TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Da gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følget. Ha ein fin kveld vidare!
Molde skal ha kudos for å fortsetje festfotballen trass i at leiinga berre vart større og større. Viking derimot må nok ta eit oppvaskmøte etter dagens kamp ettersom dei var både tannløse offensivt og tidvis vidopne defansivt. Men heldigvis er ingen kamp viktigare enn den neste, og forhåpentligvis kan Berntsens menn riste av seg dagens opptreden så fort som mogleg. Allereie på lørdag står nemleg erkerival Haugesund på motsatt banehalvdel når sesongens første rogalandsderby går av stabelen. Molde skal til Drammen, nærmare bestemt Marienlyst, for å møte Strømsgodset førstkommande søndag.
Hovuddommar Hagen bles av oppgjeret når det står heile 5-0 på poengtavla. Etter ein skuffande prestasjon heime mot Odd i førre runde skulle Viking komme til Aker Stadion for å reise skuta. Men dagens kamp vart alt anna enn ei gjenreising. Molde feide siddisane av bana og var dominerande både i banespelet og på målprotokollen.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+4'
Auklend får nesten pynta på resultatet! Den unge midtbaneeleganten rager høgast i feltet når Viking kjem til innlegg. Ballen treff tverrliggeren. Ser ut som Linde følte han hadde betre kontroll på den enn han eigentleg hadde.
90+3'
Ståande applaus frå heimepublikummet i avslutningsminutta her.
90+1'
Gigantmoglegheit for Ohi! Får eit hav av rom når Molde kontrar på Viking. Hestad med ein presis stikkball, men åleine mot keeper set Ohi ballen til sides for mål.
90+1'
Tre tilleggsminutt på Aker Stadion.
85'
Spillerbytte
85'
Molde kontrar og Brynhildsen avanserar. Til slutt får nysigneringa avslutta med venstrefoten, men Østbø redder.
83'
Straffe!
Også får Viking straffe!
83'
Bom på straffe!
Linde med ei brilliant strafferedning! Målvakta er i full strekk og redder Høilands straffespark nede i sitt venstre hjørne.
83'
Molde rullar fint opp, og Wingo får ballen på drøyt 20 meters hald. Amerikanaren nøler ikkje eit sekund og fyrer av ei rakettkule som smell inn i nettmaskene. 4-0!
82'
Hjørnespark
81'
Mål!
5-0
Genistrek frå innbytteren som sender frisparket under den hoppande Viking-muren, og inn i mål! Ulland følger altså i Hussain og James sine fotspor og scorer i andre kamp på rad.
80'
Skotet går rett i muren, men treff handa på ein Viking-spelar. Nytt Molde-frispark frå nærmare hold.
80'
Molde får frispark på 30 meter. Ulland Andersen står klar.
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Mål!
4-0
Wingo fyrer av ein rakett som resulterer i amerikanaren sin første scoring for klubben! I forkant rullar Molde opp på flott vis før ballen hamnar hos høgrebacken som smell ballen inn i nettmaskene frå drøyt 20 meter.
76'
Viking-spelaren er oppe på beina igjen, og spelar vidare. Godt nytt for Viking som allereie har ei lang skadeliste.
75'
Midlertidig stans i spelet når Pereira ligg nede.
75'
Tre reine posisjonsbytter frå Moe. Fortsetter i 4-2-3-1.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Torsteinbø hos Viking spelar sin kamp nummer 100 for klubben i dag.
71'
Spillerbytte
69'
Berntsen sitt mannskap står fortsatt i 5-3-2, sjølv om det på ingen måte har vist seg å vere ei suksessoppskrift den første timen.
67'
Molde farleg i bakrom igjen, men denne gongen er Østbø ute og avverger i siste liten.
64'
Mål!
3-0
Leikestue og scoring av Leke James! Innbytter Hestad og James kombinerer med eit leikent veggspel før James brukar innsida av foten når han på kontrollert vis plasserer sitt andre mål for dagen nede i hjørnet.
63'
Pereira forsøker seg med høgrefoten frå 18-meter. Skotet går utanfor mål og ut til utspark.
62'
Hjørnespark
Bjørnbak er først på corneren og får styrt headinga mot mål. Men headinga blir for svak og Østbø reddar enkelt.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
60'
Bytyqi drar seg forbi Kitolano ute til høgre, men innlegget går over alt og alle.
58'
Hjørnespark
Klarerast på første stolpe.
54'
Viking kastar langt, men Molde får klarert.
54'
Bytyqi bommar åleine med keeper! Viking-spissen får eit hav av rom når han løper åleine mot Linde omtrent frå midtbanestreken. Med Molde-forsvaret i nakken blir avslutninga frå Bytyqi både svak og midt på keeper. Den burde Viking utnytta betre!
53'
Hjørnespark
Klarerast.
53'
Molde rullar opp til Wingo som vinn corner.
52'
Solid redning av Østbø! Aursnes med ein volley frå rundt sju meter frå mål. Han får eit godt treff, men det går midt på Østbø som held skotet i fast grep.
50'
Hjørnespark
Aursnes headar i nettveggen frå første stolpe.
50'
Wingo går til dødlinja og slår inn eit lågt innlegg. Viking-forsvaret får akkurat klarert til corner.
50'
Berisha nære på å komme seg inn bak Bjørnbak for første gang i kampen, men Molde-stopparen rydder opp nok ein gong.
48'
Viking ser ut til å fortsetje i 5-3-2 også etter pause. Berntsen valde også å ikkje bytte i pausa.
46'
Bytyqi med avspark i andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Da går vi til pause på stillinga 2-0 til Molde som i skrivande stund er på tabelltopp! To baklengsmål før kampens første kvarter var unnagjort var nok det stikk motsatte av kva Viking såg for seg når dei kom til Molde med ei fembackslinje. Blir spanande å sjå kva Berntsen vel å gjer i pausa - for i denne omgangen har 5-3-2 funka dårleg for siddisane.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Frisparket blir klarert, men Viking beheld ballen. Vikstøl forsøker så eit innlegg frå venstre, men venstrebacken slår ballen ut over dødlinja.
45'
Viking vinn frispark på midten, og skal slå langt.
44'
Hjørnespark
Kort variant med ein overlapp som gjer at Eikrem får ballen tilbake. Han prøvar så på eit innlegg, men er litt for hard på labben når han løftar innlegget over alle og ut til utspark.
43'
Rett i muren frå Eikrem og ut til corner.
43'
Christensen leggjast i bakken like utanfor feltet til Viking, og dommaren dømmer frispark i draumeposisjon for Eikrem.
42'
Gult kort
Vevatne feller Kitolano når han skal vinne andreballen i etterkant av dødballen. Kampens andre gule kort.
41'
Viking flyttar opp luftskyts frå bakre rekker når dei vinn eit frispark på midten.
40'
Så feirar Molde-fansen nok ei scoring. Men denne gongen er det fordi speaker offentleggjer at Kristiansund har tatt leiinga mot Bodø/Glimt.
39'
Wingo slår eit innlegg frå høgre som går rett i nevane på Østbø.
36'
Vanskelege forhald for Bytyqi og Berisha som jobbar i tospann på topp. Kvar gong Viking vinn ballen er spissane langt nede på eigen banehalvdel for å forsvare eige mål.
34'
Molde kontrar og Eikrem er fri på høgresida. Eikrem legg inn til James som svevar høgt i lufta, og headar ballen over mål.
32'
Hjørnespark
Klarerast til slutt av Kitolano.
31'
Linde med ei feilpasning når Molde skal spele seg ut bakfrå. Torsteinbø bryt og finn Bytyqi som til slutt blir stoppa av Molde-forsvaret.
29'
Berntsen gjekk vekk frå sin kjente 4-3-3 for å tette igjen bakover før dagens kamp. Med ei fembackslinje hadde han nok ikkje forventa to baklengsmål etter tretten speleminutt. Blir spanande å sjå kva taktiske grep Viking-trenaren vil ta utover i kampen.
27'
Viking kastar langt. Faktisk så langt at kastet går heilt inn til Linde som plukkar i feltet.
24'
Innlegget frå Bell kjem lågt på første stolpe. Molde får rydda unna.
23'
Pereira vinn eit frispark på kanten av Molde sin 16-meter. Det er Bjørnbak som feller Vikings nummer 30. God innleggsposisjon for Viking dette.
21'
Hjørnespark
Bell fortsett der han slapp mot Odd førre kamp. Dødballen er svak og uadressert. Molde får klarert.
21'
Viking vinn sitt første hjørnespark.
20'
Kvar gong Eikrem blir rettvendt spurtar Knudtzon i bakrom. Duoen har hatt ein frisk start på kampen.
17'
James spelast fri i bakrom, men blir vinka av for offside.
16'
Bytyqi med Vikings første skotforsøk. Får ballen på 20 meter og fyrer laus. Linde har god kontroll og reddar ballen i fast grep.
13'
Mål!
2-0
Hussain pirkar ballen over streken! Dødballspesialist Eikrem svingar frisparket hardt mot Østbø. Østbø slår ballen opp i eigen tverrligger før Hussain plukkar opp returen og pirkar inn 2-0. Hussain har no scora to mål på to kampar for Molde!
13'
Knudtzon vinn frispark i innleggsposisjon.
10'
Molde er veldig hissige på å finne Knudtzon i bakrom i opningsminutta. Nok ein gong nære på at blåtrøyene slepp inn bak Vikings forsvarsledd.
8'
Hjørnespark
Klarerast.
8'
Knudtzon kjem nok ein gong inn på baksida av Viking forsvaret. Denne gongen prøvar han eit innlegg som ein Viking-forsvarer får klarert til corner.
5'
Mål på straffe!
1-0
Iskaldt frå Molde-spissen! Sender ballen til høgre og Østbø til venstre. Draumestart for heimelaget.
4'
Gult kort
Får gult kort for fellingen av Knudtzon.
4'
Straffe!
Eikrem finn Knudtzon med ei stikkpasning. Nok ein gong er ballen litt lang frå Eikrem, men likevel rekk Knudtzon å få eit touch på ballen før Østbø feller Moldes nummer 14 rett innanfor bortelagets 16-meter.
3'
Molde med mest ballinnhav i opningsminutta.
1'
Stor sjanse i første minutt! Eikrem finner Knudtzon med ei flott stikkpasning, men Østbø kjem ut og får avverga i siste sekund. Nære på for heimelaget!
Avspark Start 1. omgang
I skrivande stund entrer laga bana, og vi er straks klare for ein forhåpentligvis fartsfull og målrik kamp her i Molde.
Da er startoppstillingane klare. Både Moe og Berntsen har måtte endre laga frå førre serierunde. Hos heimelaget har Christensen og Knudtzon tatt kvar sin kantposisjon, og dermed erstatta Ulland Andersen og Brynhildsen i startellevaren. I tillegg ser man at Holmgren Pedersen ikkje er tilgjengeleg for dagens kamp etter hovudsmellen han fekk i ein duell med Kristoffer Velde førre laurdag. Dermed kjem Wingo inn på høgrebacken frå start. Berntsen har funnet plass til Pereira, Furdal og Andresson. Dei erstattar Ibrahimaj, Løkberg og Sebulonsen som alle tre har pådratt seg skadar av ulikt slag sidan kampen mot Odd førre runde. Løkberg er heilt ute av troppen, medan Sebulonsen og Ibrahimaj finn man på benken. No gjenstår det berre å smøre seg med tolmodigheit og glede seg til kampstart om under 30 minutt!
Vi kryssar fingrane for ein spanande kamp mellom eit Molde-lag som må vinne for å halde følgje med sigersmaskinene frå Bodø, og eit Viking-lag som verkeleg treng poeng for å kunne skaffe seg ei større luke til nedrykkssumpen. Underteiknande kjem tilbake med lagoppstillingar rundt ein time før kampstart!
Med 19 mål fordelt på dei to laga i løpet av dei fem siste innbyrdes oppgjera mellom Molde og Viking kan det fort bli ein målrik affære, også i dag. 3. juli 2016 var førre gong Viking vant på bortebane mot Molde. Da vant siddisane 0-1 etter scoring av Mathias Bringaker, men sidan den gong har dei tapt 3-2 i 2017 og 5-1 i 2019. I 2018 spelte Viking i OBOS-ligaen.
I likheit med Berntsen har også Moe ha eit par skadeoppdateringar som er interessante å notere seg. Kristoffer Haugen er tilbake frå eit langvarig skadeopphald, men dagens oppgjer mot sin tidlegare arbeidsgivar kjem akkurat i det tidlegaste laget. – Eg skulle gjerne tatt sjansen på å vere med, men det ville ikkje trenarteamet, uttaler han til Romsdals Budstikke dagen før kamp. Bortsett frå Haugen er Stian Gregersen ute på ubestemt tid. I tillegg skal Marcus Holmgren Pedersen også vere usikker etter å ha fått ein hovudsmell i førre runde borte mot Haugesund. Sjølv om skadelista til Molde ikkje er den verste, så kan det likevel bli store endringar i lagoppstillinga før dagens kamp. Moe har vist tidlegare denne sesongen at han liker å rullere i startoppstillinga – spesielt mot antatt svakare motstand på heimebane.
Molde har starta denne sesongen i forrykande stil. Seks sigrar, ein uavgjort, null tap og ein 2.-plass på tabellen er fasiten etter dei sju første kampane av årets sesong. På heimebane har fjorårets seriemeister gjort reint bord etter å ha slått Rosenborg 1-0, Stabæk 4-1 og Mjøndalen 2-1 på sine tre heimekampar så langt denne sesongen. Ein statistikk som Erling Moe sitt mannskap truleg vil gjer alt i sin makt for å oppretthalde i dagens kamp.
Men trass i mangel på nøkkelspelarar har nok Berntsen eit håp om at Viking skal slå betre frå seg i dagens kamp enn dei gjorde i tilsvarande oppgjer førre sesong. Førre tilsvarande oppgjer ende nemleg 5-1 til Molde etter av tre scoringar av Ohi Omoijuanfo, eit av Erling Knudtzon, eit av Mattias Moström, og ei bortescoring av Tommy Høiland.
Dessverre for bortelaget har dei truleg ei lang skadeliste før dagens oppgjer. Løkberg, Austbø, Bjørshol, De Lanley, Østensen, De Souza og Hove skal alle vere utilgjengelege før dagens kamp ifølgje diverse kjelder. Det blir difor interessant å sjå korleis Berntsen vil komponere startellevaren sin inn mot dagens kamp utan fleire av sine nøkkelspelarar.
I henhold til vanleg folkeskikk tar vi gjestane først. Før dagens oppgjer ligg Viking på 13.-plass med berre ein siger etter sesongens første sju rundar. Med andre ord har Bjarne Berntsen sitt mannskap foreløpig ikkje klart å følgje opp den sterke fjorårssesongen som resulterte i cupgull og ein 5.-plass på Eliteserie-tabellen for siddisane.
God ettermiddag, og velkommen til liveoppdatering frå Aker Stadion. Mitt namn er Andreas Hellenes, og gjennom dei kommande timane skal eg ljose deg gjennom kampen mellom Molde og Viking i runde 8 av Eliteserien 2020.