Referat
Kun høydepunkter
Der er det slutt for idag og det endar 4-1 til Molde! Molde spelar ein god fotballkamp, men 4-1-resultatet lyg kanskje noko. Vålerenga var ikkje så dårlige som det resultatet tilseier. Det begynte med at Ohi satte inn 1-0 i 1.omgang. Wolff Eikrem la på til 2-0 før Ulland Andersen satte inn 3-0 rett etterpå etter eit straffespark. Her var Molde inne i ei svært god periode og det såg ut som det kunne bli mykje meir. Vålerenga stabla seg på beina igjen og etter eit litt heldig mål frå Markus Nakkim blei det kamp igjen. Om enn ikkje så altfor lenge. Vålerenga holdt oppe presset og når Shala satte ballen i stolpen såg det ut som det kunne bli spenning. Det holdt ikkje for Enga og Molde satte inn 4-1 kort tid etter. Herifrå og ut var det lite spenning og Molde tok ein fortjent seier. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og Thomas Ferreira og takke for seg etter ein fantastisk fotballkamp!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+3'
Trampeklapp frå Aker Stadion i det det går mot tre svært viktige poeng for Molde!
90+2'
Haraldseid slår eit einnlegg inn i feltet. Der står Leke James, men innlegget er for laust og det blir ingen avslutning. Molde beheld ballen.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Molde ser ut til å ha fått meir kontroll på kampen og det går mot tre poeng for Molde!
86'
Her skjer det ting! Mostrøm dreg seg framover og skal ha frispark, men dommar vinkar fordel av ball. Molde rotar vekk ballen og Vålerenga overtar. Når ballen endelig er ute av spel fir ikkje dommar gult for holdinga på Mostrøm. Publikum reagerar med pipekonsert!
83'
Der skjer det igjen! Kwarasey og Bjørdal er ute og rotar, ballen går mot mål, Ohi og Kwarasey er i løpeduell, ballen havnar i mål og alle jublar, men det er avblåst!
81'
Dønnum drar seg framover og fyrer avgårde eit skudd, men det går i blokka. Havnar ute på høgre sida til Vålerenga og det endar i offside.
80'
Kan Vålerenga få noko ut av dei siste 10 minutta?
79'
Molde får eit frispark og benyttar sjansen til å roe ned tempoet.
77'
Vilhjalmsson får kontroll på ballen inne i Moldes sekstenmeter. Han vender fint opp og prøvar å finne ein lagkamerat, men ein Molde-spelar kjem i vegen og klarerar!
73'
Innkast til Vålerenga høgt oppe i bana. Vålerenga spelar seg fri og held oppe trykket mot Molde! Molde ser absolutt ikkje komfortable ut no! Vålerenga styrer spelet!
70'
Dønnum drar seg innover i feltet! Han finn Shala som får vendt om og får avgårde ei flott avslutning! Avslutninga snik seg fobi Linde som strekk seg så lang han er og går i stolpen! Ei god involvering av Vålerengas to innbyttarar!
69'
Vålerenga ser langt mot sin islandske spiss, men ballen blir for lang og går heile vegen inn til Linde i Molde-målet.
67'
Molde ser tydelig prega ut av Vålerenga sitt intensive press. Slår langt ved fleire anledningar der dei i 1.omgang spelte seg fint ut bakfra.
66'
Eikrem slår ut til Ulland Andersen som skyt! Blir ikkje noke god avslutning og ballen går over mål.
65'
Vålerenga har fått blod på tann og pressar på! Kan dei ta med seg poeng frå Aker Stadion for første gong sidan 2015?
63'
Frispark til Vålerenga frå 21 meter! Ejuke og Dønnum står klar! Det blir Ejuke. Han brenn ballen langt over målet. Eit svakt frispark.
62'
Her skjer det virkelig ting! Dønnum spring mot mål og ut kjem Linde. Dei kolliderar og begge to ligg nede.
59'
Eikrem fell Vilhjalmsson og Vålerenga får frispark i god innleggsposisjon.
57'
Fantastiske kombinasjonar på Molde si høgreside! Haraldseid spelar vegg med Ohi og får den tilbake med hælen! Samba-takter frå Molde no!
56'
Hestad slår eit innlegg mot bakerste mot Haugen. Han treff ikkje ballen skikkelig og ballen går ut til utspark. No har Molde verkeleg skrudd opp tempoet og det kokar på Aker Stadion!
54'
Der skal det stå 4-0! Eikrem får ballen og drar seg framover og skal berre runde keeper! Han får eit dårleg touch og Kwarasey kjem ut og fangar ballen frå beina til Eikrem! Svært godt keeper-spel!
49'
Vega får ballen og skjær innover. Fyrer avgårde og får ein corner til protest frå heimepublikum.
48'
Ulland Andersen går i bakken innanfor sekstenmeteren! Publikum og han ropar på straffe, men dommar vinkar spelet vidare! Såg ut som ein korrekt avgjerelse.
47'
Kampen startar i eit høgt tempo og Molde pressar høgt. Vålerenga blir nødt til å slå langt, men vinn ballen også høgt i bana.
46'
Det er Vålerenga som sett i gong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der er det pause på stillinga 1-0 til Molde. Molde åpna friskt og tok ledelsen etter ei fantastisk pasning frå Eikrem til Ohi og ei like fantastisk scoring frå Ohi! Vålerenga tok etterkvart meir og meir over. Dei kom til ein stor muligheit ettr eit kjapt innkast og Ejuke tok med seg ballen inn i sekstenmeteren. Han slo eit presist innlegg til Vilhjalmsson som ikkje makta å sette ballen bak ein god Andreas Linde i Molde-buret! Der burde det stått 1-1! 1-1 hadde vore eit fortjent resultat til pause for Vålerenga. Vi er snart tilbake med 2.omgang og håpar den blir like bra som den fyrste!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Ulland Andersen står klar! Frisparkspesialisten skyt rett i muren. Eit svakt frispark frå god posisjon.
45+2'
Molde spelar seg framover. Ellingsen får ballen og blir felt av Abu. Frispark frå 20 meter!
45+1'
To minutt tillegg.
45'
Ellingsen får ballen frå Haugen og skyt frå 20 meter! Han får eit dårleg treff på ballen, men Eikrem står på enden og heile stadion trur det står 2-0. Han var dog i offside. Bomma også på mål...
43'
Vålerenga har ball, men slit med å finne rom og skape sjansar.
42'
Molde spelar seg fint ut av eit høgt Vålerenga-press! Spelar seg framover og Eikrem får ein skuddmuligheit på 25 meter! Som tidlegare idag treff han dårleg og ballen går langt over mål.
40'
Lekven prøvar igjen! Denne gong eit bedre forsøk! Linde er med på notene! Corner!
38'
Fine kombisjonar på Vålerngas venstreside. Detn endar i eit innlegg frå Adekugbe, men på enden av innlegget er Bjørnbak og klarerar til innkast.
35'
Hestad tar med seg ballen framover, Haugen kjem på eit sugande løp oppover venstresida. Haugen får ballen, men klarar ikkje å kontrollere den.
34'
Det er Vålerenga som kontrollerar kampen no.
34'
Abu ser Vilhjalmsson ta eit løp bak forsvaret, slår pasninga, men islendingen har gått i offside.
32'
Vålerenga prøvar å få kampen tilbake i sitt spor. Trillar ball og jobbar seg framover, men når Lekven skal slå ut til Nakkim blir ballen for dårleg og det endar med innkast til Molde.
32'
Hestad er i skuddposisjon, men vel å slå på Haraldseid som kjem på overlapp. Han legg inn mot Ohi, men vålerenga får klarert.
31'
Etter litt klabb og babb inne i feltet får Eikrem ballen på volley fra ca 13 meter! Han fyrer avgårde, men skyt langt over mål!
27'
Vålerenga held oppe presset sitt. Dei tar eit kjapt innkast mot Ejuke! Han tar med seg ballen innover og slår på Vilhjalmsson! Han får ei tå på ballen, men skyt rett på Linde! Der kunne det og burde det stått 1-1! Ei god redning frå Linde som kjem ut i stjerne og gjer seg så stor han kan! Linde får medisinsk behandling etter redninga.
26'
Lekven slår ei fin pasning opp til Bård Finne. Han får tid til å ta ned ballen og har to gode pasningsalternativ. Finne velg å skyte, han skyt rett i Gabrielsen.
23'
Deyver Vega fell Ohi ca 30 meter frå mål. Frispark. Ulland Andersen og Eikrem står klar. Innlegg eller skudd? Blir innlegg frå Eikrem, men Vålerenga har få problem med å klarere det innlegget.
22'
Molde har overtatt ballen igjen. Spelar seg nok ein gong fint framover på høgresida, men også denne gong er det offside. Haraldseid denne gong.
21'
Haugen vinn ballen frå Vega. Sentrar ballen til Eikrem som kan slå på Ohi, men publikum ropar skyt og han svarar med å skyte. Eit dårleg skudd dog og ballen trillar sakte forbi høgre stolpe til Kwarasey i Vålerenga-målet.
19'
Vålerenga pressar meir på no. Nakkim slår eit innlegg mot Vilhjalmsson, men det blir akkurat litt for høgt. Han får berre nokre hårstrå på ballen.
18'
Adekugbe får ballen ute på venstresida og siktar innlegget mot Matti Vilhjalmsson, men Bjørnbak kjem foran og klarerar kontant!
17'
Molde spelar av det høge presset til Vålerenga svært fint. Kjem seg framover, men der har Eirik Hestad gått i offside.
16'
Abu skyt frå 20 meter. Skuddet går langt over mål. Eit svakt forsøk.
14'
Haraldseid vinn ballen på midten og sentrar til Hestad. Hestad sett fart framover og Haraldseid kjem på overlapp, men pasninga frå Hestad til Haraldseid blir for lang. Endar med eit dårleg innlegg.
13'
Nakkim får ei fin pasning frå Ejuke. Han har rom og tid til å ta ballen med framover, men velg eit tidlig innlegg. Der er det ingen i boksen og Linde plukkar det lave innlegget enkelt.
11'
Vålerenga er komfortable med å spele ballen langs bakken og tvingar Molde til å springe litt imellom. Ikkje ofte ein ser det på Aker Stadion.
10'
Eirik Ulland Andersen jobbar knallhardt for å hindre Nakkim til å slå langt mot Vega. Ballen går ut til innkast til enorm jubel.
9'
Veldig roleg tempo her no. Ballen går sakte og det er få bevegelsar.
8'
Vålerenga har kontroll på ball, men blir tvinga tilbake og må slå langt. Molde overtar igjen.
5'
Molde har fått tak i ball og trillar fint fram og tilbake som dei ønskar.
4'
Gabrielsen går knallhardt inn i ei takling på Deyver Vega. Han tar ballen, men Vega ligg nede og vil ha eit frispark.
4'
Vålerenga spelar seg fint framover. Bård Finne får ballen og tar eit steg, testar skuddfoten, men Linde ligg nede og plukkar den enkelt.
2'
Andreas Linde slår ei strøken pasning ut til Haraldseid, men han får sola i auga og klarar ikkje å kontrollere ballen.
1'
Ballen blir slått langt og går ut til eit innkast.
1'
Det er heimelaget som set igong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Molde gjer ingen endringar frå kampen mot Stabæk. Vålerenga gjer to endringar. Deyver Vega kjem inn for Herolind Shala og Markus Nakkim tar plassen til den suspenderte Juárez.
Sola har skint frå skyfri himmel over 'rosenes by' i heile dag. Det er duka for ein nydelig kveld på Aker Stadion!
2015 var sist gong Vålerenga tok med seg poeng frå Aker Stadion. Den gong endte kampen 0-0. Sist gong Vålerenga tok med seg tre poeng frå Molde var heilt tilbake i 2010. Dei siste tre åra har Vålerenga slitt stort på Aker Stadion. Dei siste tre oppgjera står med 13-1 i målforskjell i Moldes favør. Kor dei tre kampane har endt 4-0, 4-0 og 5-1.
Dagens oppgjer er eigentleg oppsett som ein del av den 15. serierunda, men sidan Molde skal ut i Europa League-kvalifisering er kampen flytta til ikveld. Det samme gjeld kveldens andre Eliteserie-kamp Brann-Kristiansund.
Dagens oppgjer er eit møte mellom to lag det er knytta store forventningar til denne sesongen. Vålerenga står med tre poeng etter to kampar, Molde står med fire poeng etter to kampar. Sidan fleire av medaljefavorittane har tapt poeng i sesongstarten kan denne kampen være ein god sjanse til å få eit lite forsprang på resten av favorittane.
Vålerenga spelte borte mot Kristiansund på søndag. Vålerenga gjekk på eit 2-0 tap på ei vanskeleg bortebane etter mål frå Bendik Bye og Kristoffer Hoven. Efraín Juárez gjorde det ikkje enkelt for Vålerenga når han i det 48. minutt fekk sitt andre gule kort og dermed rødt. Den tidlegare Celtic-spelaren må dermed stå over dagens kamp.
Det er igjen klart for kamp frå Eliteserien på Aker Stadion. Både Molde og Vålerenga spelte kamp på søndag og har hatt kort tid for restitusjon. Molde tok imot Stabæk på søndag, den kampen endte 3-0 til Molde. Magnus Wolff Eikrem, Ohi Omoijuanfo og Mattias Mostrøm stod for måla mot Stabæk. Molde spelte fin fotball og hadde ingen problem med å slå Stabæk og ser tidlig ut som ein gullkandidat.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og livedekninga av kampen mellom Molde og Vålerenga.