Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 14-10. På mål: 9-7.
Veteranen Falcao og stortalentet Mbappe scora begge før det var spelt 20 minutt, medan Dortmund på si side sløsa med sjansane. Tyskarane opna derimot 2. omgang på perfekt vis med mål av Reus, men trass i til tider bra press etter dette makta dei ikkje å få fleire ballar i nettet. Det gjorde derimot innbytar Germain som scora med sin første touch, få sekund etter å ha entra bana.
Monaco vinn også det andre kvartfinaleoppgjeret og tek seg vidare til semifinalene med 6-3 samanlagt. Det var nok ikkje mange som tidlegare i sesongen hadde trua på at monegaskarane ville vere med og kjempe om tittelen i den gjevaste europeiske klubbturneringa, men det gjer dei altså. Og no er dei ikkje langt unna finalen på Millennium Stadium i mai!
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+2'
Dembele med ei svak avslutning frå utanfor boksa. Ufarleg over mål.
90'
I semifinalene kan Monaco altså bli trekt mot Real Madrid, Atletico Madrid og Juventus. Monegaskarane er underdogen, men med det dei har vist i Champions League denne sesongen kan dei absolutt gå heile vegen.
87'
Pulisic vender opp og avsluttar. Høgt over mål.
87'
Borussia Dortmund har fire minutt pluss tilleggstid på å score tre mål. Det er nok berre å gratulere Monaco med semifinalebilletten.
85'
Aubameyang med ei sjeldan avslutning i det han testar Subasic. Målvakta reddar bra. Corner.
80'
Lemar og Mbappe med ein god sjanse til å avgjere, men dei rotar det til.
79'
Blir klarert.
79'
Heimelaget med dødball.
78'
Dembele chippar ballen inn i feltet, men heimelaget får klarert.
78'
Tydeleg at Monaco ynskjer å punktere dette no. Dortmund sitt press har dabba litt av siste minutta.
75'
Så smell det i motsett ende! Lemar kjem seg inn i boksa med ballen, men skotet frå spiss vinkel blir stoppa av Bürki.
74'
Nytt godt forsøk av Dortmund! Reus avsluttar på halvspretten frå seksten meters hald, men skotet er puslete og går rett på Subasic.
72'
Kagawa headar eit innlegg inn framføre mål, men ingen andre i gult kjem på den. Monaco får klarert.
69'
Nære 3-1! Mbappe avsluttar på Bürki frå skrått hald, men skotet går like utanfor mål. Det ser ut til at målvakta er på den, men Monaco blir snytt for ein corner. Har bomma på nokre hjørnespark så langt i kampen, domarteamet.
67'
Demebele har sjansen til å avslutte inne i Monaco si boks, men franskmannen med ei fortid i Rennes går for ei pasning inn foran mål som blir blokkert.
65'
Kjempesjanse for Monaco! Falcao blir spelt heile fri, men åleine med Bürki vel colombianaren å gå for ein chipp. Den går over målet.
65'
Mbappe kjem til avslutning inne i feltet. Headinga blir derimot for laus og Bürki reddar enkelt.
63'
Bra spel av gjestane igjen. Piszczek slår inn, men Monaco får klarert til corner.
62'
Lemar finn Falcao inne i feltet igjen, men den colombianske spissen er under hardt press og sender hovudstøytet utanfor.
61'
Reus slår for lavt inn og heimelaget får stanga unna.
60'
Falcao er heilt nede i forsvar og lagar frispark. Nokre få meter frå eigen sekstenmeter.
58'
Dortmund viser eit heilt anna spel no. Hurtig med få berøringar. Får dei putta eit til bak Subasic spørs det korleis Monaco vil reagere.
57'
Veldig nære at Aubameyang får servert ballen inne i boksa. Eit Monaco-spelar får klarert i siste liten.
56'
Schmelzer speler Reus elegant fri bak Monaco-forsvaret, men Dortmund sin målscorar klarer ikkje å få sendt ballen vidare inn i feltet.
54'
Ginter har fått seg ein smell og er ute på sidelinja for litt behandling.
52'
Ikkje langt unna at Mbappe blir spelt åleine igjennom. Bürki er derimot vaken og kjem raskt ut og plukkar kula.
50'
Nære på for Monaco! Mbappe stig til vêrs og sender ei heading nesten over Bürki og i mål. Målvakta reddar meisterleg.
47'
Kagawa fyrer av frå god posisjon, men avslutninga går ufarleg rett på Subasic.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Monaco leiar 2-0 her, 5-2 samanlagt og har minst eitt bein i semifinalene! Mbappé og Falco sørgja for scoringane, som begge kom før omgangen var halvspelt. Men også Borussia Dortmund har hatt store sjansar, men tyskarane har ikkje vore gode nok i dei avgjerande augneblinkane. Nærast kom Sahin, som hadde eit frispark i stolpen. Monaco ser ut til å ha relativ kontroll på dette, men med fotball veit ein aldri heilt. Det er berre å gle seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Bortelaget står høgt i bana med mange spelarar, men innbytar Dembele øydelegg med å sende ei enkel pasning utover sidelinja.
44'
Lemar er veldig nære ved å spele fri Mbappe inne i feltet, men gjestane får ordna opp.
41'
Rett på Subasic. Svakt slått av Dortmund-stjerna.
41'
Reus med frispark for Dortmund.
40'
Endå meir sjansesløseri frå Dortmund! Guerreiro får plutseleg stå heile åleine bakerst i feltet, men i staden for å avslutte på mål går portugisaren for eit innlegg som blir blokkert. Der BVB kan ikkje halde fram med denne ineffektiviteten om dei skal nokon som helst slags sjanse til å ta seg vidare i kveld.
39'
Dortmund skrur plutseleg opp tempoet og finn kvarandre med få berøringar. Den avgjerande flikken frå Reus til Aubameyang blir derimot for upreis og Subasic kan ta over.
37'
Kagawa trer igjennom til Aubameyang, men spissen blir korrekt avvinka for offside. Har klart seg bra så langt, domarteamet.
32'
Veldig nære at Monaco bryt heilt igjennom. Eit Dortmund-bein stoppar i siste liten det som hadde blitt ein stor sjanse.
31'
Frispark til gjestane. Blir lempa inn i boksa, men heimelaget ryddar greitt opp.
30'
Dembele løftar ballen inn i feltet mot Aubameyang, men Monaco-forsvaret klarerer.
29'
Nok eit innlegg som sneiar luggen til Falcao. Monaco er nærare 3-0 enn Dortmund er redusering no. Lemar stod for også dette gode innlegget.
26'
Dortmund gjer ei endring allereie.
23'
Thomas Tuchel sitt lag må framleis ha minst tre scoringar for å kome à jour her, men sannsynet er nok stort for at det kjem fleire i den gale enden også.
22'
Mbappe set i gong endå eit angrep, men går i bakken før det blir farleg.
22'
Mange trudde nok at Radamel Falcao hadde sett sine beste dagar som fotballspelar etter svake opphald i Manchester United og Chelsea, men i Monaco har han igjen kome opp mot sitt beste nivå. Har blant anna fem mål i Champions League og 18 i Ligue 1 denne sesongen, spissen.
14'
Ny stor sjanse for Dortmund! Bortelaget med frispark, og Sahin curlar ballen elegant over muren og rett i stolpen. Det forsøket hadde Subasic aldri teke. Tyskarane sin andre store sjanse i kampen, det.
13'
Godt forsøk for Monaco! Silva får heada på mål etter eit bra innlegg av Mendy.
13'
Falcao kjem til avslutning. Utanfor med hovudet.
13'
Vi må for øvrig tilbake til 2003-2004-sesongen for å finne sist gong Monaco kom seg vidare frå kvartfinalene i Champions League. Den gongen kom dei seg faktisk heilt til finalen, men der gjekk dei på ein real smell då Jose Mourinho sitt Porto vann heile 3-0.
10'
Bra sjanse for Dortmund! Durm hamrar ballen lavt inn i feltet og Reus bankar til på direkten. Skotet er hardt og lavt, men går dessverre for tyskarane rett på Subasic.
9'
Durm med eit småskummelt innlegg frå høgre. Subasic får til slutt fatt i ballen.
9'
Subasic held på å rote det til i det han er sein med å få sendt av garde ei klarering. Aubameyang jaktar ballen, men blir litt for sein.
7'
Mendy på farta igjen i det han kjem seg fri på venstrekanten og får lagt inn i feltet. Ikkje langt unna at Falcao får tak i ballen foran mål.
6'
Borussia Dortmund må altså score minst tre mål no. Det blir tøft, men tyskarane er definitivt blant dei laga som kan klare noko slikt.
1'
Domaren bles i fløyta for første gong i dag, og eit jubelbrøl stig opp frå publikum. For ein kamp vi har i vente!
Avspark Start 1. omgang
Damir Skomina frå Slovenia er kveldens domar. Forhåpentlegvis har han og assistentane ein meir feilfri dag på jobben enn det tilfellet var i Madrid i går kveld.
Spelarane er på veg ut på grasmatta på Stade Louis-II. Dei som derimot ikkje er med å rusle ut er Fabinho, Sidibe, Boschilia og Carillo for heimelaget, og Bartra, Götze og Schürrle for dei tilreisande.
Begge lag sine supporterar syng med på Gerry and the Pacemaker's hit 'You'll Never Walk Alone', ein song som Borussia Dortmund, blant andre, brukar som sin klubbsang. Ein fin gest for å vise at ein står saman mot terrorisme.
Kampstart har forresten blitt utsett med fem minutt på grunn av at eitt av laga kom seint til stadion som følgje av stor trafikk i området. Avspark er altså 20.50.
Kylian Mbappé, kanskje det mest spanande fotballtalentet i Europa om dagen, blei den store helten i det motsette oppgjeret med sine to scoringar. I tillegg var Sven Bender uheldig og sette ballen i eige mål. For Dortmund sin del reduserte Dembele og Kagawa kvar sin gong. Monaco er altså vidare med siger, uavgjort og eit eittmålstap så lengje ikkje Dortmund scorar meir enn to. Det spørs likevel om vi ikkje får sjå eit heimelag som ynskjer å spele offensiv fotball også på ein så viktig kveld som i kveld.
Monaco leiar som kjent 3-2 etter det første kvartfinalemøtet i Dortmund, ein kamp som mange for øvrig meinte kom altfor tidleg etter at fleire bomber gjekk av i nærleiken av tyskarane sin lagbuss. Marc Bartra blei skadd i angrepet, og er framleis ute med eit brot i handleddet. Borussia Dortmund-sjef Thomas Tuchel seier derimot at den skumle hendinga er ute av spelarane sitt system.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Monaco og Borussia Dortmund! Det er duka for nok ein magisk Champions League-kamp!