TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Manchester United avanserer vidare til kvartfinalen etter 3-0 mot Olympiakos! Robin van Persie stod for alle måla, men måtte avslutte kampen på båre etter ein trøkk i låret. United-manager Moyes kan puste letta ut, og får nok fullføre arbeidsdagen sin på Old Trafford i morgon også!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+5'
Gjestene får frispark på midtstreken.
90+5'
Under eitt minutt att av tilleggstida. Dommaren ser på klokka.
90+4'
Heimelaget i angrep no. Brukar lang tid på alt dei føretek seg no!
90+4'
Olympiakos slår ballen inn i feltet. Keeper plukkar.
90+3'
Hjørnespark
Ny kort variant. Denne gongen får gjestene kontroll.
90+3'
Hjørnespark
Kort variant. Får ny corner - og tida går!
90'
Gult kort
For munnbruk.
90+2'
Det er lagt til fem minutt av andre omgang. Dette er ikkje over!
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Van Persie ut på båre, og får applaus frå publikum.
90'
Gult kort
Protesterer til dommaren at van Persie framleis er inne på bana.
90'
Båre og engelsk røde kors er på bana. Dette ser ikkje bra ut for United og van Persie.
89'
Van Persie får seg ein real trøkk på baksida av låret. Ligg nede på matta og vrir seg i smerte.
88'
Olympiakos i angrep, og det blir slått ein lang ball inn i feltet. Keeper de Gea snappar etterkvart opp!
87'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
87'
Olympiakos pressar på no. Får ny corner!
86'
Hjørnespark
Ufarleg.
86'
Berre få minutt att på Old Trafford. Det går mot avansement for United!
84'
Frisparket blir slått inn i feltet, men keeper boksar ut. Fletcher tek seg av returen, men han skrur ballen utanfor.
84'
Evra blir lagt i bakken av Vergos nede ved hjørneflagget.
84'
Rooney kjem seg rundt på venstrekanten, og prøver å nå van Persie. Gjestene får kontroll.
82'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
81'
Fletcher skal inn for vertene.
80'
United-målvakt de Gea har spelt ein stor kamp så langt. Held han unna heile kampen?
80'
Dominguez får sjansen frå skrått hald på 8 meter. Han skyt - rett på keeper!
78'
Hjørnespark
van Persie ryddar unna.
76'
Spillerbytte
Young får sjansen, etter at han har varma opp i store deler av kampen..
76'
Vi passerer 75 minutt, og gjestene har berre 15 minutt att å redusere på om det skal bli kvartfinale.
74'
Spillerbytte
73'
Mange var skeptiske til Giggs før dagens kamp. Gamlefar har motbevist kritikarane, og levert ein god kamp for klubben sin i kveld!
71'
Olympiakos jaktar redusering. Vil heimelaget halde unna?
70'
Hjørnespark
Ufarleg.
68'
Høg snittpuls hos mange United-fans no. Bra alternativ til ein joggetur i kveldsmørket.
66'
Stor sjanse for Olympiakos! Skudd frå Fuster - rett på keeper!
64'
Dominguez får ballen på 22 meter. Skyt på direkte - over!
62'
Gult kort
Blir avblåst for offside, og blir difor rasande. Bles ballen høgt opp på tribuna. Frustrert, Salino?
61'
Gult kort
Høg fot ute på kanten. Må stå over neste kamp om det blir kvartfinale.
59'
Hjørnespark
Giggs får tilbake ballen, og leverer til Jones. Han smell ballen over.
59'
Bra stemning på Old Trafford no. Men det er berre eitt mål til Olympiakos, og vips så er United ute..
57'
Champions League er det einaste United-spelarane har att å spele for i år. I serien er fjerdeplassen utanfor rekkjevidd, samstundes som dei er ute av alle dei heimlege cupane.
56'
Spillerbytte
56'
Frisparket blir slått inn i feltet, og Perez nikkar utanfor. Linjemann er også oppe med flagget.
56'
Nytt frispark til Olympiakos. Denne gongen er det Rooney som er oppe med albogen i ein luftduell. 25 meter frå målet.
54'
Hjørnespark
Kort variant - utan hell.
54'
Frispark til gjestene, omlag 30 meter frå United-målet.
52'
Akkurat no er det United som er vidare, og Olympiakos som må framover på bana!
51'
Mål!
3-0
Det blir van Persie som tek frisparket, og han gjer det på ein glimrande måte! Slår frisparket over muren som slår sprekker, og keeper er sjanselaus!
51'
Rooney og van Persie står ved ballen..
51'
Welbeck blir lagt i bakken. Får frispark på 20 meter.
48'
Heimelaget trillar ball dei første minuttane.
46'
United tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi prøver ein uformell undersøkelse på Twitter. Kven går vidare? Sei di meining og merk din melding med @Asgeirardal. Lykke til!
Då går laga til pause på stillinga 2-0! Dermed er laga like langt, og det står 2-2 samanlagt. Alt i alt fortent, sjølv om Olympiakos også har hatt sine sjansar.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Mål!
2-0
Oj oj oj! Giggs slår ein nydeleg pasning til Rooney, som tek ned ballen. Han legg inn til van Persie som avsluttar på direkten. Rett i kassa og 2-0!
43'
Hjørnespark
United får kontroll.
42'
Valencia vil ha straffe, men denne gongen held dommaren seg roleg.
40'
To gigant-sjansar for Olympiakos! Først er det Fuster som får ballen på hovudet, men de Gea leverer ei flott redning. Returen går ut til Domínguez som skyt knallhardt frå skrå vinkel. Også der er de Gea på rett plass!
40'
Nærmar seg pause på Old Trafford. United-fansen er nok nøgd med laget sitt så langt.
38'
Om Olympiakos tek seg vidare til neste runde, vil det bli klubbens første kvartfinale sidan 1999. Det året gjekk United heilt til topps..
36'
Akkurat no er United nærmare 2-0 enn Olympiakos er 1-1.
35'
Hjørnespark
Evre er først på ballen igjen, men Olympiakos får kontroll.
34'
Hjørnespark
Evre er høgst i feltet på corneren, og keeper må strekkje seg i full lengde for å redde! Svært nære 2-0 der!
32'
Valencia prøver seg med eit frekt skotforsøk. Rett på keeper!
30'
Giggs med langpasning i retning van Persie. Keeper plukkar lett.
30'
Campbell får seg ein trøkk, etter at knottane til Jones treff han i hovudet. Han ristar av seg smerten, og er tibake på beina.
28'
Olympiakos er nære på. Salino slår hardt inn i feltet, og United får avklart ein halvmeter utanfor streken.
27'
Welbeck driv framover, driblar av tre-fire mann, men blir til slutt stoppa.
26'
Svært viktig scoring for United dette!
25'
Mål på straffe!
1-0
Der står det 1-0! van Persie skyt knallhardt, keeper går rett veg - men når ikkje kula!
23'
Van Persie skal dempe ballen på brystet inne i feltet, men får ein dytt i rygg av Cholebas. Dommaren er ikkje i tvil!
23'
Straffe!
Van Persie skal dempe ballen på brystet inne i feltet, men får ein dytt i rygg av Cholebas. Dommaren er ikkje i tvil!
23'
Young i oppvarming for United no. Skal han inn for Valencia?
21'
Hjørnespark
Giggs får tilbake ballen, men keeper plukkar lett.
20'
Jamn opning på kampen dei første 20 minuttane.
19'
Ingen United-spelarar var å sjå på returen der.
18'
Gigant-sjanse for United! Giggs legg inn i feltet, og der er Rooney. Han avsluttar med pannebrasken - rett i stolpen!
18'
Rooney blir lagt i bakken, men blir tilbake på beina att dommaren.
16'
Stor sjanse for Olympiakos! Campbell dreg seg inn i feltet, og slår tilbake til Pérez. Han skyt - men klinkar ballen over frå kort hald! Der var det nære 0-1!
14'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
14'
Giggs debuterte i Champions League i 1993. Honved var motstandar den gongen, og United vann 3-2. 140 kampar seinare leverer han ei feilpasning på midten. Olympiakos overtek!
14'
Ny tøff takling. Denne gongen er det Valencia som var seint ute.
12'
Ein halvsjanse til kvart av laga, og tre gule kort i løpet av dei første 12 minutta.
11'
Kjempesjanse for United! Rooney gjer ein manns jobb på høgrekanten, og legg tidleg inn i feltet. Der lurer van Persie på rett plass, men måltjuven får ikkje skikkeleg treff på ballen.
10'
Gult kort
Med knottane først. Her går det hardt føre seg!
10'
Gult kort
Tøff takling langs sidelinja.
10'
Olympiakos prøver seg med ein frekk variant, men Giggs skjønnar kva som føregår og snappar opp.
9'
Campbell går i bakken. Får frispark ute på kanten.
8'
United-spelaren er ute på sidelinja, og får tilsyn av medisinsk personell. Han skalla saman med ein motspelar inne i feltet.
7'
Valencia har fått seg ein skikkeleg karamell i skallen. Må truleg gi seg her!
7'
Rooney tek frisparket frå 25 meter. Keeper boksar ut!
5'
Gult kort
Legg Welbeck i bakken på veg gjennom. Var han bakerste mann? Nei, meiner dommaren!
5'
40 år gamle Giggs stiller med grått skjegg i kveld. Blir spennande å sjå kva ringreven får gjort i sin 140 kamp i Champions League.
4'
Halvsjanse for gjestene! Cholebas slår inn i feltet, men Jones får kasta seg fram i tide. Eit stort sukk går gjennom heimefansen på Old Trafford.
3'
Domínguez tek frisparket, men United får kontroll inne i feltet.
2'
Jones med beintøff takling på Salino. Frispark!
2'
Gjestene trillar ball på eigen halvdel.
1'
Olympiakos tek avspark. Alvoret er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Laga står klare, og det er snart klart for avspark!
Har du spørsmål eller innspel er underteikna å treffe på Twitter. Bruk @AsgeirArdal, og plutseleg er dine synspunkt blitt ein del av denne liveoppdateringa!
Utgangspunktet for United er enkelt i kveld. Vinn dei med tre mål eller meir er dei vidare til kvartfinalen. Står det 2-0 etter 90 minutt blir det ekstraomgangar. Alle andre scenario vil sende United hovudstups ut av cupen, og Olympiakos kan feire avansement. Svaret får du her - følg med!
Olympiakos kjem til Old Trafford med enorm sjølvtillit. Dei har vunne serien i heimlandet med fem kampar att å spele. Dette er klubbens 41. ligatittel! Vi gratulerer.
Norsk Tipping held United som klare favorittar, og gir heimesiger 1.43 gonger pengane tilbake.
Olympiakos må klare seg utan Olaitan, medan vertene har både Evans og Smalling ute. I tillegg er Hernández og Nani usikre, Når det gjeld Juan Mata, følg han kampen mest truleg frå tribuneplass - ettersom han ikkje er speleberittig for United i Champions League.
Björn Kuipers frå Nederland er dagens dommar.
Domínguez og Campbell vart heltane i førre oppgjer mellom desse laga, med kvart sitt mål i kvar omgang.
United-manager David Moyes fekk seg ein skikkeleg kaldusj søndag, etter 0-3 heime mot Liverpool. Spørsmålet er om han saman med spelargruppa har fått tilbake varmen tidsnok foran dette oppgjeret? For i denne kampen mot Olympiakos må laget verkeleg framover på bana!
Manchester United leverte strålande resultat i gruppespelet, og vann gruppa A med statistikken 4-2-0 på dei seks kampane.
Olympiakos tok seg vidare frå gruppespelet i gruppe C ved å ta andreplassen frå Benfica etter innbyrdes oppgjer. PSG vann gruppa overlegent.
Dette er returkampen i 16-delsfinalen i årets Champions League. Olympiakos vann det første oppgjeret 2-0, då laga møttest 25. februar.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Manchester United - Olympiakos!