Referat
Kun høydepunkter
Dette resultatet gjer at Molde truleg må vinne bortekampen i Budapest neste veke for å kvalifisere til gruppespelet i Champions League - med mindre vi får ein ny målfest der Molde scorar minst tre bortemål. No gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følget!
«VAR» og «hands» er naturlegvis dei store snakkisane etter kampslutt. I det 74 speleminutt må hovuddommar ta i bruk VAR når Molde-spelarane roper på straffe. Den spanske kampleiaren tok seg god tid og tok i bruk VAR-skjermen, men valgte å ikkje dømme straffe. Ti minutt seinare oppstår ny hands-situasjon i motsatt 16-meter, og denne gongen bles hovuddommar straffe.
Hovuddommar bles av ein heseblesande omgang med heile fem scoringar! Nok ein gong fekk Molde eit tidleg baklegsmål. Uzuni varta opp med ei heading frå øverste hylle når han sendte Ferencváros opp i ei tomålsleiing etter 53 speleminutt. Heldigvis for Molde fekk dei ei kjapp redusering når James heada inn 1-2. Og deretter løfta Molde seg mange hakk, og scora både 2-2 og 3-2 med Eikrem og Ellingsen som målscorarar. Dermed var Molde sin vanvittige snuoperasjon frå 0-2 til 3-2 eit faktum. Men like før slutt får Ferencváros tildelt eit straffespark etter ein hands på Brynhildsen, og Kharatin ordna balanse i regnskapet når han sendte ballen til høgre og Linde til venstre. Det ender altså 3-3 på Aker Stadion - eit resultat som Ferencváros truleg er meir fornøgde med enn Molde.
Kamp slutt Slutt (3-3)
90+7'
Aursnes legg inn til Gregersen som lager frispark.
90+7'
Det skal dei! Og Aursnes skal løfte den inn.
90+7'
Hestad leggast i bakken. Skal Molde flytte opp luftskyts?
90+6'
Brynhildsen får frispark på eigen banehalvdel i det siste tilleggsminuttet.
90+5'
Molde trillar og trillar, men finn ikkje rom til å skape dei store sjansane.
90+4'
Ferencváros derimot er ikkje særleg interesserte i å angripe.
90+3'
Molde er i alle fall gira på ei siste scoring.
90+1'
Gregersen løfter ballen inn i bakrom der Bolly er først på ballen. Innbyttaren forsøker ei avslutning, men treff nettveggen.
90+1'
Seks tilleggsminutt.
90'
Vi nærmer oss slutten av ein spinnvill omgang. Kan det komme ei siste scoring?
83'
Aursnes skal slå frisparket.
83'
Molde vinn frispark i innleggsposisjon. Flytter opp frå bakre rekker.
82'
Omoijuanfo tar plass på høgrekanten. Brynhildsen går over på venstre.
81'
Molde-kapteinen er ferdig for i dag, og gir kapteinsbindet vidare til Aursnes.
80'
Eikrem ligg nede. Får behandling av Molde sitt støtteapparat.
79'
Det er verdt å nemne at Eikrem har vore fabelaktig for Molde i andre omgang. Ei av hovudårsakene til at Molde skapar sjansane som dei ikkje klarte å skape i den første omgangen.
77'
Brynhildsen smeller ballen inn i nettmaskene! Men dommar bles frispark mot Hussain som dyttar ein motspelar i ryggen.
77'
Hovuddommar seier nei til straffespark, og dømmer corner til Molde.
75'
Dommaren skal bort for å sjå på skjermen. Spelarane ventar i spenning. Den spanske kampleiaren tar seg god tid.
74'
James drar av tre mann før han avsluttar via ein forsvarsspelar og ut til corner! Molde-spelarane roper på hands i bortelaget sin 16-meter, og VAR takast i bruk på Aker Stadion. Kva gjer hovuddommar no?
73'
Bortsett frå opningsscoringa var det ikkje nokon stor kamp av Boli.
72'
Molde plukkar opp andreballen og Eikrem får slått inn eit nytt innlegg. James kjem først på innlegget, men headar midt på Dibusz.
71'
Det er litt av eit sceneskifte vi har fått på Aker Stadion no. Molde har gått frå 0-2 til 2-2!
69'
Eikrem slår inn, men Ferencváros får klarert.
68'
Molde med frispark på kanten av 16-meteren.
65'
Molde med eit lite overtak i kampen no.
63'
Haugen med eit presist innlegg som finn Hestad på bakerste. Molde sin nummer 19 forsøker å avslutte på volley, men skotet går over mål. Likevel gode tendensar frå Molde.
62'
Uzuni scora også det avgjerande målet mot Dinamo Zagreb i førre kvalifiseringsrunde for Ferencváros. Kantspelaren er i flyten om dagen.
61'
For ein start vi har fått på andre omgang!
58'
Blazic med ei horribel feilpasning rett i beina på Eikrem. Molde-kapteinen finn James som forsøker ei dribbling i staden for å avlutte med ein gong. Det påfølgande skotet treff Blazic, og bortelaget kjem ustraffa frå feilen.
52'
Eikrem drar seg flott inn i banen og avslutter via eit Ferencváros-bein og ut til corner.
48'
2007/2008-sesongen var førre gong vi hadde eit norsk lag i Champions League-gruppespelet. Da hamna Rosenborg på 3.-plass i gruppe med Chelsea, Schalke og Valencia. Rosenborg vant 2-0 både heime og borte mot Valencia, og klarte eit uavgjortresultat på bortebane mot Chelsea – eit Chelsea-lag som tok seg heile vegen til finalen det året.
46'
Ingen pausebytter frå verken Moe eller Rebrov.
46'
Eikrem tar avspark, og andre omgang er i gang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det blir spennande å sjå om Moe gjer endringar i pausa. Knudtzon har hatt nokre intense duella med venstreback Civic, og Molde-kanten fekk eit gult kort på tampen av omgangen. Med fartsfulle spelarar på benken som Omoijuanfo og Bolly, samt kreative spelarar som Christensen og Brynhildsen, blir det spennande å sjå kva Molde-lag som kjem ut til andre omgang på Aker Stadion.
Da er det pause på Aker Stadion, og Ferencváros er truleg særs fornøgde med både resultatet og kampbiletet for augeblikket. Molde hadde ein svak start på kampen, og allereie etter sju minutt fant Boli vegen til nettmaskene etter eit presist innlegg frå høgreback Botka. Molde vart betre og betre utover i omgangen, og klarer tidvis å skape problemer for bortelaget sitt forsvar. Men førebels har presisjonen i dei avgjerande augeblikka vore for dårleg, og dermed har scoringane uteblitt.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Knudtzon kjem seg til dødlinja etter ei flott spelvending og slår eit knallhardt innlegg mot James. Innlegget er for upresist, og dermed får Blazic klarert.
44'
James har fått det vanskeleg mot bortelaget sine to midtstopparar - Frimpong og Blazic.
41'
Somália er nære på å finne Boli i bakrom. Men Gregersen heng med på notene og får brutt ballbana til pasningsførsøket.
39'
Ferencváros biter seg fast på Molde sin banehalvdel no.
37'
Wingo får slått inn frå høgre, men innlegget går over samtlige medspelarar i boksen. Molde har mangla litt presisjon i angrepsspelet så langt.
36'
Nguen med si beste innvolvering i kampen. Vinner ein løpsduell mot Wingo og finn Uzuni i feltet. Uzuni får avslutta, men Gregersen blokkerer den svake avsluninga, før ballen går inn igjen i beinet til Uzuni og ut over dødlinja. Utspark Molde.
33'
Aursnes finn Knudtzon i bakrom, og hurtigtoget forsøker eit innlegg mot James. Innlegget er brukbart, men Blazic er på riktig stad til riktig tid og headar ballen ut til corner.
32'
Bortsett frå opningsscoringa har det vore lite truslar mot Molde-målet.
29'
Kantspelaren svinger inn frisparket og finn Kharatin i feltet. Midtbanespelaren får ikkje styrt headinga på mål, og headar ballen utover dødlinja. Utspark Molde.
29'
Uzuni skal ta frisparket.
28'
Ferencváros får eit frispark på rundt 35 meter. Bortelaget flytter opp luftskyts frå bakre rekker.
25'
Ferencváros angriper mykje ute til venstre med venstrekant Nguen og venstreback Civic. Men Knudtzon og Wingo samarbeider godt i forsvarsspelet.
21'
Vi har ein heilspansk dommarkvartett på Aker Stadion si kunstgrasmatte i dag. Carlos del Cerro Grande er hovuddommaren og med seg har han sine to linjemenn Roberto Alonso Fernandez og Pau Cebrián Devís. Fjerdedommar er Guillermo Cuadra Fernandez.
21'
Knudtzon roper på hands i Ferencváros-feltet, men den spanske kampleiaren vinkar spelet vidare.
20'
Molde har heva seg dei siste minutta. Det var eit flott angrep med mange pasningar som førte til blåtrøyenes første corner.
17'
Molde har ved to anledningar vore nære på å få gunstige ballbrudd på Ferencváros sin banehalvdel. Men førebels har bortelaget komt ustraffa ifrå sine smårisikable frispelingar i bakre ledd.
16'
Aursnes slår eit innlegg frå kanten av 16-meteren som treff panna til James. Molde-spissen svevar høgt, men får ikkje styrt headinga på mål. Utspark til bortelaget.
15'
Gregersen med ei enkel feilpasning utover sidelinja. Oppsummerer Molde sin kampstart.
13'
Molde som har ballen på bortelaget sin banehalvdel for augeblikket. Ferencváros ligg kompakt i forsvar, og Molde slit med å finne ein veg igjennom.
7'
6'
Haugen finn Hussain i feltet, men midtbanespelaren får eit dårleg førstetouch, og dermed får Blazic klarert.
5'
Jamnt i opningsminutta på Aker Stadion.
3'
Uzuni blir vinka av for kampens første offside.
2'
Bortelaget trillar ball i opningsminutta.
1'
Vi er i gang! Boli tar avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane har ankomt matta, og Champions League-hymnen er tilbake på Aker Stadion! Straks avspark!
Under ein halvtime til kampstart no. Det har vore ein solrik ettermiddag utan regn i Molde, men no har både sola og temperaturen gått betrakteleg ned.
Laga er klare og det er under ein time til kampstart. Moe gjer åtte endringar frå laget som starta mot Vålerenga førre laurdag. Medan Ferencváros-trener Serhiy Rebrov gjer ti endringar frå si førre lagoppstilling som også hadde kamp førre laurdag. Dermed ligg alt til rette for ein energisk start på kampen.
Med andre ord ligg både ny klubbhistorie og ein Champions League-billett i premiepotten for laget som vinn samanlagt av Molde og Ferencváros. Underteiknande er tilbake med startoppstillingar og stemningsrapport ein time før avspark.
Verken Molde eller Ferencváros har vore i Champions League-gruppespelet sidan tusenårsskiftet. Molde har vore der ein gong tidlegare i 1999/2000-sesongen – da hamna dei på sisteplass i ei gruppe med Real Madrid, FC Porto og Olympiakos som motstandarar. Ferencváros har også deltatt ein gong tidlegare. Det var i 1995/1996-sesongen da dei kom på 3.-plass i gruppe med Real Madrid, Grasshopper og Ajax.
Forhåpentlegvis for Molde kan Eirik Ulland Andersen og Ohi Omoijuanfo bidra med gunstig informasjon om korleis Molde-forsvaret kan stoppe to av Ferencváros sine viktigaste angrepsvåpen. Ulland Andersen og Nguen var lagkameratar i Strømsgodset mellom 2016 og 2019, medan Omoijuanfo og Boli var lagkameratar i Stabæk mellom 2017 og 2019. Nguen har vore i fyr og flamme denne sesongen og står med 7 mål og 1 målgjevande på 6 kampar, medan Boli har 2 mål og 1 målgjevande på sine 6 kampar.
For mangeårige tittarar av Eliteserien og Premier League er det eit par kjente ansikt å finne i dette Ferencváros-laget. Både Franck Boli med ei fortid i Aalesund og Stabæk, pluss Tokmac Nguen med ei fortid i Mjøndalen og Strømsgodset, er per dags dato under kontrakt med den ungarske hovudstadsklubben. Det same er den tidlegare Bolton- og Liverpool-målvakta Ádám Bogdán – som truleg er eit kjent namn og ansikt for dei som følgde tett med på Premier League i førre tiår.
Ferencváros står med 6 sigrar og 1 uavgjort på sine 7 kampar i årets sesong. 3 av sigrane er frå Champions League-kvalifiseringa, medan dei siste 4 resultata er frå den ungarske ligaen og cupen som nyleg har starta opp med ny sesong.
For Molde sin del handlar dagens oppgjer om å skaffe seg eit godt utgangspunkt før returoppgjeret i Budapest neste veke. Molde har vore særs gode på eige gras i Erling Moe si tid som hovudtrenar, men med 4 sigrar, 1 uavgjort og 5 tap på sine siste 10 kampar må Moe få det beste ut av sine menn dersom Molde skal ta kommandoen i dette playoff-oppgjeret.
Dette samanlagt-oppgjeret er altså siste hinder før Champions League-draumen blir ein realitet for enten Molde eller Ferencváros. Blåtrøyene frå Norge har allereie beseira finske KuPS 5-0, slovenske Celje 1-2 og aserbajdsjanske Qarabag 5-6 på straffesparkkonkurranse etter 0-0 i ordinær tid og ekstraomgangane. Medan dei grønkvite ungararane har senka svenske Djurgarden 2-0, skotske Celtic 1-2 og kroatiske Dinamo Zagreb 2-1 på sine kvalifiseringskampar så langt.
Det er klart for den første av to playoff-kamper mellom Molde og den ungarske hovudstadsklubben Ferencváros. Laget som samanlagt trekk det lengste strået over dei to playoff-kampane vil sikre seg ein billett til det prestisjetunge UEFA Champions League-gruppespelet, medan taparlaget må nøye seg med ein plass i Europa League. Laga møtes i dag på Aker Stadion, og i neste veke på Ferencváros si heimebane i Budapest – Groupama Aréna.
Velkommen skal du vere til livedekning av det spenningsfylte Europa-oppgjeret mellom Molde og Ferencváros – direkte frå Aker stadion!