TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Everton klatrar dermed til 9. plass på tabellen, medan Newcastle forblir under streken. Begge laga skal i aksjon igjen om to dagar, når Everton møter Stoke heime, og Newcastle skal opp mot West Bromwich på bortebane.
Det såg ut til å ende med ein sjeldan 0-0-kamp mellom desse laga, men to minutt på overtid sørgja den uventa målscoraren Tom Cleverley for at alle dei tre poenga blei med tilbake til Liverpool og Goodison Park. Totalt sett var det nok ein fortent siger, for Everton hadde initiativet i ein god del av oppgjeret. Men også Newcastle prøvde å ta alle poenga, og spesielt mot slutten hagla det med gode sjansar til begge laga.
90+3'
Mål!
0-1
Det endar ikkje 0-0! Newcastle får berre klarert ballen lenger ut i feltet etter corneren, og der står Cleverley klar og stangar ballen i ein boge og i mål. For ei avslutning av bortelaget!
90+3'
Hjørnespark
90+3'
Veldig nære for Everton! Råskinnet Lukaku klarer å få med seg ballen inn i boksa, men Newcastle får med naud og neppe blokkert avslutninga. Corner.
90'
Hjørnespark
Heimelaget får klarert.
90'
Vi må for øvrig heilt tilbake til 2008-2009-sesongen for å finne siste gongen desse to laga spelte 0-0. Av spelarane som spelte frå start både den gongen og no finn vi Coloccini, Howard og Baines.
89'
Ikkje mange minutta att her no. Skal vi få ein vinnar heilt på tampen?
87'
Spillerbytte
87'
Colback viser at han ikkje har den mest treffsikre avslutningsfoten og sender eit forhasta skot høgt over mål.
85'
Spillerbytte
85'
Hjørnespark
Endar med eit Newcastle-frispark i boksa.
82'
Gult kort
Hindrar bortelaget i å ta eit raskt frispark.
82'
Begge lag ynskjer å vinne her. Spelet varierer veldig fram og tilbake.
80'
Så er det Coleman som prøvar seg! Backen bankar til frå seksten meters hald, og Elliot, som står med begge beina planta på bakken, kan puste letta ut når det knallharde skotet går utanfor stolpen.
78'
Hjørnespark
Så er det Everton som prøvar seg! Mori får heada på mål frå kloss hald, men Elliot reddar flott. Returen går så til Lukaku, men belgiaren klarer ikkje å få styrt ballen på mål.
78'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
76'
Dobbeltsjanse for The Magpies! Wijnaldum får heada på mål frå fem meters hald, men Howard vartar opp med ei glimrande reaksjonsredning. Perez rappar til på returen, men skotet blir blokkert til corner.
74'
Cleverley skyt frå langt hald. Skotet har bra retning, men blir blokkert.
73'
Veldig nære for heimelaget igjen! Sissoko med eit presist innlegg frå venstre, men frå veldig god posisjon klarer Mitrovic å sende headinga utanfor. Den bør serbaren definitivt få på mål!
71'
Godt forsøk for Newcastle! Ayoze vender raskt opp og skyt litt overraskande frå distanse. Ballen snik seg like til side for Howard sitt mål.
70'
Også Steve McClaren skal føreta seg ei endring.
70'
Spillerbytte
69'
Spillerbytte
69'
Cleverley slår inn til Lukaku som brystar ballen ned til Barkley. Engelskmannen fyrer av på direkten, men skotet blir blokkert. Kunne ha blitt veldig farleg, det!
68'
Endar med frispark imot.
68'
Frispark til heimelaget. Ayoze står klar.
67'
Besic gjer seg klar til å kome innpå for Everton.
66'
Sissoko prøvar å finne Wijnaldum med ein stikkar, men ein Everton-fot hindrar kula i å nå fram.
63'
Gult kort
Bommar med ei takling og får kortet som lagkamerat Stones burde ha fått for nokre minutt sidan.
61'
Det byrjar å bli strekk i begge laga no.
59'
Nok eit godt forsøk! Aaron Lennon avsluttar raskt inne i boksa, men Elliot får avverga. Målvakta gir ein farleg retur, men ingen i blått kjem først på den.
59'
Stones med ei tøff takling på Ayoze. Domar Mason vinkar spelet vidare til store protestar frå tribunene. Newcastle blir snytt for eit soleklart frispark der. Den unge midtstopparen burde også ha fått det gule kortet.
58'
Everton med frispark. Newcastle får ordna opp.
57'
Stor sjanse for bortelaget! Lukaku vender bort Mbemba med ein smart manøver, men avslutninga frå ni-ti meter blir redda av Elliot.
57'
Hjørnespark
Endar med ingenting, men Everton beheld kula.
57'
Nok eit skummelt innlegg i vertane si boks. Janmaat med ein reddande fot på avslutninga som kjem.
56'
Baines slår hardt inn frå venstre. Janmaat får beina kula vekk frå eigen sekstenmeter.
53'
Heimelaget yppar seg litt no. The Magpies har derimot ikkje kome til sjansar etter kvilen.
52'
Hjørnespark
Altfor nært slått mål, og Howard kan plukke enkelt.
50'
Hjørnespark
Går i eit ufarleg område og Howard og Everton kan overta.
50'
Nære på at Sissoko klarer å finne Perez med ein stikkar. Endar med corner.
48'
Coleman slår flatt inn framføre mål, og det er ikkje langt unna at ein spelar i blått får tuppa den i nettet. Slit til tider med å forsvare seg, Coloccini og co.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Tidlegare Newcastle-keeper Pavel Srnicek har vore i koma etter å ha falle om på ein trimtur i heimelandet Tsjekkia for omtrent ei veke sidan, og blir i pausa hylla av Magpies-fansen på St James' Park.
Det står 0-0 til pause i oppgjeret mellom Newcastle og Everton. Bortelaget opna veldig sterkt og hadde eit massivt press, men utan at det resulterte i mål. Den andre halvdelen av omgangen kom Newcastle litt meir med, og sebtratrøyene skapte nokre få sjansar. Dette oppgjeret treng nok ei scoring får å vakne skikkeleg til liv, og forhåpentlegvis får vi akkurat det etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Minimum eitt minutt tillegg denne omgangen.
45+1'
Lennon chippar kula inn i feltet, men det påfølgjande hovudstøytet frå Mirallas går utanfor.
45'
33-67 i ballinnehav så langt.
Kamp slutt Slutt (0-0)
44'
Cleverley med eit godt innlegg inn i boksa, men Lukaku brukar litt for mykje musklar og får frispark imot seg.
43'
Mirallas skyt via eit par spelarar før ballen dalar inn til geordiane si målvakt.
43'
Mirallas og Barkley stiller seg opp.
42'
Så er det Lennon som blir felt. Omtrent 30 meter frå målet til Elliot.
42'
Ross Barkley set fart framover og blir dytta over ende av Janmaat. Engelskmannen får frispark, og Janmaat, som allereie har fått det gule kortet, pustar nok litt lettare ut ettersom han ikkje får sitt andre kort i kampen.
39'
Everton prøvar å setje fart, men Mirallas blir felt før det kan bli farleg. Frispark til gjestane.
38'
Georginio Wijnaldum stig til vêrs over straffesparkmerket og headar eit innlegg til side for mål. Har vore sterke i motstandaren si boks hittil, heimelaget sine angrepsspelarar.
36'
Gult kort
Veteranen Barry kjem altfor seint inn i ei takling på Perez og får eit korrekt gult kort.
35'
Bulldosaren Mitrovic prøvar å krige med seg kula inn mot Howard. Blir stoppa seks-sju meter frå amerikanaren.
34'
Nære på at Perez får tåa på ein ball inne i Everton si boks. Burde ha reagert kjappare der, spanjolen.
30'
Mitrovic kjem til nok ei heading, men får så vidt skallen på den og forsøket går nokre meter utanfor. Hadde nok vore betre om han hadde lete den gå bak seg, der Wijnaldum stod klar og venta.
28'
Bra moglegheit for bortelaget! Lukaku blir spelt fri og får avslutta inne i boksa. Elliot reddar bra og får også returen ut i ufarleg område.
28'
Lukaku får ein langt ball inne i Newcastle si boks og går kjapt i bakken. Domar Mason vinkar spelet vidare, og det ser ut som ei god avgjersle.
25'
Ikkje langt unna for Newcastle! Janmaat får ballen på kanten sin og legg inn på direkten til Mitrovic som kjem stupande inn i feltet. Han klarer å få luggen på ballen, men forsøket går til side for buret til Howard.
24'
Tidlegare Tottenham-spelar Lennon kjem seg elegant fri på venstresida og får lagt inn, men vertane sitt forsvar får reinska unna.
22'
Janmaat får lagt inn i boksa frå høgre, men Howard får gå opp og plukke utan altfor mykje brydderi.
21'
Litt rolegare periode i kampen no. Everton sin offensiv har gitt seg litt.
17'
Lukaku i duell med Elliot. Keeperen får så vidt boksa unna.
13'
Lukaku får slått flatt inn framføre mål, men heimelaget får klarert.
11'
Gult kort
Janmaat får kampens første gule kort til store protestar frå heimefansen. Mason unnlot å gje Coleman kort i ein liknande situasjonar tidlegare i oppgjeret, så reaksjonen deira er forståeleg.
11'
Nære på at The Toffees får tråkla seg igjennom nok ein gong. Newcastle har meir enn nok med å forsvare seg no!
10'
Lukaku blir obstruert inne i Newcastle si boks, men får ingenting av domar Mason. Hadde mest truleg fått indirekte frispark om situasjonen hadde skjedd utanfor sekstenmeteren.
8'
Heimelaget prøvar ei kontring, men blir kynisk stoppa av Everton. Coleman er heldig som slepp det gule kortet.
7'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
7'
Bra sjanse for Everton! Mirallas får ta ned ballen på femmeteren, men avslutninga frå veldig spiss vinkel blir redda av Elliot. Corner.
6'
Baines prøvar seg med venstresleggja. Godt over målet til Elliot.
5'
Nok ein dødball for Martinez sitt lag. Barkley og Baines står klare. Kan kome eit direkte skot også, her.
5'
Bortelaget har definitivt festa eit grep om kampen her. Pressar høgt og aggressivt.
3'
Janmaat får klarert og sebtratrøyene får også eit frispark.
2'
Mason bles i fløyta nok ein gong når ein spelar i blått går i bakken. Baines skal slå inn.
2'
Barkley med frispark. Endar berre med eit innkast til dei blå.
1'
Gjestane sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Kveldens domar er Lee Mason.
Newcastle og Everton har møttast 42 gongar i Premier League si historie. 17-9-16 er fasiten på desse, i favør sebrastripene. The Toffees har derimot hatt bra kontroll dei siste sesongane, og vunne fire av dei fem siste møta. Tilsvarande oppgjer førre sesong enda dermed med 3-2 til geordiane.
Borte frå Goodison Park har Everton på si side 2-5-1. Dei står med tre strake uavgjortkampar på dei tre seinaste på framandt gras.
Heime på St James' Park har geordiane 2-4-3 så langt. Norwich (6-2) og Liverpool (2-0) er laga som har blitt slått her.
Gjestane frå Liverpool må på si side unnvere Pienaar, Oviedo, Jagielka og McCarthy. Heller ikkje Naismith er fullt tilbake etter ankelproblema sine.
Heimelaget har ein del skadeproblem til kveldens kamp, og må unnvere spelarar som Cisse, Lascelles, Taylor, Aarons, Riviere, Krul, Williamson, Haidara og Obertan.
Roberto Martinez og Everton har også skuffa fansen mykje hittil i sesongen 15/16, og 11. plass etter dei første 17 kampane er svakere enn det ein forventar av dette laget. The Toffees har slitt med å snu kampane til sin fordel, og er med åtte uavgjorte hittil det laget som har delt poeng flest gongar i lag med West Ham og Tottenham. 1-4-1 har dei blitt på dei seks seinaste.
Swansea vann mot West Bromwich tidlegare i dag, noko som betyr at kveldens heimelag i skrivande stund befinn seg på den øvste nedrykksplassen. Med siger i dag kan derimot Steve McClaren sitt mannskap avansere fleire hakk på tabellen, og blant anna passere førre sesongs ligameistrar Chelsea. The Magpies har prestert bra i det siste, og har vunne to av dei tre siste. På dei seks seinaste har dei 3-1-2.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande Premier League-oppgjeret mellom Newcastle og Everton. Det er duka for det nest siste oppgjeret på tradisjonsrike Boxing Day!