TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare!
Laget til Zlatan Ibrahimovic er dermed klare for kvartfinalene med 6-1 samanlagt. Det er ikkje tvil om at franskmennene kan ha sjanse til å gå heilt til topps i turneringa, men før det kan vere eit faktum må dei ut mot langt tøffare motstand enn det Bayer Leverkusen har klart å yte over to kampar.
Paris Saint-Germain var sikre på avansement allereie før denne kampen hadde starta, men likevel varta dei og Bayer Leverkusen opp med ei underhaldande sekstendelsfinale. Leverkusen tok leiinga alleire i det 6. minutt ved Sidney Sam, men Marquinhos kvitterte kort tid etter. Tyskerane hadde ein stor sjanse til å gå i føringa igjen seinare i omgangen, men Simon Rolfes misbrukte straffesparket. I staden var det PSG som gjekk i føringa kort tid etter pause på ei scoring signert Ezequiel Lavezzi, og når i tillegg Leverkusen blei reduserte til ti mann etter ei utvisning på Can, gjekk mykje av lufta ut av bortelaget.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Gult kort
Unge Wagener sparkar ned Moura bakfrå og får Leverkusen sitt fjerde gule kort i kampen.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90+1'
Innbyttar Moura skyt hardt, men rett i muren. PSG beheld kula.
90'
Frispark til heimelaget i grei posisjon for avslutning. Lucas Moura ser ut til å vere lysten på å forsøke seg.
85'
Spillerbytte
85'
Hjørnespark
Ufarleg, og Leverkusen får teke over ballen ei lita stund.
85'
Nesten 3-1! Heimelaget rullar bra opp og Menez sender i veg ein stikkar til Pastore. Åleine med Leno frå spiss vinkel klarer ikkje sistnemnde å få kula i mål. God redning av Leverkusen sin bakerste mann. Corner.
83'
Heimelaget med dødball no. Leverkusen får ordna opp.
80'
Son står klar med frisparket. Blir slått inn i PSG si boks, men heimelaget får rydda greitt unna.
79'
Gult kort
Rabiot er litt rabiat og taklar Derdiyok over ende bakfrå.
78'
Spillerbytte
77'
Hjørnespark
Blir teke kort.
75'
Ballen dett etter kvart ned i beina på Pastore, men argentinaren får ikkje gjort noko konstruktivt med den. Utspel frå Leno.
73'
PSG med frispark. Servitør Cabaye står klar.
72'
Spillerbytte
72'
Leverkusen fekk som kjendt ein mann utvist også i det førre møtet mellom laga. Den gongen var det Emir Spahic som måtte ta seg ein tidleg dusj.
68'
To gule kort
Og der blei plutseleg Leverkusen reduserte til 10 mann - igjen! Can fekk eit nokså tvilsamt gult kort tidlegare i omgongen, og no får han endå eit, og det for filming. Tyskaren slår ballen forbi ein motspelar før han deisar uforståeleg i bakken. Rett og slett tåpeleg gjort av Leverkusen sin nummer 10!
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
66'
Så er det Leverkusen sin tur! Derdiyok blir spelt fri bak PSG sitt forsvar, men avslutninga frå sveitsaren er ikkje bra nok og Sirigu reddar med ei bra peinparade.
65'
God sjanse for PSG! Zlatan blir spelt fri i bra posisjon midt foran mål, men svensken er stressa og får ikkje avslutta godt nok. Skotet går over buret til Leno.
63'
Hjørnespark
Endar med ingenting den heller.
63'
Nesten for bortelaget. Derdiyok blir spelt åleine igjennom og prøvar å runde Sirigu, men PSG si målvakt kjem ut og gjer jobben vanskeleg. Leverkusen-spissen prøvar å chippe ballen inn i feltet, men heimelaget får klarert til corner.
62'
Spillerbytte
61'
PSG med 56% ballinnehav hittil i kampen. Leverkusen med 44%.
60'
Etter ei tam opning på andreomgang har laga sleppt seg meir lause dei siste minutta.
59'
Castro prøvar seg igjen, denne gongen med eit langskot. Sirigu har kontroll, men gir likevel ein farleg retur. Derdiyok kjem først på den, men maktar ikkje å avslutte skikkeleg.
56'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
55'
Nære på 2-2! Leverkusen rullar nydeleg opp, men avslutninga frå Castro frå kort hald blir meisterleg redda av Sirigu.
53'
Mål!
2-1
Heimelaget har snudd kampen! Digne kjem seg fri på venstrekanten og legg femogførti grader ut. Der kjem Lavezzi springane, og argentinaren avsluttar klokkereint på direkten. Ballen fyk i nettet forbi ein utspeld Leno.
52'
Gult kort
Er for tøff i ei takling og får sjå det gule kortet av domar Bebek.
49'
Gult kort
Trakkar Jallet på leggen i det han prøvar å ta ballen.
48'
Det første par minutta av 2. omgang har vore prega av frispark og stopp i spelet.
46'
Ingen endringar på nokon av laga.
28'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha forårsaka staffesparket.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sjølv om den store spaninga i forhold til kva lag som skal avansere til kvartfinala ikkje er til stades, så har dei første 46 minutta på Parc Des Princes vore meget sjåverdige. Bayer Leverkusen har vist seg frå ei heilt anna side enn i det førre møtet, og gjekk rett i strupen på heimelaget frå start av, noko som resulterte i mål signert Sidney Sam. Paris Saint-Germain ville derimot ikkje vere dårlegare, og svarde med ei utlikning kort tid etterpå då Marquinhos stanga inn ein presis corner frå Cabaye. I tillegg til dette har Leverkusen brend eit straffespark, medan PSG har hatt ei avslutning i tverrleggaren. Vi håpar på fleire mål også i 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Digne prøvar å banke inn eit lavt innlegg frå venstre, men ballen endar berre opp hos Leno.
44'
Rabiot prøvar ei avslutning frå 18-19 meter. Høgt over mål. Nok ein gong var Zlatan arkitekten i forkant.
43'
Sam blir fint spelt fri utanfor PSG sin sekstenmeter, men Leverkusen sin målscorar i kampen bommar på medtaket og ballen trillar inn til Sirigu i staden.
40'
Hjørnespark
Heimelaget klarer ikkje å skape noko på hjørnesparket.
38'
Nære på 2-1! Zlatan speler fri Cavani med ein flott stikkar, og uruguayanaren vartar opp med ei meget pen vending med utsida av høgrefoten før han avsluttar rett på Leno.
37'
Bortelaget prøvar å presse høgt, men franskmennene beheld roa og spelar seg elegant ut.
36'
Cabaye med frispark inne på Leverkusen sin halvdel. Landar på hovudet til Cavani, men spissen får berre stussa ballen vidare inn i hanskane til Leno.
35'
Det er Bayer Leverkusen som har eit lite initiativ her no. PSG forsvarer seg derimot godt.
34'
Lang ball i bakrom mot Zlatan, men Leno er vaken og kjem ut og headar unna ballen. Godt keeperspel.
31'
Når du ikkje ein gong klarer å score på straffespark blir det vanskeleg å få med seg heiderlege resultat i Europa. Der hadde Leverkusen ein gyllen sjanse til å gjere nettopp det!
28'
Bom på straffe!
Rolfes med eit dårleg forsøk! Skotet er hardt men svaktt plassert, og Sirigu går rett veg og boksar unna kula. Corner.
27'
Straffe!
Derdiyok blir drege i trøya av Donati og får eit korrekt idømt straffespark.
25'
Derdiyok kjem til avslutning, men skotet går til side for mål. Sirigu har bra kontroll.
24'
Det har gått snart 10 minutt utan scoring no. Denne kampen har tapt seg.
22'
Ibrahimovic er på farta igjen i det han avsluttar på direkten etter ein stikkar, men han er under hardt press og sender skotet høgt over mål. Likevel: han nærmar seg.
21'
Lavezzi blir spelt fri til venstre og prøvar å legge flatt inn, men argentinaren blir avvinka for offside.
19'
Forsøk i metallet! Cavani speler fri Zlatan, og ballakrobaten prøvar ein frekk chipp. Ballen fyk over Leno og mot mål, men diverre for svensken går den i tverrleggaren og ut. Den hadde fortent ei betre skjebne!
18'
Ein del frykta nok at dette skulle bli ein roleg kamp mellom to lag som kanskje ikkje ville yte maks, men det første kvarteret har i alle fall vore det motsette av det!
16'
Hjørnespark
Leno plukkar greitt.
16'
Marquinhos er faktisk oppe i tre nettkjenningar på sju kampar hittil i Champions League denne sesongen.
13'
Mål!
1-1
Corneren frå Cabaye er millimeterpresis, og midtstoppar Marquinhos tek sats og nikkar inn utlikninga. 1-1 på Park Des Princes!
13'
Hjørnespark
13'
Og der får Zlatan sin første sjanse i kampen! Svensken kjem seg fri og får avslutta frå spiss vinkel. Leno reddar greitt, men det spørs om ikkje Ibrahimovic burde ha sentra til ein betre plassert medspelar der.
12'
Frispark til bortelaget midt på bana etter at Can blir felt. PSG slit så langt med å få rytme på spelet sitt.
11'
Er det ein som har svært lyst til å få ei nettkjenning eller to i dag så er det PSG si store stjerne, Zlatan Ibrahimovic. Svensken står nemleg med 10 mål hittil i Champions League, eitt mindre enn Cristiano Ronaldo. Å bli mestscorande i den gjevaste europeiske turneringa for klubblag hengt nok høgt for bråkmakaren frå Rosengård.
8'
Lang ball mot Ibrahimovic, men i duell med Leverkusen si målvakt blir svensken avblåst og bortelaget får frispark.
6'
Mål!
0-1
Sjokkopning på kampen! Leverkusen kjem på ein overgang, og Donati serverer eit godt innlegg frå høgre. Schalke-klare Sidney Sam stig til vêrs og stangar inn kampens første scoring.
4'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
3'
Godt forsøk for bortelaget! Guardado prøvar seg med eit velplassert skot frå distanse, men Sirigu reddar fint.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Ivan Bebek frå Kroatia.
Franskmennene kom seg til kvartfinalene også førre sesong, men ein må faktisk tilbake til 1994-1995 for å finne førre gong dei klarde noko tilsvarande. I fjor rauk dei ut mot Barcelona, men det utan å faktisk tape. Det enda nemleg uavgjort i begge oppgjera mot katelanarane med 2-2 heime og 1-1 borte. Førre gong Bayer Leverkusen var i utslagsrundene var i 2011-2012-sesongen, men då gjekk dei på eit stort samanlagttap mot Barcelona. Så seint som i 2002 spelde dei faktisk finale i denne turneringa, men den gongen blei Real Madrid for sterke.
Også Leverkusen-sjef Sami Hyypiä har bytta ut fleire spelarar av ulike grunnar. Namn som Kiessling, Bender og Son er blant dei som har gått ut, medan Derdiyok, Can og Reinartz er nokre av dei som skal få prøve seg.
PSG-manager Laurent Blanc har gjort fleire endringar på laget sitt sidan førre møte. Maxwell, Alex, van der Wiel, Matuidi, Motta, Veratti og Moura har gått ut, medan Jallet, Marquinhos, Digne, Rabiot, Cabaye, Pastore og Cavani har kome inn. Det fortel litt om breidda i Paris-laget!
Det var enorm skilnad på dei to laga i det første møtet, noko også resultatet då gjenspeglar. Paris St Germain var klart best gjennom heile kampen, og hadde også sjansar til å putte endå fleire mål. Det franske laget gjekk i føringa allereie etter fire minutt og det stod 3-0 til pause. Bayer Leverkusen framstod svake i begge endar i bana, noko dei også har gjort ved andre høve i Champions League denne sesongen også.
Sjølv om det er snakk om ei åttendelsfinale i Champions League, innehar denne kampen lite av spenning, i alle fall når det er snakk om avansement. Paris St Germain slo som kjendt til med heile 4-0 i det førre møtet mellom laga, og å tru at Bayer Leverkusen, som har hatt ein veldig variabel sesong, skal klare å snu det i Paris, er det ingen som gjer. Forhåpentlegvis vil kampen by på mykje snadder uansett, for tyskerane kan spele med senka skuldrar samtidig som heimelaget stiller med den fryktinngytande trioen Lavezzi-Ibrahimovic-Cavani på topp.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Paris Saint-Germain og Bayer 04 Leverkusen!