Referat
Kun høydepunkter
Det endar 2-2 på Parc Des Princes etter ein herleg fotballkamp. Barcelona viste fram sitt ypparlege tiki taka-fotball ved mange høve, medan PSG også viste fram sitt offensive skyts i perioder. Messi ordna sedvanleg 0-1 etter at ein tredjedel av kampen var spelt, men magikaren måtte kort tid etter ut med skade. Vi måtte vente heilt til det 79. minutt før utlikninga kom, og sjølvsagt var det Zlatan Ibrahimovic som fekk æra av å score mot gamle lagkompisar. Dei fleste trudde at Barca hadde sikra sigeren då Xavi ordna 2-1 på straffe ti minutt etter, men nok ein gong dukka Zlatan opp og la opp til Matuidi som fekk æra av å ordne 2-2. Barcelona har sjølvsagt det beste utgangspunktet før returoppgjeret om åtte dagar, men når eit lag har spelarar som Zlatan på bana, kan alt skje. Takk for følgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
PSG slit med å kome seg ut av si eiga sone.
90+3'
Valdes med frisparket.
90+3'
Veratti vippar igjennom til Zlatan, men spissen er nok ein gong i offside.
90+2'
Dette ser ut til å ebbe ut med Barca-siger.
90+2'
Zlatan bankar ballen i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Det må vere bittert for PSG, som har hatt presset den siste perioda. Det er likevel nok tid til å i alle fall få seg ei scoring til her!
88'
Sanchez jagar ballen inne i boksa, og Sirigu kjem ut og feller han over ende. Klar nok den!
88'
Iniesta har både Lucas og Jallet på seg, men kjem seg meisterleg fri.
87'
Småfarleg i Barca sin sekstenmeter etter dårleg kommunikasjon. Det heile endar med at Zlatan lagar frispark.
85'
God stemning blant heimepublikummet no, sjølv om resultatet ikkje er det beste endå.
82'
Framleis nok tid for PSG å vinne dette her. Dei er inne i ei veldig god periode no, med mykje trykk. Spørsmålet er om ikkje Barca vil straffe dei på overgongane.
79'
Frispark til heimelaget i fin innleggsposisjon. Barca er fulltalige.
79'
PSG med to mann meir i augneblinken no.
79'
Og då skal vel begge dei to skadde Barcelona-spelarane ut på sidelinja for ei kort pause?
77'
Stor sjanse for Zlatan! Svensken får stå åleine og avslutte frå kort hald, men Valdes kjem kjapt ut og stoppar skotet. To Barca-spelarar som ligg nede inne i boksa opphevar offsiden.
76'
Frispark for heimelaget. Er farleg slått og Busquets må gi corner.
74'
Nære på for Barca! Xavi skyt via muren og ballen dalar like over målet til ein utspelt Sirigu.
74'
Villa får seg ein liten dytt i ryggen av Alex og stupar framover som om han skulle ha vore skoten. Frispark får han også.
73'
Menez har ikkje vist seg bra fram etter at han kom inn. Han har rota vekk ballen ved fleire høve, samt pådrege seg frispark.
71'
Maxwell viser seg bra fram og kjem seg laus inne i Barca si boks. Men han er egoistisk og går for eit nokså svakt skot i staden. Det har Valdes full kontroll på.
71'
Menez treff Alves i bakhovudet når brasilianaren ligg nede, og dermed går det litt ekstra tid.
69'
Dani Alves går for skot på frisparket og sender målmann Sirigu ut i full strekk. Greitt forsøk.
68'
Zlatan har slokna litt etter at antagonisten hans Messi gjekk ut. Svensken har vore treig i fleire situasjonar, og har opptredd ubesluttsamt.
65'
God sjanse igjen for Sanchez! Ungguten får ein tilnærma lik sjanse som han fekk for eit minutt sidan, og denne gongen brenn han av på direkten. Han treff derimot dårleg, og Sirigu kan fange kula enkelt.
63'
God sjanse for Barca! Sanchez får servert eit innlegg heilt åleine framføre mål, men chilenaren brukar for lang tid og misser kula.
63'
PSG kontrar igjen, men det avgjerande innlegget frå Matuidi blir plukka av Valdes.
61'
PSG og Zlatan vinn ballen høgt i bana, men svensken er uoppmerksam og misser kula enkelt til ein motspelar.
59'
Fabregas vinn nok ein corner. Han har jobba bra etter at han kom inn.
58'
Zlatan vippar ballen gjennom Barca sitt forsvar, men Matuidi klarer ikkje å få orden på den før Barca får ordna opp.
58'
Zlatan får plutseleg ballen på bakerste stolpe, men svensken verkar å bli overraska og får ikkje kontroll. Kunne ha blitt farleg, det!
55'
Langt tøffare ute på grasmatta no. Spesielt heimelaget trakkar skikkeleg til i duellane.
54'
Heimelaget rullar fint opp, men Lucas blir litt for sjølvsentrert og rotar vekk kula.
53'
Paris Saint-Germain pressar på no, men har endå ikkje kome til sjansar etter kvilen.
53'
Store protestar frå publikum! Matuidi set fart inn i boksa men spring rett på Mascherano. Korrekt av domar Stark å la den gå, då argentinaren stod heilt stille når Matuidi kom.
50'
Fabregas prøvar å banke ballen inn foran mål, men det endar berre i corner.
49'
Beckham vinn ballen høgt i bana, men får seg også ein smell. Den ristar han nok av seg!
48'
Cecs Fabregas kjem for øvrig inn til sin sjette kamp i denne sesongens Champions League. Han har funne nettmaskene ein gong også.
47'
Tidlegare Barca-spelar Maxwell slår inn frå venstre, men bortelaget får klarert.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Barcelona leiar 1-0 til pause på Parc Des Princes etter ein underhaldande omgang. Katalanarane har som vanleg hatt mest ball, men det var Paris Saint-Germain som skapte mest innleiingsvis. Allereie etter 5 minutts spel dukka ein stor sjanse opp, men Pastore sitt skotforsøk enda diverre for det franske publikummet i stolpen. Åtte minutt før kvilen viste derimot Lionel Messi seg for første gong skikkeleg fram, og ordna 0-1 etter ei nydeleg utsidepasning av Alves. Kort tid etter såg Messi ut til å ha pådrege seg ei skade, så det spørs om vi får sjå han på grasteppet etter kvilen. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Frispark til heimelaget i fin innleggsposisjon, men domar Stark synest at nok er nok og sender laga til pause.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Messi slit med eitt eller anna her, og må ta seg ein pust i bakken. Han står heilt stille og held seg til baksida av låret no. Er det ein strekk han har pådrege seg?
45'
PSG yppar seg litt igjen no.
44'
Matuidi prøvar seg på ei avslutning etter ein retur i feltet. Det forsøket blir kjapt blokkert.
43'
Nære på igjen for Messi! Argentinaren dreg seg inn i boksa og plasserer ballen like over det høgre krysset til Sirigu. Etter å ha vore relativt søvning dei første 40 minutta av kampen er Messi definitivt vaken no!
42'
Barcelona scorar altså på sin første verkeleg store sjanse i kampen, medan PSG på si side har sløsa med de moglegheitene dei har fått. Det er vel ikkje akkurat noko bombe at nettopp det skjer.
40'
Lionel Messi gjer dermed sitt åttande mål i denne sesongens Champions League, og det 59. totalt!
38'
Barca rullar fint opp, og Alba får til siutt avslutta via ein motspelar og til corner.
36'
Zlatan får seg ein kakk på hælen og må ned i kneståande.
35'
68% ballinnehav for Barcelona så langt, men det er PSG som har vore vassast framføre mål og skapt flest sjansar!
34'
Alba med høg fot på Lucas. Frispark til heimelaget på eigen halvdel.
33'
Zlatan med ein stikkar mot Lavezzi, men argetinaren blir korrekt avvinka for offside.
30'
Lucas med eit flott førearbeid, men pasninga til Zlatan klarer ikkje svensken å få skikkeleg kontroll på. God defensiv jobb av Alves.
29'
Alves slår inn, men Silva stangar lett unna.
28'
Alves slår ein stikkar i bakrom til Villa, men keeper Sirigu er fint ute og plukkar framføre nasa på spanjolen.
27'
6-3 i sjansar i favør Paris Saint-Germain hittil.
26'
Zlatan får avslutta inne i Barca si boks, men han må gjere det med venstrefoten og ballen skrur langt unna buret til Valdes.
26'
Heimelaget bryt og kontrar.
26'
Barcelona trillar ball utanfor PSG sin sekstenmeter no.
23'
Iniesta prøvar seg frå utanfor boksa. Sirigu reddar lett.
22'
Nære på at Messi får tråkla seg igjennom. Silva ordnar opp med ein god defensiv jobb. Rutina til den tidlegare AC Milan-spelaren blir viktig i dag.
22'
Det er liten tvil om at laget til Carlo Ancelotti har stressa Barcelona innleiingsvis med høgt press. Diverre har dei endå ikkje fått betalt for innsatsen.
21'
Lavezzi kjem seg fri på høgrekanten og legg flatt inn til Pastore, men argentinaren bommar med si igjenlegging til Lucas.
20'
PSG kjem på endå ein bølgje her.
20'
Busquets får ein dytt av Matuidi og må ta seg ein pust i bakken.
19'
Godt forsøk! Zlatan går for kraft, men Valdes får avverga til corner.
19'
Kven skal ta dette, då? Zlatan, Beckham og Lucas står klare.
18'
Frispark i meget god posisjon for PSG!
17'
Nære på for Barca! Iniesta får ballen i god posisjon og prøvar å curle kula inn i det lengste hjørnet. Ikkje langt unna det!
16'
Det er heimelaget som køyrer på her no!
16'
Beckham slår frisparket flott inn, og etter litt fram og tilbake får Pastore avslutta hardt på mål. Valdes må gi retur, men fangar den greitt sjølv. Grei sjanse for heimelaget, det!
15'
Busquets kjem for seint inn i ei takling og lagar frispark i bra posisjon for heimelaget.
14'
Mange flotte crossarar mot Lucas på PSG sin høgrekant så langt.
12'
Zlatan dyttar Pique overende med ein olboge i nakken på spanjolen - og vinn innkastet.
11'
Vi har fått ein frisk start på denne kvartfinala!
11'
Lavezzi blir spelt åleine igjennom, men spissen klarer verken å lure offsidefella eller Valdes.
10'
Iniesta med ein farleg stikkar mot Villa som jaktar bak PSG sitt forsvar. Ikkje langt unna at sistnemnte får sett ei tå på den.
9'
Messi legg att til Xavi som skyt langt utanfor på direkten.
8'
Bra spel av bortelaget. Dei kjem rundt på kanten, og det er ikkje langt unna at det endar med avslutning inne i boksa.
5'
Stolpeskot! Heimelaget rystar Barca og Pastore får tråkla med seg ballen inn i boksa før han sender ei avslutning forbi Valdes - men rett i stolpen og ut. For ein start det hadde vore for Paris Saint-Germain!
4'
Beckham med sitt første frispark for kvelden. Det blir teke kort, og heimelaget vel å halde litt på ballen.
4'
Lavezzi får ballen midt på bana, men blir felt bakfrå av Busquets.
3'
Ein nyfrisert Alves får putta ballen i mål, men blir korrekt avvinka for eit frispark imot.
2'
Barcelona spelar mot høgre i første omgang.
1'
No er storkampen i gong!
Avspark Start 1. omgang
David Beckham er altså noko overraskande med frå start her. Kor stor løpskapasitet han har vil vise seg, men at heimelaget vil få bruk for dødballane hans er det ikkje tvil om.
Dagens domar er tyske Wolfgang Stark.
No kjem laga på bana!
Barca-trenar Tito Vilanova, som i dag er tilbake på benken etter eit to månadar langt sjukdomsavbrekk, manglar både Pedro (karantene), Adriano og Carles Puyol, medan Xavi, Jordi Alba og Victor Valdes alle har rista av seg det dei har hatt av ulumskheiter.
PSG-manager Carlo Ancelotti manglar Thiago Motta til denne kampen. På den positive sida er både Moura og Lavezzi tilbake frå start på laget.
Media har sjølvsagt fokusert mykje på Zlatan Ibrahimovic og Lionel Messi i tida fram til dagens kamp, og spesielt har det blitt snakka om ein revansjelysten Zlatan. Til trass for opphald i fleire av dei største klubbana i Europa har svensken aldri vunne Champions League. Faktisk har han aldri vore med i ei finale, og berre ein gong har han delteke i ei semifinale. At ein av hans gamle klubbar no står i vegen, gjer nok ballvidunderet endå meir revansjesugen. Ibrahimovic forsvann som kjent frå Barcelona etter ueinigheiter med dåverande trenar Pep Guardiola. Svensken skulle eigentleg sone karantene denne kampen, men ei anka førde til at han slepp med berre ein kamps utestenging.
Barcelona vann på si side Gruppe G med 4-1-1 etter dei seks møta mot Celtic, Benfica og Spartak Moskva. I åttendelsfinala viste dei seg frå både ei dårleg og ei god side, og AC Milan blei til slutt slått med 4-2 samanlagt etter 2-0-tap i Italia og 4-0-siger på Camp Nou. Også katalanarane toppar sin heimlege liga suverent, heile 13 poeng framføre erkerivalane i Madrid.
På sin veg fram til kvartfinalene har Paris Saint-Germain vunne Gruppe A framføre Porto, Dynamo Kiev og Dinamo Zagreb med 5-0-1 totalt, medan Valencia blei litt for svake i åttendelsfinala. Her vann franskmenna 3-2 samanlagt etter 2-1 borte og 1-1 heime. I heimlandet toppar dei Ligue 1 med sju poeng framføre Marseille.
Paris Saint-Germain har på si side berre ein siger i UEFA-cupen å vise til. Den kom i 1995-1996. Sesongen etter kom dei for øvrig til finala, men måtte gi tapt for nettopp Barcelona.
Barcelona har vunne den gjevaste europeiske turneringa for klubblag fire gongar, alle etter 1991. Dei klarde det seinast i 2010-2011, medan dei førre sesong blei slått ut i semifinala etter 2-3 samanlangt mot Chelsea. Tre gongar har Barca enda på andreplass Europa-cupen/Champions League.
Det er liten tvil om at dei to oppgjera mellom Paris Saint-Germain og Barcelona er dei som vekkjer mest interesse i fotballverda, og det er ikkje kvardags å få servert så mange profilerte fotballspelarar som vi får i dag. Forventingane er som vanleg enorme når det kjem til Barca, og det med god grunn. Katalanarane har trollbunde dei fleste med sin flotte tiki taka-fotball, og dei fleste superlativ har for lengst blitt brukte opp. 4-0-mosinga av AC Milan i den andre åttendelsfinala stilna også dei kritiske røystene som dukka opp etter den uvanleg svake perioda klubben opplevde for ei tid tilbake. Paris Saint-Germain har ikkje nokon liknande europeiske dominans å vise til, men det er ingen tvil om at dette er eit lag som vil hevde seg i toppen, om dei då for boltre seg så mykje økonomisk som dei har gjort dei seinare åra.
Hei og velkomen til det første av to veldig spanande Champions League-kvartfinaleoppgjer mellom Paris Saint-Germain FC og FC Barcelona. Det er klart for Zlatan mot Messi!