TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar for denne gong. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
The Citizens leiar framleis tabellen, men West Ham har no lagt seg på plassen bak. Det såg ei stund ut til at dei lyseblå skulle cruise inn til eit nytt ligagull, men kveldens oppgjer viser at alt framleis kan skje, sjølvsagt.
Slaven Bilic sin plan i dag var nok ganske klar: score nokre tidlege mål for så å stå imot eit massivt Manchester City-press resten av kampen. Moses og Sakho ordna scoringane i det 6. og 31. minutt, men når de Bruyne reduserte like før pause trudde nok dei fleste at leiarlaget i Premier League skulle kome a jour til slutt. Det klarde dei derimot ikkje, for med ei sjansesløsing utan sidestykke blei til slutt det første heimetapet for Manchester City sidan 18. januar.
West Ham har slått Arsenal (2-0), Liverpool (3-0) og Manchester City (2-1) i sine tre første bortekampar denne sesongen! Kven hadde trudd det?
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Hart lempar opp.
90+5'
Dødball for heimelaget. Siste sjanse!
90+4'
West Ham overtek ballen og roar sjølvsagt ned.
90+4'
City lempar ballen opp. Collins nikkar kula vekk.
90+4'
Ikkje lenge att å spele no.
90+3'
Utspel frå Adrian. Brukar tid nok ein gong.
90+3'
Frispark for City. Hammers får ballen unna, men City beheld den.
90+2'
Slaven Bilic løsnar på slipsknuten no. Kan hende ryk heile dressjakka i gledesrus om dette resultatet skulle halde seg?
90+2'
Sagna prøvar å få ballen inn i boksa. Reid er der nok ein gong og får rydda opp.
90+1'
Hjørnespark
Obiang stangar unna ved første stolpe.
90+1'
Navas prøvar å leggje inn. Må nøye seg med corner.
90'
Hjørnespark
Endar med at vertane får frispark.
89'
Ein susar frå Payet! Vi har knapt sett han denne 2. omgangen, men plutseleg vartar Payet opp med eit knallhardt skot. Joe Hart må reagere kjapt og avverge til corner.
89'
Toure med ein dytt på Jelavic og bortelaget får eit etterlengta frispark. Kan bruke litt tid no, gjestane frå Aust-London.
88'
Unge Kelechi kom inn på tampen og avgjorde mot Crystal Palace. Kan han gjere det i dag også?
86'
Hjørnespark
Nesten igjen! Debutant Otamendi ragar høgast på corneren og tvingar fram ei god reaksjonsredning frå Adrian. Det vil seg aldri for City!
85'
Spillerbytte
85'
Jenkinson ligg nede nok ein gong, og får beskjed frå domaren at han må bli bytta ut.
84'
Spillerbytte
84'
Så er det de Bruyne som prøvar seg, men skotet frå venstrefoten hans blir blokkert.
83'
Navas finn Toure som avsluttar for n-te gong i kampen, men for n-te gong får ein West Ham-spelar blokkert.
83'
Det byrjar å haste om vertane skal få med seg alle tre poenga no.
81'
Hjørnespark
Manchester City sin corner nummer 13 endar med ei avslutning høgt over mål frå de Bruyne.
80'
Adrian brukar bra med tid på utspela no.
79'
West Ham køyrer plutseleg ein overgang, men dei lyseblå er disiplinerte bakover og får stoppa forsøket.
79'
Den innleigde Arsenal-spelaren Jenkinson hinkar av bana til stor pipekonsert frå heimepublikummet.
78'
Carl Jenkinson ligg nede med krampe no. Ei kjærkomen pause for bortelaget.
77'
Heimelaget rullar bra opp eit angrep, men Navas øydelegg det heile ved å slå innlegget i eit område der det ikkje er ein einaste City-spelar.
76'
Store delar av stadion ropar på straffespark i det Kolarov går i bakken etter ein duell med Sakho. Ingenting å seie på at domar Robert Madley dømer utspel frå mål der.
75'
Det vil vere ein vannvittig prestasjon om West Ham klarer å ri av dette. Dei lyseblå har pressa på konstant og skapt ein drøss med gode moglegheiter, men spesielt Reid og Adrian har klart å rydde opp gong på gong.
73'
Hjørnespark
Reid får stanga unna. Har vore ein koloss i dag, midtstopparen frå New Zealand.
73'
Enormt press frå heimelaget. Det er så vidt Hammers klarer å forsvare seg no.
72'
Ballen blir lempa inn i West Ham-feltet frå høgre, men Bony klarer ikkje å rekke opp.
70'
Hjørnespark
Endar plutseleg opp hos Demichelis som ikkje klarer å treffe ballen skikkeleg.
69'
Spillerbytte
69'
Hjørnespark
Blir teke kort før ballen blir lempa ut. City overtek kjapt igjen.
69'
Nesten igjen for vertane! Toure får hamra ballen på mål frå kort hald, men Reid står der han skal og får blokkert forsøket.
69'
Omlag halve 2. omgang er no unnagjort. Manchester City har pressa på konstant, men ikkje fått kula i mål trass i fleire feite sjansar.
68'
Bortelaget kjem på ein sjeldan offensiv visitt, men Sakho øydelegg ein potensiell sjanse med eit elendig innlegg som går rett i nevane til Hart.
66'
Hjørnespark
Lågt slått utover i feltet. West Ham ryddar lett unna.
66'
Spillerbytte
65'
Hjørnespark
Blir slått høgt, men gjestane får klarert. Nok ein corner.
65'
Kolarov slår flatt og lavt inn frå venstre, og det er så vidt at ballen blir klarert.
63'
Godt forsøk for City nok ein gong! Toure vendar kjapt og sender i veg ein knallhard markkrypar. Skotet går like utanfor Adrian sin høgre stolpe. Utruleg at heimelaget berre står med éi scoring hittil i denne kampen!
62'
Gjestane ligg med alle 11 spelarane rundt eigen sekstenmeter no. Eit massivt trykk frå dei lyseblå.
62'
Hjørnespark
Blir teke kort. City vel å halde på ballen.
60'
Spillerbytte
60'
Kolarov får beskjed frå heimefansen om å skyte og klinar dermed til. Forsøket går høgt over mål.
60'
Navas med eit hardt innlegg frå venstre. Hammers får reinska unna.
59'
Denne andreomgangen har definitivt vore like sjåverdig som den første!
58'
Så prøvar West Ham seg! Sakho blir spelt åleine igjennom, men Hart kjem ut og tvingar spissen til å setje avslutninga utanfor målet.
58'
Toure prøvar seg igjen, men nok ein gong står Adrian i vegen. Har likevel god kontroll der, den spanske målvakta.
56'
Nesten igjen for City! Toure får kriga seg gjennom Hammers-forsvaret og kjem åleine med Adrian, men keeperen kjem raskt ut og får blokkert forsøket.
54'
Gult kort
Får City sitt første gule kort i kampen etter å ha stoppa ein overgong på ulovleg vis.
54'
Moses køyrer ei kontring åleine og blir til slutt felt av Kolarov.
53'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe før Adrian til slutt får plukka kula.
52'
Powerplay frå City. Heimelaget trykkar valdsamt på, og Hammers slit med å få rydda unna.
50'
Nære på for heimelaget! Eit hardt innlegg blir sendt inn i boksa, og det er ikkje langt unna at ein West Ham-spelar taklar kula i eige mål.
49'
Hjørnespark
Blir teke kjapt. City trillar i staden.
49'
De Bruyne slår flatt inn framføre mål. Blir klarert til corner.
48'
Yaya Toure prøvar seg med ei avslutning frå distanse. Ein meter utanfor buret til Adrian.
48'
Pellegrinin med eit reint midtstopparbyte. Såg ikkje ut til at Mangala sleit med ei skade, så det var nok av taktiske årsakar.
47'
Victor Moses prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men sender forsøket godt tilside for mål.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Manchester City kjem til å satse hardt framover for å få med seg alle tre poenga, samtidig som West Ham vil kjempe i mot så godt dei kan. 1. omgong har vore svært sjåverdig, og vi håpar at også den andre vil vere det same!
West Ham leiar 2-1 over Manchester City etter dei første 45 5 minutta. Hammers sjokkerte dei fleste på tribunene ved å score på 0-1 og 0-2 av Moses og Sakho. Vertane stanga og stanga lengje, men Agüero og co bomma på den eine sjansen etter den andre. Nokre minutt på overtid klarde til slutt Kevin de Bruyne å få ballen i mål, hans første etter overgongen frå Wolfsburg.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+6'
Hjørnespark
West Ham får klarert.
45+6'
Sterling prøvar å passere Jenkinson, men vinn berre ein corner.
45+5'
Gult kort
Får eit soleklart gult kort etter å ha felt Toure.
45+5'
Yaya Toure set fart og prøvar å dra seg framover i bana, men blir regelrett meid overende av Obiang.
45+2'
Mål!
1-2
Og City reduserer jammen på tampen! Agüero speler elegant fri de Bruyne og frå 17-18 meters hald bankar belgiaren ballen i mål ved stolperota. Adrian er i full strekk, men når aldri bort. 1-2 på Etihad!
45+2'
Det blir lagt til minimum fire minutt denne omgongen.
45+1'
Nok ei avslutning frå Agüero. Argentinaren må litt tilbake og hente når han skal skyte og misser balansen, og sender dermed skotet over mål.
45'
Ikkje lenge att å spele av denne omgongen. Klarer City å få ei redusering heilt på tampen?
45'
West Ham-spissen blir liggjande etter samanstøytet med Mangala og må til slutt hinke av bana for behandling.
44'
Sakho får med seg ballen inn i boksa, men oppmerksam Mangala får takla den vekk i siste liten.
43'
Sergio Agüero med fire gode sjansar hittil i kampen. Ein Kun i toppform hadde nok vore målscorar allereie.
40'
Dobbeltsjanse for Agüero! Argentinaren prøvar først å styre eit flatt innlegg i mål med hælen, men Adrian står rett plassert og hindrar forsøket. Agüero prøvar så å få returen i kassa, men nok ein gong får bortelaget avverga.
39'
Godt forsøk for City! Ei knallhard avslutning blir sendt på mål, men Adrian får nevane raskt opp og avverga forsøket. Like etter avsluttar Aguero også over frå skrått hald.
39'
Litt av lufta har gått ut av dei lyseblå no. Dei hadde nok ikkje venta at motstandarlaget skulle vere så effektive og score to mål på to sjansar.
36'
Sergio Aguero kjem til avslutning, men bankar ballen over mål. Blir også avvinka for offside, argentinaren.
35'
Manchester City, som var den suverene serieleiaren etter dei fem første rundene, og som ikkje hadde sleppt inn mål på seks ligakampar, ligg no altså under 2-0 heime for West Ham. For ei avslutning vi har i vente i denne kampen!
31'
Mål!
0-2
West Ham aukar til 2-0! Kva er det som skjer på Etihad? Corneren er bra slått og etter litt klabb og babb klarer bortelaget å krige kula i nettet. Sakho kjempar så pass hardt for scoringa at han blir liggjande på grasmatta etterpå.
31'
Hjørnespark
31'
Jenkinson kjem seg forbi Kolarov og får lagt inn. City får først klarert, før dei rotar ballen ut til corner.
30'
City stangar og stangar, men West Ham forsvarer seg veldig kompakt og bra no.
27'
Nok ein gong er Navas aktiv i det han prøvar å få med seg ballen inn i West Ham sin sekstenmeter. Det blir litt for mange motstandarbein å passere, og spanjolen må gi opp. Navas kom for øvrig inn for Silva like før kampstart.
25'
Navas finn Sagna som prøvar å slå flatt utover i boksa. Franskmannen mislukkast med det og Hammers kan overta.
24'
Vertane prøvar å leggje inn, men ballen endar berre opp hos Adrian.
22'
Gult kort
Stoppar ein Manchester City-overgong på ulovleg vis. Kampens første gule kort.
22'
City speler i bakrom, men Adrian kjem langt ut og får klarert.
21'
Hjørnespark
City får klarert ved første stolpe.
18'
Nesten for City igjen! Aguero får servert eit innlegg sju meter frå målet til West Ham, men bommar regelrett på ballen. Treff vanlegvis svært godt på slike sjansar, Aguero.
17'
Litt rolegare på Etihad etter ei svært hektisk opning.
13'
Hjørnespark
Otamendi møter ved første og headar over. Adrian har bra kontroll.
12'
Toure bankar ballen inn i feltet, men Sterling klarer ikkje å få kontroll over den før gjestane får klarert.
11'
Vi har fått ein veldig sjåverdig start på denne kampen. Eit flott West Ham-mål og eit heimelag som pressar på for utlikning.
11'
De Bruyne på venstresida no. Prøvar å leggje flatt inn i boksa, men Hammers får reinska unna.
9'
Nesten 1-1! Ei svak klarering og ein keeper på bærtur fører til at Aguero får sjansen til å avslutte på nærast tomt mål frå 16-17 meters hald. Argentinaren klarer derimot ikkje å få kula innanfor stengene.
6'
Mål!
0-1
West Ham sjokkopnar! Moses får ballen langt frå mål, avanserer nokre meter og brenn til. Kula fyk inn ved stolperota før Hart når bort. Eit kjempemål og ein perfekt start på oppgjeret for bortelaget!
4'
Hjørnespark
Nære på! Corneren frå de Bruyne er presis og Fernandinho får avslutta på mål med hovudet. Adrian er derimot vaken og får stoppa forsøket.
4'
De Bruyne i aksjon for første gong. Eit knallhardt innlegg blir blokkert til corner.
2'
Hammers kjem til innlegg på venstrekanten, men forsøket går forbi alle i feltet.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Robert Madley er kveldens domar.
Det er mange profilar å trekkje fram i dette oppgjeret, men Kevin de Bruyne og Dimitri Payet kan vere to å sjå opp for. De Bruyne kom rett før overgongsvindauget stengte og har berre ein kamp så langt i ligaen i tillegg til eit innhopp mot Juventus i midtveka. Med ein kjøpssum på £55 millionar er han Manchester City sin dyraste spelar gjennom tidene. West Ham sin Payet har vore sterkt delaktig i det Hammers har fått til hittil denne sesongen. Han har tre mål og éi målgjevande pasning så langt. To av scoringane kom sist mot Newcastle.
West Ham går på si side etter den tredje strake bortesigeren. Sist Hammers klarde det var i 2007 då dei slo Wigan, Manchester United og Birmingham.
Heimelaget jaktar fleire rekordar for tida, og med tre poeng i dag vil dei ha 12 strake ligasigrar. Arsenal har rekorden med 14 (i 2002). I tillegg er dei også seks strake kampar utan baklengs.
Ikkje uventa har Pellegrini sitt lag hatt eit bra tak på West Ham historisk sett. Dei har vunne dei sju siste møta her i Manchester. Førre sesong vann dei 2-0 på Etihad, medan Hammers klarde 2-1 på eige gras.
Også bortelaget frå Aust-London må klare seg utan nokre viktige spelarar. Angelo Ogbonna, Joey O'Brien, Alex Song og Enner Valencia er alle utilgjengelege.
Heimelaget må unnvere blant andre kaptein Vincent Kompany, Sami Nasri, Pablo Zabaleta, Gael Clichy og Fabien Delph til oppgjeret. På den positive sida er storstjerna Sergio Aguero klar etter eit lite avbrekk. Han står med berre ei scoring hittil i ligaen, og er nok lysten på å gjere noko med det i dag.
The Citizens er dei udiskutable leiarane av den engelske toppdivisjonen og står med fem sigrar på dei fem første. Også kveldens motstandarlag har opna sesongen bra under kroatiske Slaven Bilic og står med tre sigrar, inkludert bortesigrar mot både Arsenal og Liverpool, så langt. Manchester City er klar favoritt i dag, men Hammers har absolutt vist at dei kan bite i frå seg.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Manchester City og West Ham!