TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Da gjenstår det berre å gratulere Molde med vidare avansement i Champions League-kvalifiseringa. Som tidlegare nemnt vil dagens vinnarlag møte vinnaren av den pågåande kampen mellom slovenske NK Celje og skotske Dundalk. Til slutt vil eg, Andreas Hellenes, seie takk for følget og håper du får ein fin fotballkveld vidare!
Etter ein svakare formperiode slår Molde knallhardt tilbake når det gjeld som mest. KuPS hadde sine moglegheiter, men 5-0-resultatet taler for seg sjølv. Etter moglegheiter begge vegar var det Molde som først fekk hull på byllen når Hestad prikka inn 1-0 etter 26 speleminutt. Elleve minutt seinare varta heimelaget opp med eit vakkert stykke fotballkunst av Aursnes og Haugen før Eikrem fekk ein enkel jobb med å doble leiinga før pause. KuPS kom ut med innsatsvilje og håp i andre omgang, men Molde unngikk baklengsmål takket vere ein meget god kamp av Linde. Når Omoijuanfo la på til 3-0 etter 68 speleminutt gjekk lufta ut av KuPS-ballongen. Da viste Molde, med Holmgren Pedersen i hovudrolla, ingen nåde mot gjestane. Først scora høgrebacken sitt første Europa-mål i overtidsminutta, og deretter serverte han også Knudtzon til 5-0 på overtid. Alt i alt ein meget god kamp av Molde offensivt, men utan ei målvakt som var særs sulten på smultring hadde dei neppe stått utan baklengsmål i dag.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+8'
97 minutter står på klokka og hovuddommar Markham-Jones bles av dagens kamp på Aker Stadion.
90+7'
Udoh kjem til ny avslutningsmoglegheit når han får heade eit djupt innlegg frå 15 meter. Det er dog ikkje den lettaste måten å score på, men Udoh forsøker og headar ballen inn i nevane til Linde.
90+6'
Hussain headar unna på første.
90+5'
KuPS med frispark i god innleggsposisjon. Niskanen skal slå.
90+2'
Mål!
5-0
Ketchupeffekt for Knudtzon og Molde! Holmgren Pedersen noterer seg for sin første målgjevande i Europa minuttet etter at han har scora sitt første Europa-mål. Høgrebacken frå Hammerfest løper seg fri på høgresida og finn Knudtzon framfor mål. Han breisider inn Molde sitt femte mål for dagen.
90+1'
Mål!
4-0
Ungutten setter kontrollert inn si første scoring i Europa! Ein av kampens store spelarar, Hestad, spelar ein flott stikkar til Holmgren Pedersen som har løpt seg fri bak gultrøyene sin forsvarsfirer. Frå skrå vinkel bruker han venstrefoten til å trille ballen forbi KuPS-målvakta og inn i nettmaskene.
90+1'
Sju tilleggsminutt på Aker Stadion.
90'
KuPS forsøker å redusere med eit langskot, men Linde redder kontrollert. Molde-målvakta slår derimot ballen ut i farleg område til KuPS-innbyttar Udoh som avslutter utanfor mål frå skrå vinkel.
89'
Molde har hatt god kontroll etter at Omoijuanfo setje inn det tredje målet.
88'
Hjørnespark
Kort variant ebbar ut i ingenting.
87'
Hjørnespark
Sinyan vinn på bakerste, men KuPS forsvarer ut til ny corner.
86'
Hestad farleg frampå igjen når han avsluttar frå skrå vinkel med venstrefoten. Skotet går midt på målvakt Virtanen som får redda.
86'
KuPS-spelar Nissilä med eit skotforsøk i forkant av byttet. Skotet gjekk utanfor mål til utspark.
85'
Spillerbytte
84'
Sidan Champions League-deltakelsen ved tusenårsskiftet har Molde vore i Champions-League-kvalifiseringa fire gongar, men aldri nådd sluttspelet. I same periode har dei vore i Europa League-kvalifiseringa heile fem gongar, og deltatt i Europa League-gruppespelet to gongar. Det blir spanande å sjå kor langt dei når denne sesongen.
84'
Molde Fotballklubb har deltatt i Champions League-sluttspelet ein gong tidlegare, i 1999/2000-sesongen, men røyk ut i gruppespelet etter å ha hamna i gruppe med Real Madrid, Porto og Olympiakos. Laget frå Romsdal klarte faktisk å slå Olympiakos 3-2 på heimebane den sesongen.
82'
Moe er rasande på Knudtzon når han depper etter eit mislukka innlegg. Sjeldent man ser hovudtrenaren til Molde så livleg i trenersonen.
81'
Kanskje Knudtzon rekk å score eit mål mot sin gamle hovudtrenar Erlandsen? Det er i alle fall gode forhald for den hurtige kantspelaren i skrivande stund.
79'
Spillerbytte
77'
Hjørnespark
Kort variant ender med skot frå Holmgren Pedersen. Skotet er med feil fot, og går ovanfor mål. Utspark til KuPS.
77'
KuPS har aldri deltatt i Champions League og dette er første gong dei deltar i ei Champions League-kvalifisering. Laget har derimot vore i heile fire Europa-League kvalifiseringar sidan 2011, men aldri nådd lengre enn tredje kvalifiseringsrunde.
76'
Brynhildsen forsøker å spele vidare.
75'
Ny spelar ligg nede med skade. No er det Brynhildsen.
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
68'
Mål!
3-0
Omoijuanfo er på riktig stad til riktig tid! Haugen og Hestad med eit flott veggspel som frigjer Haugen framfor mål. Ein offensiv KuPS-målvakt stormer ut frå streken og klarer akkurat å stoppe skotforsøket til venstrebacken. Men på returen dukker Omoijuanfo opp og breisider inn dagens tredje.
68'
Nytt stolpetreff for Molde! Wingo løper seg fri på høgresida og finn Hestad i midten. Molde sin nummer 19 legg ballen til rette før han avsluttar med høgrefoten i stolpen. Det er dagens andre stolpetreff for blåtrøyene.
66'
Wingo spelar vidare.
65'
Spillerbytte
64'
Nytt stopp i spelet når både Wingo og Tomás ligg i bakken. Begge lag sine medisinske apparat kjem på bana.
62'
Lystkastarane er på, og spelet er i gang!
61'
Spelarane trillar ball med kvarandre for augeblikket for å halde seg varme. Medan dagens ukjente superhelt har tatt turen opp på taket for å skru på lyskastarane.
57'
Midlertidig stopp i spelet ettersom lyskastarane på Molde-stadion har gått av. Dei to laga nyttar anledninga til ei drikkepause.
55'
Hjørnespark
55'
Linde reddar mesterleg med ei beinparade! KuPS-spelar Sale og ein lagkamerat har heile banehalvdelen imot ein Molde-forsvarer. Sale sentrer ikkje til lagkameraten, og forsøker heller sjølv med høgrefoten frå drøyt 10 meter. Linde ser eigentleg ut til å gå feil veg, men sisteskansen får likevel foten på ballen og hindrar KuPS-scoring.
55'
Gultrøyene klarerer corneren i beina på Sale som har eit hav av rom å kontre i!
54'
Hjørnespark
54'
KuPS heng litt i tauane no, og må gi vekk enda ein corner.
53'
Hjørnespark
Målvakt Virtanen er ute i feltet og boksar ballen ut av 16-meteren.
53'
Hjørnespark
Headast unna på første stolpe.
52'
Brynhildsen skyt via eit KuPS-bein og ut til corner.
50'
Frisk start frå bortelaget i andre omgang. Det er tydleg at dei på ingen måte har gitt opp.
47'
Så får Brynhildsen sjansen i motsatt ende! Molde kontrer og venstrekanten klemmer til frå 25 meter, men skotet går rett på målvakt Virtanen.
47'
Skotet går rett i muren.
47'
KuPS har fått eit frispark like utanfor Molde sin 16-meter.
46'
Gult kort
Lager frispark i god skotposisjon for bortelaget.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hovuddommar bles av første omgang, og Molde-spelarane går til pause med leiinga etter to praktmål. Molde har starta og avslutta omgangen best, men KuPS har vore farleg frampå ved fleire anledningar. Ei tidleg scoring i andre omgang kan skape liv i den finske leiren som har vist at dei kan skape sjansar mot Molde-forsvaret. Molde fortener derimot enorm kudos for den andre scoringa. KuPS forsvarer seg med neste alle mann bak ballen når Aursnes chippar ballen over det finske forsvaret til Haugen som finn målscorar Eikrem framfor mål. Eit vakkert stykke fotballkunst.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Eitt minutt tilleggstid på Aker Stadion.
45'
Klokka 19:00 i dag møtest slovenske NK Celje og skotske Dundalk. Vinnaren av det oppgjeret skal etter planen møte vinnaren av Molde og KuPS i 2. runde av Champions League-kvalifiseringa. Men dette kan endre seg dersom korona-situasjonen i ein av klubbane sine heimland endrar seg.
41'
Hjørnespark
Headast unna.
41'
Plutseleg må Linde på jobb! Niskanen drar av ein Molde-forsvarer og har ein stor scoringssjanse frå skrått hald når han får avslutte frå ti meter med venstrefoten. Finnen si avslutning er for dårleg plassert, og Linde gjer ei god redning. Slike sjanser må KuPS nytte betre om dei skal avansere vidare i turneringa.
37'
Mål!
2-0
Eikrem set prikken over i'en etter eit vakkert stykke fotballkunst! Aursnes løfter ballen over KuPS-forsvaret og finn Haugen som har tatt turen opp frå eigen backposisjon. Venstrebacken legg inn på førstetouchet og finn Eikrem på bakerste. Molde-kapteinen legg ballen til rette og set den på kontrollert vis forbi KuPS-målvakta og inn i nettmaskene.
37'
I skrivande stund triller Molde ball, medan KuPS ligg lågt og forsvarer seg kompakt.
36'
Molde har vore flinke til å finne Eikrem i mellomrommet den første halvtimen. Det blir ofte farleg når Molde-kapteinen kjem rettvendt.
33'
Hjørnespark
Ballen hamnar i feltet hos Tomás som skyt i ein Molde-spelar. KuPS-spelaren roper på hands, men hovuddommar er ueinig. Molde får til slutt klarert.
33'
Eikrem blir vinka av for offside når han får ballen i bortelaget sin 16-meter.
32'
Erlandsen har hatt gode opplevingar på Aker Stadion tidlegare. Som Lillestrøm-trener sendte han Molde ut av cupen i semifinalen 2017. Stillinga vart 0-3 til kanarifuglane, og på scoringslista stod ein noverande Molde-spelar og tidlegare Lillestrøm-spelar, Erling Knudtzon. Dei tidlegare kollegaene, Erlandsen og Knudtzon, vant cupgull det året.
31'
Molde si opningsscoring kjem eigentleg etter ein periode der KuPS har blitt meir og meir farlege framfor mål. No blir det spanande å korleis Erlandsen sine menn vil svare på opningsscoringa.
26'
Mål!
1-0
Hestad prikkskyter ballen i krysset! Hussain fosser oppover venstresida og vender spelet til Eikrem på motsatt. Eikrem finn Hestad sentralt i bana, og Molde-kanten legg ballen til rette før han curler skotet via tverrliggeren og inn i nettmaskene. Vakkert!
25'
Niskanen headar unna innleggsforsøket til Eikrem.
25'
Molde har frispark i god innleggsposisjon og flytter opp luftskyts frå bakre rekker.
24'
Pennanen på KuPS avfyrer eit skot frå 25 meter. Linde har god kontroll og held skotet i fast grep.
22'
Stor moglegheit for brasilianske Rangel! Adjei-Boateng får ballen på venstresida og svinger inn eit innlegg mot KuPS-spiss Rangel på bakerste stolpe. Innlegget er perfekt og går rett over panneluggen til Ellingsen, men KuPS-spissen blir akkurat nok forstyrra til at han bommar på ballen i avslutningsaugeblikket. Dersom brasilianaren hadde styrt den på mål ville det blitt store problem for Linde.
20'
KuPS-venstrekant, Niskanen, er både bortelaget sin toppscorar og kaptein denne sesongen. Den 22 år unge kapteinen har spelt for KuPS i heile si profesjonelle karriere og notert seg for seks nettkjenningar så langt denne sesongen. Det blir spanande å sjå finnen måle krefter mot amerikanske Wingo utover i kampen.
18'
Eikrem roper faktisk på hjørnespark, og meinar at KuPS-målvakt Virtanen var sist på ballen før den trilla over dødlinja. Den walisiske hovuddommaren er ueinig og dømmer utspark.
16'
Eikrem i metallet! Molde-kapteinen vinner ballen på eigen hand midt inn på KuPS sin banehalvdel. Kapteinen forserer framover og skyt med høgrefoten frå 20 meter. Skotet går på yttersida av stolpen og ut til utspark.
15'
Kampens første KuPS-sjanse blir eit faktum når Sale får ballen på hjørnet av Molde sin 16-meter. Sale forsøker seg med høgrefoten i staden for å legge inn mot medspelarar i boksen. Skotet går utanfor.
13'
Nytt langskot på Aker Stadion. Denne gongen er det Eikrem som får ballen på 25 meter, og forsøker å curle den i hjørnet. Men også dette skotet går utanfor.
12'
Eikrem finn Omoijuanfo i bakrom. Men KuPS-midtstoppar Manga får avverga eit skot i siste augeblikk.
7'
Brynhildsen får sjansen! Haugen finn Eikrem i mellomrom som igjen finn Brynhildsen på løp bak den finske forsvarsfireren. Brynhildsen får ballen på åtte meter, men avsluttar midt på KuPS-målvakt Virtanen. Den sjansen kunne den tidlegare Stabæk-spelaren nytta betre.
6'
For dei som følger Eliteserien tett kan dagens oppgjer bli eit gjensyn med to kjente ansikt. KuPS-midtbanespelar, Adjei-Boateng, har over 100 kamper for Strømsgodset, samt eit seriegull frå 2013 i den marineblå drammensdrakta. Medan KuPS-høgrekanten, Sale, har 48 kamper for Viking og vant faktisk cupgull med siddisane i fjor før han signerte for KuPS januar 2020.
5'
Hestad får kampen sin første moglegheit. Eikrem tek eit hurtig frispark og finn Brynhildsen i bakrom. Brynhildsen tek ned kula og trilla den vidare til Hestad som får avsutte med godfoten frå 20 meter. Skotet går utanfor mål.
3'
Hjørnespark
Klarerast.
3'
Omoijuanfo får kampen sitt første frispark. Molde tek det kjapt og fortset å trille ball i bakre firer.
1'
Eikrem tek avspark på Aker Stadion og vi er i gang!
Avspark Start 1. omgang
KuPS har hatt ein kviledag meir enn Molde sidan sin førre kamp. Og Erlandsen gjer berre eitt bytte i sin startellevar. Venstreback Tomás erstatta Vartiainen som har tatt plass på innbyttarbenken.
Da er laga klare og Moe har i kjent stil rullert i startellevaren sidan førre kamp. Wingo på høgreback, Hestad på venstrekant og Omoijuanfo på topp har gjort reine posisjonsbytter med Holmgren Pedersen, Ulland Andersen og James som starta i tilsvarande posisjonar førre laurdag.
No gjenstår det berre å lene seg tilbake og glede seg til minimum 90 spanande minutt med europeisk fotball frå klokka 18:00. Underteiknande er tilbake med startoppstillingar rundt ein time før avspark.
Det som derimot lyder betre i øyrene til det finske bortelaget er at Molde sine to viktigaste angrepsvåpen, Eikrem og James, er ute av kamptrening. For første gong sidan 19.juli var begge frå nøkkelduoen tilbake i startoppstillinga mot Sarpsborg 08 førre helg – det ende med ein svak prestasjon og eit surt tap for moldensarane som ligg på andreplass i årets utgåve av Eliteserien.
Men Erlandsen, Haakenstad og resten av KuPS-laget står framfor eit tøft hinder på Aker Stadion i kveld. Molde har riktig nok tapt fire av sine seks siste kampar og tapte førre heimekamp 1-2 mot Brann, men blåtrøyene har vist botnsolide takter på heimebane over lang tid sidan Erling Moe vart hovudtrenar i klubben. 23 sigrar, 2 uavgjort og 1 tap med 55-17 i målforskjell er ikkje musikk i øyrene til Erlandsen.
I fjor vant KuPS toppdivisjonen i Finland, Veikkausliiga, for første gong sidan 1976. Laget sin hovudtrenar, Arne Erlandsen, er norsk og har ei trenerfortid i klubbar som HamKam, Fredrikstad FK og Lillestrøm. Seinast i 2017 vant han cupgull med kanarifuglane. Også den norske høgrebacken Mats Haakenstad spelar for klubben. Nordmannen har dog berre spelt ein seriekamp sidan han kom til KuPS frå Lillestrøm i januar 2020.
Dagens dato, 19. august, har truleg vore markert med fargerike markeringstusjar i Molde-kalenderen heilt sidan oppgjeret vart stadfesta til denne datoen. Fjorårets vinnar av Eliteserien har eit sterkt ynskje om å lukkast utanfor landegrensene, men da må lag som finske KuPS beseirast på vegen.
Normalt sett møtast laga til to kampar i kvar kvalifiseringsrunde, både på heime- og bortebane, men på grunn av koronasituasjonen spelast det berre ein kamp. Laget som trekk det lengste strået i kveld, og sikrar vidare avansement, må fortsatt gjennom tre kvalifiseringsrundar til før dei hamnar i det lukrative gruppespelet i Champions League.
Det er nemleg i Rosenes by man skal avgjer kven som avanserer vidare til 2.runde i kvalifiseringa til Europa si mest prestisjetunge fotballturnering. Med andre ord vil laga spele ekstraomgangar og eventuelt avgjere det heile med ein nervepirrande straffesparkkonkurranse dersom det står uavgjort ved full tid.
Velkommen skal du vere til europeisk aften på Aker Stadion mellom Molde og finske KuPS i 1. runde i Champions League-kvalifiseringa for 2020/2021-sesongen! Mitt namn er Andreas Hellenes og i løpet av dei neste timane har eg fått æra av å lose deg gjennom dagens viktige Europa-oppgjer.