Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet, og ynskjer dykk alle ein fin kveld vidare!
Real Madrid tek eit langt steg mot semifinalene med ein til slutt solid 3-0-siger mot Borussia Dortmund. Tyskarane har hatt store skadeproblem denne sesongen, og i tillegg var superstjerna Lewandowski suspendert. Laget klarde likevel å skape fleire gode sjansar, men det ville seg ikkje heilt foran mål. Real Madrid var derimot langt meir effektive, og mål av Bale (3. minutt), Isco (27.) og Ronaldo (57.) gav heimefansen på Santiago Bernabeu mykje å glede seg over. Men sjølv om ting ser ille ut for Borussia Dortmund, kan det vere på sin plass å minne om at dei scora fire mål mot spanjolane i fjor.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+5'
Då er vi på overtid av overtida. Dette endar 3-0.
90+5'
Dortmund snappar ballen høgt i bana, men stikkaren framover i bana blir teke av Pepe. Midtstopparen har vore stor i dag.
90+3'
Real Madrid overtek.
90+3'
Innkast til bortelaget høgt i bana.
90+2'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+2'
Jurgen Klopp irriterer seg nok kraftig over det gule kortet Robert Lewandowski fekk for ein hands i det 19. minutt mot Zenit i førre runde, og som gjorde at han måtte stå over her i dag. Underteikna føler seg rimeleg trygg på at bortelaget hadde hatt minst éi scoring her i dag med han på bana, for det har vore nok av situasjonar for dei gule og svarte å få mål på.
89'
Dortmund kjem tre mot tre, men Reus misser ballen før han får gjort noko konstruktivt.
88'
Midtstoppar Ramos har lyst til å ta frispark når Ronaldo er vekke, men sendar det over mål.
87'
Real Madrid får frispark heilt på hjørnet av Dortmund sin sekstenmeter.
84'
Soloraid frå Bale! Walisaren startar inne på eigen halvdel og set fart mot Dortmund si boks. Han prøvar ei avslutning, men er i ubalanse og sender den over. Spørs om han ikkje skulle ha brukt ein betre plassert medspelar der.
83'
Ein del av lufta har gått ut av bortelaget sin intensiv no.
80'
Jojic går ned i feltet, men han glir og er ærlig nok til å ikkje rope på straffe.
79'
Veldig trykk frå Dortmund no.
77'
Morata kjem seg fri og prøvar å legge inn i boksa, men forsøket går bak mål.
75'
Reus får plutseleg avslutta frå kort hald, men bortelaget blir avblåst for hands i trekket før. Det ligg heilt klart ei Dortmund-scoring i lufta her.
73'
Framleis nok av tid for bortelaget å få seg ei veldig kjærkomen bortescoring her. 1-3 er fleire hakk betre enn 0-3.
70'
Benzema dreg seg innover og avsluttar, men forsøket går via ein Dortmund-spelar før det går midt på Weidenfeller.
70'
Asier Illarramendi skal straks inn for heimelaget.
68'
Dortmund pressar på, men heimelaget klarer gong på gong å få hindra avslutningane i å nå fram til mål.
67'
No er det Hofman som går i bakken. Ein irritert Ramos prøvar å drage han umiddelbart opp igjen. Domar Clattenburg må kome i mellom og ordne opp.
65'
Reus går i bakken inne i Real Madrid sin sekstenmeter etter eit samanstøyt med Pepe, men domar Clattenburg gir berre utspel frå Casillas. Såg ut som ei grei avgjersle, det.
63'
Hummels får ei langpasning bak Real sitt forsvar, men headinga frå midtstopparen går til side for buret til Casillas.
61'
Nære 4-0! Benzema avsluttar på direkten etter eit hardt innlegg frå høgre, og berre ei reaksjonsredning frå Weidenfeller hindrar endå eit mål til dei kvite.
61'
Meget sjåverdig kamp i augneblinken. Begge laga går for scoring så fort sjansen byr seg.
60'
Nesten igjen for Dortmund! Reus får lagt hardt og flatt inn foran mål og ballen dett i beina på Mkhitaryan. Han avsluttar på direkten, men nok ein gong får heimelaget blokkert.
56'
Nesten at det lukkast for Dortmund på ein overgong! Mkhitaryan får etter kvart avslutta frå skrått hald, men Pepe får blokkert forsøket.
55'
Veldig nære på! Ronaldo gjer eit veldig bra førearbeid og kjem seg heilt inn i Dortmund si boks. Han legg ballen inn foran mål, men ein Dortmund-spelar får rydda opp rett foran beina på Benzema.
54'
Litt rolegare no etter ei intens periode. Heimelaget trillar ball seg i mellom.
51'
Dortmund står ganske høgt med laget sitt og pressar Real Madrid bra inne på deira eigen halvdel.
49'
Nesten redusering! Endeleg kjem bortelaget på ei bra kontring og Reus speler fri Aubameyang. Spissvikaren viser at han ikkje held høgt nok nivå i det han avsluttar svakt utanfor Casillas sin lengste stolpe.
48'
Nære på 3-0! Bale blir tredd igjennom og kjem åleine mot Weidenfeller. Frå spiss vinkel prøvar den tidlegare Tottenham-spelaren ei avlsutning med utsida av foten, men den tyske målvakta reddar bra med ei beinparade.
47'
Nære på at Benzema blir spelt fri i fin posisjon. Eit Dortmund-bein kjem i vegen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Real Madrid leiar fortent 2-0 over Borussia Dortmund etter dei første 47 minutta av dette kvartfinaleoppgjeret. Bale ordna 1-0 allereie etter 3 minutt, før Isco dobla leiinga 24 minutt seinare. Heimelaget har vore veldig effektiv, for i tillegg til scoringane er det først og fremst på frispark dei har skapt noko. Dortmund må på si side prøve å få seg eit viktig bortemål, samtidig som dei ikkje slepp inn fleire heller. Det kan opne opp for ein artig 2. omgang. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Reus skjer innover og prøvar eit skot. Blir blokkert.
45+1'
Durm har fått seg ein smell etter ein duell i boksa og blir liggjande.
44'
Bortelaget har vunne ballen i god posisjonar ved fleire høve denne omgangen, men hittil har det klabba på den siste tredjedelen. Det må det gjerast noko med om dei skal ha håp om å få seg eit viktig bortemål her.
43'
Mkhitaryan dreg i gong ei bra kontring, og ballen hamnar etter kvart hos Aubameyang. Spissen frå Gabon prøvar å avslutte frå 17-18 meter, men skotet går langt over. Ingen grunn for Lewandowski å frykte for plassen sin i laget når han kjem tilbake frå suspensjonen, altså.
41'
Heimelaget kjem på ei kontring, og Ronaldo er nære på å få teke ned kula åleine med Weidenfeller. Tyskarane klarer med naud og neppe å få klarert. Corner.
38'
Benzema kjem til heading inne i Dortmund si boks, men han treff dårleg og ballen humpar utanfor.
38'
Henrikh Mkhitaryan går over ende inne i Real si boks, men domar Clattenburg vinkar spelet vidare. Det såg ut til å vere ei grei avgjersle.
37'
60-40 i ballinnehav i favør heimelaget hittil.
35'
Tendensar frå Borussia Dortmund no. Ei scoring i dag ville gjere ting langt meir overkomeleg i returoppgjeret.
34'
Nære på at Cristiano Ronaldo klarer å tre igjennom til Isco inne i Dortmund si boks. Hummels kjem i vegen og får ordna opp.
33'
Bortelaget kjem på ei bra kontring, men Grosskreutz si avslutning blir for enkel for rutinerte Casillas.
32'
Dortmund kjem i overtal på ei kontring, men spissvikar Aubameyang er uheldig og glir i det han skal ta med seg ballen framover.
30'
Nok ein susar! No er det Bale som bankar til, og walisaren får ein vanvittig skru på forsøket. Weidenfeller er kjapt oppe og bankar kula unna igjen.
30'
Bale blir teke og Real Madrid får frispark i bra posisjon.
26'
Carlo Ancelotti er hissig over sitt eige lag på sidelinja. Han ynskjer nok ikkje at tyskerane skal få meir initiativ enn det dei har no.
25'
Mykje spel midt på bana no. Borussia får låne kula litt meir enn i starten av oppgjeret. Heimelaget er sjølvsagt klare til å køyre i gong kontringane så snart sjansen byr seg.
21'
Aubameyang prøvar eit brassespark inne i Real Madrid si boks, men endar berre opp med å treffe Pepe.
20'
Innkast for bortelaget høgt i bana.
19'
Dortmund sin keeper ser ut til å slite med ei skade her, og reservemålvakt Mitchell Langerak er i oppvarming. Det såg faktisk ut som om det var Marco Reus som skada si eiga målvakt i det han rydda unna på streken på Isco si avslutning.
17'
Benzema jagar ein ball i Dortmund si boks, men Weidenfeller kjem ut og fangar den.
15'
Borussia Dortmund slit veldig med å få tak i kula her.
14'
Contreao chippar ballen inn frå venstre og Cristiano Ronaldo avsluttar på volley. Hummels får blokkert til corner.
12'
Nesten! Ronaldo serverer sitt sedvanlege frispark med dupp, og Weidenfeller må kjapt opp med neven for å bokse kula over mål. Corner.
12'
Ronaldo gjer seg sjølvsagt klar frå frisparket.
12'
Modric dreg seg innover i bana men brutalt stoppa av Kehl. Bortelaget sin kaptein slepp unna med tilsnakk.
10'
Ronaldo skjer innover og bankar til. Ballen får ein lei stuss og Weidenfeller må gi retur. Heldigvis for han blir den berre plukka opp av ein medspelar.
9'
Isco med eit flott dribleraid i det han tek seg forbi fleire Dortmund-spelarar, men avslutninga blir blokkert.
8'
Veldig trykk frå Los Blancos no.
6'
Etter ein småfrisk start av Dortmund scorar altså Real Madrid på sin første sjanse i kampen.
1'
Dagens domar er velkjend for dei fleste som fyl med engelsk fotball. Mark Clattenburg er nemleg mannen som har fått det ærefulle oppdraget med å blåse i fløyta i dag.
1'
Bortelaget sparkar i gong dei første 45!
Avspark Start 1. omgang
Borussia Dortmund tok på si side ein sterk bortesiger mot Stuttgart. Laget kom tidleg under 2-0, men kom tilbake og vann til slutt 3-2 etter eit hattrick av Marco Reus.
Real Madrid har hatt ei god oppladning til dette oppgjeret i og med at dei vann heile 5-0 heime mot nabo Rayo Vallecano. Ronaldo, Carvajal, Bale (2) og Morata stod for scoringane.
Jurgen Klopp sa på si side at laget hans måtte vere eit hinder for Real Madrid i dag. Han frykta at spanjolane ville gjere alt for å avgjere på heimebane i dag, samtidig som hans eige lag hadde ein liten fordel av å spele på heimebane i den avgjerande kampen.
På pressekonferansen før kamp uttalte Real Madrid-manager Carlo Ancelotti at laget hans var 100 prosent klare for Borussia Dortmund. Han understreka at Real skulle spele offensiv fotball for å få eit bra resultat, samtidig som dei måtte vere klare for å stå imot Dortmund sine hurtige kontringar.
Dagens oppgjer blir spesielt for Real Madrid sin største profil Cristiano Ronaldo. Portugisaren speler nemleg sin 100. Champions League-kamo i dag. På dei 99 første har han scora heile 63 mål, inkludert 13 denne sesongen. Han nærmar seg dermed kraftig den mestscorande i denne utgåva av turneringa gjennom tidene, Real-legenda Raul Gonzalez. Samtidig er det ein viss argentinar i Barcelona som også er lysten på å ta denne rekorden.
Begge laga er no ute, og diverre er det slik at dei begge må unnvere fleire store profilar til kveldens kamp. For Real Madrid er Arbeloa, Jese, Khedira og Marcelo ute. I den tyske leiren står det endå dårlegare til, og i tillegg til suspenderte Lewandowski er Bandowski, Bender, Blaszczykowski, Gundogan, Schmelzer og Subotic alle indisponible. Det er med andre ord eit svært, svært redusert Dortmund som skal i aksjon i kveld.
Totalt har dei møttest åtte gongar i Champions League-samanheng, og Real Madrid har vore hakket betre med 3-3-2 samanlagt. Det er likevel verdt å merke seg at laget frå den spanske hovudstaden berre har vunne eitt av dei fem siste møta med Dortmund.
Det er med god grunn mange gledar seg til møta mellom Los Blancos og Die Borussen, for møta mellom desse to laga byr alltid på herleg fotball, flotte mål og intens spaning. Utruleg nok møtest dei for tredje år på rad i Champions League, for i 2012-2013-sesongen kom dei opp mot kvarandre både i gruppespelet (2012) og i sluttspelet (2013). Dortumund gjekk som kjent heile vegen til finala, der dei til slutt tapte for landsmenna i Bayern Munchen, men i semifinala møtte dei nettopp Real Madrid. Tyskerane vann heile 4-1 i den første kampen i Tyskland, og Robert Lewandowski, som vi dessverre ikkje får sjå i dag, scora alle fire måla. Spanjolane gav imidlertid ikkje opp i returoppgjeret, og med 2-0-siger var dei berre ei fattig scoring frå avansement. I gruppespelet den sesongen blei det henhaldsvis 2-2 på Estadio Santiago Bernabeu og 2-1-siger til Dortmund i Nordrhein-Westfalen.
Hei og velkomen til livedekning av den første av to kvartfinaler mellom Real Madrid og Borussia Dortmund. Alt ligg til rette for eit heidundrandes oppgjer i Champions League!