TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der var det slutt på Aker Stadion. Det endte 2-0 til Molde etter ein nokså tam fotballkamp. Molde tok ledelsen i første omgang etter eit flott angrep og ei flott avslutning av Eikrem. 2-0 var det Erling Knudtzon som satte inn etter halvspelt andreomgang. Nok ein gong eit flott angrep av Molde i forkant av målet. Ranheim var fullt på høgde med Molde gjennom store delar av kampen og gjorde ein godkjent bortekamp. Likevel sleit Ranheim med å skape dei alt for store sjansane. Då gjenstår det for Thomas Ferreira og meg Magnus Gilleshammer å takke for oss.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Hjørnespark
Endar i utspark.
90+4'
Flott redning av Craninx! Skarsem prøvar å bøye ballen opp i krysset, men Craninx slår til corner.
90+2'
Aker Stadion ropar på straffe! Leke James blir felt inne i feltet og ropar på straffe. Kunne sjå ut som ei straffe!
90+1'
Hjørnespark
Kort corner som kjem tilbake til Tønne. Han går på skudd. Skuddet går mot mål, men Craninx reddar enkelt.
90+1'
Ranheim er frampå! og etter mykje om og men får Ranheim ein corner.
90'
Roleg tempo og Molde ventar berre på at dommaren skal blåse av kampen.
88'
Hjørnespark
Kort corner. Endar til slutt opp med ei heading frå Gabrielsen som snik seg like over mål.
88'
Ohi skaffar ein corner til Molde.
86'
Hjørnespark
Kort corner som går ut til Forren som slår inn mot bakerste. Ballen kjem inn igjen i feltet og der står Leke James! James smell ballen i tverliggar! Gigantisk sjanse for Molde!
86'
Hestad skaffar Molde ein corner.
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
83'
Hjørnespark
Kort corner som renn ut i sanden.
83'
Alseth med eit farlig innlegg som Gabrielsen må klarere til corner.
81'
Spillerbytte
81'
Aursnes sitt nede og må få medisinsk hjelp.
79'
Ohi prøvar å køyre slalom gjennom Ranheim-forsvaret, men blir stoppa kontant allerede ved den andre stikka.
78'
Ranheim er frampå og slår eit innlegg frå høgresida, men Molde får klarert.
76'
Innlegget er svakt, men fell ned til Blakstad som skyt i blokka.
76'
Frispark til Ranheim i god posisjon for eit innlegg.
74'
Spillerbytte
73'
Lavt tempo på kampen og Molde ser tilfredse ut med 2-0.
72'
Spillerbytte
71'
Ohi stormar oppover venstresida. Går innover mot mål og går på eit skudd. Vinkelen er skrå og Barli reddar som han bør.
70'
Ranheim prøvar å trille ball, men slit med å finne gode pasningsalternativ.
68'
Gult kort
Får gult kort for ei tøff takling på Alseth.
66'
Mål!
2-0
Der sitt 2-0! Eikrem slår ei flott pasning til Remmer som kjem stormande oppover høgresida si. Remmer slår inn på første touch og ballen går gjennom heile feltet og bak til Knudtzon som står heilt aleine! Knudtzon har ingen problem med å sette ballen i nettet. Flott mål av Molde!
65'
Ranheim er godt inne på Moldes banehalvdel og trillar ball. Til tider fine kombinasjonar av Ranheim-spelarane, men den siste pasning er upresis og Molde overtar.
64'
Skarsem prøvar eit skudd frå tjuefem meter. Skuddet er hardt og godt, men snik seg like til side for mål.
63'
Hestad slår eit hardt innlegg mot bakerste stolpe. Innlegget kan ligne på eit skudd som akkurat snik seg utanfor stolpen.
62'
Molde pressar på når dei mistar ball og Ranheim klarar ikkje mange pasningar før dei mistar ballen igjen.
60'
Spillerbytte
59'
Aursnes drar av ein mann før han går på skudd. Skuddet er hardt, men det blir blokkert. Svært mange skudd har gått i blokka i dag.
58'
Ranheim prøvar seg på ei kontring, men Aursnes er på rett plass til rett tid og stoppar overgongen.
56'
Eit nesten identisk angrep som 1-0 målet for Molde. Knudtzon slår ut til Eikrem som går på skudd. Denne gongen er skuddet av langt dårligare kvalitet og Barli reddar uten store problem.
54'
Tønne slår inn. Eit dårleg innlegg som Forren klarerar utan problem.
54'
Alseth er frampå igjen og Haugen lagar frispark i duelle med nevnte Alseth.
53'
Alseth får ein høg ball ute på høgresida og går for eit innlegg eller skudd. Ballen smell på utsida av stolpen uten at Craninx har overbevisande god kontroll! Usikkert om det var innlegg eller skudd, men nære på var det!
52'
Forren er nok ein gang tøft inne i ein duell. Dennee gongen er det Karlsen som får kjenne på det. Forren må nærme seg eit gult kort snart.
50'
Tønne svingar ballen inn på Blakstad, han får såvidt haudet på ballen og Molde klarerar etterkvart.
49'
Forren klippar ned Blakstad og lagar frispark. Kanskje det kunne vore eit gult kort?
48'
Ranheim spelar seg flott framover i bana, men den siste pasninga blir upresis og Molde overtar.
48'
Ranheim trillar ball.
47'
Aursnes fell Karlsen på midtbana og lagar frispark.
46'
Skarsem sentrar til Kvande og omgangen er i gong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der er det pause på Aker Stadion. Ein svak omgang med fotball. Molde tok ledelsen etter ei flott scoring av Eikrem i det syttande minutt. Både før og etter målet var Ranheim fullt på høgde med dagens heimelag. Ranheim hadde mykje ball og nokre skuddforsøk, men skapte ingen store sjansar. Vi håpar på ein bedre andreomgang med høgare balltempo og fleire sjansar.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Reginiussen testar skuddfoten nok ein gong. Denne gongen går skuddet via Gabrielsen og inn til Craninx.
44'
Karlsen er tøff i ei takling på Forren og lagar frispark på midtbana.
43'
Ranheim trillar ball inne på Molde sin banehalvdel.
41'
Hjørnespark
Corneren blir tatt kort og endar til slutt med at Ranheim får klarert etter eit innlegg frå Ellingsen.
41'
Eikrem skaffar Molde ein corner.
39'
Alseth går på skudd frå tjue meter. Han får eit kanontreff. Ballen har retning rett i lengste kryss, men Forren snur skinka til og blokkerar ballen. Det skuddet hadde fortjent ein bedre skjebne.
37'
Ohi slår til Eikrem inne i feltet. Eikrem prøvar å slå tilbake til Ohi som er i bedre skuddposisjon, men ballen går rett i Kvande som klarerar. Dårlig utnytta av Molde.
35'
Tønne legg frisparket inn på bakerste mot Blakstad. Han headar inn igjen i feltet, der er Forren og klarerar til innkast.
35'
Forren taklar både ball og Karlsen. Dommar meinar at han tar mest Karlsen og dømmer frispark til Ranheim.
33'
Skarsem fintar vekk både Ellingsen og Haugen, men i det han skal skyte så mistar han fotfeste og ballen går himmelhøgt over mål.
32'
Knudtzon stormar innover i feltet, men i det han skal dra av Furu sklir han på ballen og mistar kontrollen. Ohi plukkar opp ballen, men står i offside.
31'
Eikrem svingar ballen inn og finn Forren. Forren får til ei avslutning, men den snik seg over tverliggaren. Eit godt slått frispark av Eikrem.
30'
Tønne er tøft inne i ryggen på Knudtzon og Molde får frispark i god innleggsposisjon.
29'
Ranheim er frampå og Blakstad går på skudd. Skuddet er svakt og går utanfor mål.
28'
Haugen får ein god ball av Ellingsen. Ballen går over forsvaret og Haugen prøvar å finne Ohi. Ranheim får klarert. Der kunne han gått på skudd.
26'
Lavt balltempo på Aker Stadion for øyeblikket.
24'
Tønne slår eit hardt innlegg som skapar litt problem for Molde-forsvaret, men Forren får etter kvart klarert.
22'
Molde køyrer overgang. Ohi avanserar oppover med ballen og har med seg Knudtzon. Ohi går for skudd. Skuddet går høgt over mål. Ein dårlig utnytta muligheit.
21'
Etter mykje om og men inne i feltet drar Ohi seg fri inne i feltet. Han får skutt, men skuddet blir blokkert. Ellingsen plukkar opp ballen, men får ikkje kontroll på den og Ranheim-forsvaret ryddar opp.
20'
Molde har tatt kontroll over ballen etter scoringa.
17'
Mål!
1-0
Der sitt den for Molde! Etter eit Ranheim press går Molde opp i leiinga. Knudtzon drar seg fri på høgresida si og finn Eikrem som står heilt aleine på 16-meter. Eikrem prikkar ballen opp i lengste kryss! Utagbart for Barli!
17'
Ranheim er frampå igjen! Denne gong er det Reginiussen som prøvar skuddfoten. Han skyt skuddet lavt med ein litt ekkel sprett. Craninx reddar.
16'
Tønne får ein skuddmulighet frå høgrekanten av sekstenmeteren. Han testar venstreslegga, men ballen treff ein Molde-spelar.
15'
Ranheim trillar ball utan at dei kjem seg framover i bana.
14'
Aursnes prøvar å chippe ballen over Ranheim-forsvaret og inn til Mostrøm som har gått på løp. Pasninga er for hard og det blir eit utspark.
12'
Hjørnespark
Tas kort og blir slått ut igjen til Tønne som skaffar seg ein god vinkel og går for skudd. Skuddet er svakt og skapar ingen problem for Craninx.
12'
Ranheim er frampå og får ein corner.
9'
Ranheim med frispark på eigen halvdel. Tar seg god tid og flyttar opp laget. Ballen endar til slutt opp i hanskane til Craninx.
8'
Aursnes får muligheten til å gå på skudd frå tjue meter. Han prøvar seg, men skyt rett i ein Ranheim-spelar. Eit svakt forsøk.
7'
Molde er gode med ball og pressar Ranheim bakover.
6'
Knudtzon stormar oppover høgresida og prøvar eit innlegg. Innlegget er svakt og går rett i blokka.
5'
Ranheim lånar ballen frå Molde ei kort stund.
3'
Eikrem slår ut til Remmer som slår eit tidlig innlegg. Han finn Knudtzon som ikkje klarar å kontrollere ballen inne i feltet.
2'
Forren prøvar seg på ein lang ball ut mot Remmer, men pasninga er unøyaktig og det endar i utspark.
1'
Ranheim legg seg lavt og Molde prøvar å tre seg gjennom.
1'
Eikrem set igang kampen.
Avspark Start 1. omgang
Molde stiller med eit litt skadeplaga lag og manglar Linde, Haraldseid og Bjørnbak av dei som spelar fast til vanleg. Laget skal likevel vere sterkt nok til å kunne ta 3 poeng heime mot Ranheim.
Forrige sesong vann Ranheim både heime og borte mot Molde. Ranheim stod for ein stor skrell når dei slo Molde 2-3 på Aker Stadion. I den kampen var det Karlsen, Helmersen og Tønne som stod for måla til Ranheim.
Ranheim starta sesongen litt treigt og tok ikkje 3 poeng før i femte serierunde. Etter det har Ranheim vore svært gode og tatt poeng både heime og borte. Blant anna tok Ranheim 3 poeng borte mot både Brann og Sarpsborg. Det gjer god grunn til optimisme for Trondheims-laget.
Molde har starta sesongen godt og står med 22 poeng på 11 kampar. Til tross for den gode sesongstarten, tapte Molde borte mot bunnlaget Tromsø i forrige kamp. Molde er revansjesugne og Eliteseriens beste heimelag. Det blir dermed ei stor utfordring for Ranheim å ta med seg poeng frå Aker Stadion.
Eliteserien er endeleg tilbake etter ei lengre pause. Molde har hatt ferie i tre veker på toppen av tabellen. Ranheim befinn seg på ein 9.plass.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og kampen mellom Molde og Ranheim.