Referat
Kun høydepunkter
CFR Cluj tek ein imponerande siger mot Manchester United på Old Trafford, men til trass for det er dei ute av denne sesongens Champions League. Med Galatasaray-siger mot Braga blei denne kampen til slutt uvesentleg. United var det beste laget totalt sett, men når kanonkula frå Luis Alberto blei den einaste scoringa enda det til slutt med bortesiger Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Jones legg inn, men bortelaget får blokkert forsøket.
90+5'
Då er kampen i Portugal ferdig, og Galatasaray vann 2-1. Dermed blir det berre 3. plass for CFR Cluj, til trass for bragda dei har klart på Old Trafford i dag.
90+4'
Nok ein gong eit innlegg som hamnar rett i klypene på Felgueiras. Denne gongen frå Büttner.
90+2'
Trykk frå United. Både Scholes og Macheda avsluttar, men ingen av forsøka endar der dei skal.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
89'
Cluj kan kontre. Dei vel å roe ned i staden. Det spelar inga rolle om dei scorar fleire mål her, så lenge Galatasaray tek tre poeng i Portugal.
89'
Büttner slår farleg inn. Felgueiras boksar unna.
89'
Fletcher kjem seg fri i bra posisjon, men øydelegg ved å sende i veg ei feilpasning.
88'
Nok ein farleg ball inn i boksa. Hernandez går i vegen for Macheda og det kokar ut i ingenting.
87'
Det ligg ei United-scoring i lufta no. Cluj hamnar nærare og nærare sitt eige mål.
85'
Nære på for United! Jones speler ballen inn i boksa, men sjølv om United-spelarane står i kø framføre mål er det ingen som kjem på ballen.
85'
United vinn ballen kjapt tilbake. Bra press frå dei raude no, men dei slit med å kome til gode sjansar.
85'
Scholes er veldig nære på å spele fri Rooney. I staden kan Cluj take over.
84'
United kombinerer fint på høgrekanten, men det påfølgjande innlegget blir nok ein gong enkelt å hanskast med for Felgueiras.
83'
Rooney slår inn, men nok ein gong er Felgueiras på pletten. Meget god kamp av CFR Cluj-keeperen!
83'
Pinto slår inn, men United-forsvaret får rydda unna.
82'
Rooney får tid og rom og prøvar seg frå distanse. Rett på Felgueiras.
81'
Jones slår inn. Via ein motspelar og til corner.
80'
Då har Galatasaray teke leiinga 2-1 mot Braga! Dermed er Cluj i augneblinken ute av Champions League.
79'
Giggs slår eit farleg frispark, men ein nokså upressa Felgueiras får boksa unna kula.
78'
Jones set fart inn i boksa, men blir felt. Frispark i veldig bra posisjon for heimelaget.
77'
Heimelaget trillar ball, men slit med å kome igjennom eit kompakt Cluj-lag.
76'
Framleis ingen sluttspurt frå United.
75'
Bra spel av United. Rooney er nære på å sende Macheda åleine igjennom. Felgueiras er nok ein gong vaken og kjem ut og stoppar forsøket.
74'
Giggs kjem til nok eit innlegg. Det forsøket har vore over dødlinja og bortelaget får utspelet.
73'
Jones kjem seg inn i boksa, men Felgueiras gjer nok ein god jobb. Corner.
73'
Framleis 1-1 mellom Braga og Galatasaray i Portugal. Det skal berre éi tyrkisk scoring til, så er Cluj ute av Champions League.
72'
Wootton er for hardhendt i ein duell og Cluj får frispark.
71'
Hernandez trillar til Scholes som skyt langt utanfor på direkten. Slik går det når ein høyrer på ropa frå publikum!
70'
Nære på at United får trilla seg igjennom Cluj sitt forsvar. Bortelaget får stoppa forsøket.
69'
Heftige diskusjonar her etter at United held fram å spele når ein Cluj-spelar ligg nede.
67'
Godt forsøk frå United! Ei lav pasning blir sendt inn i boksa til Cluj, og Giggs avsluttar. Forsøket blir blokkert, men det spørs om ikkje skotet frå walisaren haddeegått utanfor.
67'
Cluj med ein fin kontringssjanse, men Pedro blir for overmodig og går seg fast. United overtek.
66'
Büttner får seg ein smell i ein duell med Pinto og blir liggande litt.
66'
Heimelaget har ballen mykje no, medan CFR Cluj ligg djupare. Det gjenstår å sjå kor villige United er til å satse framover.
65'
Manchester United hamnar altså under i nok ein kamp. I fem av seks Champions League-kampar hittil denne sesongen har det vore tilfellet! I fire av tilfella har United også klart å snu til siger. Skal dei klare det endå ein gong i dag?
59'
Og der har Galatasaray utlikna til 1-1 borte mot Braga!
56'
Muresan prøvar seg frå langt hald. Ikkje noko dårleg forsøk, men De Gea har bra kontroll.
54'
God sjanse for Rooney! Powell chippar fint inn bak Cluj sitt forsvar, men Rooney brukar for lang tid og bortelaget sitt forsvar får ordna opp.
53'
Cluj kjem på ein fin overgong, men dei blir for avventande og United overtek.
52'
Jones legg inn, og Scholes kjem etter kvart til avslutning. Den blir blokkert.
51'
Büttner set i gong ei kontring, og det heile endar med eit innlegg frå Rooney som blir enkelt stoppa av Cluj-forsvaret.
50'
Fleire farlege ballmiss på rad frå United no. Dei raude har vore langt frå så ballsikre som vi er vande med å sjå dei.
50'
Rooney skyt rett i muren. Dårleg utført.
49'
Er det Rooney som skal prøve seg, no då?
47'
Büttner går for skot, men det endar langt, langt utanfor.
46'
Frispark for heimelaget i bra posisjon.
46'
Dei raude djevlane sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen.
Det står 0-0 til pause på Old Trafford etter ein variabel omgang. Begge lag har hatt sine periodar og sjansar, men til trass for fleire gode forsøk har det endå ikkje blitt scoring. CFR Cluj er i skrivande stund vidare til sluttspelet for første gong i historia ettersom Galatasaray ligg under 1-0 mot Braga, men med ein omgang igjen å spele kan alt skje.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
45+1'
Rui Pedro får stå heilt åleine på 17 meter og avslutte. Like over buret til Lindegaard.
44'
United ser ut til å skulle gjere eit innbytte. Då er det nok snakk om ei skade. Mest sannsynleg på Powell.
42'
Stor, stor sjanse for heimelaget! Smalling får stå heilt åleine inne i boksa og avslutte med hovudet, men ballen går like til side for buret til Felgueiras. Utruleg at det endå står 0-0 på Old Trafford!
39'
United rullar bra opp. Corner.
39'
Nære på for United! Hernandez blir spelt åleine igjennom, men ein meget vaken Felgueiras kjem kjapt ut og stoppar forsøket.
38'
Det står også mykje på spel i London, der Chelsea kjempar om avansement. Der har faktisk både Chelsea og FC Nordsjælland brent kvart sitt straffespark!
36'
Camora slår inn, men forsøket endar i corner.
34'
Då har Braga faktisk teke leiinga over Galatasaray i Portugal! CFR Cluj har dermed rykka opp på 2. plass med eitt poeng meir enn Galatasaray.
33'
Welbeck set i gong ei kontring med ei vakker vending, men det heile stoppar opp for United før det blir farleg.
32'
Den første halvtimen på Old Trafford har vore nokså jamn. Begge lag har hatt sine periodar og sjansar, men totalt sett har ikkje desse 30 minutta vore altfor velspelte, då det har vore mange feilpasningar frå begge lag.
31'
Giggs med ein håplaus hælflikk midt på bana. Cluj vinn ballen, men klarer ikkje å få noko konstruktivt ut av det.
29'
Fint angrep frå bortelaget. Camora slår inn, men dei raude får klarert til corner.
28'
Wootton dett i eiga boks og Pedro stormar mot mål, men den italienske domaren bles frispark for United-stopparen.
27'
Frispark til United. Ballen hamnar på bakerste stolpe hos Jones, og på halvvolley sendar han den inn i boksa igjen. Der blir Smalling avvinka for offside.
26'
Nære på for United igjen! Cluj rotar i eige forsvar og Welbeck snappar ballen og sender Cleverley åleine igjennom. Felgueiras kjem raskt ut og avvergar. Bra keeperspel.
26'
Kampen har vore litt meir open dei siste fem minutta.
25'
I motsett ende har Powell ei skotmoglegheit, men forsøket endar godt til side for mål.
22'
Stor sjanse for CFR Cluj! Sougou kjem seg åleine igjennom mot De Gea frå spiss vinkel, men ei kjempetakling frå Wootton forhindrar eit opplagt mål.
21'
God sjanse for United! Heimelaget held oppe trykket, og etter nokre innlegg får Powell til slutt avslutta. Forsøket blir blokkert.
19'
Powell har teke seg ein tur på sidelinja etter smellen han fekk. Han kjem nok innpå att.
17'
Powell kjem i eit fint driv før han får ein motspelar i ryggen og går i bakken. Ungguten burde vel streng tatt hatt eit frispark der.
16'
Powell prøvar ei avslutning, men skotet går via ein Cluj-spelar og til ein offsideplassert Hernandez.
14'
Welbeck jagar eit tilbakespel til Felgueiras, men Cluj-keeperen får klarert.
13'
Giggs med ei flott takling i det Bastos prøvar eit langskot. Cluj-spelaren blir liggande ei stund før han kjem seg på beina.
11'
Rooney kjem til innlegg, men forsøket blir blokkert. Returen prøvar han å curle inn i lengste hjørne, men skotet endar langt utanfor.
11'
United trillar ball no.
9'
Cluj er farleg frampå. De Gea må redde med beina for United får klarert. Corner.
9'
Heimelaget med ein meget ung forsvarsfirar i dag. Büttner er 23 år, Jones 20, Smalling 23 og Wootton 21.
6'
Rooney prøvar å slå inn. Endar i kampens første corner.
4'
Blir slått hardt og lavt, men forsøket endar i Welbeck som får klarert.
4'
Buttner lagar frispark. Cluj med ein fin innleggssjanse.
1'
Giggs legg ballen opp i boksa, men bortelaget får brote forsøket.
1'
Welbeck i fint driv. Får frispark eit stykke inne på Cluj sin halvdel.
Avspark Start 1. omgang
Då helsar laga på kvarandre. Vi er få minutt unna kampstart!
I Manchester er det kalde forhold no. Gradestokken viser -2, medan det er svak vind med 4 m/s frå nord.
Dagens domar er italienske Daniele Orsato. Han blir assistert av Mauro Tonolini og Massimiliano Grilli.
Dagens to motstandarar har berre møtt kvarandre ein gong før, og i den kampen, som blei spelt i byrjinga av oktober, vann United 2-1 etter å ha leie under 1-0. Pantelis Kapetanos sende Cluj i føringa, før to mål av Robin van Persie, begge etter pasning frå Wayne Rooney, snuddet oppgjeret i United sitt favør.
CFR-trenar Paulo Sérgio må unnvere Bakary Sare, Ronny, Ciprian Deac og Adam Vass.
Sir Alex Ferguson manglar blant anna Nemanja Vidic, Antonio Valencia, Nani og Shinji Kagawa til denne kampen, mens mangle, deriblant Robin van Persie, blir spart.
Manchester United har 4-0-2 på sine seks siste kampar i alle turneringar. Førre kamp blei vunne med 4-3 borte mot Reading i ein ellevill kamp.
CFR Cluj, som ligg bak Galatasaray på innbyrdes oppgjer, må altså ha eitt eller tre poeng her i dag. Plass i Europa League er allereie sikra ettersom Braga ligg fire poeng bak. På dei seks siste kampane i denne turneringa har rumenarane 2-1-3. Førre kamp blei vunne med 3-1 heime mot Braga.
United, som har storkampen mot nabo City i vente på søndag, stiller som venta ikkje med eit toppa lag over heile linja, men med namn som Rooney, Welbeck, Giggs og Hernandez i startoppstillinga er det tydeleg at Sir Alex Ferguson har eit ynskje om å vinne også denne kampen.
Utgangspunktet for denne kampen er totalt ulikt for dagens motstandarar. Manchester United har vore klare for sluttspelet sidan 4. runde, medan rumenske Cluj må ha minst eitt poeng på Old Trafford i dag for å kunne klare det same. Galatasaray er i førarsetet om andreplassen i gruppa, men også dei skal ut i eit tøft møte i dag: borte mot Braga.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Manchester United og CFR Cluj!