Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ei fin 17. mai-feiring i morgon!
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ei fin 17. mai-feiring i morgon!
Avslutningar: 21-5. På mål: 10-2.
Gabriel Jesus, Kevin De Bruyne og Yaya Toure stod for scoringane i kveld, men det var Pablo Zabaleta som stal showet og blei kåra til 'Man of the Match' utan å ha gjort så mykje anna enn å klarere og sende frå seg nokre støttepasningar. Zabeleta har vore ein trufast slitar sidan han kom frå Espanyol for ni år sidan, men no har han altså spelt sin siste kamp på Etihad som Manchester City-spelar. Ein viktig spelar i klubben sin store gjenoppstandelse etter at Sheikh Mansour tok over klubben i 2008.
Manchester City vinn komfortabelt 3-1 over West Bromwich og tek med det eit godt grep om 3. plassen på tabellen. Laget er ikkje sikra å kome blant topp fire, men med ein betre målskilnad enn Arsenal skal det mykje til for at dette glepp. I den siste runda møter dei Watford borte. West Bromwich ser på si side ut til å avslutte sesongen på frykteleg vis, og skulle dei tape også neste helg kan dei ramle nedover tabellen.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Pablo Zabaleta blir kåra til Manchester City sin 'Man of the match'. Ein fin gest frå klubben, det!
90+2'
City kontrar ved Agüero, men spissen klarer berre å sende ballen i hanskane til Foster.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'
West Bromwich yppar seg faktisk på slutten her. Skulle dei få endå ei redusering kan vi faktisk få litt spenning også!
89'
Midtstopparen ruslar av bana sjølv, men held seg til ribbeina.
89'
Otamendi blir liggjande på grasmatta etter å ha kollidert med stolpen.
84'
Dobbeltsjanse for Manchester City! Gabriel Jesus blir flott spelt fri av Fernandinho og stormar mot mål. Foster er derimot i godlune og reddar både det første skotet og den påfølgjande returen frå brasilianaren. Godt keeperspel.
83'
Fernandinho prøvar seg fri distanse. Ufarleg over mål.
81'
Jubel kvar gong Zabaleta er i nærleiken av ballen. Argentinaren kom til City i 2008 og har spelt godt over 300 kampar for dei lyseblå.
73'
Agüero er framleis utan scoring i kveld og prøvar seg med ei avslutning. Via ein motspelar og til corner.
68'
Nesten 4-0! Gabriel Jesus tråklar seg på finurleg vis gjennom bortelaget sitt forsvar og får avslutta med venstrefoten frå veldig god posisjon. Foster rekk derimot å få opp ei hand og avverge forsøket. Corner.
67'
Chadli, som allereie har det gule kortet, prøvar å nappe i drakta til Kolarov. Belgiaren tenkjer seg derimot litt om og slepper taket.
63'
Rondon får avslutta etter eit bra innlegg av McClean. Utanfor målet frå spissen.
57'
Så er Arsenal i føringa mot Sunderland. Om det held seg må vi vente til den siste runda før vi får vite kven som tek plassane som gir rett til å kjempe i Champions League.
55'
David Silva skjer innover og avsluttar over mål. Er i ubalanse når han skyt, så skotet går ufarleg over mål.
53'
Wales sin EM-helt Hal Robson-Kanu står klar til å kome innpå også for West Bromwich.
49'
Innlegg mot Rondon. Spissen blir avvinka for ein korrekt offside.
47'
Dødball til vertane. Yaya Toure tek den kort.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Manchester City leiar fullt fortent 2-0 etter den siste førsteomgangen på Etihad Stadium denne sesongen. Begge scoringane kom med kort tids mellomrom, og Kevin De Bruyne og Gabriel Jesus byta på å avslutte og servere. Først tuppa brasilianaren kula i mål frå kort hald etter innlegg frå De Bruyne, og eit par minutt etterpå sørgja ei berøring frå Jesus for at De Bruyne kunne plassere ballen utakbart i nettet forbi ein sjanselaus Foster.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Rondon med bortelaget sitt beste forsøk så langt. Spissen frå Venezuela prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men utføringa er svak og skotet går rett på Caballero.
45'
Chris Brunt med ei sjeldan West Bromwich-avslutning. Ufarleg fleire meter utanfor målet til Caballero.
44'
Så prøvar Agüero seg med eit brassespark. Eit par meter over mål.
41'
Jesus kjem seg ned til dødlinja og får lagt tilbake i feltet. Der plukkar Sané opp, men skotet frå spiss vinkel går ein liten meter over mål.
40'
Ny stor sjanse for heimelaget! Kun Agüero jaktar mål og får avslutta frå veldig godt posisjon. Usedvanleg dårleg plassert av argentinaren, og Foster plukkar lett.
38'
Blir lempa inn i feltet, men gjestane klarer å ordne opp. City overtek derimot kula igjen raskt.
37'
Dødball til City. De Bruyne står klar. Det same gjer Silva.
36'
City-kaptein Vincent Kompany slit med ei skade her. Han hinkar rundt, og det ser slett ikkje bra ut.
36'
Det står for øvrig 0-0 til pause i kampen mellom Arsenal og Sunderland. Det betyr at Manchester City i augneblinken har ei topp fire-plassering i lomma.
33'
Heimelaget held fram med å presse West Bromwich. Det kjem definitivt fleire mål her!
26'
Chadli slår rett på Caballero. Håplaust utført av belgiaren.
25'
Så er det bortelaget som får frispark i interessant posisjon. Chadli står klar.
19'
Otamendi med eit skot frå veldig langt hald. Rett på Foster. Ufarleg.
17'
Kjempesjanse for City! Sane blir spelt heilt fri av Agüero, men tyskaren klarer å setje avslutninga ein meter til side for målet til Foster. Den skal han få meir ut av!
17'
Darren Fletcher prøvar å finne Rondon inne i boksa. Blir klarert.
15'
Kolarov avsluttar igjen. Via Jesus og ut. Sistnemnde blir også avvinka for offside.
14'
Godt forsøk! Kolarov sender i veg eit hardt skot med skru, og Foster må ut i full strekk for å hindre det i å gå inn ved stolpen. Corner.
13'
Frispark i brukbar posisjon for heimelaget. Nærare 30 meters hald.
13'
Sane med tunnell på Nyom før han går i bakken inne i West Brom si boks. Domar Craig Pawson vinkar spelet vidare. Ei grei avgjersle.
12'
Manchester City skal for øvrig spele borte mot Watford i den 38. og siste runda. Ikkje nødvendigvis ein enkel kamp, det.
10'
Silva får lagt inn frå venstre, men gjestane klarer så vidt å få klarert.
7'
Nesten at Agüero får kontroll på kula fem meter frå mål. Den trillar derimot inn til Foster.
6'
Agüero snappar ballen høgt i bana og prøver å slå inn til lagkompis Jesus, men pasninga blir for upresis.
3'
Det er litt av eit offensivt arsenal Pep Guardiola stiller med: De Bruyne, Silva, Sané, Gabriel Jesus og Agüero. West Bromwich-forsvaret får ein svært vanskeleg dag på jobben i kveld!
1'
Kampen blir også spesiell for City sin venstreback Pablo Zabaleta, som forlet klubben etter denne sesongen. Pep Guardiola har også ytra at den populære argentinaren vil få kome innpå for å motta ein forent hyllest.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er no klare på grasmatta. Vi er få straksar unna avspark i den siste kampen på Etihad Stadium sesongen 2016/2017.
West Bromwich har vore ein draumemotstandar for Manchester City i Premier League. Dei lyseblå har vunne dei ti siste oppgjera, og vi må tilbake til 2011 for å finne sist gong The Baggies klarde å ta poeng. 2008 var året dei sist klarde å vinne. Det er med andre ord litt av ei oppgåve som ventar gjestane i kveld!
Etter ein imponerande start på sesongen har Tony Pulis slite stort med å få laget til å fungere den siste tida. West Bromwich har ikkje vunne sidan midten av mars, då Arsenal blei slått 3-1. Sidan det har det blitt to uavgjorte og fem tap. Det har først og fremst svikta offensivt, noko berre to scoringar på desse sju kampane er eit tydeleg prov på.
Manchester City ser ut til å ha funne forma på slutten av sesongen. Dei står med to sigrar på rad etter berre å ha vunne éin av dei fire føregåande i alle turneringar. Sist kamp enda med 2-1-siger mot Leicester.
Tony Pulis og West Bromwich har på si side ingen sjanse til å avansere oppover på tabellen, men med tanke på at fleire andre lag pustar dei i nakken er dei nok lystne på å behalde den imponerande 8. plassen.
Kampen om Champions League-spel neste sesong kan bli avgjort i England i kveld, om Manchester City skulle klare å ta meir poeng enn Arsenal, som også straks skal i aksjon. Arsene Wenger og co skal ut mot allereie nedrykksklare Sunderland, så det gjenstår å sjå kor mykje hjelp Manchester City vil få frå David Moyes sitt mannskap. Med siger til dei lyseblå i kveld vil også Pep Guardiola sitt lag ta over 3. plassen frå Liverpool.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Manchester City og West Bromwich!