TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er det slutt. Det endar med 1-0-seier til Molde og tre nye poeng på Aker Stadion. Etter ein veldig svak 1. omgang, tok det seg kraftig opp i 2. omgang. Molde gikk ut med eit mykje større tempo og meir vilje. Leke James skaffa Molde ei straffe som Ohi banka langt over mål. Etter det fortsatte Molde å skape sjansar på løpande bånd. Ikkje lenge etter slo Gabrielsen ei nydelig pasning til Haraldseid som hadde tatt løpet inn i boksen. Backen gjorde ingen feil og tok ned ballen og banka den i målet. Ei flott scoring frå Molde. Etter det blei det cruisekontroll frå Molde si side og Mjøndalen var aldri i nærheten av å utligne. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og Thomas Ferreira å takke for følget.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Ohi får ein ball i bakrom. Ballen blir litt for lang for spissen og rullar inn til Ranmark.
90+2'
Olsen Solberg slår langt mot Bojang. Han brukar handa til å ta ned ballen og får frispark mot seg.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Hjørnespark
Nok ein gong er det Solholm Johansen som er på enden av corneren. Headar like over mål.
90'
Mjøndalen skaffar ein corner etter eit frispark på midtbana.
89'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
God corner! Inne i feltet får Solholm Johansen muligheten, men han skyt like til side for mål! Var det Mjøndalen sin siste mulighet til utligning?
87'
Mjøndalen er frampå og Haraldseid klarerar til corner.
85'
Spillerbytte
84'
Gult kort
Taklar Ohi og får det gule.
84'
Molde tar det roleg og prøvar å spare krefter dei siste minutta.
82'
Bojang sett fart framover og slår ballen ut igjen i feltet. Der står Liseth klar til å skyte, men ein Molde-spelar får tåa ballen og avvergar muligheten. Bojang sett preg på kampen med ein gong.
81'
Ti minutt igjen av kampen og det er ingenting som tydar på at Mjøndalen skal få med seg poeng.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
79'
Molde trillar ball og prøvar innimellom å slå gjennom, men Mjøndalen står godt og stangar unna.
77'
Erling Knudtzon står klar på sidelinja til å komme inn på. Ventar på at ballen skal gå ut av spel.
75'
Molde ser veldig komfortable ut her. Det ser ut som det går mot tre poeng på Aker Stadion.
73'
Spillerbytte
73'
Aursnes slår luka på ein Mjøndalen-spelar før han slår eit innlegg. Innlegget er upresist og enkelt for Ranmark i Mjøndalen-buret.
71'
Aasmundsen gir Mjøndalen dagens fyrste skudd på mål. Han fyrer avgårde fra tjue meter. Avslutninga er hard, men dårlig plassert. Linde reddar enkelt.
69'
Mjøndalen har ein sjelden sjanse! Liseth får ballen inne i feltet og legg tilbake til Gauseth som kjem stormande og fyrer avgårde på første touch. Ballen går rett i ein Molde spelar og endar med ingenting. Ein god mulighet for Mjøndalen.
67'
Sjølstad stormar framover. Skal slå den avgjerande pasninga til Eikrem, men den blir for svak og Mjøndalen tar over.
66'
Innkast til Mjøndalen på Moldes halvdel. Aasmundsen skal kaste langt, men faktum er at han ikkje kastar så veldig langt.
64'
Hjørnespark
Tas kort. Endar med eit frispark til Tonny Brochmann inne i feltet.
64'
Sjølstad prøvar å slå eit innlegg. Det endar i corner.
61'
Mål!
1-0
Der sitter den! Etter eit voldsomt press frå Molde over tid sitt den endelig! Haraldseid har tatt løpet inn i feltet, får ein nydelig ball som han tar roleg ned, brukar eit touch før han bankar ballen i mål! Eit flott mål av Molde!
60'
Rett i stanga! Ohi får eit innlegg frå høgresida og fyrer avgårde på volley! Ballen smell rett i stolpen! Mjøndalen heng virkelig i tøylane no!
59'
Spillerbytte
58'
Molde er frampå igjen! Denne gongen er det Sjølstad som får muligheten. Han får avgårde eit skudd frå god posisjon, men Ranmark er nede og reddar ballen.
55'
For ein sjanse! Molde trer seg oppover høgresida. Eikrem blir slått gjennom og går innover på dødlinja. Han slår eit hardt innlegg mot Leke James som får foten på ballen, men avslutninga går i blokka frå fire meter! Mjøndalen slepp nok ein gong med skrekken.
53'
Hjørnespark
God corner av Molde! På enden av corneren står Bjørnbak. Han får til ei avslutning, men den går over mål.
53'
Haraldseid skal slå eit innlegg, men det blir blokkert til corner.
52'
Remmer utfordrar på venstresida og svingar ballen inn. Inne i feltet er det ingen spelarar i blå drakt. Ranmark plukkar innlegget uten problem.
50'
Molde pressar på! Remmer prøvar skuddfoten på hjørnet av sekstenmeteren. Skuddet går langt over og til side for mål.
48'
Bom på straffe!
Ohi tar eit kort tilløp og brenn ballen langt over mål!
48'
Straffe!
48'
Leke James blir tatt inne i feltet og Molde får straffe!
47'
Molde er frampå! Leke James er sterk og får avgårde eit skudd som går i blokka. Returen plukkar Ohi opp, men han får akkurat ikkje god nok kontroll på ballen og Mjøndalen får avverga situasjonen.
46'
Sondre Liseth trillar til Gauseth og 2. omgang er igang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der er det pause på Aker Stadion. Ein svært sjansefattig omgang. Molde har hatt mest ball, men dei har skapt så og sei ingenting. Mjøndalen er fullt og heilt med og kan fort stikke av med alle tre poenga. Molde må opp fleire hakk i 2. omgang om det skal bli siger her.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
43'
Molde trillar ball med eit svært roleg tempo. Lite som skjer på Aker Stadion.
42'
Ein rotete omgang av forhånsfavoritt Molde. Dei slit med å holde på ballen i lengre periodar og skapar lite.
41'
Semb Aasmundsen slår eit innlegg i Gabrielsen. Mjøndalen ropar på straffe. Mulig den var i handa til Moldes kaptein, men handa var tett inntil kroppen.
39'
Molde har ein god kontringsmulighet etter eit Mjøndalen-press. Eikrem brukar litt for lang tid med ballen og det endar i ingenting.
36'
Hjørnespark
Nok ein gang mot første stolpe. Molde beheld ballen og presset.
36'
Hjørnespark
Blir slått mot Aursnes på første stolpe. Endar til slutt i nok ein corner.
35'
Hjørnespark
Etter mykje om og men endar det i ein ny corner.
35'
Aursnes slår til Haraldseid som finn Leke James. Han får til ei avslutning som endar i corner.
34'
Mjøndalen trillar ball no. Slår langt mot Liseth, men han har gått i offside og blir avblåst.
32'
Hjørnespark
Tas kort. Molde held oppe presset. Endar til slutt med eit frispark til Brochmann på midtbana.
32'
Eirik Hestad får ballen på kanten av sekstenmeteren. Han tar ei dragning over på venstrefoten og fyrer avgårde for første gang idag. Ballen trillar inn til Ranmark som gjer ei enkel redning.
30'
Mjøndalen er frampå. Gauseth slår til Borchmann. Han prøvar å kippe ballen over Molde-forsvaret, men der er ingen som går på løp og ballen endar i eit utspark.
28'
Hestad har ballen på 30 meter. Publikum ropar skyt, men han prøvar å tre gjennom Ohi. Pasninga blir for svak og Mjøndalen-forsvaret snappar opp ballen.
26'
Mjøndalen pressar på. Brustad skal kaste langt inn i feltet. Ein Mjøndalen spelar er først på ball og stussar den vidare, men Linde er oppe og plukkar ballen etterpå.
25'
Jansen slår eit nydeleg innlegg mot Dragsnes på bakerste stolpe. Dragsnes får akkurat ikkje tåa på ballen og det endar med eit utspark.
23'
Liseth drar seg framover. Med Ohi i rygge slår han ei god pasning til Brustad på løp. Brustad tar to touch før han fyrer avgårde eit skudd. Skuddet går i nettveggen.
22'
Denne gong er innkastet bedre. Etter litt rot får Gabrielsen klarert ballen for Molde.
21'
Mjøndalen er for ein gongs skyld frampå. Innkast som skal kastast inn i feltet. Innkastet er litt for svakt, men Mjøndalen held oppe trykket og får ein ny mulighet.
19'
Sell slår ei feilpasning som Eikrem snappar opp. Han sett fart framover og slår til Leke James. James klarar ikkje å kontrollere ballen og muligheten renn ut i sanden.
17'
Molde trer seg framover. Eirik Hestad utfordrar Gauseth og drar seg innover i feltet, men nok ein gong bles dommar i fløyta. Publikum er uenige nok ein gong.
15'
Mjøndalen skaffar seg eit frispark godt inne på Moldes banehalvdel etter ein tøff duell mellom Gabrielsen og Liseth. Olsen Solberg svingar inn ballen, men den blir klarert.
14'
Ohi drar seg framover og forbi Solholm Johansen. I det han går forbi lagar han frispark til stor frustrasjon frå publikum.
13'
Remmer prøvar eit innlegg frå vestresida. Innlegget er høgt og laust, Ranmark kjem enkelt ut og plukkar innlegget.
11'
Ein svært roleg start på denne omgangen hittil. Molde trillar ball med eit lavt tempo og Mjøndalen forflyttar seg bra.
10'
Hjørnespark
Høg corner som Molde klarerar uten problem.
10'
Mjøndalen er frampå, men ei strålande takling av Hestad hindrar dei. Får ein corner.
9'
Sjølstad prøvar å slå på Ohi, men pasninga er alt for dårlig og går ut til eit utspark.
7'
Remmer er oppe på venstresida si og slår eit innlegg inn i boks. Nok ein gong er det Leke James som har posisjonert seg godt, men han når ikkje opp.
6'
Sell utfordrar Remmer. Dansken er sterkast og sett igang ei kontring. Den renn ut i ingenting.
4'
Eikrem slår gjennom Haraldseid, han slår eit godt innlegg. Inne i boksen kjem Leke James på eit godt løp, men han bommar på ballen når han skal avslutte! Ein misbrukt mulighet for Molde og Leke James.
2'
Molde trillar roleg ball og ser etter ein mulighet til å komme gjennom.
1'
Eikrem slår langt i bakrom mot Ohi, men han lagar frispark til Mjøndalen.
1'
Eikrem sett igang kampen.
Avspark Start 1. omgang
Det kan bli spennande å sjå Moldes lagoppstilling til dagens kamp. Etter at nokre av spelarane var med på ei russefeiring denne veka, kan det vere at desse spelarane enten blir vraka eller benka. Det kan potensielt få konsekvensar på dagens Molde-lag.
Dagens kamp er spesiell for Mjøndalens kaptein Christian Gauseth. Gauseth er født og oppvokst i Molde. I 2007 spelte Gauseth seksten kampar og scora to mål for Molde i OBOS-Ligaen.
Sist gong Mjøndalen var oppe i øverste divisjon, i 2015. Tok Molde med seg alle seks poenga etter 0-3-seier borte og 3-1-seier heime.
Mjøndalen har hatt ei jevn fordeling mellom poeng tatt på heimebane og bortebane. Dei står med en siger, ein uavgjort og eit tap på bortebane og det samme på heimebane. Mjøndalen har dog ikkje tapt sidan 2. serierunde heime mot Bodø/Glimt.
Molde har enda tilgode å tape poeng heime på Aker Stadion i årets sesong. Etter å ha slått Stabæk, Vålerenga og Rosenborg med ein målforskjell på 10-1, ser det ut til at det ikkje blir enkelt å ta poeng frå Molde på Aker Stadion.
Kveldens kamp er mellom fyrsteplass og sjuandeplass. Begge laga har hatt ein god start på sesongen etter forutsetningane å dømme. Molde står med fem sigrar, ein uavgjort og eit tap. Mjøndalen har to sigrar, to uavgjort og to tap etter seks kampar spelt.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og oppgjeret mellom Molde og Mjøndalen.