Referat
Kun høydepunkter
Da gjenstår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
For første gong sidan 2006 vinn Brann på bortebane mot Molde i Eliteserien. Og for første gong nokosinne taper Moe som Molde-trener på heimebane i Eliteserien. Denne sigeren må nok smake utruleg godt både for Brann, og ikkje minst for Forren. Etter ein jamn start på kampen var Brann-kaptein Pedersen sikker som banken når han omgjorde Brann sin første scoringssjanse til scoring. Molde svarte oppskriftsmessig når Brynhildsen skapte balanse i reknskapet med ei utlikning berre fem minutt seinare. Dermed gjekk laga til pause på 1-1, men Brann spurta ut av startblokkene i andre omgang når Tveita styrte inn 1-2 etter 54 speleminutt. Deretter jakta Molde ei ny utlikning resten av kampen, men Forren redda to gongar på strek og dommer Eskås vinka spelet vidare når ballen spratt i handa på Teniste innanfor Brann sin 16-meter. Med andre ord hadde Molde ein del utur, men Brann skal ha all kudos for å ta med seg samtlege poeng heim til Bergen og ein ny start under Ingebrigtsen.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Corner til Molde. Linde kjem opp.
90+3'
Hektisk og rotete kampbilete på Aker Stadion i sluttminutta.
90+1'
Det leggast til fire minutt.
90'
Forren igjen! Molde ruller opp og nok ein gong står Forren på streken og stopper eit Molde-skot som er i ferd med å finne nettmaskene. Forren har no to redningar på strek i andre omgang! Denne gangen er det Hestad som blir stoppa av sin tidlegare lagkamerat.
90'
Teniste til dødlinja, men smell innlegget rett i nevane til Linde.
88'
Molde trøkker på no. Kjem til avslutningar, men Brann blokkerer alle forsøka til heimelaget.
87'
Molde styrer showet, men Brann forsvarer seg med nebb og klør.
86'
Hustad har fått mykje rom sidan han kom inn, men er ikkje rask nok til å springe i frå midtstopper Ellingsen.
85'
Ein annan tidlegare Molde-spelar, Strand, får ballen på 16-meteren og forsøker eit skot. Bergenseren treff dårleg, og ballen humpar til side for mål.
84'
Naturlegvis mykje fokus på Brann-midtstoppar Vegard Forren i forbindelse med denne kampen. Den tidlegare Molde-spelaren sa til TV2 i forkant av dagens kamp at «det kan smelle og at det er et par mann som må passe seg». For ein siger dette kan bli for den tidlegare Molde-spelaren som har vore god i andre omgang.
83'
Hussain curler eit skot frå 16-meter, men skotet går innom ein Brann-spelar og ut til corner.
82'
Brann har store kontringsrom når Molde jakter utlikning. Førebels har raudtrøyene ikkje klart å utnytta det til å setje spikeren i kista.
79'
Spelet går, medan Bamba ligg på motsatt banehalvdel og vrir seg i smerte.
76'
For(r) en redning på streken av Forren! Ulland Andersen får rom i sekstenmeteren og avfyrer eit skot som Forren stopper på streken. Tenk om dette blir matchavgjerande!
76'
Brynhildsen har faktisk ikkje spelt ein einaste 90-minutter i Eliteserien sidan overgangen frå Stabæk. Moe er glad i å rullere, og difor har Brynhildsen fleire gongar måtte komme inn frå innbytterbenken og blitt tatt av mot slutten av kamper.
72'
Bamba går og går og går og går! Svære kontringsrom for Brann-spissen som løper frå eigen banehalvdel og langt inn i Molde sin 16-meter før han avslutter med feil fot midt på Linde.
72'
Wingo gjer ein brilliant forsvarsjobb og stopper Brann-kontringa.
70'
Drøyt 20 minutt igjen her i Rosenes by. Overraskande nok er Brann i føringa, og dersom resultatet står seg vil det bli Molde-trenar Moe sitt første heimetap sidan han tok over hovudtrenarjobben i Molde.
66'
Hawaii-fotball på Aker Stadion no. Spelet bølger fram og tilbake.
63'
Så smeller Omoijuanfo ballen i tverrliggeren! Først kombinerer han fint med Brynhildsen ute til venstre før han berre dunkar til i nærmaste hjørne. Skotet er knallhardt og smell i tverrliggeren. Opdal er faktisk innom den ballen før den treff metallet, så det er ei strålande redning frå sisteskansen!
63'
Ghanesaren har dog vore lite synleg i dag.
62'
Koomson har vore Brann sin største formspelar denne sesongen, i alle fall offensivt. Ghanesaren står med åtte mål på sine tolv første Eliteserien-kamper denne sesongen. Det er faktisk ny scoringsrekord i ein enkeltståande sesong for den tidlegare Sogndal-spelaren.
60'
Brann vinn ny corner. Vil Molde halde markeringa denne gongen?
57'
Koomson avanserer langs høgresida og slepp ballen til Haugen som klemmer til frå 16-meter. Skotet blir blokkert av Ellingsen.
50'
Molde-spelarane samlast som måker rundt dagens siste matbit når dei ynskjer at dommer Eskås skal dømme straffespark. Eskås er ikkje einig med moldenserane si vurdering av den tvilsame handssituasjonen som skjedde i forkant, og vinkar difor spelet vidare.
49'
19-2-0 og 41-13. Det er heimestatistikken og målforskjellen til Moe sitt Molde i Eliteserien etter at han overtok roret frå Ole Gunnar Solskjær, som i all hast måtte forlate sin daverande trenarpost i Molde for å erstatte José Mourinho som Manchester United-manager i desember 2018. Kan Hauge bli dem første trenaren som påfører Moe et tap på heimebane?
48'
Nære på for Brynhildsen! Wingo blir spelt fri på høgresida og sender inn ein markkryper som blir litt for upresis for dagens Molde-målscorer. God start frå Molde i andre omgang.
47'
Hussain fyrer laus med høgrefoten via ein Brann-forsvarer og til corner.
46'
Omoijuanfo ruller kula i gang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dei blå- og raude aktørane er tilbake på graset og vi nærmer oss avspark.
Dommer Eskås gir ingen tilleggstid og bles i fløyta. Dermed er vi halvvegs på Aker Stadion. Molde har hatt soleklart mest ball, medan Brann må ha kudos for at dei 16 poenga som skiljer laga på tabellen ikkje visast igjen på bana. Brann har nemleg også hatt sine to store moglegheiter. Den første resulterte i scoring av kaptein Pedersen, medan den andre sløste både Koomson og Bamba vekk. Det står 1-1 til pause, og dette blir spanande å følgje vidare i andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
43'
Dobbelsjanse for Brann! Molde mister ballen på eigen banehalvdel, medan forsvarsfireren er alt anna enn organisert. Ei enkel pasning frå Pedersen, og plutseleg er Koomson åleine mot Linde. Brann sin nummer sju avslutter midt på Linde, og etter det hamner ballen i beina på Bamba som også avslutter midt på sisteskansen. Der burde det stått 1-2!
40'
Brann ligg med ni mann i eigen 16-meter og forsvarer seg for augeblikket.
37'
Bamba tek eit dribleraid frå eigen 16-meter fram til Molde sin 16-meter. Til slutt avsluttar han med venstrefoten men Molde får blokkert. Viser prov på både tempo og vilje i den innvolveringa.
34'
Hussain står med oppsiktsvekkande seks mål på sine 13 Eliteserien-kamper denne sesongen, før dagens oppgjer. Det er faktisk personleg scoringsrekord i ein enkeltståande sesong for den djupe midtbanespelaren. Kanskje klarer han å pynte på rekorden med ei ny nettkjenning i dag?
33'
Hussain tester skotfoten frå 25 meter. Opdal held skotet i fast grep.
28'
Gigantsjanse for Brynhildsen og Molde! Forren med ei horribel feilpasning på midtbana som gjer at Aursnes enkelt spelar Brynhhildsen åleine mot Opdal. Den tidlegare Stabæk-spelaren passerer Brann-målvakta, men i staden for å skyte sjølv prøver han å finne ein lagkamerat. Brann-forsvaret får til slutt klarert til corner.
24'
Det førre tilsvarande oppgjeret ende 1-1 i fjor. Opningsscoring av Ruben Yttergård Jenssen og straffescoring av Leke James gjorde at det var balanse i reknskapet når fjorårets oppgjer vart blåst av. Det oppgjeret var berre ein av to kampar som Molde ikkje vant på heimebane i fjor. Blir resultatet det samme også i år?
20'
Frå tribuneposisjon kan reduseringa sjå ut som ein hårfin offside, men linjedommer godkjenner i alle fall målet og dermed er det balanse i reknskapet på Aker Stadion.
7'
Tett og jamnt i opningsminutta på Aker Stadion. Aursnes med kampen sitt einaste skotforsøk.
4'
I opningskampen av runde 13 gjekk Molde sin gullrival, Bodø/Glimt, på eit poengtap borte mot Vålerenga førre laurdag. Med siger i dag vil Molde berre vere eitt poeng bak gultrøyene frå Nord-Norge, men med ein kamp meir spelt enn bodøværingane.
2'
Aursnes klemmer til på halvvolley! Molde har ei flott spelvending i forkant før Wingo legg inn ein god kandidat til «dagens høgaste innlegg». Brann headar unna men ballen hamnar hos Aursnes på 20 meter som får eit godt treff som Opdal til slutt held i fast grep.
1'
Haugen av typen raud drakt sparker i gang oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
I skrivande stund entrer dei to startellevarane bana, og vi er straks klar for avspark her i solfylte Molde.
Hos bortelaget kjem Tveita inn på høgrebacken, medan tidlegare Molde-spelar Strand blir flytta fram på venstrekanten som fører til at Taylor må ta plass på benken. Det blir også eit reint posisjonsbytte i midtbaneleddet der Haugen kjem inn for Ordagic.
Lagoppstillingane er klare og begge trenarane gjer to bytter frå førre kamp. Hos heimelaget blir tomålsscorer i førre kamp, Brynhildsen, belønna med ein plass i startellevaren og dermed blir Christensen henvist til benken. På venstrebacken blir det eit reint posisjonsbytte - inn med Haugen og ut med Kitolano.
Om startellevar-ryktene stemmer gjenstår å sjå. Inn til vidare må vi berre smøre oss med tolmod og vente på at underteiknande er tilbake med lagoppstillingar rundt ein time før avspark.
Lagoppstillingane er klare og begge trenarane gjer to bytter frå førre kamp. Hos heimelaget blir tomålsscorer i førre kamp, Brynhildsen, belønna med ein plass i startellevaren og dermed blir Christensen henvist til benken. På venstrebacken blir det eit reint posisjonsbytte - inn med Haugen og ut med Kitolano.
Skadesituasjonen til Molde er derimot mindre positiv enn heimestatistikken. Toppscorar James var ute med sjukdom i midtvekekampen mot Start førre veke, medan assistkongen Eikrem har slitt med akilleshælen sidan tapet mot Bodø/Glimt for over to veker sidan. Ei gladnyheit derimot er at Sjølstad er tilbake frå suspensjon etter å ha pådratt seg eit raudt kort mot Sandefjord i førre bortekamp.
Ei mindre omtalt sak er Molde sin formidable heimestatistikk. Under Moe har Aker Stadion blitt ei ekte leikegrind for fjorårets seriemeister som står med 19 sigrar og 2 uavgjort på 21 heimekampar under Moe si leiing i Eliteserien. Med 31 poeng på 13 kampar ligg Molde på andreplass før møtet med Brann.
Men nok om trenersituasjonen – for(r) en kamp dette blir for Forren! Den tidlegare Molde-spelaren og noverande Brann-spelaren skal i dag stå ansikt til ansikt med sine tidlegare lagkameratar i blått. Forren kom gratis til Brann i juni etter at hans kontrakt med Molde vart avslutta på grunn av ei personalsak same månad. I dag får han ein stor test når han er tilbake på Aker Stadion for første gong sidan den mykje omtalte saka.
Laurdag ettermiddag førre veke kom nyheita om at ein trønder, nærmare bestemt tidlegare Rosenborg-spelar og Rosenborg-trenar Kåre «Bruttern» Ingebrigtsen, tek over roret som hovudtrenar i bergensklubben. Men i dagens bortekamp mot Molde er det Nilsen sin eigen assistenttrenar frå Brann-tida, Robert Hauge, som skal leie laget frå sidelinja før «Bruttern» tek over styringa frå og med torsdag denne veka.
I henhold til vanleg folkeskikk tar vi gjestane først. For første gong på 1897 dagar og 22,5 timar skal Brann spele ein teljande kamp utan Lars Arne Nilsen som hovudtrenar. Nilsen måtte gå av som Brann-trenar i kjølvatnet av 1-2 tapet på heimebane mot Vålerenga i førre runde. Laget ligg no på 9.-plass i Eliteserien før dagens poeng er utdelt.
Velkommen skal du vere til Aker Stadion og liveoppdatering frå dagens kamp mellom Molde og Brann i runde 13 av Eliteserien 2020! Mitt namn er Andreas Hellenes og i løpet av dei kommande timane har eg fått æra av å lose deg gjennom det som forhåpentlegvis vil bli eit fyrverkeri av ein fotballkamp mellom dagens blå- og raude aktørar.