Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. No gjeld det å få litt søvn slik at ein er opplagd til ei ny runde med spanande Champions League-kampar i morgon også. God natt!
Real Madrid har dermed framleis sjansen til å forsvare tittelen, men det er Schalke som kjem til å bli den store snakkisen framover. Forhåpentlegvis får vi sjå dei igjen i Champions League i næraste framtid, for det spelet dei blå viste fram i dag viser at det er enormt spanande ting på gong i Gelsenkirchen.
Dette var kampen der Real Madrid tilsynelatande skulle leike seg til kvartfinalene og samtidig ta rekorden over flest sigrar på rad i Champions League. I staden fekk dei seg ei kraftig overrasking frå første spark på ballen. Schalke spelte med tempo og ei samhandling av høg klasse og skapte sjansar i fleng kampen igjennom. Dei tok leiinga to gongar før pause, men Cristiano Ronaldo utlikna ved begge høva. Etter kvilen sendte Benzema Los Blancos i føringa og dei fleste trudde nok at det heile var avgjort. I staden snudde Schalke kampen med to utsøkte scoringar. Heilt mot slutten var det svært nervøs i Madrid og tyskarane kom også svært nære, men Casillas klarde å stå i mot.
For ein kamp vi har vore vitne til i den spanske hovudstaden! Schalke slår Real Madrid 4-3 på sjølvaste Santiago Bernabeu, men det er Real Madrid som tek seg vidare med ei naudskrik til kvartfinalene med 5-4 samanlagt.
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+4'
Brukar tid no, dei kvitkledde.
90+4'
Pepe går i bakken for andre gong på kort tid. Og det etter at han sjølv hoppar inn i ein motspelar.
90+2'
Schalke står bra opp med ballen, men ei dårleg pasning av Uchida øydelegg.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. Framleis tid nok til at Schalke skal få den femte og avgjerande scoringa!
90'
Ikkje langt unna igjen! Huntelaar vinn ein duell inne i boksa og headar ned til kaptein Höwedes. Forsvarsspelaren dempar kula og bankar til på halvvolley, men Casillas er raskt nede og reddar.
90'
Meyer slår inn. Pepe stangar unna.
90'
Tenk om Schalke skulle klare dette her. For ein eksepsjonell prestasjon det vil vere av det tyske laget!
88'
Veldig nære på for Schalke igjen! Sané har lyst på nok ei scoring i CL-debuten sin, men Casillas hindrar han i å oppnå det. For ein dramatikk i Madrid!
88'
Sterke assosiasjonar til enkelte av Anthony Yeboah sine praktscoringar i Leeds United på 90-talet der. For eit skot av hollendske Huntelaar!
83'
Nære på scoring! Isco vandrar på tvers inne i Schalke sin sekstenmeter og prøvar å vri ballen i det lengste hjørnet. Like utanfor frå den tidlegare Valencia-spelaren.
82'
To slitne lag på Barnabeu no. I augneblinken ser det ikkje ut som om Schalke har ein sluttspurt å setje inn.
81'
Innkast til Schalke høgt i bana.
80'
Fuchs prøvar seg frå langt hald. Markkryparen endar opp i fanget til Real Madrid sin nummer 1.
79'
Benzema får avslutta inne i boksa, men blir samtidig avvinka for offside.
78'
Brukbar opprulling av dei blå. Neustädter får til slutt avslutta, men Casillas reddar enkelt.
76'
Benzema går i bakken og det blir ein liten stopp i spelet.
75'
Skulle derimot bortelaget få ei scoring no så vil det bli ei høginteressant avslutning på kampen. Det tyske laget treng 'berre' to scoringar.
74'
Lenge sidan førre Schalke-sjanse no. I augneblinken er Real Madrid nærare sigeren.
74'
Bale skyt frå langt hald. Wellenreuther boksar lett unna.
72'
Real kontrar. Forsøket stoppar derimot når Bale prøvar å finne Ronaldo med ei pasning frå utsida av foten.
70'
Susar frå heimelaget! Kroos får ein god gammaldags trillar på 21-22 meters hald og brenn til. Wellenreuther ser derimot utgangen på skotet og reddar bra.
68'
Arbeloa finn Isco på motsatt ende, og sistnemnde prøvar å slå flatt inn framføre mål. Schalke får derimot blokkert.
65'
Nære på for Los Blancos! Real Madrid angrip med fart og Arbeloa blir spelt igjennom. Wellenreuther kjem derimot ut og reddar flott. Fin stikkar frå Bale i forkant.
65'
Sané finn Meyer som rappar til med eit kjapt skot. Til side for buret til Casillas som har god kontroll.
64'
Ronaldo vender opp og avsluttar frå distanse. Rett på Wellenreuther.
63'
Schalke står høgt oppe.
62'
Ein halvtime igjen for Schalke å få to nye scoringar. Slik denne kampen har vore sålangt er ingenting umogleg!
56'
Bra overgang av Schalke igjen. Endar med nok eit hjørnespark.
49'
Real Madrid dreg i gong ei kontring, og ein halvvegs liggjande Isco sender eit skot via ein motspelar og ut. Corner.
48'
Barnetta prøvar eit skot, men Casillas reddar.
47'
No er vi i gong igjen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Med 4-2 til Real Madrid samanlagt treng framleis Schalke minst to mål, samtidig som dei ikkje slepp inn fleire. Etter dei første 45 minutta å døme kan ein sjølvsagt ikkje avskrive at det kan skje. Vi håpar at 2. omgang blir like ellevill som den første!
Alle vi andre fotballfans kan i staden glede oss stort over det vi har vore vitne til så langt: ein fantastisk artig fotballkamp! Schalke har defintivt lagt igjen respekten for dei regjerande meistrane i garderoben og i staden rysta dei kvitkledde ved mange høve. To gongar har dei teke leiinga, og i tillegg har dei også hatt eit skot i metallet. Real Madrid har derimot vore effektive og putta på dei to store sjansane dei har hatt.
Real Madrid går av bana etter 1. omgang til piping frå heimefansen. Å sleppe inn to mål på eige gras er ikkje populært når dei sjølv berre har laga like mange.
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45'
Bale prøvar å slå inn. Blir blokkert til innkast.
44'
Nesten 2-2! Khedira dreg seg fint innover i Schalke si boks og avsluttar. Wellenreuther vartar opp med ei god redning før bortelaget så får reinska unna kula.
43'
Real Madrid er vanvittig rysta her!
40'
Det smell i metallet! Huntelaar bankar til på halvvolley frå 17 meters hald og ballen smell i krysstanga og ut. Det skotet hadde Casillas aldri i verda teke!
39'
Nære på 1-2! Varane rotar det til inne i eigen sekstenmeter og held på å forære Schalke eit mål. Casillas klarerer det lause tilbakespelet rett i ein motspelar og ballen trillar nesten i buret.
39'
Huntelaar jaktar ei bakromspasning, men han får ein liten dytt i ryggen og misser ballen utover sidelinja.
37'
Meir strekk i det tyske laget no. Den vanvittige aggressiviteten dei hadde i starten har gitt seg ein del.
36'
Grei sjanse for heimelaget! Reald Madrid kontrar hurtig på eit Schalke-lag i ubalanse og til slutt prøvar Ronaldo eit slags skot frå skrå vinkel. Det endar med utspel frå Wellenreuther.
35'
Bale prøvar eit kjapt skot frå distanse, men det går rett på Wellenreuther som ligg og ventar.
33'
Schalke står høgt i bana og prøvar å bryte gjennom heimelaget sitt forsvar.
29'
Bortelaget må gjere eit tidleg byte.
28'
No er det Real som viser seg fram på kontringar her. Det heile stoppar derimot opp når Bale skyt svakt frå skrå vinkel. Det byrjar å bli ei god stund sidan walisaren scora, no.
27'
Dei kvitkledde scorar altså på sin første sjanse i kampen. Synd for Schalke som har vore det klart beste laget så langt.
25'
Schalke prøvar seg igjen, og Meyer avsluttar i arma til Khedira inne i Real Madrid si boks. Domar Skomina vinkar spelet vidare, og det er nok ei grei avgjersle med tanke på at Los Blancos-spelaren står ein halv meter unna når skotet kjem.
23'
Ikkje bra keeperspel av Casillas ved scoringa, heller. Skotet frå Fuchs kan absolutt stoppast.
20'
Schalke går i føringa! Og det er faktisk svært, svært fortent! Bortelaget angrip med mange folk og Barnetta slår eit lavt innlegg frå høgre. Real Madrid-forsvaret blir lurt av at ein Schalke-spelar slepp ballen forbi seg, og frå litt skrått hald klarer Fuchs å banke kula i mål via hanskane til Casillas. 0-1 og nervøs stemning på Santiago Bernabeu!
18'
Max Meyer vinn kula midt på bana og set fart. Han avsluttar med venstrefoten på 20 meters hald, men utføringa er ikkje god og ballen går godt tilside for målet til Iker Casillas.
16'
Nok ein gong nære på for Schalke. Heimelaget slit faktisk med å hengje med når dei blå set opp tempoet framover!
15'
Fuchs med langt innkast. Varane stangar unna i boksa.
15'
Bortelaget har vist allereie ved fleire høve at dei har noko å kome med her. Real Madrid bør absolutt passe seg, for med ei scoring imot kan dette bli meir spanande enn dei hadde tenkt seg.
13'
Schalke imponerer verkeleg her. Kontringa skjer hurtig og på få touch og Casillas må varte opp med ei reaksjonsredning. Samtidig blir det vinka av for offside.
12'
Nok ein overgong får bortelaget.
10'
God sjanse for dei blåkledde! Schalke tek overgangen bra og Choupo-Moting får ei flat femogførtigraders pasning. Frå veldig god posisjon inne i boksa skyt han over. Nære 0-1!
10'
Schalke kontrar.
9'
Isco på ein farleg visitt. Bortelaget får nok ein gong blokkert til hjørnespark.
7'
Los Blancos får trille litt meir ball no.
6'
Benzema klarer å tråkle seg fri inne i Schalke sin sekstenmeter. Matip får blokkert til corner.
5'
Nære på at Bale får ballen inne i Schalke si boks. Blir reinska unna.
4'
Schalke yppar seg i starten her. Har gått offensivt til verks og klarer å halde på ballen høgt i bana.
3'
Tyskarane vinn ballen midt på bana og prøvar ei kontring, men ei svak pasning øydelegg det heile. Kunne ha blitt ein farleg sjanse ut av det om dei hadde vore meir nøyaktige.
3'
Det gjeld for Schalke å stå imot defensivt her. Dei må også ta dei sjansane som byr seg offensivt.
1'
No er oppgjeret i gong! Damir Skomina er kveldens domar.
Avspark Start 1. omgang
I tillegg til det møtet for nokre veker sidan, kjempa dagens to lag også i fjorårets turnering. Real Madrid vann då 6-1 borte og 3-1 heime. Ronaldo scora fire, Bale to og Benzema to.
No er begge laga på veg ut på grasmatta på Estadio Santiago Bernabeu.
Schalke, som blei rangert som den 12. mest verdifulle klubben av magasinet Forbes i fjor, har semifinalene mot Manchester United i 2011 som sin beste prestasjon plasseringsmessig i turneringa (trass i at dei rauk på ein 1-6-smell samanlagt over dei to kampane). I tillegg har dei ei kvartfinale i 2008 å vise til. Europa League vann dei for øvrig i 1997, då Marc Wilmots var sentral i dei to finalekampane (heime og borte) som til slutt enda med siger i straffesparkkonkurranse.
Real Madrid er det beste europeiske klubblaget gjennom tidene, med totalt 10 sigrar i denne gjevaste turneringa. Dei blei dei første vinnarane nokon gong i 1955-56 då Alfredo Di Stefano regjerte, og dei er også som kjent dei regjerande meistrane etter at dei slo Atletico Madrid i mai i fjor. Eit anna artig moment er at dei med siger i dag vil ta rekorden for flest sigrar på rad i denne turneringa. I noverande stund deler dei rekorden på ti kampar med Bayern Munchen.
Schalke ligg på si side på ein respektabel 5. plass på tabellen, med berre tre poeng opp til bronseplasseringa. Bayern Munchen toppar derimot suverent, med heile 23 poeng meir enn Die Königsblauen. I helga slo dei Hoffenheim greitt 3-1 i Gelsenkirchen etter mål av Fuchs og Meyer (2).
I Primera Division måtte Real Madrid i helga gi vekk førsteplassen til rivalane Barcelona. Los Blancos gjekk på eit skuffande, men likevel fortent 1-0-tap mot Athletic Bilbao på bortebane. Ancelotti og co klarde ikkje å sette inn støtet i det kampen gjekk mot slutten, og det næraste dei kom scoring var eit stolpeskot frå 40 meter frå Gareth Bale.
Roberto Di Matteo, som i 2012 sørgja for at Chelsea blei første London-klubb som nokon gong har vunne den gjevaste europeiske klubbturneringa, har eit langt lengre skadeliste å forholde seg til. Aogo, Draxler, Fahrmann, Farfan, Giefer, Kirchhoff, Kolasinac og Obasi er alle ute med skade. I tillegg er Kevin-Prince Boateng suspendert.
Til trass for at spanjolane leiar nokså komfortabelt, tek dei ingen sjansar i forhold startoppstillinga. Carlo Ancelotti stillar eit tilnærma toppa lag, fronta av den giftige trioen Ronaldo-Benzema-Bale. Blant dei spelarane som manglar finn vi James Rodriguez, Abner og Ramos.
Det har blitt spekulert ein del i om Martin Ødegaard skulle få sin debut for Los Blancos i dag, og dermed bli tidens yngste debutant i turneringa, men det skjer altså diverre ikkje. Då troppa blei offentleggjort var nordmannen sitt namn ikkje blant dei utvalde. Celestine Babayaro beheld dermed framleis rekorden som den yngste som har spelt i den gjevaste klubbturneringa. Berre 16 år og 87 dagar gamal fekk han sine første minutt for Anderlecht mot Steaua Bucuresti.
Real Madrid fekk til slutt ein enkel jobb i det første møtet i Gelsenkirchen. Eitt mål i kvar omgang signert Cristiano Ronaldo og Marcelo sørgja for eit veldig greitt utgangspunkt. Om Roberto Di Matteo sitt Schalke skulle ta igjen spanjolane sitt 2-0-forsprang i dag, vil det vere ein av dei største prestasjonane i turneringa si historie.
Hei og velkomen til det andre og avgjerande møtet i åttendelsfinalene av Champions League mellom Real Madrid og Schalke!