TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Nest-Sotra vinn fortent 4-0. Førde var best dei fire første minutta av kampen, og produserte nokre sjanser. Etter det handla det meste om vertene. Gjestene slit med å score mål, og då blir det vanskeleg å vinne fotballkamper. Takk for følget så langt.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+2'
Nest har berre hatt ti mann på bana siste minutta grunna ein skade.
90'
Mål!
4-0
Langskudd som han skrur forbi keeper. Slike har Bjerke tatt før, men ikkje denne gongen. Det står 4-0.
89'
Sanchez Olsen trur han speler på Barcelona eit lite augeblikk, i det han prøver å vippe ballen over Førde-forsvaret. Det går ikkje, og det blir utspark frå keeper.
85'
Myrkaskog styrer nesten eit skot/innlegg i mål, men går utanfor.
84'
Sagevik inn til sin debut.
84'
Spillerbytte
84'
Iversen småskada og sliten no. Like greitt med eit byte.
83'
Myrkaskog skyt frå 18 meter. Rett på Øvretveit.
81'
Hjørnespark
Keepermat.
79'
Spillerbytte
79'
Iversen fått seg ein trøkk, etter ei takling for eitt minutt sidan. Har ilt.
79'
Nest med ball langt inn på Førde sin banehalvdel. Likevel ikkje noko press å sjå frå gjestene. Førde må opp og fram no.
76'
Spillerbytte
75'
Furdal skyt - rett på keeper!
74'
Olsen med ny avslutning. Blir blokkert/avklart av Isene.
73'
276 tilskodarar ser kampen.
73'
Olsen med avslutning, men Bjerke reddar. Nest er nærmare 4-0 enn det Førde er redusering akkurat no.
71'
Spillerbytte
68'
Hjørnespark
Blir avklart.
68'
Stor Nest-sjanse! Kittiphong slår inn i feltet, og Dvergsdal får akkurat avklart foran Nissen.
68'
Dvergsdal med frispark frå 30 meter. Rett i tverra!
65'
Mål!
3-0
Furdal køyrer karusell med Flatjord inne i feltet. Han legg nydeleg inn til Nissen som nikkar inn 3-0. Dvergsdal glipp på markeringa der. Reine julekvelden for Nest-Sotra dette!
63'
Øy viser fram sin teknikk, og får frispark.
62'
Nest-Sotra med klikk-klakk fotball inne i feltet, og Førde har meir enn nok med å henge med. Kittiphong får kula på 10 meter, men skrur den like over!
61'
Spillerbytte
60'
Førde betre med no, får litt frispark der dei flyttar folk opp i feltet. Førebels har dei ikkje sett Øvretveit på prøve etter pause.
59'
Førde-frispark inn i feltet, men Myrkaskog si avslutning er ikkje frå gode gamle dager. Utspark frå keeper.
57'
Haugsdal ned for telling, men kjem seg heldigvis på beina att.
55'
Hjørnespark
Heimelaget får frispark inne i feltet. Ukjent årsak, spør dommaren.
54'
Førde med litt meir ballinnehav, men skaper ingenting.
53'
Det stemmer ikkje for Førde framover på bana. Har scora berre to mål på fire seriekampar og to cupkampar så langt denne sesongen.
52'
Førde-frispark 35 meter frå mål. Rett i klypene på keeper.
52'
Nest kjem fire mot fire, men Cirak snublar i ballen.
51'
Frispark til Førde på midtstreken. Kvist tek turen opp i feltet. Blir klarert.
48'
Isene går ned som midtstoppar, og Rygh går opp i angrepet saman med Myrkaskog.
46'
Spillerbytte
46'
Førde tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 2-0. Førde opna frisk dei første fem minutta, men så sa det stopp. Nest-Sotra har styrt kampen etter det.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Gult kort
Smell knyttneven i graset etter at han får frispark imot. Kapteinen er sint.
44'
Straks pause.
43'
Hjørnespark
Denne gongen får Førde-frispark inne i feltet.
42'
Hjørnespark
Bjerke boksar til ny corner.
41'
Førde manglar Savland, Spurkeland og Attila i denne kampen.
39'
Vi beklagar framleis litt tekniske problem, men stillinga er altså 2-0.
38'
Førde-forsvaret hang ikkje heilt saman akkurat der.
37'
Mål!
2-0
Kjem aleine med keeper, og vippar den forbi Bjerke. 2-0!
36'
Furdal aleine med keeper, men linjemann er oppe med flagget.
35'
Melhus slår frisparket inn i feltet, men vertene avklarar og stormar i angrep. Kjem fire mot fem, og Førde er i ubalanse. Nest-Sotra klarar ikkje å utnytte det.
35'
Frispark til Førde på midtstreken. Melhus står klar.
34'
Hjørnespark
Bjørsvik er først på ballen, men får ikkje styrt den mot mål.
33'
Dvergsdal tilbake på beina.
33'
Scoringa kom etter corneren, som gikk direkte i mål. Keeper Bjerke ville ha frispark i den situasjonen, men fekk det ikkje. Stillinga er altså 1-0.
32'
Dvergsdal ligg nede for telling for Førde.
32'
Etter scoringa er det Nest-Sotra som har vore det klart førande laget.
30'
Sterk vind, og det er heimelaget som har den i ryggen i den første omgangen.
29'
Vi beklager litt tekniske problem den første halvtimen, men no skal teknikken vere med oss.
21'
Gult kort
13'
Mål!
1-0
Furdal med innoverskrudd corner, og går rett i kassa! Keeper Bjerke vil ha frispark, men får det ikkje.
7'
Gult kort
Avspark Start 1. omgang