Referat
Kun høydepunkter
Då er det over på Ferd Arena. Heimelaget tek årets første poeng og heile tre av dei! Reeves sendte heimelaget i føringa med eit sikkert straffespark som Abrahamsen var på veg etter, men aldri greidde å fange. Så fekk same person ein ball mellom stopparane som ho adresserte til venstre for keeper. Grand Bodø ville ikkje gå til pause to mål bak og fekk redusert med Johansen etter ein retur. I 2. omgang økte ØHIL til 3-1 etter at Rasmussen stanga inn eit hjørnespark frå Merild. Kampen ebba eigentleg ut etter skåringa frå trøndaren, men eit ørlite håp vart tent på slutten av overtida. Då var Jensen med i angrep og stanga inn eit innlegg til 3-2-redusering. Diverre for nordlendingane var det for seint. Dermed kan Øvrevoll Hosle juble for siger, medan Grand Bodø gjekk på årets første tap. Arne Inge Solgard ønskjer alle ein fin søndagskveld vidare.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+4'
Jensen er flytta fram i angrep hjå gjestane. Men det er nok nyttelaust enn så lenge.
90+3'
Hjørnespark til heimelaget.
90+2'
Den skal sitte! Ingrid Kleppo Vangen blir spelt aleine med keeper av Larsen og skyt ein drøy metter over.
90'
Langkås med ei enorm redning i det Nordheim plutseleg er aleine på blank kasse! Sisteskansa er populær hjå supporterane til heimelaget og viser kvifor i den situasjonen.
88'
Langkås med eit langt utspel i bakrom. Der er Ingrid Kleppo Vangen som blir takla ved dødlinja og heimelaget får hjørnespark.
84'
Kampen har dalt litt i tempo dei siste minutta. Det er større avstand mellom pasningane og lavare tempo. Det ser ut til at Grand Bodø ikkje har veldig mykje meir å by på offensivt, eller?
74'
Hjørnespark til ØHIL.
71'
Langkås er raskt ute og får plukka ein gjennombrotsball.
61'
Reeves pressar fram eit hjørnespark.
56'
Ine Berre kjem til innlegg, men ballen sklir av foten og blir enkel mat for Abrahamsen å plukke.
54'
For ei redning av Langkås! Fredriksen Moe får avslutta etter eit langt innkast inn i feltet. Heldigvis for heimelaget vartar sisteskansa opp med ei refleksredning. Ho får slått ballen på innsida av stolpen og ØHIL får klarert.
52'
Eit innlegg frå Berre langs bakken blir farlegare enn det først ser ut som. Guamer jaktar ballen foran Abrahamsen i bortelaget sitt bur. Ballen går forbi alle og det blir femmeter.
51'
Eit nytt frispark frå Falch på midtbanestreken får ingen andresse. ØHIL tek over ballen.
50'
Falch svingar ballen inn, men uten resultat.
50'
Rasmussen utfordrar skjebnen i det ho utfordrar med ball i beina i forsvar. Ho blir nødt å lage frisparki det forsøket er mislykka. Fin posisjon på 30 meters hald for Grand Bodø.
46'
Sjølv om det er Øvrevoll Hosle som tek avspark, er det gjestane som går i angrep. Den andre omgangen startar som den forrige slutta med andre ord.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ikkje noko tilleggstid til tross for tre skåringar og noko stopp i spelet. Spelarane ser litt forvirra ut, men traskar av bana. Øvrevoll Hosle går til pause med leiinga, men Grand Bodø har verkeleg vore med i det som har skjedd. ØHIL starta ballet med Reeves frå krittmerket etter 19 spelte minutt. Med blod på tann dobla spissen leiinga eit kvarter seinare etter at ho vart spelt gjennom. Dei kvitkledde fekk likevel ein i fleisen rett etterpå då Johansen banka ein retur i nettet frå fem meter. Gjestane kom meir inn i kampen utover omgangen og kunne fort ha fått sitt andre, men ØHIL-forsvaret var akkurat oppofrandre nok til at dei kan gå til pause med 2-1 på resultattavla. Dette blir ein spennande 2.omgang med alt å spele for hjå begge lag!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45'
Så ropar Grand Bodø på straffe! Det er fullstendig kaos i feltet etter eit innkast frå Brudvik som plukkar opp andreballen på eigehand og bankar ballen inn i feltet. Der ventar Pedersen som hamrar ballen i noko som kan sjå ut som handa eller brystet til ein av heimelaget sine spelarar. Dommar vinkar spelet vidare. No er det Grand Bodø-show!
43'
ØHIL som har stått høgt i store delar av omgangen, har no senka seg litt djupare i bana. Bortelaget har fått mykje rom dei gongane dei har vore frampå.
39'
Hjørnespark til ØHIL.
34'
Ida Hasselgård har leita etter opningar hjå forsvaret til bortelaget dei siste minutta, og plutseleg fant ho den. Reeves startar perfekt mellom stopparane til gjestane, og kan trille ballen i mål bak Abrahamsen. Det kan sjå ut som bortelaget ville ha offside, men det var det aldri snakk om. Kva kan nordlendingane svare med no?
32'
Ine Berre kjem nesten i god skuddposisjon. Gjestane er gode i forsvar og får takla til hjørnespark.
31'
Hasselgård finn Guamer som kan lade skuddfoten. Ballen snik seg ein drøy meter utanfor bortelaget sitt mål.
29'
Dei ser ikkje heilt overbevisande ut i dei bakre rekkene til heimelaget når dei blir utfordra. Grand Bodø viser betre tendensar no.
28'
Ida Hasselgård finn nesten Reeves som er på vei gjennom. Gjestane tek over kula.
25'
Grand Bodø på farta igjen, men ØHIL ryddar unna.
22'
Wow! Det kunne vore eit vanvittig mål! Johansen får (nesten) draumetreff rett utanfor 16-meteren og ballen smell i metallet over hovudet til Langkås i ØHIL-målet. Femmeter.
19'
Straffe til ØHIL! Det er vel Holmstrøm som er syndaren.
17'
Småskummelt når Grand Bodø ikkje får rydda unna balen i feltet, men gjestane slepp unna med skrekken etter ein lang tå i forsvaret.
15'
Johansen sett på turboen for gjestane. Ho legg ut ballen til Kristiansen som kan fyre frå 16-meters hald. Diverre for nordlendingane er ØHIL der og blokkerar.
13'
Reeves sett ballen i nettet etter ei pasning frå Grand Bodø, men det er klar offside. Abrahamsen satte gjestane i fare der med eit dårleg utspel.
11'
Det er heimelaget som har vore klart beste i opninga på kampen. Dei raudkledde har ikkje vore med dei første ti minutta.
9'
Merild har som regel ein presis fot, men nok ein gong går ballen over heile feltet. Gjestane frå Nord-Noreg får femmeter.
7'
Det gjer også backen, men ballen er upresis og Grand Bodø får femmeter.
7'
Frispark til Øvrevoll Hosle midt på bortelaget sin halvdel. Den skal vel Mia Merild svinge inn i feltet.
5'
Nytt hjørnespark til heimelaget.
4'
Ine Berre er på farta og Grand Bodø blokkerar eit innlegg til hjørnespark.
2'
Kampen er i gong og ØHIL tek raskt grep om kula og stablar fram eit angrep. Reeves legg igjen til Berre som får avslutta, men Abrahamsen i gjestane sitt bur har få problem med skotet frå kloss hald.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane entrar bana og kampen er få sekund unna!
Det er overskya og nokre fattige varmegrader i Hosle. La oss håpe spelet bidreg til at dei frammøtte held på varmen!
Merk at Grand Bodø berre har med seg fire spelarar på benken i dag, og ingen av dei er reservekeeper. Abrahamsen er dermed einaste alternativ.
Laga er ute og begge lag går nok som venta ut i 4-3-3. Øvrevoll Hosle startar med Løyland Vassanyi på midta, kor ho har med seg Molde-jentene Hasselgård og Outzen. Heimelaget kan også glede seg over å ha årets gjennombrot i 1. divisjon i 2021 tilbake i laget. Gjestane stiller akkurat same lag som sist kamp mot TIL 2020. Då endte det med poengdeling i Nordlandshallen. Kan Falch og resten av nordlendingane skape trøbbel for eit Øvrevoll Hosle som endå ikkje har funne formen i serien?
Heimelaget har levert under pari så langt denne sesongen, og har tapt sine to første kampar. Det kan sjå spesielt svakt ut om ein tek dei sterke resultata i sesongoppkøyringa i betraktning. I januar slo dei mellom anna Vålerenga på Ferd Stadion. Gjestane frå Nord-Noreg har bitt frå seg med to uavgjorte på dei to første kampane. Ein godkjent start på sesongen med andre ord for eit nyopprykka lag.
Heisann! Velkomen til denne livedekninga av oppgjeret mellom Øvrevoll Hosle og Grand Bodø.