TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er toppkampen på Ågotnes over og det endar 1-1. Florø tok leiinga fire minutt ut i 2. omgang ved Rashad Muhammed. Det såg lenge ut til at det skulle gå mot tre poeng og tabelltopp for Florø, men ti minutt før slutt dukka innbyttar Adnan Cirak opp og utlikna. Det var svensken sitt ellevte mål denne sesongen. Dermed kan Nest-Sotra ta sommarferie på toppen av tabellen med 29 poeng. Florø er nummer to med 27. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Hjørnespark
Dårleg slått. Og det er det siste som skjer.
90+5'
Ciark får ballen inne i sekstenmeteren og avsluttar med venstrefoten. Frenderup boksar til corner.
90+4'
Ikkje mykje som skjer no. Det går mot uavgjort i toppkampen.
90+2'
Vi er på overtid. Det uvisst kor lenge som er lagt til.
90'
Og så er det temperatur! Kupen går i bakken innafor sekstenmeteren og vil ha straffe. Dommar Vikene seier kontant nei! Nest-Sotra ville også ha frispark i forkant av situasjonen.
89'
Solheim-Olsen med antydningar til krampe. Her er det berre å bite tenna saman, Solheim-Olsen. Florø har bytta alle.
88'
Begge lag ønskjer sigersmålet! Men er det nokon som maktar?
87'
Nissen legg inn mot Akinyemi som prøvar å finne Cirak. Runar Hove klarerer med hovudet.
86'
Husa skyt midt på Øvretveit, som må gi ein liten retur, men ikkje verre enn at han fanga den sjølv.
85'
Walberg er for tøff i ryggen på Erlend Hove. Frispark i god skotposisjon for Florø og Husa!
82'
372 tilskodarar. Nesten halvparten frå Florø.
82'
Denne utlikninga betyr at Nest-Sotra tek tilbake tabelltoppen!
81'
Gult kort
80'
Mål!
1-1
Sjølvsagt er det toppscoraren som gjer det for Nest-Sotra! Endeleg leverer Sanchez Olsen ein god corner som treff hovudet til Nissen. Dansken nikkar ballen inn igjen i feltet der Cirak scorer for heimelaget!
79'
Hjørnespark
78'
Hjørnespark
Og så er det nesten Florø som scorar! Husa får står heilt mutters åleine inne i feltet, men han bommar rett og slett på ballen.
78'
Stor sjanse til Nest og Sanchez Olsen! Hellevik Larsen slår inn og der står Sanchez Olsen på 14 meter og avsluttar med innsida av foten. Får ikkje det beste treffet og Frenderup reddar greitt.
77'
Kupen feller Max Bjørsvik. Korrekt frispark til dei grøne.
75'
Hjørnespark
Altfor langt. Florø kan kontre.
75'
Spillerbytte
73'
No luktar det fleire mål her! Innbyttarane Kupen og Cirak er toppscorarar for sine lag. Kupen med tolv, Cirak med ti.
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Hove og Gjermundstad dominerer i luftrommet bak hos Florø. Det er ikkje der Nissen og Pluemjai har sine styrker.
70'
Florø er no 20 minutt unna å ta sin sjette strake bortesiger!
69'
Får eit velfortent klapp på skuldra av trenar Terje Rognsø, Vik.
69'
Spillerbytte
68'
Vik har teke teljing på matta på Ågotnes. Ser ut som han er ferdig for dagen.
68'
Kjempesjanse for heimelaget! Akinymei slår 45 grader ut til Rødahl på 16 meter. Innbyttaren sett breisida til, men ballen stryk stolpen. Nær 1-1!
67'
Pluemjai kjem gjennom, men vinkelen vert for skrå. Spissen prøver å slå inn i staden, men ballen går Nissen som kjem på løp.
66'
Hellevik Larsen får ballen gjennom på venstresida frå Sanchez Olsen. Backen vert avvinka for offisde. Rytmen stemmer ikkje for heimelaget i dag.
65'
Kim Vik er oppgitt over at han ikkje får corner. Øvretveit får i staden femmeter.
62'
Rødahl kjem inn på høgrebacken, medan Hellevik Larsen overtek for Martinsen på venstre.
61'
Spillerbytte
60'
Hjørnespark
Nest-Sotra får avverga.
59'
Hjørnespark
Nesten 2-0! Det kan sjå ut som at cornerne til Husa treff stolpen. Returen havnar hos Muhammed som skyt via Øvretveit og til corner.
59'
Husa strekk vrista og dunkar til frå 22 meter. Øvretveit må slå til corner.
59'
At Nest-Sotra har vunne ni av elleve kampar til no i år er vanskeleg å forstå slik som dei har framstått i dag. Tamt.
58'
Muhammed får store rom på høgrekanten, men innlegget er rett og slett elendig. Nest-Sotra overtek.
55'
Hjørnespark
Bedre variant denne gongen, men Runar Hove ragar høgast. Stefan Aase får til slutt beina unna.
54'
Husa er uheldig i det han skal ta inn ballen. Ny corner til heimelaget.
53'
Hjørnespark
Som to gonger i 1. omgang endar eit Nest-hjørenspark i frispark til Florø.
52'
Hjørnespark
Etter mykje om og men får Nest ein ny corner. Frå andre sida denne gongen.
52'
Kim Vik er pliktoppfyllande i sitt defensive arbeid og følger venstreback Martinsen heilt til dødlinja. Corner til Nest.
49'
Mål!
0-1
Og der toppar Florø tabellen! Kim Vik med ein nydeleg stikkar gjennom til Rashad Muhammed som er sikker åleine med Øvretveit. 1-0 til Florø, og det er fortent!
48'
Hellevik Larsen rotar godt på høgrebacken og Muhammed overtek. Han går til linja før han slår inn - over alt og alle. Den der burde Muhammed utnytta betre.
47'
Christer Husa svingar inn eit frispark på hovudet til Runar Hove, men avslutninga går rett på Øvretveit. Brukbar sjanse!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då har dei 21 spelarane som gjekk i garderoben kome ut igjen. Stefan Aase har holdt seg i gang i heile pausen.
Spenninga lever i toppkampen! Følg med!
Det er pause på Ågotnes på stillinga 0-0. Florø opna og avslutta omgangen best. Midt i mellom var det ganske jamt. Dei største målsjansane er det også Florø som har skapt, så slik sett hadde det ikkje vore noko å seie på om bortelaget hadde leia. Den største sjansen hadde Erlend Hove etter 31 minutt. Heimelaget har også skapt eit par farlegheiter, og nærmast var Pluemjai etter kvarteret.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Hjørnespark
Nesten at Erlend Hove får hovudet på ballen! Nest-Sotra får kontroll.
43'
Hjørnespark
Corneren vert klarert, men Aase får ein ny innleggsmulighet. Den endar til slutt hos Solheim-Olsen bak i feltet som får avslutta, men Øvretveit er uredd og reddar fint! Ny stor sjanse for Florø.
42'
Hjørnespark
Øvretveit klarer ikkje å holde ballen og Florø får ny corner.
42'
Farleg situasjon når Akinyemi stussar eit Aase-innlegg vidare bak i feltet. Corner for blåtrøyene.
42'
Dårleg forsøk! Det ser ut som han satsar på at muren skal hoppe, for Solheim-Olsen skyt langs bakken. Muren står heilt i ro og dermed renn den store sjansen ut i sanden.
41'
Halvor Solheim-Olsen står klar til å fyre.
40'
Muhammed går i bakken på 17 meter ganske midt foran målet til Øvretveit. Frispark i meget god posisjon for Florø!
38'
Hjørnespark
Nok ein gong endar ein Nest-corner i Florø-frispark. Nissen for tøff i duell med Solheim-Olsen.
38'
Kasper Nissen utfordrar Andrè Reksten og får corner. Damian Sanchez Olsen trakkar ut for å ta det.
36'
Husa og Akinyemi får tilsnakk av dommaren etter at dei havna i ein klinsj. Vikene får roa ned kamphanene før det utvikla seg meir.
31'
Kjempesjanse for Florø og Erlend Hove! Muhammed stussar vidare til midtbanespelaren som har kome på løp inn i sekstenmeteren. Hove dreg til med venstrefoten på halv volley, men Øvretveit vartar opp med ein god redning! Kampens desidert største sjanse!
30'
Stefan Aase prøver skotfoten frå over 30 meter. Får ein liten dupp på slutten, men Øvretveit har kontroll på skotet som går over.
29'
Vi passerer straks halvtimen. Det har vore ganske sjansefattig til no på Ågotnes.
29'
Endeleg kan Florø-fansen juble, men det er ikkje for scoring til eige lag. Speaker opplyser nemleg om at Lørenskog leiar 2-0 over Førde.
25'
Hjørnespark
Over alt og alle. Florø overtek.
25'
Nissen dreg seg fri og skyt frå 18 meter, Frenderup må gi til corner.
24'
Akkurat no skjer det lite. Florø ligg lågt i bana og lar Nest få trille.
22'
Bra oppmøte på bortetribuna på Ågotnes. Det samme kan ein ikkje sei om heimefansen.
20'
Etter at Florø starta best, har Nest-Sotra teke meir over no.
17'
Kasper Nissen hælar ballen med seg forbi Vegar Gjermundstad, men Frenderup er raskt ut og får avverga situasjonen. Småfrekt av danske Nissen.
15'
Hjørnespark
Frenderup får frispark.
15'
Stor sjanse for heimelaget! Zachariassen slår ein glimrande utsidepasning gjennom til Pluemjai som kjem åleine med Frenderup. Dansken i buret gjer ein god jobb og reddar. Corner.
14'
Nest-Sotra har hatt gode opplevingar mot lag frå Sogn og Fjordane tidlegare i sesongen. 4-0 vart det i seriekampen mot Førde, medan Sogndal vart slått 1-0 i cupen!
10'
Gult kort
Sein inne i ein duell med Bjørsvik. Såg kanskje litt billig ut.
10'
Det er bortelaget frå Sunnfjord som har kome best i gang!
9'
Der ligger den i nettet for Florø, men assistentdommeren signaliserer for offside! Det er Rashad Muhammed som skyt, men ballen treff Aton som set ballen i mål. Men han stod altså i offside i det skotet frå Mohammed blei avfyrt.
6'
Hjørnespark
Nissen klarerer, men Florø beheld ballen. Nytt innleggsforsøk frå Aase, men denne gongen rett i klypene til Øystein Øvretveit.
6'
Hjørnespark
Endar til slutt i ny corner.
6'
Slår knallhardt inn langs bakken. Kasper Nissen sleivar til corner.
6'
Max Bjørsvik legger Stefan Aase i bakken i god innleggsposisjon for Christer Husa.
5'
Christer Husa slår bak i feltet mot Kim Vik, som igjen prøvar å finne Erlend Hove inne i feltet. Dei grønkledde får beina unna.
3'
Petter Martinsen svingar eit frispark inn i feltet, men bortelaget får klarert.
3'
Nest-Sotra har berre vunne på Ågotnes i år, medan Florø har vunne samtlege bortekampar. Ein av desse statistikkane vert brotne i dag.
1'
Då er toppkampen på Ågotnes i gang!
Avspark Start 1. omgang
Laga er gått i garderoben for en siste prat. Seks minutt til kampstart i toppkampen på Ågotnes!
Djerv 1919 sin Ørjan Vikene er dagens hovuddommar. Med seg på linjene har han Kalandseid-duoen Steffen Renè Mandelid og Trygve Føreland Pedersen.
Det er ikkje berre Florø sin toppscorar som startar på benken i dag. Det samme gjer Nest-Sotra sin spiss Adnan Cirak. Svensken har putta ti mål i år.
Nest-Sotra manglar to spelarar som mest truleg hadde vore med frå start i dag. Det er backen Bjarte Haugsdal og den kreative offensive midtbanespelaren Johnny Furdal. Begge to fekk sitt tredje gule for sesongen mot Lørenskog sist, og må dermed sone dagens kamp med karantene.
Ein annan Florø-spelar det har vore tvil rundt før dagens toppkamp er Stefan Aase. I likheit med Endre Kupen måtte også Aase testast på kampdag. Det gjekk tydelegvis bra, for midtbanespelaren er med i startellevaren.
Florø har vore nesten like gode, men har ein uavgjort meir og er dermed to poeng bak på tabellen. Desse gode resultata er mykje takka vere Endre Kupen og Erlend Hove. Duoen står bak heile 20 av Florø sine 32 mål i år. Sistnemnde startar dagens kamp, men dessverre for Florø er ikkje Kupen med frå start. Nordfjordingen som har scora tolv mål i år, har etter Vidar-kampen slitt med ein strekk. Han blei testa tett opp mot kampstart og det vart altså konkludert med at han må starte dagens kamp på benken.
Nest-Sotra gjekk på sesongens første uavgjort sist helg då dei spelte 3-3 borte mot Lørenskog. Det såg lenge ut til at laget frå Akershus skulle ta skalpen på Nest, men strilane kom tilbake frå 1-3 og sikra uavgjort. Berre mot Egersunds tidleg i sesongen har strilane tapt. 9-1-1 er dermed fasiten på deira elleve kampar til no i år.
Etter elleve serierunder har desse to laga fått eit solid forsprang på dei andre laga i avdelinga. Vinnaren i denne kampen vil toppe tabellen når vi går inn i sommarpausen. Før dagens kamp er det laget frå Sotra som toppar med 28 poeng, medan Florø ligg hakk i hel med sine 26. Til samanlikning har Vidar på 3.-plass 19 poeng. Florø knuste rogalendingane sist helg med 5-1.
Hei og velkommen til Ågotnes og kampen mellom Nest-Sotra og Florø, denne runda sin desiderte toppkamp i 2. divisjon avd. 3. Den perfekte måten å avslutte vårsesongen på!