TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der var det slutt og Brann er det første laget som tar med seg poeng frå Aker Stadion i årets Eliteserie! Etter ein førsteomgang kor Molde var klart best og kunne leda med fleire mål, var 2. omgang mykje meir jevnspelt. Brann heva seg fleire hakk og skapte nokre sjansar. Molde fekk muligheten til å ta ledelsen etter eit straffespark tidleg i omgangen. Ohi blei felt og Aursnes brente straffa i tverligger. Like etter var det Brann sin tur til å ta ledelsen. Etter eit langt innkast fekk Yttergård Jenssen til slutt banka ballen nede i hjørnet og Brann var i ledelsen. Etter dette var det sjansar til begge lag og ei kjemperedning av Håkon Opdal hindra Sjølstad i å sette inn utligninga. Ohi skaffa Molde ei straffe til og denne gongen var det Leke James som gjorde seg klar. Han gjorde ingen feil og satte ballen i mål. Dei siste ti minutta blei tette og med sjansar til begge lag kunne dette endt begge veiar. Det endar 1-1 og Brann må kunne seie seg svært fornøgde med poeng på Aker Stadion etter dagens kamp. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og takke for følget.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Hjørnespark
Forferdeleg corner som Brann får klarert.
90+4'
Corner til Molde.
90+2'
For ein mulighet til 1-2! Berisha blir slått igjennom og spring frå Molde-forsvaret. Craninx kjem ut og Berisha rundar han. Når han skal sette ballen i det åpne målet klarar han ikkje det! Han får litt for skrå vinkel og ballen rullar forbi mål.
90+1'
Eikrem svingar inn. Molde beheld presset!
90+1'
Frispark til Molde i flott innleggsposisjon.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Hjørnespark
For lang corner som Brann har full kontroll på.
90'
Corner til Molde.
89'
Kan vi få ein vinnar her heilt på slutten?
88'
Hjørnespark
God corner, men Craninx stig til værs og boksar unna.
88'
Rolantsson skaffar Brann ein corner.
86'
Løkberg med kjempesjanse! Berisha drar seg fri på kanten og slår ut til Løkberg som står aleine. Han skyt knallhardt like til høgre side for stolpen! Kampen lev verkeleg her på Aker Stadion!
86'
Haraldseid med innlegg frå høgresida. Innlegget er høgt og laust. Opdal plukkar.
84'
Mål på straffe!
1-1
Mål! Leke James er sikker fra krittmerket! Opdal går rett vei, men straffa er utagbar!
84'
Straffe!
Ny straffe til Molde! Nok ein gong er det Ohi som blir felt! Denne gongen er det Acosta som er syndebukken!
83'
Haraldseid slår ballen rett i førsteforsvarer.
82'
Molde med frispark i god innleggsposisjon.
81'
Håkon Opdal! For ei vanvittig redning! Molde slår eit innlegg frå venstresida si, Innlegget havnar hos Sjølstad som stupheadar ballen mot mål. Heile stadion trur ballen er inne, men der er Håkon Opdal med eit tigersprang og nektar Sjølstad scoring!
80'
Eikrem slår inn. Ballen havnar hos ein Molde spelar før Opdal får kontroll på den.
80'
Ohi skaffar Molde eit frispark i god innleggsposisjon.
79'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
78'
Haugen prøvar å slå James i bakrom, men ballen blir for lang og går heilt inn til Opdal.
77'
Molde slit med å halde på ballen no. Brann har spelt seg kraftig opp i 2. omgang.
75'
Berisha jobbar knallhardt og tvingar Gabrielsen til å gjere feil. Strand snappar opp ballen og slår inn mot Berisha. Ballen blir litt for lang for Berisha. Godt spel av Brann no!
73'
Hjørnespark
Lang corner heilt på bakerste. Der står Acosta som headar ned i bakken før Craninx får kontroll på ballen.
73'
Berisha pressar Bjørnbak til å gje ein corner.
72'
Spillerbytte
71'
Det luggar litt for Molde no.
71'
Rolantsson kastar langt, men Ohi får klarert.
70'
Hjørnespark
Corner p blir slått på første stolpe og Barmen stussar ballen vidare. Endar opp med eit innkast på andre sida.
70'
Berisha drar seg innover i feltet og slår eit innlegg. Innlegget blir klarert til corner.
68'
Molde ser sletne ut og Brann får trille ball. Lange avstandar mellom ledda til Molde til tider.
67'
Hjørnespark
Corneren endar til slutt opp med eit utspark.
67'
Hestad prøvar skuddet! Opdal strekk seg så lang han er og får flikka ballen ut til corner.
65'
Ohi er frampå! Aursnes chippar ballen gjennom Brann-forsvaret og bak til Ohi på bakerste stolpe. Ohi skyt, men avslutninga er dårleg og det endar med eit utspark.
64'
Brann er frampå igjen! Berisha med ballen inne i feltet, men skuddet er svakt og går langt over.
61'
Mål!
0-1
Der sitt den for Brann! Langt innkast frå Rolantsson som Eggen Rismark stussar vidare. Bellen dett ned til Wormgoor som skyt i ein Molde-forsvarar. Ballen kjem ut til Berisha som flikkar den til Yttergård Jenssen som bankar ballen nede til høgre for Craninx!
61'
Brann trer seg framover i bana. Ohi stoppar Strand kontant og innkast til Brann.
60'
Molde er vel oppe i fire straffebom denne sesongen om eg ikkje tar feil. Grusom statistikk!
58'
Straffe!
58'
Bom på straffe!
Aursnes smell ballen i tverliggar! Knallhardt, men upresist!
57'
Straffe Molde! Ohi stormar framover og tar ei dragning inne i feltet. Rolantsson går fem på og lagar straffa!
57'
Molde er upresise i 2. omgang og får ikkje til den siste pasninga. Brann med høgare press og litt meir intensitet.
55'
Yttergård Jenssen brukar lang tid med ball og Hestad snappar ballen frå beina hans. Dommar meiner dog at Hestad brukte ulovlege midlar og bles frispark. Til enorm frustrasjon for Hestad og resten av Aker Stadion.
53'
Lang ball i bakrom mot Petter Strand. Bjørnbak henger med og får ein dytt i ryggen i det han skal sentre ballen inn til Craninx. Frispark til Molde.
52'
Brann er frampå og Kristiansen går for innlegg. Innlegget er svakt og Hussain ryddar opp.
48'
Kort kast før Yttergård Jenssen legg inn. Inne i feltet får Craninx frispark i duell med ein Brann spelar.
47'
Brann er frampå. Innkast Brann. Rolantsson skal kaste langt.
47'
Molde trillar ball bakfrå før den lange ballen kjem.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der er det pause etter stor dominans av Molde i fyrsteomgang. Det er Molde som har skapt dei einaste sjansane og burde tatt ledelsen heilt på slutten av omgangen. Ohi fikk ein stor mulighet til å sette ballen i mål, men det klarte han ikkje. Vi er snart tilbake med 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
For ein miss av Ohi! Hestad spelar Knudtzon nydeleg gjennom. Knudtzon tar eit par touch før han legg eit lavt innlegg. Innlegget går gjennom heile feltet. Der står Ohi heilt aleine! Han kan berre bredside ballen i mål, men han skyt den rett opp i lufta! Opdal fangar deretter ballen. Der skulle det stått 1-0!
44'
Det nærmar seg pause. Kan eit av laga score før pause?
42'
Brann med eit innlegg frå venstresida si, men i boksen er det ingen som får tak i ballen. Utspark for Molde.
41'
Yttergård Jenssen legg ballen alt for høgt og ballen seglar med vinden ut til eit utspark.
41'
Brann med frispark i god innleggsposisjon.
39'
Hjørnespark
God corner, men Opdal er høgast og får boksa unna.
39'
Aursnes skaffar Molde nok ein corner.
38'
Hjørnespark
Svak corner som Barmen klarerar på fyrste stolpe.
38'
Leke James skaffar corner. Ballen via Wormgoor og ut til hjørnespark.
37'
Hjørnespark
Nok ein god corner, men denne gongen får Brann klarert.
36'
Eikrem med eit innlegg mot James. James headar via Eggen Rismark og ut til corner.
36'
Ohi tar løpet, ballen kjem, men igjen er han i offside.
35'
Haugen er tøft inne i ryggen på Teniste og dommar Moen bles frispark til stor protest frå Aker Stadion.
33'
Hussain slår ei flott pasning til Ohi i bakrom. Ohi når akkurat ballen, men når han skal slå den vidare brukar han for lang tid og heile sjansen renn ut i sanden.
32'
Gult kort
Gult kort for felling av Ruben Kristiansen.
30'
Hjørnespark
For nokre sjansar! Her er det kaos! Molde med uttallige forsøk på mål, men kvar gong sleng ein Brann spelar seg framfor ballen og blokkerar! Heroisk forsvarspel av Brann!
30'
Molde held eit godt trykk mot Brann! Tvingar Wormgoor til å gi corner.
28'
Molde slår i bakrom mot Ohi, men Ohi har gått i offside og blir avblåst.
27'
Haugen og Ohi kombinerar lekkert på venstre sida til Molde. Haugen kjem seg fri og slår eit hardt og lavt innlegg. Opdal er våken og plukkar innlegget enkelt.
24'
Leke James får ein vanskeleg ball frå Hestad, men han er sterk og held Wormgoor unna. James vendar opp og fyrer eit knallhardt skudd frå skrå vinkel! Opdal er med og strekk seg ut og tar ballen med høgre handa.
23'
Molde trillar roleg ball fram og tilbake no.
21'
Nydelig pasning frå Eikrem og ut til Haugen som har lagt på løp. Haugen slår ballen ut igjen til Ohi. Ohi slår tilbake til Haugen, men Haugen står i offside. Eit dårleg utnytta angrep av Molde.
19'
Innlegg frå høgresida til Brann. Inne i feltet står Barmen som får til ei heading. Headinga er svak og går rett på Craninx.
17'
Brann får låne ballen av Molde ei periode. Kor lenge klarar dei å halde på den? Ikkje lenge.
15'
Molde står høgt og tvingar Brann til å gjere feil.
14'
Hjørnespark
Lang corner som endar i ingenting.
14'
For ein sjanse! Hestad skyt mot mål, men Hussain er der og tar ballen og skyt eit nytt skot. Opdal er akkurat med på notane og reddar med beina! Acosta klarerar til corner.
13'
Brann prøvar å roe ned tempoet med å trille litt ball.
12'
Molde pressar på! Ballen endar til slutt opp med Haugen som prøvar eit skudd. Skuddet går nokre meter over mål.
10'
Hjørnespark
Nok ein fantastisk corner av Eikrem! Han treff Leke James som headar ballen i tverligger! Stor mulighet for Molde!
9'
Hjørnespark
God corner som nesten snik seg i mål! Ny corner.
9'
Molde skaffar ein corner.
8'
Berisha er sterk og held Gabrielsen unna i ein duell. Pasninga blir slått i retning Strand som har gått på løp. Ballen er altfor upresis og går inn til keeper.
7'
Brann slår langt og finn Berisha som flikkar ballen vidare til Strand. Strand får ikkje kontroll på ballen og Bjørnbak ryddar opp.
5'
Berisha er ute på kanten og slår eit innlegg, men Eikrem er tilbake og klarerar.
4'
Molde har fått taket på kula og trillar ball.
3'
Tett og jevn start på kampen. Begge lag ønskar å halde på ballen, men klarar ikkje det.
2'
Leke James prøvar å slå gjennom Eikrem, men ballen blir litt for lang.
1'
Brann startar kampen med ein lang ball opp mot Berisha.
Avspark Start 1. omgang
Dagens kamp blir Petter Strand sitt første gjensyn med gamle lagkameratar sidan overgangen til Brann tidlegare i år. Den omtalte midtbanespelaren var i Molde mellom 2016 og 2019 og fekk med seg 75 kampar og sju mål for klubben. Foreløpig står han med tre mål på 16 kampar for Brann.
Hos heimelaget er førstekeeper Andreas Linde ute med ein meniskskade, og Eirik Ulland Andersen er ute resten av sesongen etter at han pådro seg ein skade i akillesen tidlegare i sesongen. På den andre sida har Brann ein nærmast skadefri tropp. Berre unge Emil Kalsaas er ute med ein hovudskade.
Molde, som kan vise til ein veldig sterk heimestatistikk i årets sesong (6-0-0) må tåle eit lite favorittstempel foran møtet mot Brann som har vunnet 3 av sine 6 bortekampar så langt i Eliteserien. Men laget frå Bergen by er nok særs revansjesugne både etter cupsmellen mot Ranheim tidlegare denne veka, og etter fjorårets tilsvarande kamp som endte med ein 5-1 siger til Molde.
I skrivande stund ligg Molde på toppen av tabellen, 7 poeng foran Brann på 4.plass. I forrige runde slo Molde tilbake etter cupsmellen mot Ålesund med ein sterk 0-4-siger borte mot Strømsgodset. Heimelaget har altså hatt ei veke til å forberede seg inn mot denne toppkampen, medan Brann måtte spele midtvekekamp i cupen borte mot Ranheim.
Hei, og velkomen til Aker Stadion og hovudkampen mellom Molde og Brann.