TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin kveld vidare!
PSG toppar dermed framleis gruppa, og blir gruppevinnarar med minst uavgjort borte mot Barcelona om to veker. Ajax må på si side klare det same mot APOEL Nicosia om dei skal ta 3. plassen som gir Europa League-spel. Det ligg dermed ann til ei spanande avslutning på Gruppe F.
Paris Saint-Germain vinn fortent 3-1 over Ajax på Parc Des Prines. Heimelaget leia 1-0 til pause etter scoring av Cavani, og fram til hollendarane utlikna ved Klaassen i det 67. minutt var det lite som skjedde. Etter dette vakna laget til Laurent Blanc og Ibrahimovic og Cavani ordna 2-1 og 3-1, utan at Ajax klarte å respondere.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+2'
Unøyaktig frå begge lag på tampen her.
90'
Cavani får avslutta med ei heading. Ein meter utanfor.
88'
Hjørnespark
Endar til slutt med at Viergever får eit skot blokkert.
86'
Spillerbytte
86'
Cavani gjer dermed sitt andre i denne kampen, og det femte totalt i turneringa denne sesongen. Berre Luiz Adriano har scora fleire med sine ni nettkjenningar hittil.
83'
Mål!
3-1
Edinson Cavani avgjer det heile! Zimling vartar opp med eit elendig tilbakespel som sender Cavani åleine med Cillessen. Uruguayanaren rundar målvakta enkelt og puttar kula i det tome buret.
83'
Ibrahimovic tek med seg kula og avsluttar igjen. Godt til sider for målet til Cillessen.
78'
Mål!
2-1
Zlatan gjer det mot klubben karrieren hans skaut fart i! Pastore finn Ibrahimovic inne i boksa, og svensken dempar kula med brystet før han vender kjapt og avsluttar på halvvolley. Ballen snik seg inn i det lengste hjørnet. Flott utført, men det der er definitivt ei avslutning Cillessen bør kunne få fingrane på. 2-1 i Paris!
78'
Schöne prøvar seg med eit skot. Over mål.
77'
Chantome lagar frispark i si første involvering i kampen. Skal Ajax klare å skape noko på dødball?
77'
Cavani og Ibrahimovic prøvar eit veggspel utanfor Ajax si boks, men bortelaget får stoppa forsøket.
75'
Spillerbytte
74'
Van Rhijn prøvar seg, men avslutninga går over mål.
74'
Utlikninga til de Godenzonen har sett fart i dette oppgjeret. Kan fort kome ei tredje scoring her.
71'
Ajax vil på si side sikre 3. plassen og Europa League-spel om dei skulle klare å ta alle tre poenga her i kveld.
70'
Om dette resultatet skulle halde seg, må PSG faktisk vinne på Camp Nou for å vinne gruppa. Det kan sørgje for ein interessant match der.
69'
Spillerbytte
69'
Spillerbytte
67'
Mål!
1-1
Ajax utliknar nærast ut av ingenting! Kishna får tid og rom på venstrekanten til å prikke inn eit bananinnlegg, og inne i boksa stupar Klaassen fram og stangar inn utlikninga. Vakker scoring, og vi er like langt på Pard Des Princes!
67'
Framleis veldig lite som skjer i kampen. PSG er fornøgd med tingenes tilstand, og orkar ikkje yte meir enn dei må. Ajax klarer på si side ikkje å truge franskmennene i det heile teke.
62'
Hjørnespark
Sirigu stig til vêrs og boksar kula unna.
61'
Veldig mykje nesten for laget til Frank de Boer. Det stoppar som regel opp med den siste avgjerande pasninga.
60'
Rabiot forsøker ei avslutning med venstrefoten, men skotet går langt utanfor.
59'
Nære på at Pastore finn Matuidi med ein stikkar inn i boksa.
57'
Nok eit frispark til hollendarane. Det stoppar som regel opp på den siste tredjedelen av bana for Ajax-spelarane.
56'
Schöne slår flatt inn, og Paris Saint-Germain får enkelt rydda opp.
56'
Kishna rundlurer Matuidi og blir felt. Frispark i god innleggsposisjon for Ajax.
54'
Skummelt innlegg for PSG. Offside på Ibrahimovic for n-te gong i dag.
53'
Matuidi prøvar å lobbe fri Cavani inne i Ajax sin sekstenmeter, men bortelaget får stoppa forsøket.
51'
Meir Ajax no. Nære på at dei tråklar seg gjennom ved fleire tilfelle, men heimelaget sitt forsvar rekk å rydde opp.
50'
Nære på at Andersen klarer å ta ned ballen inne i PSG sin sekstenmeter. Samtidig var Sirigu på ein liten bærtur, så det kunne ha blitt ein farleg situasjon.
48'
Lavezzi prøvar å finne Ibrahimovic inne i Ajax si boks, men sistnemnde får ballen litt bak seg og ein eventuell sjanse uteblir.
47'
Bortelaget prøvar å etablere litt press, men Viergever går for tøft i ryggen på Lavezzi og lagar frispark.
46'
Ajax sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg ut på bana igjen no.
Heimelaget går i garderobene med ei knepen 1-0-leiing. Det har ikkje vore ein minneverdig omgang, og forutan scoringa har vi berre fått sjå ein stor sjanse, også det til PSG. Ajax må sleppe seg langt meir lause etter kvilen om dei skal ha poeng her i dag. Forhåpentlegvis vil 2. omgang by på meir enn dei første 45!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Mange stopp i spelet her no. Totalt sett har dette vore ein veldig lite finspelt kamp hittil.
45'
Ibrahimovic prøvar seg med ein liten stikkar til Lavezzi, men den vesle argentinaren får ballen bak seg og mister den av synet. Ajax får dermed rydda opp.
44'
I det andre oppgjeret i denne gruppa leiar Barcelona 2-0 over APOEL.
42'
Ajax står ganske høgt i bana no. Bra med kontringsrom for heimelaget, med andre ord.
42'
Bra opprulling av Ajax, og ballen blir trilla ut til ein fullstendig umarkert Van Rhijn. Han går for skot frå spiss vinkel, og det forsøket går langt utanfor.
39'
Hjørnespark
Blir stanga unna i første omgang, før Lavezzi sjølv spring ballen utover sidelinja.
39'
Lavezzi og Ibrahimovic kombinerer bra, men det endar berre med eit hjørnespark.
38'
Gult kort
Stygg sak av Ibrahimovic som kjem flygande inn i Serero bakfrå. Soleklart gult kort på svensken.
38'
Bra spel av heimelaget, men den avgjerande pasninga inn framføre mål blir klarert.
33'
Mål!
1-0
Der sit den for heimelaget! Ajax er ustrukturerte i forsvarsfiraren, og Lavezzi blir plutseleg sendt åleine med Cillessen. Argentinaren er lite sjølvgod og trillar ballen vidare til Cavani som enkelt puttar kula i det tome buret. Cavani var rett nok i offside i det første trekket, men den slovenske domaren let det gå.
33'
Blir slått lavt inn, men Zlatan får reinska unna. God defensiv jobb av Ibra.
32'
Frispark til Ajax i finfin innleggsposisjon.
24'
Nære på for PSG! Akkurat i det vi etterlyser heimelaget sin angrepstrio slår dei til. Pastore blir spelt fri av Ibrahimovic, men Cillessen varar opp med ei veldig god redning.
23'
Veldig roleg opning på oppgjeret. Ein skulle tru at spelarar som Lavezzi, Ibrahimovic og Cavani ville by på meir!
21'
Så er det Sereno sin tur, men heimelaget får rydda opp.
21'
Denswil med ei sjeldan avslutning for bortelaget. Utanfor.
19'
I tillegg til Maxwell har sjølvsagt Zlatan Ibrahimovic mykje å takke Ajax for. Amsterdam var som kjent den første stoppestaden utanfor heimelandet i svensken si vanvittige fotballkarriere.
18'
Gult kort
Klaassen får kampens første gule kort i det han er for tøff i behandlinga av tidlegare Ajax-spelar Maxwell.
16'
Avslutning for heimelaget. Ibrahimovic prøvar seg for første gong i oppgjeret, men forsøket frå den svenske superstjerna går utanfor.
15'
PSG med eit forventa initiativ i starten av oppgjeret.
13'
Hjørnespark
Matuidi får avslutta, men forsøket endar utanfor.
13'
Hjørnespark
Argentinske Lavezzi med PSG sin andre corner i kampen. Blir klarert til eit nytt hjørnespark.
10'
Spillerbytte
10'
Boilesen må faktisk ut her. Synd for dansken.
9'
David Luiz med eit avslutningsforsøk, men brasilianaren får skotet blokkert.
9'
Van der Wiel går tøft inn i Boilesen og vi får eit stopp i spelet.
6'
Ikkje altfor mykje som skjer i Paris. Mange frispark og stopp i spelet.
3'
Ibrahimov er involvert for første gong, men svensken blir avvinka for offside.
2'
Hjørnespark
Ajax si målvakt får boksa unna.
2'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Kveldens hovuddomar er slovenske Matej Jug. Han blir assistert av Matej Zunic, Bojan Ul og Manuel Vidali.
Laurent Blanc og Frank de Boer var også sjølv store spelarar i klubbar Barcelona, Inter og Manchester United for Blanc sin del, og Ajax, Barcelona og Rangers i de Boer sitt tilfelle. Dei møttest derimot aldri som klubbspelarar, noko dei gjorde som representantar for sine respektive landslag. Det skjedde to gongar, og begge oppgjera var treningskampar. Frankrike gjekk sigrande ut av begge møta, med henhaldsvis 2-1 og 1-0.
Frank de Boer må på si side unnvere Veltman (suspendert) og skadde Fischer.
Laurent Blanc manglar fleire viktige spelarar til denne kampen, sjølv om han likevel stiller eit meget sterkt lag. På skadelista finn vi Cabaye, Motta, Silva, Verratti, Douchez og Bahebeck.
Ajax har på si side til gode å vinne i denne sesongens Champions League, og sist dei vann i denne turneringa var tilbake i november i fjor, då dei faktisk slo Barcelona 2-1 i Amsterdam. I den heimlege ligaen ligg dei i skrivande stund på 2. plass, to poeng bak PSV Eindhoven. Forma deira er også bra, med fire strake sigrar, alle vunne med minst to mål.
Ei massiv oppgåve ventar Frank de Boer sitt mannskap i dag, for Paris Saint-Germain har nemleg spelt 31 strake heimekampar i UEFA-regi utan å tape (21 sigrar, 10 uavgjorte). Laurent Blanc sitt mannskap er også i solid form om dagen, med sju strake sigrar i alle turneringar.
I motsett oppgjer mellom laga enda det 1-1 i Amsterdam. Edinson Cavani ordna 1-0 til PSG før kvarteret vart spelt, men ein time seinare utlikna Lasse Schöne og ordna poengdeling i treskolandet. Merkeleg nok var det det første offisielle oppgjeret mellom laga nokon gong. Å møte nederlandske lag har i det heile vore sjeldan kost i den franske hovudstaden, for forutan det nemnde oppgjeret har PSG berre spelt ein annan kamp mot oransje lag. Det skjedde i 2008 då Twente blei slått 4-0 i gruppespelet av Europa League. Ajax har på si side møtt fransk motstand totalt 21 gongar. Det har enda med 10-5-6 totalt.
Det er duka for eit spanande oppgjer på Parc Des Princes, og begge lag treng dei tre poenga i dag for å oppnå det dei ynskjer. PSG er allereie klare for utslagsrundene og leiar Gruppe F med eitt poeng framføre Barcelona, Franskmennene er nok lystne på å bli gruppevinnarar og dermed unngå dei aller verste motstandarane i åttendelsfinalene. I den siste og avgjerande runda ventar nettopp katalanarane, på Camp Nou, så utgangspunktet før det oppgjer bør vere best mogleg. For Ajax sin del handlar det no berre om å ta 3. plassen og dermed få delta i Europa League.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Paris Saint-Germain og Ajax!