea Bjelde fellast, men Stefanovic sette straffen like utanfor stolpen. Heimelaget etablerte eit massivt press i sluttminuttane, men lukkast ikkje med å sette kula i mål. Dermed er det Vålerenga som tek med seg alle 3 poenga og viser med det at dei skal gi SK Brann kamp om serietittelen i Toppserien 2022. Håkon Albretsen takkar for følget og ønsker alle ein strålande laurdag vidare.
Kampfakta
Avspark
Start 1. omgang
16'
Mål!
Dejana Stefanovic (0-1)
Målgivende av Janni Thomsen
44'
Gult
Elise Hove Thorsnes
Slutt 1. omgang
Pause (0-1)
Start 2. omgang
55'
Gult
Emilie Nautnes
68'
Inn
Ut
Runa Lillegård
Elise Hove Thorsnes
71'
Inn
Ut
Sara Fornes
Kristine Minde
76'
Bom
Dejana Stefanovic
Bommet på straffe
84'
Inn
Ut
Stine Brekken
Olaug Tvedten
85'
Inn
Ut
Synne Brønstad
Emilie Marie Joramo
Kamp slutt
Slutt (0-1)
Kampinfo
Koteng Arena
lørdag 15. oktober kl. 15.00
334 tilskuere Toppserien
23. runde
DIREKTESPORT
Eskil Svedberg
Helle Reiten
Line Cathrine Nymoen
Tabell

Ingen tabell
Sluttspillet spilles som dobbel serie. Vinneren av sluttspillet er seriemester 2022. Mål og poeng fra grunnspillet slettes, men Brann, Rosenborg og Vålerenga starter med henholdsvis 6, 4 og 2 poeng for sine plasseringer i grunnspillet.