Referat
Kun høydepunkter
Vi takkar for følget her på Aker Stadion, og ynskjer deg velkommen tilbake.
Då er kampen over, og den endar 1-1. Det er nok Molde-spelarane mest missnøgd med, for det var heimelaget som var det beste laget totalt sett gjennom 90 minutt. Samstundes er nok gjestene skuffa over at det ikkje heldt heilt inn, når dei har tre poeng i lomma fram til det står 82 på stadionuret.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Det går mot 1-1.
90+3'
Hovland spelar spiss dei siste minutta no.
90+2'
Jarstein brukar tid på utspelet, og gjestene er nøgde med eitt poeng.
90+2'
Det er lagt til tre minutt.
90+1'
Stor sjanse for Molde! Hussain slår inn i feltet, og der dukkar 15 år gamle Svendsen opp! Han er berre centimeter unna på å setje inn 2-1! Får du sove godt i natt etter denne sjansen?!
89'
Magne Simonsen kåra til dagens beste spelar av ein lokal jury på tribunen.
89'
Berget dreg seg innover i feltet, men spring rett på Skogseid. Viking overtek.
88'
Molde-frispark på midten, og Dadi Bödvarsson viser si missnøye over nettopp det.
85'
Kven har mest krefter på slutten? Molde vil helst ha alle tre poenga, og innbytar Svendsen sikrar hjørnespark.
80'
Midtstoppar Hovland er med framover, men får ikkje ballen. Molde ofrar litt meir framover no, i jakta på 1-1.
78'
Viking frampå med Berisha, men skotet går over mål.
78'
Molde-spelarane vi ha hands på Landu Landu, men dommaren vinkar spelet iskaldt vidare.
77'
Oppspel mot Berget, men ingen lagkameratar er å finne på innlegget i feltet.
76'
Berget prøver å finne Coly på løp, men Landu Landu får akkurat kasta seg fram i tide og taklar ut til innkast.
75'
Ekpo vil ha frispark, men får det ikkje. Nigerianaren fortvilar.
72'
Tripic og Molde er nær 1-1, men Jarstein leverer ei fin redning.
69'
Stor sjanse for Molde! Hussain får ballen inne i feltet, men skyt rett på Jarstein! Der var innbytar Tripi? heilt ledig til venstre, som er tydeleg rasande på at han ikkje fekk ballen der.
68'
de Lanlay og Viking kjem fire mot fire, og han prøver eit skot. Blir blokkert ut til innkast.
67'
Berisha prøver å finne Ingelsten på løp, men Hovland avklarar.
66'
Heimepublikum pip etter at Jarstein brukar ekstra lang tid på utsparket.
63'
Berg Hestad gir Ingelsten juling på midten. Klart frispark.
61'
Molde har scora i 24 heimekampar på rad. Skal den rekkja stoppe i dag?
61'
Linnes slår inn i feltet, men Jarstein held ballen.
57'
Nisja med herleg takling på midten for Viking, og gjestene bryt.
54'
Olsen køyrer karusell med Molde-forsvaret! Dreg seg forbi både Linnes og Hovland, men blir effektivt stoppa i Toivio. Like før han fekk banka inn 0-2 der!
53'
I fjor var det altså berre Viking som tok poeng her på Aker Stadion. Sist gong Molde slo Viking var i 2006.
52'
Hussain med frekk detalj på midten, men pasningen vidare held tre hakk lågare nivå. Viking overtek.
50'
Stor sjanse for Molde! Innlegg frå høgrekanten, og Hovland avsluttar over med pannebrasken frå fem meters hald. Der bør vaimingen score!
49'
Vertane har opna best etter pause, og jaktar 1-1!
48'
Toivio skyt frå langt hald, og Jarstein slår til corner!
48'
Frispark til Molde i fin posisjon. Toivio står ved ballen.
46'
Ingen av laga har gjort byter, og stiller med samme mannskap etter kvilen.
46'
Viking med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er straks klare for andre omgang.
Molde har hatt mest ball i denne førsteomganen, men det er Viking som går til pause med 0-1. Olsen scora sitt sjette mål for sesongen, med hovudet. No må Molde framover på bana, noko som kan passe kontringsvillige Viking fint. Vi ser uansett fram til ein spennande andre omgang her frå Aker Stadion!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Olsen med høgt spark, og heimepublikum vil sjå det gule kortet. Dommaren held det framleis tett til brystet.
44'
Frisparket blir slått inn i feltet, men avslutninga frå Ingelsten held ikkje internasjonal standard. Over målet til Nyland.
43'
Frispark til Viking i fin posisjon, etter at Hovland er for tøff mot målscorar Olsen.
42'
Molde nærmar seg! Linnes slår inn til Berget, som vender og skyt. Like over!
41'
de Lanlay leiker seg på høgrekanten, men innlegget blir litt for langt.
36'
Fin sjanse for Molde! Corner inn i feltet, og Berg Hestad nikkar ein meter utanfor!
35'
11 av Viking sine 12 sigrar i Tippeligaen denne sesongen har kome med eitt mål. Skjer det samme i dag?
33'
Viking var det einaste laget som vann to gonger mot Molde i fjor.
32'
Dette var ein skikkeleg kaldusj for heimelaget, medan det varma godt for dei tilreisande frå Stavanger.
29'
Gjestene trillar ball på eigen halvdel, og Molde legg seg litt djupare.
29'
Coly prøver eit skot frå 25 meter. Blir blokkert.
27'
Vi må tilbake til 30.oktober 2011 for å finne sist gong Molde spelte uavgjort på heimebane i Tippeligaen. Sidan den gongen har det gått 23 kampar!
26'
Heimelaget har vore best, men den største sjansen er det likevel gjestene som har hatt, då de Lanlay avslutta utanfor på ope mål tidleg i omgangen.
24'
Linnes har vore offansiv på Molde sin høgreback. Har vore meir på Viking sin banehalvdel enn sin eigen dei første 20 minuttane av oppgjeret.
22'
Framleis Molde som styrer spelet her på heimebane.
20'
Berget klinkar til frå 25 meter - Jarstein slår til corner!
20'
Fin lang ball mot Olsen på venstrekanten, men Viking sin toppscorar er på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
19'
Ingelsten langt nede i bana for å prøve å få ballkontakt. Til no har Viking-spissen fått lite å jobbe med.
18'
Viking prøver seg, men Molde-spelarane er aggresive og bryt på midten.
16'
Fin sjanse for Molde! Linnes skyt frå 12 meter, men Jarstein reddar til corner.
16'
To landslagsmålvakter i aksjon i dag. Nyland keeper på U21-landslaget, medan Jarstein er Drillo sitt førstval som keeper på A-landslaget.
15'
Landu Landu tek med seg ballen framover, men spelar den ut over sidelinja.
14'
Ørnskov har vore god for Viking denne sesongen, og spelar sin siste kamp for klubben. I dag har han derimot opna litt ruskete på midtbane for gjestene.
13'
Flo, Høiland og Forren vart alle presenterte før kampstart. Ingen tvil om at det blir stor konkurranse om plass på førstelaget resten av sesongen!
12'
de Lanlay utfordrar Simonsen, og får innkast.
10'
Der burde det blitt 0-1, og Molde-fansen fekk seg ein støkk der etter ei god opning av heimelaget.
9'
Kjempesjanse for Viking! Lang ball mot de Lanlay, som flikkar ballen forbi ein utrusande keeper Nyland, men mistar balansen i det han skal skyte i det opne buret, og set dermed ballen utanfor!
8'
Linnes slår inn i feltet, men ballen går over Berget som lurer inne i boksen. Gjestene får kontroll.
7'
Ekpo med hands, og Viking får frispark på midten.
6'
Heimelaget har festa eit lite grep om kampen dei første minuttane.
6'
Linnes kastar fram til Coly, som vender og skyt. Utanfor!
5'
Fint Molde-angrep blir avslutta med at Berget prøver eit skot, men Skogseid blokkerer forsøket.
4'
Linnes med fin ball mot Coly som tek med seg ballen mot hjørnflagget, men Landu Landu får frispark i duellen.
3'
Bjørdal er forøvrig dagens Viking-kaptein, i fråværet av midtstopparmakker Sigurdsson.
2'
Hovland prøver å finne Coly med ein lang ball, men Bjørdal brystar ballen inn til keeper Jarstein.
1'
Heimelaget tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana. Straks avspark!
Då er laga i full gang med oppvarming, og det strøymer på med tilskodarar her i Molde.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart her i Molde. Har du spørsmål eller artige innspel, kan du treffe underteikna på Twitter med @AsgeirArdal. Følg med!
Viking må klare seg utan Makhtar Thioune og Indridi Sigurdsson i dagens kamp, medan vertane sin toppscorar Daniel Chima Chukwu må sjå kampen frå tribunen. Også han må sone karantene i dagens kamp.
Molde-manager Solskjær har brukt sommaren godt på overgangsfronten, og har henta inn Per Egil Flo, Mats Møller Dæhli, Vegard Forren og Tommy Høiland. På same tid har Magnus Wolff Eikrem og Lauri Dalla Valle reist ut stadionportane. I Stavanger har Viking forsterka laget med Osita Henry Chikere og Benjamin Sulimani, medan Martin Ørnskov blir å finne i Brøndby-drakt etter dette overgangsvinduet.
Daniel Chima Chukwu og Trond Olsen er toppscorarar for dagens motstandarar, med høvesvis seks og fem nettkjenningar.
Moldejazz er like rundt hjørnet, og det er venta mykje folk til stadion i dag.
Viking står bokført med 3-1-4 på sine åtte kampar på bortebane.
På heimebane står Ole Gunnar Solskjær sitt mannskap med 3-0-4 på sine sju kampar. Berre Start har fleire baklengsmål på heimebane enn Molde, samstundes som det berre er dei tre topplaga som har scora fleire mål på eige gras.
Viking jaktar medalje, men har berre to poeng på dei siste tre kampane. Før dagens kamp ligg laget som nummer fem på tabellen, men det er berre målskilnaden som er svakare enn Aalesund på tredjeplass.
Heimelaget er inne i ein god periode, med to sigrar på rappen. På dei siste ni kampane har det berre blitt eitt tap, mot Haugesund (1-5) her på Aker Stadion. Men mot Viking har dei blåkledde slitt i lang tid. Molde har ikkje vunne på dei elleve siste kampane i Tippeligaen mot Viking!
Hei, og velkommen til Aker Stadion og Molde - Viking!