TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Tre gode og viktige poeng for Molde i sesongåpninga på Aker Stadion! Molde spelar ein god kamp mot eit ungt Stabæk-lag. 1-0 og 2-0 kom i førsteomgang. Magnus Wolff Eikrem satte 1-0 i eit tomt Stabæk-mål. Nysigneringa Ohi satte inn 2-0 etter eit flott angrep av Molde. Hestad og Eikrem var gode i oppbygginga av angrepet som gjorde at Ohi kunne bredside inn 2-0. 2.omgang var mykje rolegare og Molde hadde stålkontroll stort sett heile kampen. Innbyttar Mattias Mostrøm kom inn og satte 3-0 for Molde. Molde viste alvor med planane om seriegull! Ein flott fotballkamp her på Aker Stadion. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og Thomas Ferreira å takke for følget! Molde spelar heimekamp allerede på onsdag mot Vålerenga.
Der er det slutt! Eirik Hestad med ein god sjanse til å sette inn 4-0-målet rett før slutt. Ballen snik seg utanfor høgre stolpe!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+2'
Tornekrattet sang lekestue når Leke James blei bytta inn. Det er akkurat det som foregår her ute no.
90+1'
Det tikkar mot tre poeng for Molde i sesongåpninga på Aker Stadion!
90+1'
To minutt tillegg.
90'
Haugen er nok ein gong aktiv på venstresida si. Siktar innlegget mot Fredrik Aursnes som har tatt turen inn i boksen. Stabæk-forsvaret får ei tå på ballen og avvergar situasjonen.
89'
Stabæk er frampå, men når innlegget skal slås er der ingen i boks og innlegget går heilt ut til innkast for Molde.
87'
Haugen kjem opp på venstresida og slår eit god innlegg til Mostrøm inne i feltet. Mostrøm sklir i det han skal dempe ballen og Stabæk tar over.
86'
Spillerbytte
86'
Molde har lagt seg djupt i bana. Stabæk spelar fint ball og ser etter åpningar i Molde-forsvaret.
84'
Hjørnespark
Utoverskrudd corner frå Molde. Langt bak i feltet til Sjølstad som tar roleg ned kula. Ballen havnar ute igjen med Hestad, slår inn til Ellingsen som headar ballen midt på Sandberg.
81'
Mål!
3-0
Mattias Mostrøm! Veteranen setter 3-0! Mostrøm skjærer innover i boksen og setter ballen vakkert med utsida nede i høgre hjørne! Eit flott Molde-mål og det ser ut til at 3 poeng blir i rosenes by!
80'
Sjølstad markerar seg med ein gong!
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Ein dårleg utnytta corner frå Molde.
79'
Molde spelar seg fint fram! Aursnes skal slå innlegget, men ballen blir klarert til corner.
78'
Molde har ikkje hatt like god kontroll på ballen dei siste minutta, men Stabæk er unøyaktige og får ikkje mykje ut av ballen. Det luktar tre poeng for Molde på Aker Stadion!
76'
Stabæk har fått låne ball og spelar seg roleg framover i bana. Det går fint heilt til Franck Boli skal vende spelet. Slår ballen rett ut til innkast.
75'
Molde rullar opp eit flott angrep! Spelar til slutt Ohi fri innanfor 16-meteren. Ohi har gått i offside og Stabæk slepp med skrekken nok ein gong!
72'
Enorm sjanse for Ohi! Ballen kjem frå venstresida og inn til Ohi som kjem i fart. Ohi får ein fot på ballen, men avslutninga går rett på Sandberg som gjer seg så stor han kan! Der skulle det stått 3-0!
72'
Molde er i angrep og får ikkje avslutta. Stabæk slår Boli i løpsduell med Gabrielsen. Gabrielsen slår Boli på fart og skjærmar ballen inn til Andreas Linde. Svært godt spel av Molde-kapteinen!
70'
Hjørnespark
Slås inn, Ohi klarerar ut til Luc Kassi som testar skuddfoten. Ei slapp avslutning som Linde reddar enkelt.
70'
Boli i Gabrielsen og ut til corner!
68'
Hjørnespark
Svingar ballen inn mot nærmaste. Det er ingen som møter ballen og Sandberg får ein enkel jobb med å holde ballen.
68'
Eirik Hestad sett fart og spring 40 meter med ballen. Tar seg inn i 16-meteren og finn Mostrøm med ei god pasning. Svensken får til ei avslutning frå skrått hold, men ballen går på feil side av stolpen.
66'
Daniel Braaten er fri ute på venstresida og skal slå eit innlegg inn i feltet. Som andre gongar denne kampen havnar innlegget på tribuna.
65'
Molde trillar roleg og kontrollert med ballen. Stabæk må opp og fram om det skal bli poeng på laget frå Bærum.
64'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
62'
Det går mot eit dobbeltbytte for Stabæk. Askildsen og Braaten står klar på linja. For Molde står Mostrøm klar til å komme inn.
62'
Stabæk sine sju bortesupportera har lite å juble for i denne kampen.
60'
Ulland Andersen sett fart og slår ut til Ohi som har trekt ut på kanten. Ohi slår inn igjen i midten på Eikrem som kjem i fart. Eikrem skyt, men det er eit svakt skudd som Sandberg held ganske greit. Eit godt angrep av Molde!
58'
Ellingsen prøvar skuddfoten frå 20 meter! Får eit godt treff på ballen som tvingar Sandberg til å bokse ballen sjølv om den kom rett på han. Eit godt forsøk!
57'
Ellingsen slår ein fin ball til Eikrem som står på 18 meter. Eikrem prøvar å tre ballen gjennom til Ohi, men ballen blir for lang. Der skulle nok moldensaren prøvd skuddfoten.
55'
Henning Berg står på sidelinja og lar både linjedommaren og fjerdedommaren høyre kva han meinar om alt! God humor i ein hittil svak omgang.
54'
Børkeeiet ser Boli ta eit løp inn bak forsvaret, slår ei fin pasning over Molde-forsvaret og treff Boli. Desverre for Stabæk står Boli i offside.
52'
Vetlesen er nok ein gang på ferde! Slår ei god pasning gjennom til ein rask Boli. Boli får tak i ballen, men det heile renn ut i ingenting.
50'
Vetlesen prøvar å slå gjennom Ola Brynhildsen og klarar det nesten. Bjørnbak får ei lang tå på ballen og klarerar den. Ei svært viktig involvering av midtstopparen!
49'
Mange tøffe duellar no. Denne gang er det Ulland Andersen som fell Børkeeiet. Frispark på midtbana.
48'
Haugen drar seg forbi Boli, men Boli hektar Haugen og lagar eit frispark.
47'
Ein rotete start på omgangen. Stabæk står høgare og pressar Molde til feil.
46'
Der er vi igang. Molde startar med ein lang ball opp frå Bjørnbak.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er straks klare med 2.omgang. Det er Molde som skal starte med ballen.
Molde går til pause med ei komfortabel og fortjent 2-0-leiing! Molde har mest ball og skapar mest. Stabæk har lite ball og får lite ut av den når dei har den. Molde fikk etter nokre sjansar endeleg satt inn ledarmålet etter at ein iskald Eikrem satte ballen i eit tomt mål. 2-0 kom ikkje lenge etterpå. Den satte Ohi roleg ned i hjørnet bak sine tidlegare lagkameratar etter eit flott angrep. Det var Eikrem og Hestad som var arkitektane bak 2-0-målet. Ein flott omgang med fotball her på Aker Stadion! Vi er straks tilbake med 2.omgang.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Hjørnespark
Corneren slås inn i feltet, men klarerast av Molde.
45'
Stabæk er frampå! Boli stormar inn i feltet. Får ballen litt langt foran seg, slår den tilbake i feltet. Endar med corner.
43'
Hjørnespark
Nok ein kort corner frå Molde som sett igang spelet igjen.
43'
Aursnes prøvar skuddfoten til stor jubel. Sandberg får ei hand på ballen og slår den ut til corner.
40'
Hjørnespark
Molde går rett i angrep igjen! Corneren tas kort, ballen havnar ute med Ulland Andersen på 20 meter. Han klinkar til kula, får eit godt treff, men i veien står Hugo Vetlesen. Han får ballen rett i sine edlere deler.
38'
Mål!
2-0
Det er 2-0! Flott scoring av Molde! Eikrem sett fart framover og slår gjennom Hestad. Hestad får kontroll på ballen og finn ein ledig Ohi inne i feltet. Ohi har ingen problem med å bredside den inn bak sine gamle lagkameratar! Den første av mange for Ohi i Molde-trøya?
36'
Hjørnespark
Ohi skaffar corneren etter eit blokkert innlegg. Svak corner frå Eikrem! Ei lumpe inn på første stolpe som klarerast av Stabæk-forsvaret.
36'
Haugen set fart framover og innover i bana, slår ballen vidare til Eikrem som får avgårde eit skudd rett på Sandberg.
35'
Boli prøvar å komme seg fri. Bjørnbak heng på han som ein klegg, og Boli lagar frispark i forsøket på å vende bort Bjørnbak. Godt stopparspel!
32'
Mål!
1-0
Der sitter den! Ohi blir slått gjennom, ut kjem Sandberg og klarerar, men ikkje godt nok. På enden av klareringa står Eikrem som sett den roleg i det åpne målet! Fortjent ledelse til Molde.
31'
Ohi dreg seg innover i boksen og skal slå innlegget, der er ingen bevegelsar og han blir tvinga ut igjen og angrepet må begynne på nytt igjen. Endar til slutt opp med ei svak heading frå Kristoffer Haugen.
28'
Molde har full kontroll på ballen, men tempoet på kula og bevegelsane rundt er få og dårlige. Enkelt for Stabæk å forsvare seg mot.
27'
Molde spelar seg fint inn mot 16-meteren heilt til Eikrem skal slå den avgjerande pasninga til Hestad. Ballen blir for svak og Stabæk overtar. Haraldseid blir nødt til å lage eit frispark for å hindre overgangen.
26'
Hernandèz får ein fin ball frå Bohinen ute på høgresida, men nok eit svakt innlegg her på Aker Stadion hindrar avslutning for Stabæk denne gang.
23'
Molde trillar nok ein gong fint med ballen, men når innlegget skal slås får Haugen eit dårleg treff på ballen og legg den rett i fanget til Sandberg.
22'
Stabæk får for ein gongs skyld kontroll på ballen. Vetlesen prøvar å ta seg forbi Ellingsen, men han tar ei taktisk felling og lagar frispark. Viktig for Stabæk å kunne låne ballen innimellom.
20'
Eikrem prøvr å spele Haraldseid fri på høgresida. Stabæk-spelaren tar ballen med handa og lagar frispark. Frisparket legg Eikrem inn i feltet sjølv. Etter litt klabb og babb får Sandberg etterkvart kontroll på kula.
18'
Molde spelar håndball-angrep her no. Ballen rullar frå side til side utan at nokon klarar å spele den gjennom eller slå den inn i feltet.
17'
Ulland Andersen får ballen ute på venstresida si, skjær innover og får avgårde eit skot. Nok ein gong ei svak avslutning frå Moldes nysignering. Nok ei enkel redning for Sandberg.
15'
Molde rullar opp nok eit flott angrep, ballen kjem ut til Haraldseid som skal slå den inn i boksen på ein ventande Ohi. Han bommar grovt og ballen havnar på tribuna.
13'
Hjørnespark
God corner på første stolpe, der står Aursnes og stussar den vidare. Sandberg er med på notane og reddar den greit.
13'
Molde har fått stor kontroll på kampen. Rullar opp angrepet og får ein corner.
11'
Ulland Andersen testar skuddfoten frå 23 meter. Eit uvanleg svakt skudd til han å vere. Rett på Sandberg.
10'
Hjørnespark
Svak corner som går langt bak i feltet, blir heada tilbake, men den har Linde ingen problem med å fange.
10'
Vihmann slår ei svak pasning til Sandberg, Ohi luktar den og pressa Stabæk-keeperen, men han får klarert.
8'
Ohi prøvar å kontrollere ballen, men endar opp med å lage frispark. Stabæk tar muligheten til å roee ned tempoet.
6'
Eikrem prøvar seg på eit innlegg for styring. Slår hardt inn i feltet, men det er ingen som luktar muligheten. Frisk start på kampen.
5'
Eikrem slår gjennom Ohi som får til ei avslutning, den er svak og Ulland Andersen plukkar opp returen, legg inn på ein offsideplassert Ellingsen. Ein god muligheit til å ta ledelsen.
3'
Stabæk har eit tydeleg ønske om å slå langt veed ein kvar anledning. Molde prøvar å spele seg framover i bana.
2'
Stabæk slår hurtig i bakrom, retning Boli. Gabrielsen er på plass og ryddar opp. Innkast Stabæk.
1'
Der er vi igang! Stabæk sett igang med en lang ball opp mot Boli som ender med frispark.
Avspark Start 1. omgang
Lagoppstillingane er klare. Molde gjer ei forandring frå kampen mot Sarpsborg 08. Eirik Ulland Andersen kjem inn for Erling Knudtzon. For Stabæk kjem Emil Bohinen inn for ein langtidsskadd Matthew Rusike.
Det er ein flott dag for fotball her i Romsdal. Det er ingen nedbør, omtrent seks grader, vindstille og overskya med solglimt innimellom. Flott vær for god og underhaldande fotball.
Dagens kamp blir spesiell for Molde-spissen Ohi Omoijuanfo, som kom frå nettop Stabæk i vinter. Kan spissen score mot gamleklubben i første forsøk? Ohi står med respektable 38 mål på 100 kampar for Stabæk. Det er dermed naturlig at der er store forventningar til at Ohi skal hjelpe Molde til eit etterlengta gull.
Fjorårets oppgjer mellom Molde og Stabæk på Aker Stadion endte 3-0. Det etter scoringar frå Fredrik Aursnes, Eirik Hestad og Mattias Mostrøm. Molde har vunne dei siste tre oppgjera mot Stabæk på Aker Stadion. Vi må tilbake til 16.mai kampen i 2015 for å finne sist gong Stabæk tok med seg poeng frå Aker Stadion. Denne kampen endte 3-3.
Stabæk åpna sesongen heime mot Lillestrøm, kor dei som i likhet med Molde også spelte 1-1. Fjorårets toppscorar i Eliteserien Franck Boli, scora målet for Stabæk på eit fantastisk brassespark. Det var ein kamp prega av ei grasmatte som ikkje var sesongklar i det heile tatt. Stabæks Matthew Rusike pådrog seg eit stygt beinbrudd og er ute i fleire månadar på grunn av den dårlige matta. På Aker Stadion er det kunstgras og det er klart for sesongstart.
Endeleg er det klart for kamp frå Eliteserien, her på Aker Stadion! Molde har brukt vinteren flittig og signert heile åtte nye spelarar. Det er store forventningar knytta til Molde denne sesongen, og mange trur at gullet kan havne i Molde. Molde åpna sesongen med poengdeling borte mot Sarpsborg 08. Kampen endte 1-1 etter ein omdiskutert hands situasjon, som resulterte i frisparket kor Molde satte inn utlikninga rett før slutt. Molde imponerte få forrige søndag, men tok eit svært viktig poeng på ei vanskeleg bortebane.
Hei, og velkomen til oppgjeret mellom Molde og Stabæk, direkte frå Aker Stadion!