TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin kveld vidare!
No er det berre å glede seg til semifinalene, for det er litt av nokre lag som er igjen og kjempar om troféet: Barcelona, Bayern Munchen, Juventus og Real Madrid. Til saman har dei fire laga vunne den gjevaste europeiske klubbturneringa 21 gongar!
Diego Simeone valde på si side ei svært defensiv tilnærming til begge oppgjera, og når ein i tillegg berre skaper tre halvsjansar på 180 minutt med fotball så fortener ein ikkje å ta seg vidare.
Det er liten tvil om at klubben med 10 sigrar i den gjevaste europeiske turneringa fortenter avansementet. Dei var det laget som verkeleg prøvde å score i begge oppgjera, men det såg lenge mørkt ut når sløseriet var på sitt verste. Utvisninga på Arda Turan, som nok kan diskuterast, gav derimot kvittrøyene den energien dei trengde og få minutt før slutt fekk leigesoldaten Javier Hernandez æra av å setje inn den avgjerande scoringa.
Real Madrid er klare for semifinalene i Champions League!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Javier Hernandez sit i tårer på innbytarbenken. Har hatt behov for ein god opptur etter to vanskelege fotballår.
90+4'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ei takling.
90+4'
Spillerbytte
90+3'
Gult kort
Arbeloa får det gule kortet få minutt etter at han kom innpå.
90+3'
Éi scoring av gjestane og dei er vidare!
90+3'
Det blir lagt til minimum fem minutt denne omgangen.
90+2'
Kan Atletico klare å svare på tampen her?
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Enda meir klammeri på Santiago Bernabeu igjen no.
88'
Mål!
1-0
Real Madrid får til slutt det etterlengta målet! Ronaldo speler ein hurtig vegg og kjem seg inn i boksa med ballen. Han er i ubalanse men klarer å få tuppa kula vidare til Hernandez. Den innleigde Man Utd-spissen står klar og breisidar ballen i mål på direkten. For ein vanvittig viktig scoring av mexicanaren!
85'
Spillerbytte
85'
Mandzukic sit nede og Atletico-spelarane kan ta seg ei kjærkomen pause.
83'
Hjørnespark
Pepe headar via eigen spelar og til utspel frå Oblak.
82'
Real Madrid med 66% ballinnehav hittil. Atletico med dei resterande 34%.
80'
Hjørnespark
Blir teke kort, før Isco får ballen tilbake og prøvar eit skot som skrur seg langt utanfor.
80'
Utruleg nære for Real Madrid! Hernandez kjem seg åleine inn i boksa med ballen, men Oblak kjem raskt ut og gjer vinkelen mindre. Den mexicanske spissen prøvar å tre kula i det lengste hjørnet, men må skuffa sjå den trille like utanfor.
80'
Contreao i bakken for n-te gong i kveld. Brych vinkar spelet vidare. Dermed kjem Coentrao seg på beina igjen og er med i spelet som vanleg.
79'
Kan Real Madrid klare å utnytte dette no då? Kampbiletet vil nok ikkje endre seg noko særleg, for Atletico har stort sett lege djupt i bana gjennom heile oppgjeret.
76'
To gule kort
Turan og Ramos går etter same ball, men Turan treff foten til Ramos. Felix Brych tek ei veldig streng avgjersle og gir Turan hans andre gule kort i kampen! Atletico Madrid må spele 10 mot 11 resten av oppgjeret!
76'
Dramatikk i Madrid!
75'
Gult kort
Blandar seg inn i situasjonen med Garcia og får Real Madrid sitt første gule kort i kampen.
74'
Gult kort
Garcia får det gule kortet etter ein ettersleng på Varane. Misser ei eventuell semifinale då.
74'
Gabi med eit småskummelt innlegg som Pepe så vidt får sleiva unna.
72'
Bortelaget ligg med alle mann inne på 35-40 meters hald. Ikkje lett for Los Blancos å trengje igjennom.
71'
Cristiano Ronaldo prøvar seg nok ein gong. Rett på Oblak frå distanse.
70'
Grei sjanse for bortelaget! Atletico slår ballen lurt inn bak Real-forsvaret, men headinga frå Koke går rett på Casillas. Burde nok heller ha stussa til ein umarkert Mandzukic, der!
67'
Ronaldo vender raskt rundt og prøvar eit skot, men CR7 treff elendig og ballen humpar inn til Oblak.
65'
Spillerbytte
63'
Hjørnespark
Pepe får heada unna. Ballen dett ned til Gabi som prøvar eit skot på direkten frå langt hald. Blir blokkert.
63'
Godt forsøk for Los Blancos! Ronaldo slår presist inn frå venstre og Ramos får avslutta med hovudet. Diverre for heimefansen går forsøket ufarleg rett på Oblak.
61'
Hjørnespark
Er svakt slått og blir enkelt klarert, men samtidig blir gjestane avvinka for frispark inne i boksa.
60'
Hjørnespark
Blir slått utover i feltet, der heimelaget stangar ut til ein ny corner.
60'
Gjestane vel i staden å roe ned. Har endå til gode å skape noko offensivt her, laget til Diego Simeone.
60'
Atletico kontrar.
59'
Hjørnespark
Varane kjem seg fri inne i boksa men får ikkje klem på headinga frå seks meters hald. Bra sjanse det, eigentleg!
55'
Javier Hernandez stig til vêrs inne i Atletico si boks, men endar berre i bakken. Mexicanaren vil ha straffespark, men domar Brych seier nei.
52'
Hjørnespark
Blir teke kort, men endar med null og niks. Real beheld likevel ballen.
52'
Hjørnespark
Mandzukic får rydda unna ved første stolpe.
52'
Isco dreg seg innover og avsluttar, men forsøket går rett i næraste motspelar.
49'
Stor moglegheit for Real Madrid! Isco speler fri Hernandez på diagonalløp bak Atletico-forsvaret. Mexicanaren set skotet utanfor. Han var nok i offside der, så det var nok greitt for kampleiarane at den avslutninga ikkje gjekk i mål.
49'
Vertane med ballen i starten her.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 etter dei første 45 minutta av det siste kvartfinaleoppgjeret mellom Real Madrid og Atletico Madrid. Heimelaget har hatt det meste av initiativet og også skapt ein del gode sjansar. Atletico har forsvart seg godt, men ikkje tatt altfor mange sjansar offensivt. Det har vore mange duellar og frispark så langt, men med unntak av nokre etterslengjarar har det ikkje vore stygt spel. Det er sjølvsagt ein nerve i oppgjeret, men ein har nok ei kjensle av at ei scoring ein av vegane vil setje verkeleg fyr på det heile.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hjørnespark
Endar med ei heading like over.
44'
Stor moglegheit for Real Madrid! Ronaldo blir spelt åleine med Oblak, men den unge målvakta kjem raskt ut og stoppar forsøket med ei super beinparade.
43'
Hjørnespark
Blir slått inn i feltet, men Atletico får overteke ballen.
43'
Felix Brych har som venta hatt ein vrien omgang å døme. Ikkje lett for den tyske domaren å vite kva slags av situasjonane som oppstår som er alvorlege forseingar.
41'
Nok ein gong knuffing på grasmatta etter eit frispark. Ein drøss spelarar frå begge lag kjem stormande til for å hjelpe til.
39'
Som i det første oppgjeret er det mange frispark og stopp i spelet.
38'
Det påfølgjande innlegget blir slått inn i boksa, men Oblak kjem flott ut og plukkar.
38'
Hernandez blir felt av Miranda, men sistnemnde slepp det gule kortet sjølv om dei kvitkledde kjem stormande til for å påverke domaren.
37'
Kula blir slått inn i feltet til Mandzukic, men kroaten tapar den påfølgjande duellen.
36'
Rojiblancos med ballen no.
33'
Hjørnespark
Ingen farlegheiter ut av det hjørnesparket.
33'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
33'
Ronaldo prøvar seg frå distanse! Portugisaren fyrar av eit skot som Oblak rekk å kome ned på. Godt forsøk det.
31'
Gult kort
Turan prøvar å snappe kula frå Kroos men kjem for seint inn. Kampens første gule kort er eit faktum.
31'
Hjørnespark
31'
Godt forsøk for vertane! Hernandez kjem til ei god avslutning, men bortelaget får stogga forsøket. Corner.
31'
Isco går i bakken etter ein liten olboge frå Tiago. Tiago er nok borti motspelaren sin, men samtidig så overdramatiserer Isco bra også.
29'
Gamez vinn ballen høgt i bana og avsluttar så raskt. Rett på Casillas som har god kontroll.
28'
Colombia sin VM-helt prøvar seg på direkte skot. Over buret til unge Jan Oblak.
27'
26 meter frå mål. Skrå vinkel.
27'
Ronaldo blir obstruert og Los Blancos får frispark i finfin innleggsposisjon. Ein bør vel heller ikkje blir overraska om Ronaldo skal skyte.
24'
Hjørnespark
Blir teke kort og så slått inn. Real får klarert, men Atletico beheld ballen.
24'
Koke blir spelt fri bak Real sitt forsvar, men diverre for gjestane blir det påfølgjand innlegget blokkert. Corner.
22'
Nok ein duell som endar med at ein spelar går i bakken. Ronaldo er syndaren i det han hoppar inn i Gamez.
21'
Hjørnespark
Kampens første corner. Dei kvitkledde får klarert.
21'
Atletico står høgt og pressar Real.
20'
Fabio Coentrao i bakken etter ein olboge frå Turan. Portugisaren får ikkje frispark eingong.
19'
Heimelaget med eit brukbart innlegg frå venstre. Ramos stig til vêrs inne i boksa, men er altfor hardhendt i duellen og får korrekt frispark imot.
17'
Koke med Atletico sitt første skot i kampen. Høgt over buret til Casillas.
16'
Pepe går veldig tøft inn i ein duell med Turan. Portugisaren skal berre klarere, men vel å feie tyrkaren unna i same slengen.
14'
Cristiano Ronaldo prøvar seg for første gong i kampen! Portugisaren får stå nokså åleine framføre mål, men kjem fort under press slik at skotet går like til side for mål.
12'
Grei sjanse for Real Madrid! James speler Hernandez fri i bakrom, og mexicanaren stormar inn i Atletico si boks. Leigesoldaten blir så litt for oppteken av å gjere det sjølv og sender frå skrå vinkel eit skot i nettveggen i staden for å bruke ein betre plassert medspelar inne i feltet.
11'
Turan med ein kakk på hælen til Ronaldo. Får tilsnakk frå den tyske domaren.
9'
Los Blancos trillar mykje ball, men Atletico ligg som venta kompakte bakover.
6'
Saul med ein liten dask i ansiktet på Ramos. Real Madrid-spelaren veit å utnytte det, og deisar rett i bakken. Ikkje uventa kjem han seg raskt på beina att. Domar Brych nøyar seg uansett med eit frispark.
5'
Javier Hernandez har altså fått ein finfin sjanse til å få ein plass i Real-fansen sine hjarte. Kveldens oppgjer er hans sjette denne sesongen. Han har totalt spelt 180 minutt, men utan å score mål.
2'
Toni Kroos med kveldens første avslutning. Langt utanfor frå distanse.
2'
Kveldens domar er for øvrig dyktige Felix Brych. Han skal nok få litt av kvart å stri med i oppgjeret om laga held fram som i tidlegare møte.
1'
Atletico sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Cristiano Ronaldo har scora flest for Real Madrid hittil i turneringa med åtte mål. For Atletico er det Mario Mandzukic som har flest, med fem.
No er begge laga på veg ut på flotte Santiago Bernabeu i Madrid!
Atletico Madrid har på si side vore litt meir skarpare enn naboane i det siste, og har 4-2-0 på dei seks siste. På same dag som Real var i aksjon vann Atletico 2-1 over Deportivo på framandt gras. Den franske jokeren Antoine Griezmann scora begge måla for Rojiblancos (Dei raude og kvite).
Vertane er i grei form om dagen, og Los Blancos har 4-1-1 på sine seks seinaste kampar i alle turneringar. I helga slo dei Malaga 3-1 på Santiago Bernabeu etter scoringar av Ramos, Rodriguez og Ronalado.
Diego Simeone har på si side ei enklare jobb med å velje mannskap, og først og fremst er det berre Mario Suarez som må stå over (suspensjon). Mario Mandzukic har vore tvilsam, men har altså fått klarsignal til å starte kampen.
Carlo Ancelotti manglar ei rekke viktige spelarar til denne batalja. Benzema, Bale, Modric, Medran og Abner slit alle med skader, medan Marcelo er suspendert etter å ha fått for mange gule kort i turneringa. Det opnar opp for nokre uventa namn i startoppstillinga i kveld. Blant anna får Manchester United-innleigde Javier Hernandez prøve seg frå start, medan Pepe har fått plass sentral på midtbana, sjølvsagt i ei defensiv rolle.
Kveldens oppgjer blir faktisk den åttande gongen desse to laga møtast denne sesongen. Dei kvitkledde har vunne ingen av desse, medan Atletico har gått sigrande ut fire gongar. Fire har altså enda uavgjort.
Med 0-0 på Vicente Calderon for ei veke sida er dette heilspanske vidope med tanke på kven som vil ta seg vidare. Real Madrid bør ha ein fordel av å spele på eige gras foran eigne fans, men samtidig har nabo Atletico hatt eit meget godt tak på Los Blancos den siste tida.
Hei og velkomen til livedekning av det svært spanande oppgjeret mellom rivalane Real Madrid og Atletico. I dag får vi vite kva for eit lag som går vidare til semifinalene!