TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Aursnes si seine scoring gjorde altså at Bodø/Glimt måtte utsetje gullfesten. Men dei gulkledde i nord er nok veldig klare over at den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Spesielt i dette tilfellet. No gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følget. Ha ein strålande fotballsøndag vidare!
Ein spenningsfylt kamp med heseblesande periodar er over, og resultatet blir akkurat det same som da laga møttest tidlegare i år; 2-2. Med Rosenborg-resultatet i bakhovudet er det truleg Molde som er mest fornøgde med dagens resultat. KBK misbrukte ein god moglegheit til å tette luka til medaljeplass, medan Molde klarte å auke avstanden til Rosenborg. Molde starta best da Hussain heada inn 1-0 tidleg i kampen, men kort tid etter svarte Eliteseriens toppscorar med ei utlikning. Deretter tok KBK leiinga når Sinyan på uvåkent vis lot Pemi heade frå fem meter, og når scoringane uteblei i resten av omgangen, så gikk laga til pause på stillinga 1-2. Store delar av andre omgangen var rolegare enn første omgang, men når Aursnes dunka inn 2-2 eit minutt før fulltid, så tok også andre omgangen av. På slutten var det eit rotete kampbilete der begge lag kunne scora, men sigersscoringa uteblei når dårlege avslutningar og nokre offsideavgjersler stod i vegen. Dermed ende dette spennande lokaloppgjeret 2-2 etter det som kan omtalast som ein veldig artig fotballkamp!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+6'
Aasbak med eit grusomt innlegg som Ellingsen headar unna.
90+6'
Pellegrino får frispark femten meter inne på Moldes banehalvdel. No er KBK meir usikre på kven dei skal sende fram.
90+5'
Hjørnespark
Corneren svingast inn, men dommar bles frispark til Molde.
90+4'
Eikrem er misfornøgd når hovuddommar bles frispark i KBK sin boks. Spelet bølger fram og tilbake i sluttminutta. Nervepirrande avslutning på eit deilig lokaloppgjer!
90+3'
Gigantsjanse for Diop, men KBK-spelaren blir avblåst for offside.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Askar ligg nede etter ein duell.
90+1'
Fire tilleggsminutt viser fjerdedommar si tavle.
90+1'
Aursnes gjer det nesten igjen! Får ballen like utanfor sekstenmeteren og klemmer til. Denne gangen er skotfoten ikkje riktig innstilt, og dermed går skotet over mål.
89'
Mål!
2-2
Aursnes bringer balanse i regnskapet når han klemmer ballen i lengste hjørne! Først slår Haugen inn frå venstre, men innlegget går over alt og alle. På motsatt side plukkar Knudtzon opp ballen og finner Aursnes sentralt i bana. Midtbanemannen fyrer laus med høgreslegga, og sender ballen bort i lengste hjørne. Flott scoring av Moldes nummer 17!
88'
Haugen svinger inn og treff Ohi på pannebrasken. Moldes nummer 99 headar på mål, men nok ein gang er Moldes avslutningar verken harde- eller presise nok til å passere McDermott. Sisteskansen reddar nok ein gang i fast grep.
87'
Dei blåkledde jaktar scoring no, men KBK står fortsatt godt imot eit heimelag som verkar litt stressa.
85'
Ellingsen får ballen på godfoten like utanfor sekstenmeteren! Denne gangen får han ikkje like godt treff som på Emirates, og skotet trillar inn i armane til McDermott.
84'
Pellegrino er oppe igjen på beina, og spelet er i gang.
83'
Gult kort
Får gult kort etter ein tøff duell med Pellegrino. Sistnevnte blir liggande nede, og det er midlertidig stopp i spelet.
82'
For ein runde dette kan bli for KBK. Tre poeng, Molde-tap, Rosenborg-tap og møte mellom Odd og Vålerenga seinare i kveld vil kunne vekke liv i medaljehåpet til dagens bortelag.
81'
Bolly får ballen i bakrom, men linjedommar er oppe med flagget. Offside.
79'
Spillerbytte
79'
Bye misbruker gigantsjanse frå draumeposisjon! Bye blir spelt fri bak Molde-forsvaret, og frå litt spiss vinkel skal han berre bruke innsida til å kontrollert setje ballen i motsatt hjørne. Bye mislykkast og skyt utanfor mål. For ein sjanse for KBK!
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
77'
Nytt Molde-innlegg mot bakerste, men nok ein gang klarer ikkje Molde-angriparane å få kontakt med innlegget. Det er Ohi som er nære på denne gangen.
76'
Aasbak drøyer når han kan. I dette tilfellet på eit innkast. Hovuddommar advarer Aasbak.
75'
Pellegrino skyter, men skotet går over mål.
75'
Frispark rundt 30 meter frå mål.
75'
Aasbak slår langt mot Pellegrino som går i luftduell mot Sinyan. Pellegrino går i bakken, og hovuddommar bles frispark til både Sinyan og Molde-fansen sin store fortvilelse.
73'
Michelsen i fyr og flamme nede på sidelinja. Oppfordrar spelarane sine til å ta det roleg når dei får dødball.
72'
Bolly fyrer eit rapt skudd mot mål, men McDermott reddar i fast grep.
70'
Hjørnespark
Klarerast.
70'
Eikrem får ballen i mellomrommet og avanserer framover på KBK sin halvdel. Molde-kapteinen fyrer til slutt av eit skot med venstrefoten frå rundt 18 meters hald, men McDermott er raskt nede og reddar skotet ut til corner! Moldes beste sjanse i andre omgang.
69'
Snart berre 20 minutt igjen på Aker Stadion. For augeblikket er det Molde som skapar mest, men KBK forsvarer seg godt. Bortelaget har derimot skapt lite framover.
67'
Aursnes slår inn frå høgre og finn Bolly på bakerste. Kanten headar ballen inn igjen mot midten av feltet, men der får KBK rydda opp.
66'
Pemi går ut, og Pellegrino går inn som midtspiss. Askar blir høgrekant, medan Bye går over på venstrekanten.
65'
Spillerbytte
65'
Eikrem finn Bolly på bakerste, og kanten får avslutta, men skotet går i nettveggen. Men hovuddommar bles også frispark, så om Bolly hadde putta ballen i nettet så ville det blitt avblåst.
64'
Dei to Molde-bytta medførte eit par posisjonsbytter. Ellingsen har tatt plass inne sentralt for Hussain, medan Ohi og Bolly spelar på kvar sin kant.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Eikrem slår mot bakerste, men innlegget er så hardt at Sinyan ikkje rekk fram før innlegget går ut over dødlinja.
61'
Hjørnespark
Kort variant før Eikrem får tilbake ballen. Deretter blir han felt like utanfor boksen, og Molde har frispark i veldig god innleggsposisjon.
61'
Mykje engasjement på matta no. Pellegrino er misfornøgd med dommartrioen fordi han ikkje får kast, medan Molde er misfornøgde fordi dei ikkje får corner like etterpå.
59'
Kontringa stopper etter kvart opp, og Molde går tilbake til sitt vanlege grunnspel.
58'
Hjørnespark
Corneren lander på kassa til Wingo som tar ned ballen og forsøker å setje i gang ei kontring!
58'
I kjent stil drar Pellegrino seg inn frå venstre og skyt mot lengste. Denne gangen skyt han lågt mot lengste hjørne, og Linde må ut i full strekk for å slå ballen ut til corner.
57'
Molde-fansen på Tornekrattet maner til innsats. Dei har levert frå kampens første minutt!
56'
Så er det KBK som kjem på visitt! Ruller fint opp til Aasbak som dunker inn eit innlegg framfor mål. Innlegget finner ikkje ein lagkamerat, og Molde slepp unna.
54'
Aursnes skyter frå god posisjon, men bommar! Nok ein gang kjem Molde på ein visitt i KBK-feltet, og etter eit innlegg frå venstre hamnar ballen i beina til Aursnes. Han forsøker å skyte med godfoten, men ballen sklir av vrista og fyk opp på tribuna.
53'
Hjørnespark
Klarerast.
52'
Hjørnespark
Eikrem finner James i boksen. Han stusser vidare mot Bjørnbak som står plassert rett framfor KBK-målet. Men nok ein gang kjem eit KBK-bein i vegen og klarerer til ny corner.
52'
Pellegrino forsøker eit volleyforsøk frå hjørnet av Molde-feltet. Spissen med 21 scoringar denne sesongen har gjort fleire perlemål i år, men denne gangen lukkast han ikkje. Volleyforsøket går langt opp på tribuna.
50'
Forsiktig start på denne omgangen. Ingen sjansar så langt.
49'
Ellingsen, som har spelt midtstoppar mesteparten av sesongen, har dei siste kampane vore Moldes farlegaste offensive våpen. I førre Eliteserie-kamp scora han to mål som innbytter, og førre torsdag scora han på eit langskot borte mot Arsenal. I dag følgte han opp godformen med ein strålande assist i første omgang.
47'
Eikrem svinger inn, men KBK får rydda unna.
46'
Molde startar omgangen med å få frispark i strålande innleggsposisjon. Da kjem luftskyts frå bakre rekker fram.
46'
Ingen bytter i pausen.
46'
Laga har skifta side og Pemi ruller i gang andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hovuddommar Smehus Kringstad bles i fløyta, og dermed går laga på stillinga 1-2. Molde kom best i gang og skapte sjansar allereie frå kampens første minutt. Etter tolv speleminutt klarte også Hussain å omsetje sjanse til mål, og dermed var det Molde som først tok leiinga på Aker Stadion. Men KBK svarte umiddelbart, og like etter pirka Eliteseriens toppscorar, Amahl Pellegrino, inn 1-1. Utlikninga setje fyr på KBK-angrepet, og etter 23 speleminutt sneik Pemi seg inn framfor Sinyan etter eit presist innlegg frå Kalludra. KBK-spissen var iskald når han fekk sjansen sin, og nikka KBK i føringa. Molde hadde nokre sjansar til å utlikne før pause, men både McDermott og KBK-forsvaret stod godt imot. Dermed går laga til pause på stillinga 1-2 etter ein gøyal første omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+1'
Bye kjem seg fri i bakrom, men linjedommar er oppe med flagget. Offside.
45+1'
Det leggast til eit minutt på Aker Stadion.
45+1'
Spelet er i gang igjen, og Pemi spelar vidare.
45'
Midlertidig stopp i spelet når Pemi ligg nede etter ein tøff duell på midtbana.
43'
Wingo og Aursnes kombinerer ute til høgre. Førstnevnte kjem til innlegg, men KBK har mange mann i boksen, og nok ein gang får dei klarert.
40'
Eit godt innlegg blir servert mot Brynhildsen på bakerste stolpe. Han er veldig nære på å få kontakt med headinga, men bommar så vidt det der. Hadde han fått den på mål ville det blitt store problemer for McDermott.
39'
Etter Pemi si scoring har det blitt noko rolegare ute på bana. Molde trillar mykje ball og kjem til brukbare sjansar, medan KBK angriper direkte i bakrom når sjansen byr seg. Interessant kampbilete.
38'
Ellingsen går i bakken utanfor bortelagets sekstenmeter og roper på frispark. Hovuddommar vinker spelet vidare.
36'
I skrivande stund ligg alle resultat til rette for at Bodø/Glimt kan sikre seg gullet i dag. Dersom Molde taper og Rosenborg avgir poeng, så må berre Bodø/Glimt ta alle tre poenga heime mot Aalesund. Da vil det vere matematisk umogleg for Molde og Rosenborg å ta igjen gultrøyene frå nord.
33'
Hjørnespark
James svever høgast og headar unna.
33'
P.Ulvestad kjem opp langs høgrekanten og slår eit innlegg. Innlegget går via eit Molde-bein og ut til corner.
32'
KBK forsøker å slå kjapt i bakrom, men Sinyan har akkurat nok fart til å rydde opp.
30'
Hjørnespark
KBK får klarert.
30'
James blir spelt fri av Hussain og skyt midt på keeper! Molde-spissen får avfyrt skotet frå rundt sju meter, men vinkelen er spiss. McDermott reddar kontrollert ut til corner.
23'
Mål!
1-2
Pemi lurer seg framfor ein uvåken Sinyan og header KBK i føringa! Kalludra får ballen på hjørnet av Molde sin sekstenmeter. Sinyan ser ut til å ha full kontroll på innlegget til svensken, men rett bak ryggen til midtstopparen ligger ein lur KBK-spiss. Pemi sniker seg inn rett framfor nasa på Sinyan og nikker KBK i leiinga. 1-2 på Aker Stadion!
22'
Molde-fansen klapper og jubler når speaker informerer om at Viking leder 2-0 mot Rosenborg. Før dagens kamp var Molde berre eit poeng framfor trønderane på tabellen.
19'
Pemi er nære på å komme fri i bakrom etter corneren, men Aursnes gjer ein god ryddejobb og vinn eit frispark i duell med KBK-spissen.
18'
Hjørnespark
Sender den lågt inn framfor mål! Men det er KBK som vinn duellane i boksen og får klarert.
18'
Frisk start på dette lokaloppgjeret!
14'
Mål!
1-1
Pemi lurer seg framfor ein uvåken Sinyan og headar KBK i føringa! KBKs assistkonge, Kalludra, får ballen på hjørnet av Molde sin sekstenmeter. Sinyan ser ut til å ha full kontroll på innlegget til svensken, men rett bak ryggen til midtstopparen ligger ein lur KBK-spiss. Pemi sniker seg inn rett framfor nasa på Sinyan og nikker KBK i leiinga. 1-2 på Aker Stadion!
12'
Mål!
1-0
Hussain brukar pannebrasken til å stange Molde i føringa frå fem meter! Molde står høgt etter corneren og bit seg fast rundt KBK sin sekstenmeter. Ballen hamnar etter kvart hos formspelar Ellingsen på hjørnet av bortelagets sekstenmeter. Ellingsen løfter blikket og svingar inn eit millimeterpresist innlegg som finn Hussain inne i femmetersboksen. Han stangar ballen inn i nettet forbi ein utspelt McDermott. 1-0!
11'
Hjørnespark
Klarerast på første stolpe.
11'
D.Ulvestad er redningsmann på strek! James får ballen i bakrom og kjem en-mot-en mot McDermott. Molde-spissen gjer først ein verdig spissjobb når han bruker KBK sin sisteskanse som rundingsbøye, men avslutninga er akkurat for svak, noko som fører til at P.Ulvestad klarer å klarere til corner. Stor Molde-sjanse!
8'
Aasbak legger inn men Molde-forsvaret får rydda unna.
8'
KBK får eit frispark ti meter inne på Molde sin banehalvdel. Dei flytter opp luftskyts frå bakre rekker.
6'
James svever i lufta og headar like over mål! Haugen blir spelt fri på venstresida og slår eit presist innlegg inn mot James. Han vinn hovudduellen i feltet, men spissen har ikkje innstilt siktet foreløpig. Headinga går nemlig over mål.
6'
Wingo kjem til innleggsposisjon og slår ein markkryper av eit innlegg. Innlegget hamnar i beina på Bye som får klarert.
5'
Molde triller ball i augeblikket.
3'
Molde får kampens første frispark på eigen banehalvdel.
2'
Kampens første avslutning i kampens første minutt. Haugen løper ned langs venstrekanten og legger inn til Brynhildsen i boksen. Han får hovudet på innlegget, men headinga går rett på McDermott som held headinga i fast grep.
1'
Vi er i gang! Eikrem tar avspark.
Avspark Start 1. omgang
I skrivande stund rusler Molde- og KBK-spelarane ut på dagens kunstgrasmatte. Avspark er rett rundt hjørnet!
Begge startoppstillingar er klare og vi nærmar oss kampstart klokka 18:00. Molde spelte som sagt førre kamp på torsdag, og Moe har berre gjort tre endringar frå startellevaren han stilte på Emirates Stadium. Bolly er erstatta av Brynhildsen, Ohi er erstatta av James, og ein skada Gregersen er erstatta av Sinyan. Hos KBK er det fire endringar frå startoppstillinga mot Bodø/Glimt førre helg. Coly, Psyché, Skarsem og Sørli er erstatta av Furu, D.Ulvestad, P.Ulvestad og Pemi.
Med andre ord vil vi forhåpentlegvis få eit jamspelt, spennande og målrikt lokaloppgjer i Rosenes by i dag. Underteiknande er tilbake med startoppstilling og stemningsrapport rundt ein time før avspark!
For med friske bein eller ikkje, så vil det uansett bli vanskeleg å stoppe KBK-spelar og Eliteseriens toppscorar; Amahl Pellegrino. Pellegrino har allereie putta 20 scoringar denne sesongen, og truleg er han på jakt etter fleire scoringar når han kjem til Aker Stadion i dag.
Molde sine største lyspunkt denne sesongen har først og fremst vore i europacup-spel. Først leverte dei gode prestasjonar i Champions League-kvalifiseringa, og dei siste vekene har dei også levert gode resultat i Europa League-gruppespelet. Seinast førre torsdag, for berre tre dagar sidan, spelte dei mot Arsenal på Emirates. Det ende med ein god prestasjon i spesielt første omgang, men også eit 4-1-tap og skade på forsvarsbauta Stian Gregersen. Molde har i tre veker på rad spelt Europa League-kampar på torsdagar og Eliteserie-kampar i helgene, medan dagens bortelag har hatt ei heil veke med kvile mellom kvar kamp i fleire månadar. Dermed blir det spennande å sjå om Erling Moe vil rokere på den krutsterke startellevaren han brukte mot Arsenal, eller om han stiller med store delar av det same mannskapet.
Dagens to aktørar har allereie møtast ein gong tidlegare denne sesongen; på Kristiansund Stadion i runde 5. Den kampen ende på dramatisk vis 2-2 etter ei straffescoring av Andreas Hopmark, heile fem minutt på overtid! Og kanskje kan vi håpe på noko liknande i dag også, ettersom KBK har vore ei hard nøtt å knekke for moldensarane dei siste åra. Både i 2017-, 2018- og 2019-sesongen har faktisk laga vunne ein kamp kvar av sesongens to oppgjer, men denne rekka skal altså brytast i år sidan det ende uavgjort tidlegare denne sesongen. Førre gang KBK vant på Aker Stadion var i 2017-sesongen, det ende 0-1 etter scoring av noverande Brann-spelar Daouda Bamba.
Etter eit knalltøft kampprogram, med Rosenborg, Vålerenga, Bodø/Glimt og i dag Molde som sine fire siste motstandarar i Eliteserien, har KBK sakte men sikkert hamna bakpå i medaljekampen. Før dagens oppgjer har dei ni poeng opp til Rosenborg på 3.-plass, og dermed skal det mykje til for at Christian Michelsens mannskap skal sikre seg ein billett til europacup-spel neste sesong. Men dersom KBK kjem inn i ein sigersstim, så er det ikkje heilt umogleg å ta igjen Odd og Vålerenga som begge ligg seks poeng framfor på tabellen. Dersom KBK skulle klatre opp til 4.-plass før sesongslutt, så vil dette vere den beste tabellplasseringa deira sidan opprykket frå OBOS-ligaen i 2016-sesongen.
Før kampen er det ti poeng som skil dagens to aktørar på tabellen. Molde ligg på 2.-plass med 46 poeng på 23 kampar, medan Kristiansund ligg på 6.-plass med 36 poeng på 23 kampar. For Molde sin del er gullkampen tapt, og no handlar dei resterande kampane i Eliteserien om å sikre seg ein medalje som gir dei moglegheita til å kvalifisere seg for Europa League 2021/2022-sesongen. Med berre eit poeng ned til Rosenborg på 3.-plass, og fire poeng ned til Odd på 4.-plass og Vålerenga på 5.-plass, blir det viktig for Molde å ta alle tre poenga i dagens heimekamp for å behalde luka ned til dei andre medaljekandidatane.
Hjerteleg velkommen til Aker Stadion og liveoppdatering frå dagens kamp der vertskapet Molde får Kristiansund på besøk. Mitt namn er Andreas Hellenes og i løpet av dei neste timane har eg fått æra av å lose deg gjennom dette lokaloppgjeret!