Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 11-13. På mål: 6-5.
Napoli såg ut til å ta med seg alle tre poenga heim til Sør-Italia, men tre minutt på overtid dukka Angel di Maria opp og blei dagens redningsmann for PSG. Bortelaget tok leiinga to gongar i oppgjeret, men ved begge høva klarte altså franskmennene å kome tilbake. Insigne sørgja for 0-1 i første omgang før eit sjølvmål av Mario Rui etter ein times spel førte til at laga var like langt. Mertens putta så 2-1 eit kvarter før slutt, men ei vakker scoring frå eit argentinsk venstrebein gjorde det slik at det heile enda uavgjort. Det er berre å glede seg til neste oppgjer mellom desse to laga. Det finn stad den 6. november.
Ein spanande kamp i Paris endar med 2-2 og poengdeling!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
Lite som tyda på at PSG skulle kome tilbake her, men så varter dei opp med noko slikt. Har dei eit mål til på lur?
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for heimelaget å kome tilbake.
90'
Lite som vitnar om ein sluttspurt frå PSG. Det er nokså overraskande når du har spelarar som Mbappe og Neymar på bana.
87'
Det påfølgjande frisparket blir slått inn i boksa, men gjestane får nok ein gong klarert.
86'
Diaby kjem seg forbi Maksimovic, men blir så felt av backen.
84'
Så er det like før i motsett ende! Mertens får ei pasning bak PSG-forsvaret og Areola må raskt ut og bokse. Har ikkje heilt kontroll målvakta, for ballen går like over målet.
82'
Nesten 2-2! Neymar bankar til og Ospina må reagere kjapt for å hindre ballen i å gå i mål. Corner.
81'
Neymar eller Verratti skal ta frisparket.
81'
Utan tvil mange skuffa heimesupporterar på Parc des Princes no. Dei fleste trudde nok at PSG skulle køyre kampen og få den avgjerande scoringa etter utlikninga kom, men i staden skjedde det motsette.
74'
PSG ligg djupt og forsvarar seg no. Napoli har ballen.
73'
Så er det Neymar som går i bakken innanfor Napoli sin sekstenmeter. Mertens er derimot på ball først.
70'
Det er faktisk Carlo Ancelotti sitt mannskap som har teke grep om kampen igjen etter utlikninga til Paris Saint-Germain.
68'
Godt forsøk av Napoli! Mertens vender opp hurtig inne i boksa, men avslutninga frå belgiaren går på feil side av stolpen.
66'
No spørs det korleis dei to laga vil respondere på dette. Det er nok i alle fall rimeleg sikkert at heimelaget vil gå for å score endå eitt.
61'
Napoli kontrar, men avslutninga frå Mertens lagar ikkje nok problem for Areola. Ikkje sett mykje offenivt hittil frå bortelaget i denne andre omgangen.
58'
Så er det Cavani som går over ende i feltet til Napoli. Litt meir diskuterbar den situasjonen, men straffe får dei i alle fall ikkje.
57'
Mbappe går i bakken innanfor sekstenmeteren, men domar Felix Zwayer vinkar spelet vidare.
52'
Nesten igjen for heimelaget! Meunier får sendt i veg ei heading på mål, men Ospina reagerer kjapt og får fista ballen over tverrleggjaren. Corner.
50'
God sjanse for PSG! Neymar sender i veg ei avslutning frå god posisjon, men Ospina reddar. Målvakta sender derimot returen rett i beina på Cavania, men uruguayanaren sender ballen utanfor mål. Det betyr derimot ingenting, for spissen blir uansett avvinka for offside.
49'
Mbappe prøvar seg frå langt hald, men skotet blir raskt blokkert.
49'
Ingen storoffensiv frå Les Parisiens i starten her.
46'
Napoli sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg ut på grasmatta på Parc des Princes igjen. Heimelaget skal gjere eit byte.
Paris Saint-Germain opna oppgjeret bra, men etter kvart har Napoli teke meir og meir over og det er fullt fortent at Ancelotti og co leiar. Kampens hittil einaste scoring kom i det 29. minutt og var signert måltjuven Insigne. Vi har eit perfekt utgangspunkt for ein svært spanande 2. omgang. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Bra sjanse for bortelaget igjen! Eit skot frå spiss vinkel blir sendt over målet til Areola. Får til mykje på små flater, Napoli.
45'
Neymar langt inne på eigen halvdel for å hente ball. Det fortel litt om ståda i heimelaget akkurat no.
45'
Overraskande stor strekk i heimelaget allereie. Mykje plass for italienarane å utnytte her!
44'
Napoli held mykje på ballen no.
38'
Like før det står 1-1! Ein sterk Neymar speler fri Mbappe i bakrom med ein nydeleg stikkar, men Ospina reddar den ikkje altfor gode avslutninga frå PSG sin nummer 7.
37'
SSC Napoli har god kontroll i augneblinken. Langt mellom dei offensive forsøka frå heimelaget.
37'
Heimelaget med innlegg frå venstre. Napoli ryddar greitt unna.
36'
Nytt forsøk for Insigne og Napoli! Blir spelt fri bak PSG-forsvaret og fyrer av på direkten, men forsøket endar over mål.
34'
Mange Paris Saint-Germain-spelarar som ikkje hang med der. Ikkje godt nok press på ballførar, på etterkant i løpsduellen og ein keeper på halvdistanse. Det spørs om godaste Gianluigi Buffon hadde gjort det same om han ikkje framleis hadde vore suspendert etter å ha blitt utvist i sin siste kamp som Juventus-spelar (Champions League-finalen mot Real Madrid).
28'
Så er det vertane som tek ein overgong, men det avgjerande innlegget frå Di Maria blir enkelt plukka av Ospina.
27'
Nytt brukbart forsøk for italienarane. Napoli vinn ballen og kontrar hurtig. Callejon avsluttar frå god posisjon, men skotet er verken hardt eller velplassert og Areola reddar utan å måtte anstrenge seg spesielt mykje.
24'
Vanvittig nære 0-1! Mario Rui bankar eit knallhardt bananinnlegg foran mål og frå seks-sju meters hald bankar Mertens til. Ballen går i tverrleggjaren og ut i feltet igjen. Der lev PSG farleg!
20'
Napoli vinn ballen høgt i bana og Allan får etter kvart avslutta. Høgt over målet til Areola.
18'
Ny bra sjanse for heimelaget! Mbappe slepp ballen til Cavani, men forsøket hans blir redda av Ospina. Corner.
16'
Ballen blir slått lurt inn bak PSG sitt forsvar, men forsøket blir avvinka for offside.
16'
Frispark til Napoli i god innleggsposisjon.
13'
Napoli vinn ballen inne på PSG sin halvdel, men Mertens klarer ikkje å få sendt i veg den avgjerande pasninga.
11'
Napoli står høgt med laget, men så langt har vertane spelt seg greitt ut av presset.
11'
Veratti blir felt og må bruke tid på å knyte skolissa. Har fortid i Pescara, italienaren.
8'
Cavani avsluttar på volley etter ei presis pasning frå Neymar, men forsøket endar ein meter utanfor målet til tidlegare Arsenal-målvakt Ospina.
5'
Di Maria set fart og får slått inn frå venstre. Blir blokkert til corner.
4'
Neymar blir liggjande ei lita stund, men kjem seg heldigvis på beina att.
2'
Stor sjanse for PSG allereie! Mbappe kjem seg ned til dødlinja med ballen og slår femogførti grader tilbake. Cavania og Neymar går litt i vegen for kvarandre og det påfølgjande forsøket på avslutning blir blokkert.
Avspark Start 1. omgang
Matchen i kveld blir sjølvsagt også minneverdig for PSG-spiss Edison Cavani. Uruguayanaren var i Napoli i tida 2010-2013 og enda med den imponerande statistikken 78 mål på 103 kampar.
Napoli ligg på si side på andreplass i Serie A, fire poeng bak Juventus. 7-0-2 er statistikken over dei ni første kampane der. Lorenzo Insigne er toppscorar med seks nettkjenningar.
Paris Saint-Germain har allereie eit godt grep om den heimlege tittelen etter å ha vunne 10 av 10 kampar så langt. Lille innehar andreplassen, åtte poeng bak. Mbappe, Neymar og Cavania har putta henhaldsvis ni, åtte og fem scoringar i ligaen.
Oppgeret i den franske hovudstaden blir nok ekstra spesielt for Napoli-manager Carlo Ancelotti. 59-åringen var som kjent sjef for Paris-laget i perioden desember 2011 til mai 2013. Hans første sesong på Parc des Princes enda utan trofé, medan han sesongen etter førde dei til ligatittelen og kvartfinale i Champions League. Etter dette har han som kjent vore innom Real Madrid og Bayern Munchen, før han då flytta til Sør-Italia i mai 2018.
PSG-sjef Thomas Tuchel må unnvere Alves, Buffon, Dagba, Kurzawa og Thiago Silva til kveldens oppgjer. Ghoulam og Verdi er ute for italienarane.
Sist laga møttest var i ein treningskamp i 2014. PSG vann 2-1 etter scoringar av Ibrahimovic og Pastore. Higuain putta for Napoli.
Italianerane har hittil vore solide defensivt med null innsleppte på dei to første, men samtidig har dei berre scora eitt. PSG har som kjent bøtta inn mål hittil og står med sterke åtte scoringar på dei første 180 minutta av gruppespelet. Supertrioen Neymar, Cavani og Mbappe har sørgja for seks av desse.
Napoli toppar faktisk denne gruppa etter fire poeng på dei to første kampane, men i kveld får dei nok ei tøff oppgåve med å behalde den posisjonen. PSG står på si side med tre poeng etter siger sist mot Crvena Zvezda (6-1) og tap for Liverpool (2-3) på Merseyside.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande Champions League-oppgjeret mellom Paris Saint-Germain og Napoli!