TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Manchester United visar seg frå si beste - og verste side i løpet av 90 minutt. Nok ein gong svikta det defensivt frå dei raude, og eit heroisk Braga-lag leia 2-0 allereie etter 20 minutt etter to mål av Alan. Men så vakna United, og eit nærast kontinuerleg press den siste timen enda med at dei fekk dei måla dei trengde og vann 3-2. Javier Hernandez blei dagens mann med sine to scoringar for heimelaget. Jonny Evans var den andre målscoraren. Manchester United ser dermed ut til å skulle vinne Gruppe H, medan Braga nok må kjempe om 2. plassen i gruppa. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+3'
Nok eit innkast for heimelaget.
90+3'
20 sekund att av tilleggstida.
90+3'
Evans stangar unna. United får innkast etter kvart.
90+3'
Beto skal slå frisparket langt.
90+3'
Carrick slår langt mot Van Persie, men nederlendaren er i offside.
90+2'
Ze Luis får vendt opp og avslutta. Skotet går tre-fire meter utanfor målet til De Gea.
90+1'
Braga med ballen no.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen. Altså er det framleis tid igjen for bortelaget å få poeng.
90'
Braga med innkast på eigen halvdel.
90'
Braga har definitivt hatt initiativet dei siste minutta, men utan å kome til noko særleg med sjansar. United tek få sjansar offensivt.
89'
Rafael med ein farleg manøver inne i eiga boks i duell med nyleg innkomne Ze Luis. United-backen får frispark.
88'
Spillerbytte
88'
Van Persie lagar frispark midt på bana. Braga tek det kjapt.
87'
Innlegg i boksa til United. Ballen sprett, men De Gea har bra kontroll.
87'
Meir rot i United-laget no. Skal sigeren gleppe heilt på tampen?
86'
Spillerbytte
86'
Smart chipp i bakrommet mot Elderson, men backen når aldri tak i ballen før den går utover sidelinja.
85'
Ting er long frå avgjort her. Braga har løfta spelet sitt og har skapt vanskar for United ved fleire tilfelle.
84'
United får klarert.
84'
Fletcher lagar eit unødvendig frispark på eigen halvdel. Braga skal slå langt.
83'
Rafael med ein god defensiv jobb. Brasilianaren får frispark, og no er det United sin tur til å bruke tid på dødballane.
82'
Bra sjanse for United! Van Persie blir spelt fri inne i boksa, men frå skrå vinkel bankar han ballen over.
81'
Hjørnespark
Braga kjem til avslutning, men det er lite futt i den og De Gea kan plukke ballen lett.
81'
De Gea med ei stor tabbe! Spanjolen sender ei klarering rett i næraste Braga-spelar, og det er ikkje langt unna at bortelaget kjem til ein stor sjanse.
80'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
79'
Hugo Viana prøvar seg frå distanse. Ikkje noko dårleg forsøk, det! De Gea har likevel bra kontroll.
79'
Rooney prøvar å spele fri Nani, men ballen når aldri fram. Braga overtek.
77'
No må Braga løfte laget sitt igjen. Dei har hatt ingenting å by på offensivt denne andre omgangen.
75'
Mål!
3-2
United har snudd det! Cleverley sender eit utsøkt innlegg i boksa, og Hernandez klarer å snike seg laus og stange inn si andre scoring for dagen. Manchester United har snudd 0-2 til 3-2!
74'
Beto er på beina igjen.
73'
Innlegg i Braga si boks. Beto går i bakken i ein duell med Hernandez. Frispark blir ikkje gitt, men stopp i spelet blir det likevel.
72'
Hjørnespark
Beto boksar unna. United beheld ballen.
72'
Nære på 3-2! Hernandez rullar fint ut til Nani, og frå veldig bra posisjon går portugisaren for kraft, men Beto får stoppa forsøket.
72'
Nære på at Eder får vendt opp inne i United sin sekstenmeter. United får til slutt ordna opp.
71'
Rafael slår farleg inn, men Elderson får stoppa forsøket med hælen.
70'
Os Arcebispos har hatt minimalt å by på denne omgangen. Laget til José Peseiro har knapt vore nær United sin sekstenmeter.
69'
Rooney prøvar å spele fri Nani. Ballen når aldri fram.
68'
Braga får frispark på eigen halvdel, og kan ta seg ein pust i bakken.
67'
Rooney spelar fri Büttner på venstrekanten, men innlegget frå ungguten går svakt bak mål.
67'
Lang ball mot Alan. Tomålsscoraren blir flagga av for offside.
65'
Hernandez blir spelt åleine igjennom, men blir feilaktig avvinka for offside. United blir frårøva ein stor sjanse der!
62'
Mål!
2-2
Der kjem utlikninga! Carrick stussar corneren vidare med ryggen, og Evans bommar først på ballen, før han får den igjen via nokre Braga-bein. Frå kort hald får stopparen tuppa kula forbi Beto. Liten tvil om at den scoringa var fortent.
62'
Hjørnespark
62'
Finn opprulling av dei raude. Cleverley slår inn, men får berre corner.
61'
Trykket frå Manchester United har teke seg opp igjen no.
61'
Cleverley med eit farlig innlegg frå motsett kant. Braga får med naud og neppe rydda unna.
60'
Nære på for United! Rooney vinn igjen ballen og slår flott inn foran mål, men verken Hernandez eller van Persie kjem til avslutning.
60'
Rooney klarer ikkje å løfte kula og Braga får klarert.
60'
Büttner får nok eit frispark. Bra innleggsposisjon for Rooney.
59'
Amorim med ei lur pasning i bakrom mot Eder, men Rafael får stogga forsøket.
59'
Salino i eit fint driv framover, men han får ballen for langt framføre seg og United kan overta.
56'
Hjørnespark
Nani møtar ved første stolpe, men headinga går utanfor.
56'
Hernandez kjem seg fri på venstrekanten, men blir litt for ubesluttsam og endar berre opp med ein corner.
56'
Braga på ein sjeldan visitt, men innlegget frå Alan finn aldri fram til ein medspelar.
56'
Voldsomt trykk frå heimelaget her no.
55'
Cleverley prøvar å dra seg fri slik han får skote, men eit Braga-bein kjem i vegen.
54'
Van Persie hamrar frisparket på mål, men Beto har kontroll og boksar unna.
54'
Van Persie med frisparket like ved kortsida av sekstenmeteren.
53'
Gult kort
Legg Rafael kynisk i bakken.
53'
Rafael og Cleverley med eit fint veggspel. Førstnemnde blir felt og får frispark.
52'
Hjørnespark
Braga får klarert, før ein offsideplassert Evans mottek ballen og bortelaget får seg ei kvilepause.
52'
Büttner vinn ein corner for United.
51'
Van Persie med ein lang crossar mot Rooney, men Uniteds nr 10 får ikkje tak i ballen og det endar med innkast for portugisarane.
51'
Braga-spelarane protesterer på eit innkast og får tilsnakk av domar Milorad Mazic.
49'
Hjørnespark
Bortelaget får rydda unna. United beheld kula og presset.
49'
Nani skjer innover og avsluttar. Via ein Braga-spelar og til corner.
48'
Gult kort
Sparkar vekk ballen i det Manchester United skal ta eit kjapt frispark.
47'
Innkast for Braga høgt i bana. Ballen endar berre inne hos Evans.
46'
United sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Portugisiske Braga har sjokkert Old Trafford-publikummet og leiar 2-1 til pause! Rutinerte Alan ordna både 1-0 og 2-0 mot eit rufsete United-forsvar, før Manchester United til slutt fekk betalt for presset med ei redusering av Hernandez. United har vist fleire gongar den siste tida at dei kan kome tilbake og vinne etter å ha lege under, og med ein omgang til å spele her, kan det fort skje. Vi håpar på 45 spanande minutt!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Braga roar det heile ned.
45'
Rafael slår inn, men bortelaget får snappa kula og går på ei kontring.
44'
Tidlegare Newcastle-spelar Hugo Viana skyt frå distanse. Utanfor.
42'
Hjørnespark
Braga får klarert.
42'
Bra spel av heimelaget og Rafael får lagt inn. Endar berre i corner.
41'
Fem minutt igjen av ordninær tid i denne omgangen. Skal Manchester United kome a jour før kvilen?
40'
Van Persie slår farleg inn med høgrefoten, men bortelaget får heada unna.
39'
Evans vinn eit frispark høgt i bana. Blir teke kjapt.
39'
Ei langpasning mot Hernandez i bakrom, men mexicanaren får aldri ballen. United får innkast.
38'
Braga får låne kula litt no.
37'
Büttner går i bakken og store delar av publikummet ropar på straffe. Salino er definitivt borti nederlendaren, men forseinga skjedde uansett utanfor sekstenmeteren.
35'
Hernandez set ballen i mål etter fint spel, men blir avvinka for offside. Pasningsleggar Kagawa var definitivt ikkje i offside, så då spørs det om heimelaget faktisk blir snytt for ei scoring!
33'
Bra trykk frå dei raude djevlane no. Braga slit med å henge med når tempoet er på det høgaste.
31'
Bra spel av United! Van Persie blir spelt fint fri på venstrekanten og legg flatt og hardt inn til Hernandez. Mexicanaren kjem først på innlegget, men treff ballen berre så vidt, og Braga får klarert.
29'
Hjørnespark
Blir teke kort, og ballen blir etter kvart sendt inn i United si boks. Alan får til slutt avslutta, men skotet skrur seg feil veg og endar utanfor buret til De Gea.
29'
Rafael skal klarere i eiga boks, og endar opp med å gi ein unødvendig corner.
29'
Bra forsøk for heimelaget! Van Persie får ta ned ballen i boksa og vendt opp, men avslutningar går til side for mål.
28'
Kagawa har fått seg ein smell, men kjem seg på beina. Japanaren hinkar rundt.
27'
Blir teke kort.
27'
Frispark til Braga midt på bana.
25'
Mål!
1-2
Der kjem reduseringa! Van Persie blir felt i forkant, men domar Mazic gir ein riktig fordel. Kagawa slår inn mot bakerste stolpe, der Hernandez har rive seg laus og får heada ballen inn, via ein fomlande Beto. For ein kamp vi har fått på Old Trafford!
24'
Hjørnespark
United får til slutt ordna opp.
24'
Elderson slår inn, men får berre corner.
24'
Braga framme på ein ny visitt. Eit innlegg endar i boksa, men Rafael får snappa kula.
23'
Så spørs det om Ferguson gjorde så lurt i å la Evra og Ferdinand kvile seg i denne kampen. Forsvarsspelet har vore alt anna enn solid hittil.
23'
Alan blir teke bakfra, og får frispark.
20'
Mål!
0-2
Oj, oj, oj! For eit spel av Braga! Eder lurer av Carrick lett som berre det og stormar inn mot mål. Han speler femogførti grader ut til Alan som plasserer ballen enkelt forbi De Gea. Dette ser rett og slett svært stygt ut for Manchester United!
19'
Van Persie får ein langt ball, men klarer ikkje å gjere anna enn å stusse den vidare til keeper Beto.
18'
Heimelaget held fram med å halde på ballen, men Braga er bra organiserte og hindrar United-spelarar i å finne kvarandre høgt i bana.
17'
Manchester United har som kjent hamna under, for deretter å snu til siger, mot både Stoke og CFR Cluj dei siste vekene. Det er likevel eit stort svakheitsteikn at laget stadig slepp inn tidlege, og ofte billege, mål.
15'
Alan prøvar å gjere ting åleine, og dermed får United ta over ballen igjen.
15'
Hernandez prøvar å spele flatt ut til Cleverley, men ballen når aldri fram. Braga tek over.
14'
Van Persie legg inn til Kagawa, men japanaren misser både ballen og er i offside.
12'
Büttner set fart og prøvar å kome seg forbi Alan, men kjem seg ikkje forbi utan å dette. Domar Mazic vinkar spelet vidare.
11'
United med ballen heile tida no.
11'
Rooney prøvar å få lagt inn, men Vinicius får raskt blokkert.
10'
Godt forsøk av bortelaget. Ruben Micael avsluttar frå distanse, og ballen går ikkje altfor langt utanfor. Ser likevel ut til at De Gea har brukbar kontroll.
9'
Cleverley vinn ballen høgt i bana, men United klarer ikkje å kome til avslutning.
8'
Büttner slår inn. Forbi alle.
7'
Rooney slår langt mot van Persie som ikkje klarer å få fatt i kula. Kagawa er så nære på å snappe den, men bortelaget får ordna opp.
5'
Hjørnespark
Nære på for United! Rooney vinn duellen på bakre stolpe og sender ballen til Evans som berre klarer å heade laust på Braga-keeper Beto.
5'
Hjørnespark
Blir klarert til ein ny corner.
4'
Cleverley slår inn. Blir klarert til corner.
2'
Mål!
0-1
Sjokkopning på Old Trafford! Viana slår inn etter eit innkast, og rutinerte Alan vinn enkelt i lufta og stangar inn 0-1. United sitt forsvar imponerer heller ikkje ved dette tilfellet, men for den objektive sjåar er dette perfekt.
1'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe. Svakt slått av Alan.
1'
Eder ordnar ein tidleg corner for bortelaget.
1'
Braga sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er serbiske Milorad Mazic.
Kveldens United-lag inneheld som alltid ein overraskelse eller to, denne gongen i form av eit nykomponert forsvar. Michael Carrick vikarierer i midtforsvaret i lag med Jonny Evans, og det på bekostning av langt mindre rutinerte Scott Wootton, som var spådd ein mogleg plass på laget i dag. Elles startar nederlandske Alexander Büttner på venstrebacken i fråværet til Evra. Büttner gjer i dag sin tredje kamp for United i karriera, og om han fyl opp debuten sin heime mot Wigan i september, der underteikna faktisk såg han både score og ha assist i 4-0-sigeren på Old Trafford, så vil han vere ein meget interessant spelar å fyle med på.
Dagens oppgjer er det første nokon gong mellom Manchester United og Braga. Men United har samtidig aldri tapt på heimebane mot portugisisk motstand, så det er ei tøff oppgåve som ventar dei tilreisande.
Braga-manager José Peseiro må klare seg utan Douglao, Djamal og Paulo Cesar til denne kampen. Ruben Amorim og Alan har derimot rista av seg sine skader, og begge er med i startoppstillinga.
Sir Alex Ferguson har bestemt seg for å kvile Rio Ferdinand og Patrice Evra i denne kampen. Ferdinand befinn seg rett nok på innbyttarbenken, men det er vel heller tvilsamt om han kjem innpå så framt eit akutt behov ikkje skulle melde seg. Elles er Nemanja Vidic, Chris Smalling og Phil Jones framleis ute, medan Ashley Young er skadefri og tilbake i troppa.
Braga ligg på si side på 3. plass i portugisiske Primeira Liga etter seks spelte kampar. Fasiten så langt er 3-2-1. På sine seks siste i alle turneringar har Os Arcebispos (erkebiskopane) 3-1-2. Siste kamp før denne enda med utrulege 4-4 mot botnlaget SC Olhanense.
Manchester United er i bra form om dagen, og dei raude djevlane har fem sigrar på sine seks siste kampar i alle turneringar. Førre kamp blei vunne med 4-2 heime mot Stoke, ein kamp som blei ekstra gledeleg for Wayne Rooney, då han laga sine to første ligascoringar for sesongen her.
Braga ligg på 3. plass i gruppa før denne kampen, med 1-0-1 på sine to første. Merkeverdig nok tapte laget 0-2 heime for CFR Cluj, medan dei vann 2-0 borte mot Galatasaray. Kanskje vil dei lukkast på framandt gras også i dag?
Mannskapet til Sir Alex Ferguson har fått ein bra start på denne sesongens Champions League, for med to sigrar på to forsøk toppar dei Gruppe H. Galatasaray blei slått 1-0 i den første runda på Old Trafford, medan 0-1 blei snudd til 2-1 borte mot CFR Cluj.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Manchester United og Sporting Clube de Braga. Det er duka for runde 3 av gruppespelet i Champions League!