TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med det for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 11-8. På mål: 6-1.
Paris Saint-Germain slår Basel med komfortable 3-0, men sett ut i frå spel og sjansar var det langt i frå så stor skilnad på laga. Sveitsarane hadde faktisk tre avslutningar i stolpe/tverrleggar i tillegg til fleire andre gode forsøk. Det handlar derimot om å omsetje sjansar i mål, og der var PSG langt betre. Di Maria ordna 1-0 like før pause, Moura dobla etter ein times spel og to minutt på overtid ekspederte toppscorar Cavani eit straffespark inn til 3-0.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Mål på straffe!
3-0
Cavani sender keeper til høgre og ballen midt i mål. 3-0, og uruguayanaren gjer sitt fjerde mål i hittil i Champions League.
90+2'
Straffe!
Jese speler fri Cavani som går ned inne i feltet. Ser ut til å bli hekta der, Cavani.
90+1'
God sjanse for heimelaget! Innbytar Jese blir spelt åleine med Vaclik, men maktar ikkje å overliste keeperen. Den bør spanjolen få meir ut av!
90+1'
Stor strekk i Basel no. PSG jagar sitt mål nummer tre.
89'
Ben Arfa går for skot frå distanse. Sender ballen høgt over mål.
85'
Spillerbytte
85'
Hatem Ben Arfa, som kom frå Nice før denne sesongen, gjer for øvrig sin første kamp i Champions League sidan 2009 då han var med å spele 1-1 mot Milan for Marseille.
83'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
80'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
80'
Heimelaget kontrar ved Di Maria, og det er ikkje langt unna at argentinaren klarer å finne Cavani inne i Basel si boks. Corner.
79'
Hjørnespark
Innbytar Janko kjem nærast ballen, men når ikkje heilt fram.
78'
Spillerbytte
75'
Gult kort
Lang trakkar bevisst på foten til Marquinhos og får eit korrekt gult kort.
72'
Aurier kjem på nok ein overlapp frå høgrebackposisjonen sin, men innlegget hans flatt inn i boksa blir plukka opp av ein Basel-spelar.
70'
Spillerbytte
70'
Nesten at Matuidi får teke ned ballen seks meter frå Basel sitt mål. Vaclik er derimot vaken og kjem raskt ut og får fanga kula.
69'
Nokre svært hektiske minutt på Parc des Princes der. For ein herleg fotballkamp!
66'
Gult kort
Hindrar ein overgang og får eit fortent gult kort.
66'
Nok eit stolpetreff for Basel! Suchy stig til vêrs og headar ballen rett i stolpen frå kort hald. Keeper Areola står berre og ser på det som skjer. Tre avslutningar i metallet for Basel - og null mål. For ein utur laget har!
65'
Hjørnespark
Ballen går i ein PSG-spelar og bortelaget ropar på straffe. Ballen er definitivt borti handa på Kurzawa, men avstanden er derimot veldig kort.
65'
Delgado avsluttar via ein PSG-spelar og til corner.
64'
Gult kort
Sparkar vekk ballen i det Basel får frispark i god posisjon.
62'
Mål!
2-0
Heimelaget doblar leiinga! Basel maktar ikkje å få klarert skikkeleg inne i eigen sekstenmeter, og plutseleg endar ballen i beina på Lucas Moura. Brasilianaren plasserer ballen iskaldt forbi Vaclik. 2-0!
62'
Stor, stor sjanse for PSG! Cavania blir spelt heilt åleine med Vaclik, men Basel sin tsjekkiske keeper reddar meisterleg.
61'
Spillerbytte
60'
Nære på at Balanta misser kula djupt inne på eigen halvdel. Nokre vel lange berøringar frå den colombianske midtstopparen.
59'
Urs Fischer held på å gjere klart for sitt første byte i kampen.
57'
Lang med eit godt innlegg inn framføre PSG sitt mål. Heimelaget får rydda opp.
57'
Doumbia prøvar å kome seg forbi Aurier, men backen vinn duellen. Basel beheld likevel kula.
55'
Delgado går for skot. Over. Dårleg utnytta.
54'
Frispark til Basel i veldig farleg posisjon.
54'
Hjørnespark
Endar i beina på Moura som får ei avslutning blokkert.
54'
Bjarnason med ei strålande takling på Aurier. Såg ut til at backen skulle kome seg heilt fri der. Corner.
51'
Les Parisiens trillar mykje ball no.
48'
Så går Cavani ned i Basel sin sekstenmeter. Den tyske domaren vinkar spelet vidare.
48'
Nesten 2-0! Frisparket blir slått inn i feltet der Cavani møter og headar ballen via utsida av stolpen og til utspel frå Basel-keeperen.
47'
Dødball for PSG i grei innleggsposisjon.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Paris Saint-Germain går inn i garderobene vel vitande om at dei er heldige som leiar 1-0 over Basel etter dei første 45 minutta. Sveitsarane har nemleg skapt fleire store sjansar, deriblant to i metallet. Franskmennene kom seg derimot meir mot slutten av omgangen, og fem minutt før pause fekkk Angel di Maria hamra ballen i mål etter eit bra angrep. Sjølv om PSG no leiar oppskriftsmessig kan vi sjølvsagt ikkje avskrive Basel etter det dei har vist hittil i oppgjeret. Det er berre å gle seg til 2. omgang startar!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Veldig nære på at PSG bryt høgt i bana nok ein gong. Litt vel høg risiko på ein del av pasningane frå sveitsarane.
45'
Paris Saint-Germain står høgt og stressar Basel no. Noko meir nervøst over sveitsarane no.
40'
Mål!
1-0
Så er det til slutt heimelaget som scorar kampens første mål! Matuidi slår femogførti grader ut i feltet via ein motspelar og Cavani får på litt heldig vis dempa ballen til Di Maria som hamrar den i nettaket. Ikkje akkurat fortent ut i frå sjansestatistikken, men det er det få i Paris som bryr seg om. 1-0!
39'
Hjørnespark
Basel får avverga, men heimelaget beheld ballen.
39'
Så er det nære på i motsett ende! Rabiot fyrer av frå 18-19 meter, men skotet blir flott stoppa av Vaclik. Corner.
36'
I stolpen! Nok ein gong er Basel svært farleg frampå. Eit perfekt innlegg frå Delgado på venstrekanten blir stanga knallhardt i metallet av Doumbia. Utruleg at gjestane ikkje har scora på Parc des Princes endå!
33'
Plutseleg meir kaos i Basel sine bakre rekkjer. Vertane med fleire farlege brot i løpet av få minutt.
32'
Bra forsøk av PSG! Moura vinn ballen høgt i bana og får etter kvart lagt inn til Di Maria inne i feltet. Den tidlegare Real Madrid- og Manchester United-spelaren går for ei avslutning på volley, men sender ballen like til side for mål. Paris Saint-Germain sitt beste forsøk hittil i oppgjeret!
30'
PSG kontrar og kjem i overtal!
30'
Nydeleg opprulling på få berøringar av Basel. Dessverre går Bjarnason for eit skot frå distanse som går langt utanfor.
28'
Rabiot med ei sjeldan fransk avslutning. Utanfor målet til Vaclik som har brukbar kontroll.
26'
Liten tvil om at sveitsarane har vore best dei første 25 minutta i Paris. Tre store sjansar i tillegg til fleire mindre forsøk. PSG har skapt minimalt.
25'
Steffen dreg seg innover i bana og avsluttar frå langt hald. Ballen skrur tre-fire meter utanfor mål.
24'
Aurier går lett i bakken utanfor Basel si boks, men får ikkje frispark. Ramlar veldig enkelt over ende der, den solide backen.
21'
Hjørnespark
Heimelaget får eit frispark etter ein kollisjon inne i boksa.
21'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
20'
Basel er farleg frampå igjen! Eit skummelt innlegg blir sendt inn i PSG si boks frå venstre, og det er ikkje langt unna at ein av vertane sine spelarar klarer å beine ballen i eige bur. Corner!
19'
Ikkje stappfullt på Parc des Princes, men det er likevel eit bra trøkk takka vere PSG sine ultrasfans.
16'
Aurier med eit knallhardt innlegg frå venstre. Like framføre skallen på Matuidi inne i feltet.
16'
På Emirates har no Arsenal teke leiinga. Dermed har PSG ramla ned eit hakk på tabellen.
15'
Basel har verkeleg rysta vertane i starten her. Synd for både dei og kampen at dei ikkje har omsett nokre av dei store sjansane i scoring. Hittil.
13'
Verratti med eit forsøk for heimelaget. Resultatlaust.
11'
Kjempesjansar for Basel! Ein kaotisk fransk forsvarsfirar endar med at Steffen plutseleg blir spelt fri åleine mot Areola. Målvakta reddar derimot flott, men returen går rett til Doumbia som skyt over frå seks-sju meters hald. Der skal det vere scoring!
10'
Veldig artig opning på kampen. Høgt tempo frå begge lag.
5'
Hjørnespark
I tverrleggaren! Delgado slår ein lur corner mot bakerste stolpe der Bjarnason headar inn mot femmeteren. Den duellen vinn Lang, men backen sender headinga i metallet og ut. Utruleg nære ei sjokkopning i Paris!
4'
PSG med dødball. Blir teke kort.
4'
Di Maria blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside. Står framleis utan scoring i liga og Champions League denne sesongen, argentinaren.
2'
Då er vi i gong på Parc des Princes.
Så smell det i motsett ende! Rabiot fyrer av frå 18-19 meter, og denne gongen treff han langt betre enn i stad. Vaclik reddar derimot flott. Corner.
Avspark Start 1. omgang
Spelaren å sjå ekstra opp for i dag er Edinson Cavani. Uruguayanaren har verkeleg funne scoringsforma, og står med 15 mål på dei 11 siste kampane. Tre av scoringane har kome i Champions League.
No kjem laga ut på grasmatta på Parc des Princes, anført av kveldens domar, tyske Deniz Aytekin.
Basel frå Rhinens breidder har på si side 3-1-1 på dei fem siste, og etter berre 11 runder har dei eit enormt forsprang i den sveitsiske Super League. Med 31 poeng av 33 moglege ligg dei heile 14 poeng framføre Lausanne på 2. plassen.
Anført av Zlatan Ibrahimovic vann PSG Ligue 1 suverent førre sesong, men hittil i 2016/2017 har det gått litt treigare. Nice ligg nemleg fire poeng framføre på tabellen etter dei ni første rundene. Formmessig er derimot franskmennene bra, med 4-0-1 på dei fem seinaste i alle turneringar.
Samtidig må ein hugse på at PSG berre har tapt éin av dei siste 41 heimekampane i Europa. Det skjedde mot Barcelona i 2015. Basel har på si side møtt fransk motstand 11 gongar, men aldri har dei vunne i République Française. Desse to laga har for øvrig aldri møttest i offisiell samanheng før.
Basel opna på si side med eit skuffande 1-1-resultat heime mot Ludogorets, før det i runda etter blei eit forventa tap for Arsenal på Emirates. Urs Fischer og sveitsiske Fussball Club Basel 1893 har ei formidabel oppgåve framføre seg i kveld, men samtidig har dei bite bra frå seg på framandt gras i Europa dei siste sesongane, med blant anna uavgjort mot storheiter som Liverpool og Manchester United, lag som dei også slo på heimebane. Og når dei i dag også stiller med ein av dei største islandske profilane frå EM i Frankrike, Birkir Bjarnason, veit ein aldri kva som kan skje.
Unai Emery sitt Les Parisiens ligg før denne 3. runda av gruppespelet på 1. plass i Gruppe A, med likt antal poeng som Arsenal. Førre runde vann parisarane 3-1 mot Ludogorets Razgrad i Bulgaria. I kampen før blei det 1-1 mot Arsene Wenger og co. PSG har att to tøffe bortekampar i London og Basel, så tre poeng her i dag bør sikrast.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Paris Saint-Germain og Basel!