TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Det er rett nok berre to poeng opp til Roma og CSKA Moskva på plassane før på tabellen, men om City skal klare å avansere til utslagsrundene bør dei nok slå både Bayern München og Roma i dei to siste kampane. Det kan vise seg å bli ei veldig tøff oppgåve. Det ser litt lysare ut for russarane, men også dei må ha resultata på si side dei neste kampane for å ta den viktige andreplassen.
Manuel Pellegrini stilte med sitt beste mannskap i dag, men det heldt rett og slett ikkje. Seydou Doumbia ordna 0-1 etter berre to minutts spel, men til trass for at Yaya Toure utlikna kort tid etterpå, var CSKA tilbake i føringa igjen ti minsutt før pause. Alle venta eit City-stormløp etter kvilen, men det kom aldri. I staden gjekk det frå vondt til verre då innbytar Fernandinho blei utvist etter to gule etter berre 24 minutt på bana. I tillegg mista Toure hovudet i rein frustrasjon ti minutt seinare, då han blei sendt av bana med direkte raudtt etter å ha dytta til ein motspelar. Med unntak av nokre spede forsøk, klarde CSKA å ri sigeren greitt i land.
CSKA Moskva har slått Manchester City 2-1 på City of Manchester Stadium!
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Agüero går i bakken igjen. Domaren vinkar spelet nok ein gong vidare.
90+3'
Heimelaget med trykk no.
90+2'
CSKA er rett og slett vanvittig ballsikre. Det går hurtig og på få berøringar.
90+1'
Vi er på overtid no. Skal City klare å kome tilbake heilt på tampen?
90'
Gult kort
Agüero går i bakken inne i CSKA sin sekstenmeter, og den grekse domaren meiner han prøver å filme seg til eit straffespark.
90'
City klarer å halde trykket oppe, men Akinfeev får snappa ballen.
89'
Frispark til heimelaget midt inne på CSKA sin halvdel. Ingen Toure som kan ta det, no.
88'
Nasri i aksjon igjen i det han prøvar å drage i gong ei kontring. Blir effektivt stoppa.
87'
Nasri er heldig som slepp det gule kortet der.
86'
Hjørnespark
Blir teke kort, før Nasri kjem til og regelrett sparkar CSKA-spelaren ned.
86'
Spillerbytte
86'
Musa utfordrar Kompany og bankar til. Skotet går like over mål.
85'
For eit mareritt dette ser ut til å bli for dei lyseblå! Med omlag ti minutt att å spele ligg dei under med 1-2, og må klare seg med ni mot elleve.
84'
Dzeko kjem seg inn i boksa med ballen, men innlegget blir rydda unna.
82'
Rødt kort
Ein svært frustrert Yaya Toure dyttar Eremenko kraftig overende og får direkte raudt av den greske domaren! Manchester City er redusert til ni mann!
82'
Nei, nei, nei, Yaya Toure! Ivorianaren er i trøbbel etter ei forseeing her no.
81'
Ti minutt tillegg igjen for City å få dei nødvendige scoringane no. Med spelarar som Nasri, Agüero, Dzeko og Toure bør vel det vere praktisk mogleg å gjennomføre?
79'
Gult kort
Hindrar City i å ta eit frispark og får CSKA sitt tredje gule kort i kampen.
79'
Toure avsluttar. Men skotet går nokså midt på mål, og Akinfeev har god kontroll.
78'
Gult kort
78'
Wernbloom er syndaren, men det ser ut til at ein annan spelar får sjå det gule kortet!
77'
Frispark til City i veldig fin posisjon. Yaya, er vel duka for Toure då?
75'
Veldig nære for City! Agüero trillar fri Dzeko, men Akinfeev kjem kjapt ut og får rydda vekk ballen. Glimrande keeperspel.
74'
Hjørnespark
Endar med null og niks.
72'
Frisparket frå Milanov går like utanfor. Ikkje noko dårleg forsøk, det!
70'
To gule kort
Manchester City har blitt redusert til 10 mann! Fernandinho blei faktisk byta inn i det 46. minutt, og må forlate grasmatta med to gule kort etter mindre enn ein halvtime på bana! Brasilianaren stoppar Musa like utanfor City si boks, så det er ikkje all verda å seie på det kortet.
69'
Milner kakkar Wernbloom på hælen, men er heldig som slepp det gule kortet. Lite som stemmer for heimelaget no.
67'
Spillerbytte
66'
Gult kort
Trakkar Wernbloom over ende og får kampens tredje gule kort. Tydeleg frustrert der, Yaya.
65'
Spillerbytte
65'
Milner kjem seg rundt på høgresida og får banka ballen inn foran mål. CSKA får rydda unna.
63'
Gult kort
Er for røff med Dzagoev og får kampens andre gule kort, det første til heimelaget.
62'
Bra forsøk for City! Milner får avslutta frå skrått hald inne i boksa, men Akinfeev reddar med ei bra fotparade.
61'
Milner får plutseleg ei pasning inne i boksa frå Zabaleta, men engelskmannen blir litt uoppmerksam og må sjå ballen trille inn til Akinfeev i staden.
60'
Zabaleta rotar vekk kula midt på bana, og Dzagoev prøvar å spele direkte i bakrom. Heimelaget får stoppa framspelinga.
58'
CSKA prøvar framleis å ta kontringane, men no er City flinkare til å kvele forsøka i starten.
58'
Ignashevich rotar vekk kula på eigen halvdel til Milner, men får klarert til innkast i det kantspelaren prøvar å avansere oppover bana.
55'
Toure går i bakken inne i CSKA si boks. Den greske domaren gjer nok rett i å la spelet gå.
54'
Vi må tilbake til 10. desember for å finne sist Manchester City vann ein Champions League-kamp. Det skjedde borte mot Bayern München då dei lyseblå vann 3-2. Etter det har dei altså spelt fem kampar utan siger.
52'
Lite som stemmer for The Sky Blues i starten her.
50'
CSKA imponerer med ein kjapp og direkte stil. Det er rett og slett herleg fotball dei vartar opp med her!
50'
Musa rundlurer Clichy og slår ballen flatt inn framføre mål. Hart får fanga den.
48'
Agüero får med seg ballen inne i boksa, men går i bakken. Domaren vinkar spelet korrekt vidare.
48'
Manchester City har altså igjen Bayern München (heime) og Roma (borte) i det to siste kampane i gruppespelet. To utan tvil meget tøffe oppgjer, så dei bør absolutt ha tre poeng i dag.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pellegrini skal gjere eit dobbeltbyte. Fernandinho og Nasri skal inn.
CSKA Moskva leiar overraskande,men fortent, 2-1 over Manchester City etter ein svært artig 1. omgang. Seydou Doumbia har vore dagens mann hittil for bortelaget med sine to mål, bra assistert av Bebras Natcho ved begge høva. Første målet deira kom allereie i det 2. minutt, men då Yaya Toure utlikna kort tid etter rekna nok dei fleste med at City skulle snu det. I staden ordna den same duoen 1-2 ti minutt før pause, etter ei elendig involvering av Gael Clichy. Vi har eit perfekt utgangspunkt for dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Milner blir takla av Fernandes. Engelskmannen vil ha frispark, men den greske domaren seier 'óchi'.
42'
City prøvar og prøvar, men bortelaget har nokså god kontroll i augneblinken.
42'
Bayern München leiar no 1-0 mot Roma. Det er godt nytt for både Manchester City og CSKA Moskva.
40'
CSKA er framleis villige til å gå på kontringar. Laget minner sterkt om Russland anno EM 2008!
39'
Hjørnespark
Blir enkelt rydda unna.
38'
Natcho med dødball for CSKA. Blir teke kort og kjapt.
34'
Mål!
1-2
For ein kamp vi er vitne til! CSKA kjem på ei kontring, men City ser ut til å klare å avverge den. I staden gir Clichy bortelaget sjanse nummer to med ei håplaus klarering. Natcho gjer som i det 2. minutt og finn Doumbia i scoringsposisjon. Ivorianaren legg ballen til rette før han bankar den inn forbi Hart. CSKA Moskva leiar for andre gong i kampen!
32'
Hjørnespark
Ikkje langt unna for City! Klabb og babb i feltet, og til slutt avsluttar Jovetic over.
32'
Hjørnespark
Ny corner.
32'
Dårleg kommunikasjon i CSKA-forsvaret. Ikkje langt unna at ein ballen blir trilla i eige bur. Corner.
31'
Fæl tversoverpasning frå Fernando no. Nære på at ein kvitkledd spelar får tak i ballen.
30'
Yaya Toure prøvar å avslutte, men forsøket blir kjapt blokkert. Heimelaget pressar bra på no.
28'
Gult kort
Wernbloom viser at han har sett Tre Kronor spele, og stoppar Toure med ei skikkeleg hockeytakling. Soleklart gult kort.
26'
Bortelaget bryt igjen etter slurv i City-laget. Nok ein gong stoppar det opp ved gjennombrotspasninga.
25'
Doumbia går i bakken etter ein duell med Kompany. Ivorianaren vil ha frispark, men får i staden berre eit 'Welcome to England'-blikk frå stopparkjempen Kompany.
24'
Fleire grusomme tversoverpasningar frå heimelaget no. CSKA klarer å bryte den første, men klarer ikkje å kome seg gjennom City-forsvaret. Dei lyseblå må luke vekk slikt umiddelbart om dei vil unngå fleire baklengs!
22'
Hjørnespark
Toure får avslutta, men ufarleg.
22'
Godt forsøk for City! Agüero rundar fleire motspelarar og får avslutta. Frå spiss vinkel klarer Akinfeev å redde greitt. Hjørnespark.
21'
Det har vore 20 meget artige minutt hittil på City of Manchester Stadium. Begge lag går i angrep så fort sjansen byr seg.
19'
Stor sjanse for CSKA! Doumbia blir spelt heilt åleine med Hart, men ivorianaren får ei dårleg berøring som øydelegg litt. Han får likevel avslutta, men forsøket går like utanfor. Kunne ha brukt ein betre plassert medspelar også der, Doumbia.
18'
Det går hurtig når CSKA angrip. Musa, Doumbia og Natcho har absolutt litt å by på offensivt.
17'
Doumbia klarer å halde på ballen utanfor City si boks og trillar til Natcho. Israelarane bankar til over mål.
15'
Fernando bryt og set i gong ei kontring for dei lyseblå. Den blir stogga like kjapt som den byrja.
14'
Russarane får trille litt ball no.
12'
Hjørnespark
Akinfeev boksar kula unna.
12'
Blir teke kort, før heimelaget får corner.
12'
Milner står klar.
12'
Dødball til City midt inne på CSKA sin halvdel.
11'
Begge scoringane kjem etter frispark, altså.
10'
I skarve seks minutt heldt altså CSKA på leiinga. Dette lovar til å bra ein målrik kamp!
8'
Mål!
1-1
Manchester City har utlikna! Toure skrur frisparket elegant i mål, slik han har gjort så mange gongar før. Utakbart for Akinfeev.
8'
Toure er klar.
8'
Jovetic skaffar heimelaget frispark i finfin skotposisjon. 19-20 meters hald. Midt framføre mål.
7'
Heimelaget trillar ball no.
6'
City rullar bra opp, og Agüero finn Navas inne i boksas. Spanjolen sleivar så kula bak mål.
5'
For ein start på kampen av CSKA! Kven hadde vel trudd at dei skulle gå i føringa her før to minutt var spelde? No blir det spanande å sjå korleis dei grip an resten av oppgjeret.
4'
Agüero får avslutta frå 16 meters hald, men argentinaren blir avvinka for offside.
2'
Mål!
0-1
Sjokkopning i Manchester! Natcho slår presist inn til Doumbia som kjem i full fart. Ivorianaren stangar inn 0-1 frå fem meters hald.
2'
Clichy handsar og lagar frispark like ved den eine kortsida av sekstenmeteren. Meget interessant posisjon for bortelaget!
1'
City tek avsparket.
Avspark Start 1. omgang
Champions League-hymna blir no speld på stadion. Vi er få straksar unna kampstart!
Mannen som skal halde orden på dei to laga i dag heiter Tasos Sidiropoulos og kjem frå Hellas.
Kveldens oppgjer blir det fjerde møtet mellom laga. I oktober i år blei det 2-2 på Arena Khimki. Dei kjempa også mot kvarandre i førre sesongs Champions League, og dei lyseblå gjekk då sigrande ut av begge duellane. I Russland blei det 2-1, før 5-2 blei sluttresultatet i Manchester. Spesielt Sergio Agüero har likt desse oppgjera, noko hans fem scoringar tyder på.
CSKA Moskva er like variable for tida, med 2-2-2 på dei seks seinaste. Siste gongen dei var i aksjon enda det med eit skuffande 0-1-tap heime for Zenit. Matchvinnaren der var ingen ringare enn Javi Garcia, spanjolen som aldri slo til i nettopp Manchester City.
Dei lyseblå frå Nord-England er i variabel form om dagen, med 3-1-2 på sine seks siste. Dei var heller ikkje langt unna å rote vekk sigeren mot United i førre helgs derby, men Hart og co heldt til slutt unna sluttspurten frå dei raude djevlane.
Krasno-sinie (Dei raud-blå) må unnvere Rasmus Elm og Kirill Panchenko til kveldens kamp. Ein annan svenske, Pontus Wernbloom, startar derimot oppgjeret.
Engelskmennene manglar blant anna David Silva, Aleksandar Kolorov og Frank Lampard til denne kampen. Også Mangala var usikker, men det siste storkjøpet til Manchester-laget befinn seg på benken.
Leonid Slutsky har også eit bra mannskap å rutte med, og namn som Igor Akinfeev, Roman Eremenkov, Alan Dzagoev og Ahmed Musa bør vere kjende for dei som fyl med internasjonal fotball. Musa gjorde seg spesielt bemerka under sommarens fotball-VM, då han nesten blei den store helten med sine to scoringar mot Argentina i den siste gruppespelkampen.
Begge laga er no ute, og i motsetning av kva Liverpool gjorde i Madrid i går, så stiller Manchester City med sitt kanskje sterkaste mannskap. Faktisk er det dei same 11 som starta storoppgjeret mot nabo Manchester United på sundag som skal først i aksjon også i kveld. Det vitnar om at manager Pellegrini ikkje tek lett på denne oppgåva.
Begge laga er i poengnaud etter henhaldsvis to og eitt poeng etter dei tre første rundene. CSKA Moskva var sjølvsagt spådd å hamne nedst i denne sterke gruppa, som også består av Bayern Munchen og Roma. Meir overraskande er det derimot at Manuel Pellegrini sitt mannskap også har slitt så mykje. Viktigheita av tre poeng på City of Manchester Stadium i dag kan ikkje undervurderast, for i dei to siste kampane møter dei Bayern München heime og Roma borte.
Hei og velkomen til livdekning av Champions League-oppgjeret mellom Manchester City og CSKA Moskva!