TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
For ein fotballkamp på Aker Stadion! Etter ein fantastisk og jevnspelt 1.omgang kor Mostrøm, Høiland og Ohi scora måla, var det einvegskøyring i 2.omgang. Ohi satte inn 3-1 på ei straffe som Mostrøm skaffa. Det gjekk ikkje så lang tid før Ohi satte sitt tredje for dagen og Molde gjekk opp i 4-1. Erling Knudtzon var aktiv i heile dag og hadde mange mulighetar til å score. Like før han blei bytta ut satt den endeleg for Knudtzon som scora dagens vakraste mål når han chippa ballen over Wichne i Viking-buret frå skrått hold! Ein fortjent og overbevisande seier for Molde! Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer å takke for seg.
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+2'
For ein sjanse til 6-1! Etter litt klabb og babb er det til slutt James som får den største muligheten, men ei lang Viking-tå er akkurat først på ballen!
90+1'
To minutt tillegg på Aker Stadion.
89'
Flott ballspel, men eit forferdeleg lavt tempo på bana! Begge lag ser klare ut til å gå i garderoba.
88'
Molde leikar seg med ballen no! Det er hælflikkar og det som bedre er!
86'
Molde stoppar ikkje! Ohi er inne i sekstenmeteren til Viking og drar av to mann, men når han skal dra av dei samme to ein gong til går det ikkje. Flott spel, men dårlig utnytta av Molde og Ohi!
84'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
82'
Selvmål!
5-1
Molde køyrer angrep, og Hestad rullar ballen ut til Knudtzon. Innlegget går i Bjørshol og blir til ein lobb over Wichne. 5-1!
81'
Molde er frampå igjen! Knudtzon får sjansen, men det vil seg ikkje for han i kveld. God redning av Wichne!
81'
Hestad drar seg gjennom to mann og slår eit hardt innlegg. Der står Vevatne som fleire gongar i dag og ryddar opp for Viking!
79'
Viking har tatt over ballen for ei stund, men slit med å komme seg forbi Molde.
78'
Hjørnespark
Corneren blir tatt kort og endar opp med eit frispark til Viking.
78'
Gabrielsen er sterk og skaffar Molde ein corner.
76'
Spillerbytte
75'
Hestad drar seg nydeleg oppover høgresida! Drar seg innover i feltet og går på skudd! Skuddet går rett i blokka og han skulle kanskje sett opp og sentra til Ohi der.
73'
Spillerbytte
71'
Mål!
4-1
Der står det 4-1! Molde spelar seg oppover venstresida. Innlegget blir blokkert, men på returen står Hestad som er iskald! Istaden for å skyte sjølv, sentrar han ei roleg pasning til Ohi som står heilt aleine på bakerste stolpe og prikkar inn sitt tredje for dagen! Festfotball frå Molde no!
71'
Molde har full kontroll på kampen no og Viking får ikkje låne ballen i meir enn eit par trekk.
69'
Eikrem går på skudd, men det blir blokkert. På returen prøvar Ellingsen seg. Eit svakt skudd og ballen trillar ut til eit utspark.
68'
Spillerbytte
67'
Stor sjanse til Molde! Molde trer seg framover, Knudtzon slår til Haraldseid som slår inn til Ohi. Ohi snik seg foran forsvararen og får avslutta, men avslutninga går over mål! Ohi burde fått til ei bedre avslutning der.
66'
Aursnes prøvar innlegget, men det går rett i Vevatne og ut til eit innkast.
65'
Molde trillar ball meget fint no! Viking blir springande mellom og får ikkje tak i kula.
62'
Hjørnespark
God corner av Pereira! Han svingar den hardt inn mot fem-meteren. Linde får akkurat ei hand på ballen og forlengar den ut av farlig område.
62'
Knudtzon drar seg flott oppover venstresida, går forbi ein mann og skal slå innlegget. Innlegget går rett i ein forsvarer. Ei dårleg avlsutning på ein flott prestasjon av Knudtzon.
59'
Eikrem slår ei genial pasning til Knudtzon! Knudtzon drar seg innover og skyt! Skuddet er altfor laust og går langt over mål. Dårleg utnytta av den tidlegare Lillestrøm-spelaren.
59'
Molde trer seg framover og får ein god sjanse, men Ohi står i offside og øydelegger angrepet.
57'
Pereira svingar inn lavt mot første. Der står Ohi og klarerar kontant.
56'
Viking med langt innkast. Molde får klarert, men Thorstvedt snappar opp ballen og skaffar eit frispark i god innleggsposisjon for Viking.
56'
Molde med åtte mann inne i Viking sin sekstenmeter! Dei trer seg fram og tilbake, men får akkurat ikkje avslutta. Molde er gode og ser ut til å ha full kontroll her.
54'
Molde roar ned tempoet i kampen og kontrollerar spelet.
52'
Molde fortsett å presse! Knudtzon får ballen ute på venstresida og må velge mellom skudd og innlegg. Han vel ein mellomting og det endar i utspark frå mål.
50'
Mål på straffe!
3-1
Ohi bomma på straffe forrige heimekamp, men denne gangen er han skråsikker! Bankar ballen knallhardt midt i mål og sender Wichne andre veien! Det står 3-1 til Molde!
49'
Straffe!
49'
Molde får straffe! Dommar er først ikkje sikker, men ombestem seg og bles straffe! Det er Mostrøm som blir felt!
49'
Molde er frampå igjen! Knudtzon denne gang! Innbyttar Wichne er våken og gjer ei fin redning!
48'
Molde er frampå! Eikrem får ballen av Gabrielsen ute på venstresida. Eikrem ser Aursnes som kjem på løp og slå ut til han. Aursnes skyt, men skuddet blir blokkert!
47'
Viking går ut og tar kontroll over ballen. Molde pressar høgt.
46'
Høiland sett igang omgangen.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
For ein omgang med fotball! Molde går til pause med 2-1 etter eit sjansebonanza! Det heile starta etter ti minutt nå Eikrem vakkert spelte gjennom Mostrøm som satte inn 1-0. Etter det åpna kampen seg opp og det var sjansar i begge endar! Omsider klarte Viking å overliste ein god Andreas Linde i Molde-målet. Det måtte tre forsøk til på ein og samme sjanse før Høiland endeleg fekk ballen i mål! Like etter smalt det for Molde når Haraldseid fann Ohi inne i feltet på eit godt innlegg! Etter dette hadde både Høiland og Ohi ein mulighet til å sette sine andre mål for kvelden. Det gjekk ikkje og vi tar pause med 2-1 til Molde.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Her smell det i alle endar! Bytyqi tar ned ballen inne i sekstenmeteren og sentrar til Høiland som brenn til på første! Skuddet er hardt, men snik seg over tverrligger! Nok ein god sjanse for Viking!
45'
Der skal det stå 3-1! Ohi blir slått gjennom og spring ifrå Viking-forsvaret! Austbø er raskt ute frå streken og forstyrrar Ohi som sett ballen utanfor mål! Stor sjanse for Ohi til å sette dagens andre mål!
45'
Pereira er på vei oppover venstresida si, men Mostrøm er nede og taklar ballen ut til kast til enorm jubel!
43'
Ellingsen er tøff i ryggen på Bjørshol og Viking får frispark på midtbana.
42'
Molde prøvar å kontroller kampen, men Viking er gode i presspelet sitt.
39'
Mål!
2-1
Der smell det med ein gang! Molde går opp i 2-1! Eikrem spelar ballen ut til Haraldseid som tar eit touch før han slår eit knallhardt innlegg mot Ohi inne i feltet. Ohi er klar og gjer ingen feil når han bredsidar inn 2-1! Flott scoring av Molde!
39'
For ein kamp vi har fått på Aker Stadion!
38'
Hjørnespark
Molde går rett i angrep igjen, men får ikkje noko ut av cornerane.
38'
Hjørnespark
36'
Mål!
1-1
Der står det 1-1! Det er ikkje ufortjent! Høiland blir spelt gjennom og aleine med keeper skyt han seint, Linde gjer ei ekstremt god redning! På returen står Bytyqi og skyt, men nok ein gang er Linde ute med eit tigersprang. På det tredje forsøket står Thorstvedt og headar til Høiland som sett ballen inn på åpent mål!
34'
Hjørnespark
Svak corner som Viking får klarert. Eikrem får ein ny sjanse etter klareringa, men også denne gangen er innlegget for dårlig.
34'
Molde pressar på og skaffar ein corner!
33'
Innlegg mot Gabrielsen på bakerste, Gabrielsen prøvar å heade tilbake, men headinga går for nærme Austbø som plukkar.
32'
Eit langt innlegg finn Høiland på bakerste! Han legg tilbake til Bytyqi som står på sju meter og skyter. Desverre for Viking skyt han rett i blokka! Nok ein gong ein stor sjanse for Viking! Her kjem det fleire mål!
30'
Molde kontrar godt! Vevatne stoppar kontringa enda bedre! Aleine mot Ohi er han kontant og går rett på ball. Svært god involvering av Viking-kapteinen!
29'
Hjørnespark
God corner av Eikrem! Etter at eit par hoder er på ballen får Viking omsider klarert!
29'
Eikrem drar seg innover og skyt! Endar i ein corner til Molde.
28'
Viking slår eit innlegg frå venstresida. På enden går Ibrahimaj opp og headar, men headinga blir for svak. Linde ligg og ventar på ballen når den kjem.
27'
Eikrem svingar inn på bakerste! Ballen treff ein Viking-spelar i bakhaudet og går til ein Molde-spelar som står på fem meter og bankar til på volley! Ballan går utrulig nok over mål! Der skulle det stått 2-0!
26'
Vevatne er tøft inne i ein duell med Mostrøm og svensken får frispark i god innleggsposisjon!
24'
Ibrahimaj stormar oppover venstresida. Inne i feltet kjem både Høiland og Bytyqi på løp. Ibrahimaj slår ut til Bytyqi som får eit elendig treff på ballen og rotar vekk ein god mulighet for Viking!
22'
Hjørnespark
Lav og hard corner som blir klarert på første stolpe. Svak corner av den ellers så solide Eikrem.
22'
Mostrøm skaffar Molde ein corner.
21'
Bytyqi prøvar seg på ein frekkas! Han ser at Linde står litt langt ute og prøvar å chippe den i lengste kryss. Linde er med på notane og kjem seg tilbake og plukkar enkelt.
20'
Viking slår i bakrom mot Høiland, men Linde er kjapt ute og klarerar. Godt keeperspel av svensken!
20'
Molde har tatt kontroll på ballen igjen etter nokre gode Viking-minutt.
18'
Der bør det stå 1-1! Thorstvedt slår ein fantastisk ball til Ibrahimaj! Ibrahimaj er så og sei aleine med Linde før Bjørnbak kjem inn og forstyrrar akkurat i avslutningøyeblikket. Ein god mulighet for Viking og Ibrahimaj!
17'
Pereira tar med seg ballen gjennom angrepsleddet til Molde. Etter det møter han Aursnes som stoppar han kontant og lovleg. Godt spel av Moldes midtbaneanker.
15'
Viking er for første gang inne i sekstenmeteren til Molde! Bytyqi slår eit laust innlegg mot Høiland som ikkje når opp i duellen.
14'
Hjørnespark
Tas kort og Molde beheld presset. Ballen endar til slutt opp med Austbø.
14'
Knudtzon skafar ein corner til Molde.
13'
Molde går rett i angrep igjen, men Gabrielsen går i offside og Viking tar over.
10'
Mål!
1-0
Der sitt den for Molde! Etter eit massivt press kjem Molde seg endeleg gjennom! Eikrem lobbar ballen fint gjennom Viking-forsvaret, der har Mostrøm gått på løp og gjer ingen feil når han trillar ballen til høgre for Austbø! Flott mål av Molde!
10'
Der er Molde og Knudtzon frampå igjen! Eikrem og Mostrøm kombinerar fint før Mostrøm finn Knudtzon som går for skuddet! Skuddet er hardt, men rett på keeper!
9'
Molde er frampå igjen! Denne gong er det Haraldseid som kjem på overlapp og får lagt inn. Innlegget går hardt mot første stolpe, der er det ingen Molde-spelarar og Austbø plukkar ballen.
6'
Nesten for Molde! Erling Knudtzon stormar oppover venstresida si, Salte klarar ikkje å følge Knudtzon på fart. Knudzton kjem seg fri og finn Ohi bak i feltet. Ohi står aleine og får heada på mål, men headinga blir for svak! Enkel redning for Austbø.
5'
Eikrem slår tidlig i bakrom mot Ohi. Tord Salte matchar Ohi på fart og får rydda opp for Viking.
4'
Molde er frampå igjen, men den siste pasninga frå Mostrøm til Eikrem blir for upresis og Viking får klarert.
2'
Molde pressar på! Viking med samtlige mann på eigen halvdel.
2'
Molde går ut og tar kontroll over kampen. Trillar seg fint framover og slår eit innlegg frå høgresida, Austbø har grei kontroll der.
1'
Eikrem slår til Bjørnbak og kamper i gang.
Avspark Start 1. omgang
Av dei fem siste kampane mellom Molde og Viking på Aker Stadion, har Molde tatt 4 sigrar. Viking tok med seg tre poeng frå Aker Stadion i 2016. Desse fem siste oppgjera har hatt eit målsnitt på 3,6 mål per kamp.
Viking har også hatt ein god sesongstart etter opprykket forrige sesong. Laget frå Stavanger står med 14 poeng etter åtte kampar. Av dei 14 poenga har berre 4 av dei blitt tatt på bortebane. Viking har ikkje vunne ein kamp på bortebane i Eliteserien sidan 2. serierunde mot Tromsø.
Til tross for den gode sesongstarten til Molde, kjem dei frå eit 3-2-tap borte mot Kristiansund på 16.mai. Molde starta kampen godt og leda 0-2 før Kristiansund snudde kampen og vann 3-2.
Molde har hatt ein god start på sesongen og ligg for øyeblikket på 2.plass, tre poeng bak Odd. Molde har starta med fire av fire sigrar heime på Aker Stadion og imponerande 11-1 i målforskjell på heimebane.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og kampen mellom Molde og Viking.