TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heldigvis for både meg og deg var dette kun sesongavslutninga til Molde og Sarpsborg 08. Det er fortsatt sju kamper igjen av siste serierunde, samt ein hengekamp mellom Odd og Strømsgodset! Så no er det berre å benke seg framfor TV-skjermen, la julefreden synke inn og nyte årets siste kampar frå norsk toppfotball! No gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følget!
Kampen er over og det samme er sesongen for Molde og Sarpsborg 08 sin del. Kampen opnar jamnt, men etter at James sender Molde i leiinga i kampens 25 speleminutt, så endrar kampbiletet seg umiddelbart. Resten av kampen blir eit svakt Sarpsborg 08-lag feid av bana av eit festfylt Molde-lag. Moström markerer det som kanskje er hans siste Molde-kamp med scoring, før Ohi scorar 3-0 og 4-0, og Ellingsen vartar opp med kampens høgdepunkt når han scorar 5-0 frå minst 40 meter. Sesongavslutninga på Aker Stadion blir med andre ord ein fest for både heimesupportarane og heimelaget.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+2'
Ellingsen hopper over og Eikrem skyt det siste frisparket på Aker Stadion i 2020. Skotet går utanfor mål før hovuddommar Hansen bles av oppgjeret!
90+1'
Gult kort
Lager frispark på rundt 25 meters hald.
90+1'
Det leggast til eitt minutt.
88'
Mål!
5-0
Martin 'silkefot' Ellingsen scorar frå minst 40 meter! Molde vinn ballen inne på eigen banehalvdel og Ellingsen får ballen. Midtbanemannen forserer ti meter framover i bana får han løfter blikket og ser at Thomas står langt ute. Moldes nummer 11 løfter deretter ballen på følsomt vis over sisteskansen og inn i nettmaskene! For ein venstrefot han har!
88'
Hjørnespark
Ballen hamnar i feltet, og til slutt får Gregersen skutt. Sarpsborg 08 får klarert.
87'
No er det mykje rart i Sarpsborg 08-forsvaret! Sundgot forsøker å finne James i bakrom, men Thomas er våkent ute og skal klarere. Målvakta klarerer ballen i ryggen på Utvik og dermed går ballen ut til corner.
85'
Ohi blir altså bytta ut med seks minutt igjen på klokka. Dermed blir James Moldes toppscorar i Eliteserien 2020.
84'
Spillerbytte
83'
Hjørnespark
Headast unna av Adéoti på første stolpe.
83'
Utvik roter det til og gir Ohi ein skotmoglegheit frå 14 meters hald. Ohi er altfor hard på labben og sender ballen langt over mål. Der kunne Ohi tangert James på Moldes toppscorarliste.
81'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
81'
Hurtigtoget Gregersen kjem fri i bakrom og parkerer bortelagets forsvar. Aleine med Thomas forsøker midtstopparen å chippe sisteskansen, men Sarpsborg 08-målvakta reddar med hovudet.
79'
Frisparkinnlegget blir enkelt klarert.
79'
Wingo får frispark i duell med Ofkir. Molde skal nok legge inn herfra.
78'
Hjørnespark
Slår corneren direkte ut til Ellingsen som står utanfor sekstenmeteren. Corneren blir ufarleg.
78'
James kjempar seg fri i duell med Dyrestam og får skutt frå kanten av femmeteren, men avslutninga går midt på Thomas og ut til corner.
77'
Ellingsen fyrer av ein tidleg nyttårsrakett mot Sarpsborg 08-målet. Skotet er knallhardt, men sniker seg eit par meter utanfor stengene.
74'
Konté har hatt ein tøff dag på jobben. Den unge spissen blir ofte veldig aleine når han får ballen på topp, og han har heller ikkje klart å utretta noko stort.
73'
Hjørnespark
Adéoti klarerer på første stolpe.
72'
Hjørnespark
Ødegaard headar ut til nytt hjørnespark.
72'
Eikrem skyt rett i muren og ballen går ut til hjørnespark.
72'
Frisparket er på rundt 25 meter. Eikrem skal skyte.
71'
Brynhildsen får eit frispark etter at Dyrestam kjem forseint inn i duellen med unggutten.
71'
20 minutt igjen av kampen. Sarpsborg 08 ligg lågt og forsvarer seg. Dei tre poenga blir fort værande igjen i Rosenes by i dag.
68'
Ellingsen går ned som midtstoppar ettersom Bjørnbak vart bytta ut. Eikrem tar plassen som Ellingsen etterlater seg på midtbana. Bolly spelar ute til høgre, medan Ohi er flytta inn sentralt i den vanlege 'Eikrem-rolla', altså offansiv midtbane.
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Adéoti skyt frå rundt 25 meter. Skotet går utanfor mål.
66'
Heintz snappar ballen frå Wingo som forsøker å dra av Sarpsborg 08-kanten når Molde skal spele seg ut bakfra. Heldigvis for Molde blir Heintz sitt innlegg enkelt klarert.
63'
Ohi skyter like utanfor mål! Nok ein gang får han ballen frå Knudtzon. Denne gangen skyt Ohi frå rundt 18 meters hald, men skotet går utanfor mål.
63'
To reine posisjonsbytter frå Stahre. Dyrestam tar plassen til Bojang og Adéoti tar plassen til Vetti.
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
59'
Heintz setter ballen i nettveggen når han får moglegheita til å redusere! Konté ruller ballen vidare til Heintz som har både tid og rom i Moldes sekstenmeter. Heintz legg ballen til rette før han setter skotet i nettveggen. Den burde Sarpsborg 08-kanten utnytta betre!
58'
I skrivande stund står Ohi med 12 scoringar i Eliteserien 2020, medan James har 13. Kan Ohi ta igjen Moldes nummer 10 på Moldes toppscorarliste?
56'
Mål!
4-0
Ohi setter ballen mellom beina på Thomas! Knudtzon forserer oppover høgreflanken før han finn Ohi via eit Sarpsborg 08-bein. Ohi vender opp og fyrer av eit rapt skot som går gjennom beina på Thomas. Den burde Sarpsborg 08-målvakta klare å redde.
56'
Etter kampen blir det truleg ei lita sølv-feiring på Aker Stadion i dag. Årets sesong blir fjerde sesongen på rad at Molde hamnar på første- eller andreplass i Eliteserien.
53'
Eikrem treff hovudet til Hussain som forsøker å støte ballen i nærmaste hjørne. Ballen sklir av pannebrasken til midtbanemannen og sprett seinare ut over dødlinja. Utspark til Sarpsborg 08.
53'
Eikrem skal svinge inn.
53'
Bojang feller Moström nede ved cornerflagget. Molde får frispark i god innleggsposisjon.
52'
I fjor hamna Sarpsborg 08 på 12.-plass med 30 poeng. I år blir det minst ein 12.-plass med 32 poeng for laget som har vist ein synkande kurve sidan den briljante bronse-sesongen i 2017.
52'
Etter dagens kamp vil Mikael Stahre vere ferdig med sin første sesong som Sarpsborg 08-trenar. Den 45 år gamle svensken fekk ein grusom sesongstart med fem strake tap på sesongens fem første kamper, men etter kvart har skuta snudd for eit Sarpsborg 08-lag som til slutt reddar plassen i Eliteserien med god margin.
51'
Så er både Soltvedt og Stahre openbart frusterte etter at Sarpsborg 08 blir snytt for eit frispark rett utanfor Moldes sekstenmeter. Det er Knudtzon som drar ned Soltvedt i duellen.
49'
Lite action i opningsminutta etter pause. Konté mista skoen i duell med Gregersen, elles er det lite å melde.
48'
Dagens kamp er truleg Moström sin siste i Molde-drakta. Vakkert at han får avslutte med stil og ei scoring.
47'
Gregersen rett i aksjon. Wingo legg inn frå venstre og Gregersen kjem i luftduell med Thomas. Thomas fangar ballen i fast grep.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hovuddommmar Tore Hansen bles i fløyta og markerer at første omgang er over. Sarpsborg 08 starta kampen friskt og var absolutt på høgde med Molde dei første 20 minutta. Men når Molde først fekk eit diskutabelt frispark som seinare førte til eit straffespark, så endra kampbiletet seg umiddelbart. Først setje James inn sitt 13. mål denne sesongen frå straffemerket, og knappe minuttet etterpå limte Moström inn 2-0 via stolperota. Deretter tok Molde over ballinnhavet, og Sarpsborg 08 vart slappare i presset. Etter eit kunstangrep der Knudtzon, Eikrem, Ellingsen og Ohi var innvolverte, setje sistnevnte inn 3-0 før omgangen var omme. Molde leiar altså 3-0 til pause og ser ut til å avslutte sesongen med stil.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+1'
Eitt tilleggsminutt.
42'
James treff stolpen! Ohi driblar, men ein Sarpsborg 08-spelar får pirka ballen vekk frå Molde-kanten. Det gjer at ballen ramlar ned hos James som avslutter på volley i stolpen. Nesten 4-0!
40'
Sarpsborg 08 i oppløysing no. Stygt balltap og James får skutt frå 14 meters hald. Skotet går midt på Thomas som reddar.
38'
Mål!
3-0
Wow - Ohi chippar ballen i mål etter eit vakkert Molde-angrep! Knudtzon sentrer til Ohi som hoppar over ballen slik at den trillar vidare til Eikrem. Ohi går deretter vidare på eit løp, medan Eikrem finn Ellingsen inne i boksen. Deretter viser Moldes nummer 11 at han har auge i nakken når han vartar opp med ei sylfrekk flikkpasning som til slutt finn Ohi. Ohi chippar deretter ballen over Thomas og inn i nettmaskene. Vakkert!
36'
I førre kamp mot Sandefjord vart Ole Jørgen Halvorsen utvist etter to gule kort. Med sine fem mål og to målgjevande pasningar denne sesongen har Halvorsen vore ein av spelarane med flest målpoeng i dette Sarpsborg 08-laget. Kan bortelaget snu denne kampen utan Halvorsen?
33'
Etter to kjappe Molde-scoringar er kampbiletet endra. No dominerer Molde.
30'
Hjørnespark
Ein god corner som treff Sinyan i feltet, men midtstopparen får ikkje heada ballen på mål. Utspark til Sarpsborg 08.
27'
Mål!
2-0
Moström limer ballen heilt nede ved stolperota! Molde gjenvinn ballen etter corneren og Moström får ballen utanfor sekstenmeteren til bortelaget. Han spelar deretter vegg med Ellingsen før han limer ballen heilt nede ved stolperota! Vakkert frå den 37 år gamle svensken!
27'
Hjørnespark
Sarpsborg 08 headar unna.
27'
I etterkant vil det nok bli diskutert om Molde skulle hatt frisparket som seinare førte til straffespark. Knudtzon spelte nemleg ifra seg ballen før han vart felt av Ødegaard. Molde fekk avslutte angrepet, og i etterkant bles dommar frispark. Nokon vil nok meine at Molde difor fekk avslutte angrepet sitt, og dermed ikkje skulle hatt frispark.
25'
Mål på straffe!
1-0
James sender ballen til sin venstre og Thomas til høgre. Kaldt frå Molde-spissen som stopper i tilløpet!
24'
Gult kort
Får gult kort for handsen.
24'
Straffe!
Eikrem skyter og treffer Heintz i handa! Straffespark til Molde.
24'
Ellingsen eller Eikrem. Kven skal skyte?
24'
Moström får frispark etter ein duell med Ødegaard. Omtrent 20 meter frå mål.
23'
Bortelaget spelar med ti mann i augeblikket.
23'
Utvik blør frå munnen etter ein duell med James. Midtstopparen må ut å få ein sjekk med det medisinske apparatet.
22'
Vetti redder bortelaget i siste liten. Moström headar ballen ned til Eikrem som finn James i boksen. Molde-spissen klarer å vende vekk den første forsvararen, men i grevens tid kjem Vetti inn å tuppar ballen vekk frå Molde-spissen som skal til å avslutte.
20'
Jamne opningsminutt på Aker Stadion i dag. Heimelaget har hatt den største sjansen, men Sarpsborg 08 har styrt mesteparten av spelet.
18'
Soltvedt legger inn, men Knudtzon headar ut til innkast.
18'
Bortelaget får frispark på rundt 25 meters hald.
15'
Hjørnespark
Innlegget hamnar i boksen, men Molde får til slutt klarert.
14'
Hjørnespark
Molde headar unna på første stolpe. Men til slutt klarer Sarpsborg 08 å skaffe seg ein ny corner.
13'
Hussain avslutter frå seks meters hald! Først drar Knudtzon seg fri på høgreflanken og legger inn i feltet. Innlegget treffer Wingo på bakerste. Venstrebacken tar ned ballen, og sentrer til Hussain som vender kjapt og klemmer til med høgrefoten. Skotet går midt på Thomas som redder.
11'
Hjørnespark
Heintz svinger inn, og etter litt klabb og babb i feltet klarer Craninx å fange ballen i fast grep.
10'
James får ballen i bakrom. Blir vinka av for kampens første offside.
9'
Denne kampen kan fort bli Heintz sin siste Sarpsborg 08-kamp på ei stund. Lånet frå Kasimpasa går ut når sesongen er ferdigspelt.
8'
Ellingsen prøver å chippe ballen i bakrom mot Wingo. Nok ein gang er gjennombrotspasninga for lang, og dermed går ballen utover dødlinja. Utspark til bortelaget.
6'
Hjørnespark
Soltvedt svinger inn på første stolpe. Wingo headar unna.
6'
Heintz utfordrer Sinyan på høgreflanken og vinner ein corner.
6'
Næss forsøker ein dupp-variant, men frisparket går utanfor Molde-stengene.
4'
Sinyan feller Konté på 30 meters hald. Frispark til bortelaget.
4'
Både James og Omoijuanfo får starte for Molde i dag. I skrivande stund er det James som ligger an til å bli Moldes toppscorar i Eliteserien 2020. Nigerianaren står med tolv nettkjenningar så langt denne sesongen, etterfølgt av Omoijuanfo med ti nettkjenningar, Etzaz Hussain med åtte nettkjenningar og kaptein Magnus Wolff Eikrem med sju nettkjenningar. Kan Omoijuanfo ta igjen James i dag? Det gjenstår å sjå.
3'
Sarpsborg 08 har hatt fire strake uavgjortresultat før dagens kamp mot Molde; 1-1 mot Vålerenga, 1-1 mot Kristiansund BK, 1-1 mot Brann og 0-0 mot Sandefjord. Førre Sarpsborg 08-siger var mot Stabæk på heimebane 3. oktober.
2'
Eikrem løfter mot Moström i bakrom. Pasninga er litt for lang og trillar ut over dødlinja. Utspark til Sarpsborg 08.
1'
Eikrem tar avspark. Vi er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Med maksimal utteljing vil vi bli vitne til ein liten debutant-bonanza på Aker Stadion i dag. Dei potensielle debutantane på Molde-benken er Ugelvik (født i 2001) og Sundgot (født i 2001), medan dei potensielle debutantane på Sarpsborg 08-benken er Derviskadic (født i 2004), Laurent Mendy (født i 2001) og Sundby Lunde (født i 2001).
Lagoppstillingane er klare, og vi nærmar oss avspark med stormskritt! Hos bortelaget er Thomas, Soltvedt, Ofkir og Konté komt inn i startellevaren sidan førre kamp mot Sandefjord, medan hos Molde har Bjørnbak, Knudtzon, Hussain, Eikrem og Omoijuanfo komt inn sidan førre kamp mot Odd.
Vil Sarpsborg 08 nok ein gang skape trøbbel på Aker Stadion? Eller vil Molde pynte på årets poengfangst og avslutte sesongen på 62 poeng? Svaret får du her frå avspark 15:30!
Sarpsborg 08 vant også det omvendte oppgjeret denne sesongen når laga møttest på Sarpsborg Stadion i midten av august. Etter scoringar frå lagets toppscorar Mos, Ole Jørgen Halvorsen og Eirik Ulland Andersen ende det 2-1 til Sarpsborg 08 i det omvendte oppgjeret.
Det som derimot taler positivt for dagens bortelag, er at Sarpsborg 08 har sidan 2016-sesongen vore ein marerittmotstandar for blåtrøyene frå Rosenes by. I fjor vant Molde 2-1 på Aker Stadion, men bortsett frå den kampen har ikkje Molde vunne på heimebane i Eliteserien mot Sarpsborg 08 sidan 21.april 2014! Og dei har heller ikkje vunne på Sarpsborg Stadion sidan 3. juli 2015!
Men å vinne borte på Aker Stadion er lettare sagt enn gjort. Molde er ligaens nest beste heimelag og står bokført med elleve sigrar, ein uavgjort og to tap på heimebane i Eliteserien 2020. I 2019-sesongen var heimebane-resultata til og med enda betre; tretten sigrar, to uavgjort og null tap. Med andre ord har Molde kun tapt to gangar på heimebane i Eliteserien i løpet av dei to siste sesongane. Aker Stadion er blitt eit fort med Erling Moe som hovudtrenar.
Både Molde- og Sarpsborg 08-spelarane vil moglegvis spele dette oppgjeret med litt lågare skuldre enn vanleg, ettersom Molde allereie har sikra andreplassen på tabellen og dermed også europaspel neste sesong, medan Sarpsborg 08 har unngått nedrykkskampen og er sikra minst ein 12.-plass på årets tabell. Sarpingane har derimot ei lita gulrot i potten, for dersom dei vinner i dag, medan Brann og Sandefjord avgir poeng i sine kamper, så vil Sarpsborg 08 avslutte sesongen på ein 10.-plass og dermed også forbetre 12.-plass-plasseringa frå fjorårets sesong.
Hjerteleg velkommen til liveoppdatering frå opningskampen av siste serierunde i Eliteserien 2020, der vertskapet Molde tar imot gjestane Sarpsborg 08 på Aker Stadion!