Referat
Kun høydepunkter
Det endar 1-1 på Aker Stadion i storkampen mellom dei to rivalane. Molde var det klart beste laget i fyrste omgang og burde ha leda med eit par mål. I andre omgang kom Rosenborg meir inn i kampen og Molde klarte ikkje å komme med noko spesielt. Rosenborg skal vere godt fornøgde med eit poeng i denne kampen. Ein god sesongstart for Rekdal sitt Rosenborg mot to tøffe motstandarar, medan fjorårets seriemester har skuffa stort i sesongstarten!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Molde har ballen. Kan dei mobilisere dei siste sekunda?
90+4'
Rosenborg kontrar med Broholm. Ballen blir spelt til Bjørlo, men han mistar til slutt ballen til ein Molde-forsvarar. Broholm har vore meget frisk etter innhoppet!
90+2'
Det er lagt til seks minutt på Aker Stadion.
90+1'
Det ligg eit gult kort i lufta til Cornic etter at han riv Løvik ned.
90'
Tenning på benkane etter at dommar overser to klare frispark. Først er det Cornic som skal ha frispark mot seg før Risa skal ha det. Dommar Tore Hansen er uenig.
90'
Ligg det ei scoring i lufta eller ebbar det ut i 1-1?
87'
Cornic tar ballen med handa og stadion ropar på hands, men dommar vinkar spelet vidare.
84'
Rosenborg trillar ball. Trønderane har tatt meir og meir over kampen i andre omgang.
82'
Rosenborg får ein corner.
81'
Risa går inn i forsvaret og Breivik går opp på midtbana.
81'
Erling Moe har spelt alle korta sine og håpar at laget som er på bana no kan ordne 3 poeng.
80'
Reitan ligg nede med krampe.
79'
Laga byttar litt på å ha ballen. No er det Molde sin tur. Lite som skjer i denne fasen av kampen.
78'
Bjørlo og Pereira kombinerar seg framover på venstresida, men siste touchen er litt for lang og ballen går ut av spel.
77'
Rosenborg styrer kampen no.
75'
Rekdal gjer Henriksen eit par instruksar. Har Rekdal eit ess i ermet?
73'
Kjempesjanse til Broholm! Mannsverk er uheldig og Reitan snappar ballen og slår førti fem grader ut til Broholm som står heilt aleine på 11-meteren! Unge Broholm får eit sleivtreff som hverken treff mål eller når fram til mål...
72'
Mange bytter og lite spel no...
69'
Brynhildsen skaffar Molde ein corner.
67'
Det er solgt 10 750 billettar til denne kampen. Det viser igjen på steminga i kveldssola.
66'
Linnes ligg nede, men spelet går. Der stoppar dommar Tore Hansen spelet og Linnes er på beina igjen.
65'
Rett etter byttene så er Rosenborg frampå og det er Pereira som får sjansen, men nok ein gong går eit skudd i blokka.
63'
Spelet er i gong igjen. Rosenborg har ballen.
62'
Stopp i spelet når Linnes ligg nede. Ein fin mulighet til litt påfyll av væske og taktiske instruksar.
61'
Rosenborg er frampå og Thorvaldsson får sjansen, men islendingen skyt i ein Molde-spelar. Thorvaldsson har hatt ein veldig svak kamp hittil...
60'
Det ser ut til at Sadiku og Broholm skal innpå om kort tid.
59'
Eriksen prøvar seg på eit innlegg frå venstresida mot Eikrem, men det er for nærme keeper og Hansen plukkar enkelt.
56'
Molde med trillar ball og plutselig åpnar det seg opp. Berisha slår eit innlegg som Haugen får ei avslutning på, men Rosenborg-forsvaret får blokkert. Molde trillar ball vidare og får til slutt ein corner.
54'
Molde kontrar og det endar med eit innlegg mot Eriksen inne i feltet. Det endar med utspel frå mål, men Molde-fansen vil ha corner.
52'
Rosenborg har ballen no og Molde forsvarar seg med alle spelarane på eigen halvdel.
51'
Molde og Berisha er i innleggsposisjon, men innlegget er upresist og det endar med ingenting.
48'
Molde trillar ball og Rosenborg ligg lavt.
48'
Rosenborg inn i Molde sin sekstenmeter, der Pereira får ballen, men avslutninga går skyhøgt over mål.
47'
Molde er frampå. Ei dårleg avslutning som Hansen bør ha full kontroll på, men han rotar litt før han får kontroll.
46'
Der er vi i gong. Rosenborg startar med ball og spelar mot egne fans i denne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der går laga til pause på stillinga til 1-1. Molde har vore det klart beste laget, men det står altså likt til pause.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Holse ligg nede etter ein duell med Eriksen. Han reiser seg opp igjen og spelet er i gong igjen.
45'
Nok ein skuddmulighet for Molde! Denne gongen er det Eikrem som får stå aleine! Eit dårleg treff frå Eikrem og ballen går i blokka.
44'
Molde er frampå igjen! Litt klabb og babb og der står Linnes på bakerste. Han ladar kanona, men Rosenborg-spelarane hiv seg inn og får blokkert!
42'
Frispark til Rosenborg i skuddposisjon! Pereira og Nelson står klare nok ein gong. Det blir Pereira som svingar den inn, men Eriksen får klarert til corner.
41'
Henriksen blir felt av Eirik Haugan og får frispark.
40'
Eikrem kombinerar med Haugen og Molde får ein corner etter eit blokkert innlegg.
39'
Mannsverk får behandling på bana, men det ser ut til å gå greit med Sogningen.
38'
Rosenborg har fått ny giv etter utlikninga. Alt ligg til rette for ein underholdande kamp!
33'
Nelson med ein god mulighet! Han ventar litt for lenge og skyt rett i blokka! Han får ein ny sjanse og skaffar corner.
31'
Molde går rett i kontra og Linnes kjem i skuddposisjon, men ballen glir av foten til rutinerte Linnes.
29'
Pereira og Nelson står klare. Blir det venstrefot eller høgrefot? Det blir Pereira med venstrefoten, det endar til slutt med corner.
29'
Holse er frampå og skaffar frispark i god innleggsposisjon!
27'
Molde er frampå igjen! Nok ein gong er det Kristoffer Haugen som fossar oppover langs sida. Innlegget er godt, men Berisha headar like til side for mål!
24'
Kjempesjanse igjen til Molde! Eriksen og Eikrem kombinerar fint, men det endar til slutt opp med corner.
24'
Molde trillar ballen med eit lavt tempo og Rosenborg flyttar seg enkelt frå side til side.
21'
Linnes presterar å ta eit feilkast...
20'
Molde er frampå igjen, men det endar til slutt med utspel frå målet til Hansen.
17'
Holse lagar frispark i farleg posisjon. Eikrem gjer seg klar.
16'
Rekdal gir instruksar til Pereira frå sidelinja. Blir det ei endring hos Rosenborg?
15'
Nelson og Pereira står klar. Det blir Pereira, men kvaliteten er ikkje god nok.
14'
Frispark til Rosenborg i god innleggsposisjon! Pereira blir felt av Linnes.
13'
Rosenborg er litt meir med i kampen slik det står no.
11'
Nelson spelar vekk ballen etter eit stopp i spelet og Molde-fansen vil ha gult kort på spelaren, men han slepp unna.
9'
Ny stor sjanse! Denne gong til Brynhildsen. Igjen er det Haugen som blir spelt fri på venstresida og legg eit flott innlegg foran mål langs bakken, men heller ikkje denne går i mål.
9'
Rosenborg slit med å slå tre pasningar innad i laget og Molde har tatt full kontroll over kampen slik det står no.
7'
Enorm sjanse til Molde! Haugen kjem fri på ventresida og legg fint inn til Berisha som kan breiside ballen inn, men på eit eller anna vis så bommar han på mål! Der slepp Rosenborg billig unna!
7'
Rosenborg har gitt opp det høge presset og Molde trillar ball.
5'
Rosenborg prøvar seg på eit høgt press når Molde har ballen.
3'
Innlegg frå Haugen til Berisha på bakerste, men Rosenborg får klarert til corner.
2'
Rosenborg er frampå etter eit innlegg frå Pereira, men Molde-forsvaret får klarert! Rosenborg har tatt initiativet i kampen!
1'
Eit uvanleg godt oppmøte på Aker Stadion i dag med god stemning frå begge lag sine supporterar.
1'
Der er vi i gong. Molde startar med ballen.
Avspark Start 1. omgang
Rosenborg går i garderoba til enorm jubel frå dei tilreisande. Det nærmar seg kampstart på Aker Stadion.
Sola skin i Molde by, temperaturmålaren viser 14 grader og alt ligg til rette for ein nydeleg kveld her på Aker Stadion!
Molde på si side har hatt eit skuffande 2023 med tap mot blant anna Bodø/Glimt og Hødd på Aker Stadion i treningskampar. I tillegg til dette gjekk dei ikkje vidare i straffesparkkonkurransen mot Stabæk i kvartfinalen i NM.
Rosenborg har ikkje vunne ein kamp på Aker Stadion sidan 2017 og står kun med 2 sigrar på dei siste 10 kampane her i Rosenes by.
Rosenborg har tatt turen til Molde uten Ole Sæter og Per Ciljan Skjelbred.
Rosenborg trakk det lengste strået i fyrste runde heime mot Viking.
Molde åpna sesongen med eit overraskande tap borte mot Tromsø. I dag ønsker fjorårets seriemester revansje mot rivalen Rosenborg.
Velkommen til Rosenes by og storkampen mellom Molde og Rosenborg.