TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 3-15. På mål: 0-4.
Juventus vinn komfortabelt 2-0 over Porto på Estádio do Dragão og tek med det eit godt steg mot kvartfinalene i Champions League. Heimelaget var bra med i kampen til Alex Telles mista hovudet og fekk to gule kort for to unødvendig stygge taklingar i løpet av få minutt. Etter dette tok Juventus totalt over, men det næraste dei kom scoring før pause var eit stolpeskot av Dybala. Porto stod bra imot også etter kvilen, men dei to innbytarane Pjaca og Alves klarde til slutt å få kvar sine avslutningar forbi Casillas.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+2'
'Den gamle dame' trillar ball no. Dette endar 0-2.
90+2'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
89'
Gult kort
87'
Veldig nære 0-3! Juventus kombinerer seg elegant igjennom, men avslutninga blir nærast takla utanfor av innbytar Pjaca. Ballen snitrar stolpen i det den går ut.
86'
Spillerbytte
85'
Gult kort
Porto-kapteinen stoppar ei Juve-kontring med ei småbrutal takling. Soleklart gult kort.
84'
Hjørnespark
Blir klarert. Juventus tek over.
84'
Så snart Porto får tak i kula og prøvar å setje fart er det minst sju Juventus-spelarar på rett side av ballen.
82'
Vertane er litt meir villige til å gå i angrep no, men å kome til sjansar er ikkje berre enkelt mot eit Juventus-lag som har sleppt inn fattige to mål på over 630 minutt med Champions League-fotball denne sesongen.
78'
Hjørnespark
Dett ned i beina til Higuain, men bortelaget får frispark imot.
77'
Hjørnespark
Resulterer i nok eit hjørnespark.
77'
Etter å ha stått bra imot i over 70 minutta raknar det skikkeleg for Porto i løpet av nokre få minutt. Vanskeleg å sjå at dei kan ta seg vidare etter dette, sjølv om det er over ein kamp att å spele.
74'
Mål!
0-2
Også ein annan innbytar kjem på scoringslista! Tidlegare Porto-spelar Sandro prikkar eit innlegg inn i boksa til Alves, og den tidlegare Barcelona-backen får ta ned kula på brystet før han tuppar den i mål forbi Casillas. 0-2 og ting ser veldig lyst ut for Juventus!
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Mål!
0-1
Og der scorar faktisk innbytar Pjaca! Ein Porto-spelar er uheldig og sender eit innlegg rett i beina på Pjaca. Kroaten takkar og bukkar og bankar til med strak vrist. Kula fyk utakbart i nettet forbi Casillas.
71'
Marcano reinskar unna i eige felt etter eit innlegg frå høgre.
70'
Har endå til gode å score for Juventus, innbytar Pjaca, men faktisk står han med to scoringar for tidlegare klubb Dinamo Zagreb i kvalifiseringa til Champions League denne sesongen.
67'
Spillerbytte
67'
Pjaca skal inn for Juventus.
66'
Nesten! Higuain vender seg fri og avsluttar like utanfor målet til Casillas.
65'
Ikkje altfor mykje som skjer på Estádio do Dragão no. Porto er langt meir med i kampen enn dei var før pause. Svakt om ikkje Juventus klarer å utnytte det at dei skal spele med overtal i over 2/3 av kampen.
61'
Spillerbytte
61'
Khedira får avslutta på halvvolley etter at eit innlegg frå Alex Sandro blir klarert. Sender skotet utanfor.
59'
Porto med ein sjeldan sjanse til å kontre, men det er få initiativ framover, og heimelaget held i staden litt på kula.
56'
Hjørnespark
Blir teke kort, men endar til slutt berre opp med innkast til Porto på motsett side av bana. Svakt utnytta.
53'
Dybala bankar til igjen. Rett på Casillas som sit på huk og ventar på ballen.
52'
Khedira avsluttar frå utanfor sekstenmeteren til Porto. Er i ubalanse og sender skotet langt utanfor.
50'
Gult kort
Jubel blant heimefansen i det Lichtsteiner får det gule kortet etter å ha kome for seint inn i ein situasjon.
49'
Brukbar sjanse for Porto i det Herrera headar utanfor mål frå spiss vinkel.
48'
Juventus for øvrig med 71% ballinnehav i 1. omgang.
47'
Dybala bankar ballen i mål etter ein lobb bak Porto-forsvaret, men blir avvinka for offside. Hårfin, men korrekt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein intens 1. omgang mellom Porto og Juventus. Bortelaget hadde det meste av initiativet frå start av, og då heimelaget sin back Alex Telles blei utvist etter to raske gule kort blei presset frå italienarane endå større. Dybala kom nærast scoring med eit stolpeskot like før pause, men stort sett har Porto forsvart seg godt. Vi gler oss til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Gult kort
Sparkar ned Mandzukic høgt i bana. Unødvendig av spelaren, men heilt korrekt idømt av Brych.
45+2'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45+1'
Stolpeskot! Plutseleg fyrer Dybala av med venstresleggja. Rett i stolpen og ut. Den hadde Casillas aldri teke. Veldig nære for italienarane der.
45'
Hjørnespark
Blir teke kort. Juventus vel å trille ball i staden for å slå inn.
43'
Heimelaget er knapt borti ballen her. Juventus med eit stort overtak, men utan å kome til altfor mange sjansar.
42'
Hjørnespark
Casillas kjem ut og plukkar. Rutinert.
40'
Hjørnespark
Endar med frispark til heimelaget.
39'
Bra forsøk av bortelaget! Higuain avsluttar via ein motspelar og på mål. Casillas reagerer derimot kjapt og får stoppa forsøket. Corner.
39'
Bra med liv på Estádio do Dragão, som vanleg.
38'
Pjanic blir avblåst for hands, og Porto-spelarane stormar til for å få domar Brych til å gje han det gule kortet. Publikum prøvar også å påverke med massiv pipekonsert. Den tyske kampleiaren nøyar seg uansett berre med frispark.
36'
Porto prøvar å presse høgt nok ein gong, men Juventus-spelarane har plenty av ro og speler seg elegant ut.
36'
Spelet blir sett i gong igjen.
35'
Så slit keeperveteranen Iker Casillas med ei skade. Porto har sendt reservemålvakta i oppvarming.
34'
Nesten for Juventus! Alex Sandro slår presist inn frå venstre og Khedira får stige til vêrs og heade. Dessverre for bortelaget går forsøket utanfor.
34'
Andre Silva er tydeleg trist og skuffa der han sit på innbytarbenken etter å ha blitt ofra til fordel for Layun som måtte innpå etter at Telles blei utvist etter to hovudlause taklingar.
32'
Porto ligg med alle spelarane djupt inne på eigen halvdel når Juventus har ballen.
30'
Spillerbytte
30'
Alex Telles med to håplause, og unødvendige taklingar og påfølgjande gule kort i løpet av kort tid. Dette skal bli veldig tøft for Porto!
29'
Cuadrado med avslutning etter frispark. Sender eit lavt skot utanfor målet til Casillas.
27'
To gule kort
Kva er det Telles gjer?!? Først feller han Cuadrado og får eit soleklart gult kort, før han minuttet etterpå kjem flygande inn i Lichtsteiner og feller han stygt. To gule kort og dermed raudt!
25'
Gult kort
Både dyttar i rygg og trakkar på hælen til Cuadrado. Soleklart!
23'
Dybala får avslutta frå god posisjon, men er i ubalanse og sender skotet over mål. Brukbart forsøk, det!
22'
Nære på at Mandžukic blir spelt fri på venstresida. Casillas er derimot vaken og kjem ut og får klarert.
21'
Tøffe taklingar frå begge lag her. Domar Felix Brych har lagt lista høgt.
20'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
19'
Meget bra spelt av Juventus som avanserer mot Porto sitt mål ved hjelp av ein-touch-spel. Heimelaget får avverga i siste liten. Higuain får teke med seg ballen inn i boksa, men blir takla før han får avslutta.
16'
Italienarane har overteke initiativet her no.
14'
Nære på at Higuain blir spelt fri inne i boksa. Khedira med bra førearbeid.
14'
Porto prøvar å presse høgt, men Juventus speler seg elegant ut.
12'
Nokså roleg start på oppgjeret. Juventus ligg kompakte bakover og har foreløpig god kontroll.
11'
Forutan to oppgjer mellom laga i gruppespelet i 2001-02 (0-0 i Porto, 3-1 til Juventus i Torino) er det mest minneverdige møtet finalen i UEFA Cup Winner's Cup i 1984. Mål frå Vignola og Boniek sørgja for 2-1-siger i kampen som gjekk i Basel.
7'
Brahimi skrur frisparket over mål. Buffon har god kontroll og kan sjå ballen forsvinne unna farleg område.
5'
Frispark til Porto i interessant posisjon. Omtrent 20 meter frå Juventus sitt mål.
4'
Porto ligg på andreplass i den portugisiske serien, men laget ligg berre poenget bak Benfica og er i strålande form med seks strake sigrar. Juventus er også i godt slag om dagen og toppar Serie A sju poeng framføre Roma.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Buffon og Herrera helsar på kvarandre og vi er få straksar unna avspark!
Matchen i kveld blir det fjerde møtet mellom desse to laga. Statistikken her er 2-1-0 i favør laget frå Fiat-byen.
FC Porto er på si side den mest suksessrike portugisiske klubben i europeisk fotball, og Azuis e brancos (Dei blå og kvite) har løfta bøtta lika mange gongar som kveldens italienske motstandar. Det skjedde først i 1986-87 og sist i 2003-04, då Jose Mourinho viste seg skikkeleg fram for første gong.
Juventus kom seg til finalen i 2014-2015-sesongen og måtte då sjå seg slått av Barcelona, medan dei førre sesong rauk i åttendelsfinalene mot Bayern Munchen etter ekstraomgangar. Laget står tidlegare med to trofè i den gjevaste europeiske klubbturneringa (1984-85 og 1995-96).
Massimiliano Allegri sitt Juventus vann på si side Gruppe H relativt komfortabelt i selskap med Sevilla, Lyon og Dynamo Zagreb. Borte frå Torino vann dei tre av tre, medan dei heime spelte uavgjort i to av oppgjera. Dei framstod botnsolide defensivt og saman med Atletico Madrid sleppte dei inn færrast mål av alle, med berre to scoringar imot.
Porto kom på andreplass i Gruppe G bak overraskingslaget Leicester. Nuno Espírito Santo sitt lag stod med berre eitt poeng etter dei to første kampane, men tre sigrar på dei fire siste gjorde at laget tok seg vidare på bekostning av FC Københamn som enda to poeng bak.
Gårsdagens to oppgjer baud på fantastisk offensiv fotball og heile 14 scoringar, så forventningane til kveldens kampar er også høge.
Hei og velkomen til livedekning av det første møtet mellom Porto og Juventus i denne første utslagsrunden av Champions League!