TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 9-13. På mål: 6-2.
Manchester City vinn fortent 4-0 over Stoke på Etihad etter to scoringar i kvar omgang. Iheanacho blei dagens mann med to fulltreffarar, medan Fernando og Agüero fekk ein kvar. Stoke hadde nok av sjansar sjølv, men mangla effektiviteten som City hadde. Bortelaget har no 1-12 på sine tre siste ligakampar, og ting bør rettast kjapt opp om det ikkje skal bli endå verre. For City sin del har dei no teke over 3. plassen frå Arsenal, og samtidig betra målskilnaden.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+3'
Hjørnespark
Blir teke kort. Stoke får ordna opp.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt.
89'
Stoke kjem til nokre halvsjansar inne i City si boks, men utan at det blir farleg.
87'
Toure klarer uansett å entre grasmatta igjen.
86'
Toure hinkar av bana. City har brukt opp alle sine tre innbytarar, utan at det spelar nokon rolle.
85'
Yaya Toure må ta seg ein kvil nede på graset etter å ha fått ei lårhøne av ein Stoke-spelar.
83'
Hjørnespark
Endar med ingenting, men Stoke beheld ballen.
82'
Adam slår inn eit innlegg frå venstrekanten. Rett i fanget til Hart.
81'
Bortelaget går for skot. Over mål.
79'
Frispark til Stoke i grei posisjon.
78'
TV-produsentane vel å fokusere på Raheem Sterling som ligg apatisk henslengt i stolen sin på City sitt innbytarområde. Har vore ein skuffande sesong frå den tidlegare Liverpool-spelaren.
75'
Spillerbytte
74'
Mål!
4-0
19 år gamle Iheanacho blir spelt fri av Bony, rundar Haugaard og trillar ballen i det tome nettet. 4-0!
74'
Hjørnespark
Stoke får klarert, men City beheld ballen.
73'
Bardsley med ei knallhard takling på Kolarov. Tek derimot ballen først.
72'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Heimelaget kjem til heading, men Stoke får blokkert.
71'
The Potters var svært aktive offensivt etter sidebytet, men etter det tredje baklengsmålet har lufta forståeleg gått ut av dei.
68'
Stoke er for øvrig oppe i 11 baklengs på dei tre siste ligakampane no. Og det er framleis 20-25 minutt igjen.
65'
Spillerbytte
63'
Mål!
3-0
3-0 til City! Heimelaget speler seg utruleg enkelt gjennom Stoke-forsvaret, og Zabaleta får ein enkel jobb med å springe til dødlinja og slå kula flatt inn framføre mål. Der står Iheanacho og enkelt trillar ballen i mål frå kort hald.
61'
Vertane prøvar ein overgang, men Wollscheid får stoppa Agüero.
59'
Så smell det i motsett ende! Arnautovic dreg seg fri inne i City si boks og sender i veg eit knallhardt skot. Hart vartar derimot opp med ei kjemperedning og hindrar redusering.
58'
Hjørnespark
Stor sjanse! Navas tek corneren kort, får ballen tilbake og speler femogførti grader ut i feltet. Der står Toure heilt åleine, men ivorianaren klarer ikkje å overliste Haugaard.
58'
Nære på at Arnautovic klarer å snappe eit slapt tilbakespel frå Otamendi. Hart kjem raskt ut og får beina vekk kula.
56'
Spillerbytte
55'
Stoke skapar gode sjansar her, men er altfor ineffektive.
54'
Hjørnespark
Nok ein stor sjanse! Diouf møter ved første stolpe, men headar ballen like til side for mål. Hart hadde aldri teke den om den hadde gått innanfor!
54'
Bardsley med eit godt innlegg frå høgre. Otamendi får rydda unna.
53'
Stoke speler seg bra fram til innlegg, men ingen i raudt og kvitt tek det bryet verdt med å storme inn framføre mål.
51'
Hjørnespark
Endar etter kvart med eit svakt innlegg frå Iheanacho som går rett i klypene til Haugaard.
51'
Iheanacho vender opp og avsluttar frå distanse. Haugaard får henda opp og avverga, men må gi corner.
49'
Kjempesjanse for Stoke! Arnautovic er nok ein gong hjerna bak det offensive og får spelet fri Joselu inne i boksa. Heller ikkje denne gongen klarer spanjolen å få avslutta på mål. Dei sjansane der må site om Stoke skal ha håp om poeng her i dag.
48'
Bardsley skyt svakt seks meter utanfor mål.
47'
Bortelaget får frispark i god posisjon.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Manchester City leiar 2-0 etter to dødballmål av henhaldsvis Fernando og Sergio Agüero. Stoke har eigentleg gjort mykje bra denne første omgangen og kome til nokre gode sjansar sjølv, men mot storlag som City blir ein raskt straffa. Vi håpar at dei siste 45 minutta også vil by på sjansar og mål.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
45'
Bortelaget med eit bra innlegg, men City får klarert. Ballen går ut i returromet til Whelan, men midtbaneslitaren avsluttar langt utanfor mål.
43'
Mål på straffe!
2-0
Shay Given går rett veg, men straffesparket frå Sergio Agüero er hardt nok så det fyk i nettet. 2-0 til City! Agüero gjer sitt sjuande mål på dei fem siste ligakampane!
42'
Straffe!
Iheanacho blir ulovleg stoppa av Shawcross og domaren bles straffe!
42'
Arnautovic får ballen inne i City sitt felt og prøvar å kome seg laus frå oppassaren sin, men mislukkast.
40'
Sergio Agüero spring mot mål med ballen, men får to Stoke-spelarar på seg og blir overmanna.
37'
Hjørnespark
Stoke får klarert, men City beheld ballen.
37'
Kolarov slår inn. Blir klarert til hjørnespark.
37'
Bortelaget har vist positive takter i oppgjeret, men no har oppgåva blitt endå tøffare.
35'
Mål!
1-0
Manchester Cirt går i føringa på Etihad! Corneren frå Navas er preis, og Fernando får stig til vêrs og stange ballen inn i det lengste hjørnet. Stoke har ikkje plassert ein spelar ved stolpen, så Given kan berre sjå på at kula fyk i nettet.
34'
Hjørnespark
34'
Navas kjem seg rundt på høgrekanten og slår farleg inn framføre mål. Bardsley reinskar unna på femmetersstreken. Corner.
33'
Imbula prøvar seg igjen. Frå veldig langt hald sender han ballen eit god stykke utanfor.
30'
Bra forsøk for Stoke! Arnautovic finn Joselu med ein chipp inne i boksa, men sistnemnde klarer ikkje å styre headinga på mål. Veldig nære, det!
29'
Imbula prøvar seg frå distanse. Over målet til Hart, som har god kontroll.
24'
Stoke kontrar. Det endar dessverre med at Diouf misser balansen og dermed kontrollen over kula også.
23'
Hjørnespark
Går forbi alle. City beheld ballen.
23'
Hjørnespark
Blir teke kort. Endar til slutt med ein ny corner.
23'
Kolarov avsluttar frå distanse. Via ein motspelar og til corner.
23'
Vertane er aggressive i presset og har vore nære ved å snappe ballen i farlege posisjonar gjentekne gongar.
21'
Småskummelt innlegg frå bortelaget. Går like bak Hart sitt mål.
21'
Whelan med ei grusom bakoverpasning like utanfor eiga boks. Er heldig som slepp unna med at City rotar den vekk igjen.
19'
Nære på! Navas slår flott inn og ballen dett på hovudet til Otamendi, men frå fem meters hald klarer ikkje stopparen å få avslutta godt nok på mål. Given plukkar enkelt.
18'
Navas skal ta dødballen sjølv. Kan bli farleg, dette.
18'
Muniesa går i ryggen på Navas og City får frispark i god posisjon.
16'
Hjørnespark
Stor sjanse! Heimelaget får ikkje klarert og ballen dett plutseleg ned i beina på Shawcross. Stoke-kapteinen avsluttar på direkten, men sender forsøket nokre meter utanfor mål. Den bør dei få meir ut av!
15'
Hjørnespark
Blir klarert til nok ein corner.
15'
Glenn Whelan går faktisk for skot, men Hart boksar lett unna. Stoke får likevel ein corner.
15'
Whelan står klar.
14'
Gjestane med dødball. Shawcross og co vandrar opp i City sitt felt.
14'
Kampen i dag er småspesiell for Stoke-manager Mark Hughes. Hughes leia som kjent Manchester City frå juni 2008 til han fekk sparken i desember 2009 til fordel for Roberto Mancini. Det blei som kjent starten på ei ny epoke i den lyseblå delen av Manchester.
11'
Småpanisk i Stoke-forsvaret, men Given får klarert i siste liten.
10'
Bortelaget stiller for øvrig med ei heilt anna angrepsrekke enn den som opna mot Spurs på måndag. Bojan, Afellay og Shaqiri er alle ute, og inn har Joselu, Diouf og Imbula (starta på sentral midtbane sist) kome.
7'
Nesten for City! Agüero dreg seg innover i bana med ballen og slepp den til spisskollega Iheanacho. 1996-modellen avsluttar ein liten meter utanfor buret til Shay Given.
6'
Diouf brukar bra med musklar i ein løpsduell med Kolarov. Sistnemnde hamnar tre meter utanfor bana.
5'
Stoke har faktisk hatt ein bra statistikk mot City den siste tida. Det motsette oppgjeret i desember enda med 2-0 til the Potters, medan dei også vann her på Etihad førre sesong med 1-0. Det skal også leggjast til at dei lyseblå vann 4-1 på Britannia i februar i fjor.
2'
Diouf startar i bakrom og det er ikkje langt unna at bortelaget får tredd kula igjennom til han.
1'
Då er oppgjeret i gong på Etihad.
Avspark Start 1. omgang
Robert Madley er for øvrig dagens hovuddomar.
Heimelaget har fått David Silva tilbake etter skade, medan Samir Nasri nok ein gong er utilgjengeleg. Stoke må på si side unnvere Xherdan Shaqiri som måtte gå av til pause mot Spurs med ei hamstringskade. I tillegg er Erik Pieters suspendert.
Motstandarane frå Stoke-on-Trent har på si side 1-2-3 på sine seks seinaste oppgjer. Dei har tapt sine to siste med grusomme 1-8 i målskilnad til saman. Ryan Shawcross og Phillip Wollscheid må vere konsentrerte frå start av i dag for å kunne stoppe målhungrige Sergio Agüero. Argentinaren står nemleg med seks scoringar på sine fire siste kampar i PL.
The Citizens har vore i bra slag etter det bitre 1-0-tapet heime for United i mars, og på dei seks siste kampane i alle turneringar har dei 4-2-0. Førre kamp endå derimot 1-1 borte mot eit hardtkjempande Newcastle, så dei lyseblå bør ikkje ta altfor lett på dagens oppgåve.
Stoke ligg på si side på 9. plass, langt unna både toppen og botnen av tabellen. Mark Hughes sitt mannskap er nok uansett hemnlystne i dag, for dei har mykje å rette opp etter det grusomme 4-0-tapet heime for Tottenham på måndag. Eigentleg var vel The Potters heldige som berre slapp med fire baklengs.
Dagens første kamp i den øvste engelske divisjonen er ekstremt viktig for heimelaget Manchester City. 1. og 2. plass på tabellen er nok utanfor rekkevidde, så det mest naudsynte for dei lyseblå blir no å sikre Champions League-plass også neste år (om dei då ikkje skulle vinne den europeiske turneringa denne sesongen og kvalifisere seg direkte på den måten). Dei raude naboane frå utkanten av Manchester sentrum ligg nemleg berre to poeng bak, og Louis van Gaal har nok eit sterkt ynskje om å frårøve kollega Manuel Pellegrini ein av desse plassane.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Manchester City og Stoke!