Referat
Kun høydepunkter
Der er det slutt! Molde tar ein svært imponerande seier mot rivalen Rosenborg! I første omgang var det festfotball og i andre omgang hadde dei ingen problem med å kontrollere inn seieren. Rosenborg var tamme og skapte får sjansar. Det var kaptein Ruben Gabrielsen som begynte det heile med å sette inn 1-0 før Magnus Wolff Eikrem satte inn både 2-0 og 3-0! Ein flott fotballkamp og det gjenstår for meg Mganus Gilleshammer og Thomas Ferreira og takke for seg.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+2'
Haraldseid drar seg fobi Meling og får til eit innlegg, men det er svakt og går inn til Hansen.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
Trampeklapp på Aker Stadion når det går mot tre svært viktige poeng for Molde!
87'
Her skjer det ting! Meling taklar Haraldseid og begge lag går til på sidelinja. Fullt kaos og Horneland med fleire kjem og blandar seg inn.
85'
Ein svært roleg omgang. Det ser ut som to lag som helst vil avslutte kampen slik den står no.
82'
Mostrøm sett fart og finn Gabrielsen på venstresida. Innlegget er litt for upresist og endar i ingenting.
81'
Det er ti minutt igjen og ingenting tydar på at Rosenborg skal få med seg poeng her idag.
80'
Rosenborg er frampå og Konradsen skaffar eit frispark. Helland står klar til å svinge den inn. Den går altfor høgt og Linde kjem ut og plukkar enkelt.
79'
Dobbeltbytte frå Molde og Erling Moe.
78'
Det ser ut som Molde skal foreta seg minst eit bytte om kort tid.
77'
Eikrem sett fart framover og sentrar til Ohi. Ohi drar av ein mann før han drar av ein til. Kjem seg fri og får til eit skudd, men vinkelen blir for spiss og Hansen reddar.
74'
Frispark til Rosenborg på midtbana. Ballen blir spelt ut på venstresida, Akintola prøvar å sette fart, men endar opp med å springe ballen ut av bana til stor jubel på Aker Stadion!
73'
Molde har stålkontroll på kampen!
70'
Eikrem er frampå igjen. Denne gongen blir skuddet blokkert og det blir corner.
68'
Molde spelar seg fint fram og Ellingsen sett fart inn i feltet. Han blir hindra og skulle kanskje hatt eit straffespark. Blir nok straffa for at han prøvar å halde seg på beina.
67'
Molde trillar ball på Rosenborg sin halvdel.
66'
Helland prøvar å slå eit innlegg, men som mange gongar før idag er Bendtner stilleståande i boksen og innlegget svakt. Linde plukkar enkelt.
64'
Molde er frampå og Gabrielsen finn Hestad som prøvar eit skudd. Skuddet er svakt og trillar roleg inn til Hansen i Rosenborg-målet.
63'
Molde har tatt tak i kula igjen og lar den gå fint i frå side til side. Rosenborg blir ståande og sjå på.
61'
Meling slår eit flott innlegg! Inne i feltet står Bendtner, men han sparkar i lufta og treff ikkje ballen. Ein av få sjansar Rosenborg har skapt.
60'
Rosenborg rotar i frispelinga. Eikrem snappar opp ballan og finn Ohi, men Ohi får eit dårleg touch og rotar vekk ballen.
58'
Rosenborg sett fart! Bendtner finn Helland som ser Hedenstad som kjem på overlapp. Han tar med seg ballen og slår eit lavt innlegg. Linde ligg fint nede og ventar på innlegget.
55'
Ellingsen ser Ohi som går på løp og sendar avgårde ei pasning. Reginiussen får ei lang tå på ballen og avvergar muligheten!
53'
Rosenborg er frampå! Mike Jensen drar seg innover og får avgårde eit godt skudd, men Linde er med på notane og slår ballen over mål. God redning!
52'
Molde har lagt seg litt meir bakpå, men Rosenborg kjem seg ikkje forbi midtbaneleddet.
50'
Knudtzon blir slått i bakrom, men klarar ikkje å ta seg forbi ein sterk Tore Reginiussen.
49'
Rosenborg står litt høgare i bana i starten av denne omgangen.
47'
Ein rotete start på omgangen. Spelet har ikkje satt seg enda.
46'
Mike Jensen sett i gang andre omgang her på Aker Stadion.
Start 2. omgang Start 2. omgang
For ein omgang her på Aker Stadion! Molde byr opp til festfotball! Molde gjekk rett i strupen på Rosenborg og det stod 1-0 før det var spelt tre minutt! Molde fann Gabrielsen på bakerste stolpe og kapteinen gjorde ingen feil og heada Molde i leiinga! Omtrent ti minutt seinare dobla Molde ledelsen. Eikrem runda av eit fantastisk angrep med å sette inn 2-0! Før halvtimen var spelt satte Eikrem inn sitt andre for dagen og det stod 3-0! Nok ein gong eit nydeleleg angrep og ein nydeleg assist av Hestad gjorde at Eikrem kunne bredside inn 3-0! Vi er straks tilbake med andreomgang og håpar på ein like underhaldande omgang!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+1'
Helland drar seg oppover høgresida. Gabrielsen brukar ulovlege midlar og stoppar Helland. Frispark til Rosenborg i god innleggsposisjon! Helland svingar inn, men Linde er ut og boksar den trygt vekk.
45'
Lite tempo i kampen no. Utenom dei få gongane Molde sett opp tempoet på kula og spelar seg gjennom.
44'
Eikrem finn Ohi som flikkar ballen tilbke til Hestad. Hestad går på skudd, men ballen går rett i blokka. Nok ein gong flott spel av Molde!
41'
Molde spelar fantastisk fotball her idag! Det ser ut som fyrste runde i cupen og ikkje ein storkamp i Eliteserien!
39'
Molde får trille ball akkurat som dei vil utpå her. Det er ingenting som tydar på at Rosenborg skal komme tilbake!
36'
Bjørnbak herjar i duell med Bendtner!
34'
Molde er frampå med Ohi og Knudtzon. Knudtzon spring ned Mike Jensen og frispark mot seg til stor uenigheit frå heimepublikummet!
33'
Ballen havnar ute på venstresida. Der blir eit innlegg slått inn mot Bendtner i feltet. Bendtner får haudet på ballen, men headinga går over.
33'
Eikrem er tøff i ein duell med Mike Jensen og lagar frispark på midtbana.
31'
Helland prøvar å finne Adegbenro inne i feltet, men innlegget blir for høgt og laust. Enkel klarering for Molde.
30'
No må Rosenborg finne på noko genialt om dei skal ha med seg poeng i frå denne kampen!
27'
Kampen har roa seg og Molde får trille ball bak i forsvar som dei vil.
26'
Molde spelar seg flott framover! Eikrem finn Haraldseid som sett fart og går innover i boksen, men han spring ballen ut til eit utspark!
23'
Ohi sett fart framover og Hovland stiller seg i veien og stoppar han kontant! Ei kroppstakling verdig for NFL! Utruleg at det ikkje endte med kort!
22'
Rosenborg har flytta laget litt høgare opp og Helland har begynt å bevege på seg.
21'
Eggen Hedenstad får mykje rom og god tid til å slå eit innlegg frå høgresida si. Endar med eit svakt innlegg og klarering frå Bjørnbak.
20'
Rosenborg slit med kombinasjonsspelet og får ikkje til å halde på ballen framfor forsvarsfiraren. Molde ligg fint i ramma si og har få problem med det Rosenborg byr på.
19'
Rosenborg tar eit kast kjapt når Gabrielsen står med eine skoen i handa. Han blir rasande og dommar får stoppa spelet slik at alle mann har sko på beina.
18'
Tette og tøffe duellar på bana no! Sånn det skal vere når to rivalar møtast!
16'
Eikrem er ute på venstresida og Knudtzon tar løpet inn i boksen. Eikrem prøvar å slå til Knudtzon, men ballen blir for svak!
15'
For ein start for Molde! Korleis skal Eirik Horneland og Rosenborg svare på dette?
11'
Molde slår bevisst i bakrom mot Knudtzon på venstresida. Har ikkje lykkast heilt enda, men vi ser bevis på den store farta til kanten.
10'
Anders Trondsen set fart framover og prøvar å spele gjennom Bendtner. Pasninga blir for hard og går inn til Andreas Linde i Molde-målet.
9'
Aker Stadion ropar på tilbakespel når Hansen plukkar opp ein ball frå sin eigen spelar. Dommar vinkar spelet vidare.
8'
Frispark til Rosenborg i farlig posisjon. Svingast inn, men Forren har få problem med å klarere.
6'
For en start på kampen! Molde pressar Rosenborg høgt oppe i bana og tvingar fram feil. Molde får dog lite ut av ballen når dei får den.
1'
Haraldseid kjem oppover høgresida si og blir felt! Frispark til Molde i farlig posisjon.
1'
Wolff Eikrem sett igang denne omgangen.
Avspark Start 1. omgang
Etter ei strålande veke med flott vær er det også idag sol over 'Rosenes by'. Sola skin, temperaturen er høg og det er venta mange folk på Aker Stadion til kveldens storkamp. Det legg alt til rette for ei fantastisk ramme rundt kampen.
Oppgjera mellom Molde og Rosenborg på Aker Stadion har dei siste fem åra vore ganske jevnt fordelt. Molde står med tre sigrar dei siste fem åra. Rosenborg har to sigrar på Aker Stadion frå dei siste fem oppgjera.
Skulle Molde ta 3 poeng og seieren over Rosenborg idag, vil dei vere heile 11 poeng foran regjerande mester Rosenborg. Med ein kamp meir spelt vel og merke.
Molde har starta sesongen godt og står med 10 poeng på 5 kampar og har vunne begge kampane sine på Aker Stadion så langt. Der Horneland og Rosenborg har slitt med å få til storspelet har Erling Moe og Molde til tider spelt god og underhaldande fotball. Molde har hittil vist at dei er ein av dei sterkaste kandidatane i gullkampen.
Det er endeleg klart for en av sesongens store høgdepunkt! Serieledar Molde tar imot eit Rosenborg-lag som har strevd stort i starten av sesongen. Rosenborg ligg nest sist på tabellen med berre to poeng så langt. Rosenborg har enda ikkje vunne ein kamp denne sesongen og Eirik Horneland har slitt med å sette sitt preg på Rosenborg.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og livedekninga av kampen mellom Molde og Rosenborg.