TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Crystal Palace har på si side no spelt sin femte kamp på rad utan scoring. Ting må nok skje i klubben om dei ikkje skal rase nedover tabellen.
Manchester City toppar Premier League-tabellen etter det som til slutt blei ein enkel 4-0-siger mot Crystal Palace. Det var riktig nok bortelaget som skapte den første verkeleg store sjansen i oppgjeret, men der dei var ineffektive viste City seg som det motsette. Delph og Agüero scora på kvar sine langskot som gjekk via ein motspelar før pause, og etter kvilen gjorde dei lyseblå som dei ville. Palace gav etter kvart opp, slik at vertane fekk boltre seg i rom høgt i bana. Både Agüero og Silva fekk æra av å putte ballen i tome mål etter glimrande spel i forkant.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+4'
Eit lite minutt etter å ha fått det gule kortet er Cabaye nære ved å få endå eitt. Franskmannen riv De Bruyne over ende like utanfor eiga boks, men er utruleg heldig som berre får tilsnakk av domar Moss. På 0-4 og med to minutt att å spele er det totalt unødvendig å gjere sånt, Cabaye.
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne kampen.
90'
Gult kort
Cabaye får kampens andre gule kort etter ei stygg takling.
89'
Spillerbytte
Ingen hattrick på Agüero i dag, men likevel ein strålande match av argentinaren.
88'
Etter å ha slitt med å score mål i det siste har no City definitivt vist for alle at dei framleis kan. Om dei held fram med dette spelet skal dei bli vonde å ha has på den siste halvdelen av sesongen.
85'
Spillerbytte
84'
Mål!
4-0
Agüero ofrar hattricket sitt og serverer Silva på blank kasse! Heimelaget kontrar og kjem to åleine mot Hennessey, men i staden for å skyte sjølv viser argentinaren seg som ein ekte lagspeler og trillar ballen til Silva som har ein enkel jobb med å putte kula i mål. 4-0!
84'
Toure skyt rett i muren og ropar så på hands. Domar Moss føretrekk ikkje ei mine og let spelet gå.
82'
Frispark til heimelaget. Toure og Silva står klare.
81'
Spillerbytte
80'
Hjørnespark
78'
Clichy er med fram i angrep, men klarer ikkje å gjere anna enn å lage eit frispark imot.
77'
Ein susar frå Cabaye! Franskmannen fyrer av frå langt hald, og det er berre så vidt at ballen ikkje fyk inn bak Joe Hart. Den engelske målvakta hadde ikkje hatt sjanse på å ta den om den hadde gått på mål.
76'
City er no altså a poeng med Arsenal og Leicester, og toppar med betre målskilnad. Ting kan derimot endre seg når Jamie Vardy og co skal i aksjon borte mot Aston Villa i kveld eller når The Gunners møter Stoke i morgon.
73'
City trillar ball igjen, men det flate innlegget frå Silva går forbi alle dei lyseblå inne i boksa.
72'
Gult kort
Moss meiner at spissen prøvar å filme seg til eit straffespark og gir han det gule kortet.
72'
Chamakh er involvert for første gong i kampen i det han går i bakken inne i City si boks.
68'
Mål!
3-0
Det er så enkelt, så enkelt! City trillar seg enkelt gjennom Palace sitt forsvar, og når De Bruyne trillar ballen foran mål har Agüero ein meget enkel jobb med å putte ballen i det tome buret. Litt gamal storheit over The Citizens der!
66'
Spillerbytte
65'
Joel Ward er med fram i bana og prøvar seg frå skrå vinkel. Ein meter utanfor buret til Hart. Greitt forsøk av Palace sin nummer 2.
64'
Maroune Chamakh gjer seg klar til å kome innpå for bortelaget. Har ikkje laga mål denne sesongen, marokkanaren.
63'
Wickham blir riven over ende av Fernando, men utruleg nok får ikkje City-spelaren det gule kortet. Feilvurdering av Moss, då Wickham var på veg framover.
62'
Wickham blir altfor tøff inne i City si boks og lagar frispark. Har ikkje fått til mykje i dag, spelaren som tidlegare blei sett på som eit stort talent. Det vil nok ikkje overraske mange om det dukkar opp ein ny offensiv spelar på Selhurst Park i løpet av januar.
57'
Spillerbytte
57'
Ballen blir slått inn i Palace si boks, men Hennessey får plukka greitt.
55'
Hjørnespark
Endar med ingenting av farlegheiter.
54'
Ballen blir klarert i arma på Demichelis inne i City si boks, men Moss vinkar spelet vidare nok ein gong. Var utilsikta frå argentinaren.
52'
Spillerbytte
51'
Kolarov har pådrege seg ein smell og sit på grasmatta og får behandling. Clichy ser ut til å gjere seg klar på sidelinja.
51'
Palace prøvar å stå høgt og stresse heimelaget, men blir litt for unøyaktige i pasningsspelet.
49'
Heimelaget pressar på for fleire scoringar etter kvilen.
47'
Hjørnespark
Dann går i bakken og vil ha straffe, men domar Moss vinkar spelet vidare.
Start 2. omgang Start 2. omgang
City bør ha god kontroll på dette no, men vi håpar likevel at vi får ein fartsfylt omgang med mål.
Vi har vore vitne til eit svært effektivt Manchester City på Etihad dei første 45 minutta. Delph og Agüero har scora på kvart sitt langskot. Ved begge tilfella har kula gått via ein motspelar før den gått i nettet bak Hennessey, men Palace si målvakt burde nok har klart å gjere meir for å forhindre nettsus. Bortelaget har på si side hatt to gode sjansar, men utan å få ballen i mål. Det første forsøket, som kom på ei heading frå Delaney, burde definitivt ha enda i buret.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Hjørnespark
Går forbi alle i boksa.
45'
Hjørnespark
Ballen dett ned i beina på Otamendi, men argentinaren rekk ikkje å få avslutta.
45'
Nesten igjen for City! Agüero og Silva kombinerer bra, men avslutninga frå førstnemnde blir blokkert før den når fram til Hennessey sitt mål.
45'
City har vore uhyre effektive denne omgangen. To mål på tre sjansar må seiast å vere bra.
44'
Vi krediterer Agüero med scoringa enn så lengje, sjølv om ballen skifta valdsamt retning i det den gjekk i Dann. Avslutninga hadde uansett retning mot mål.
41'
Mål!
2-0
Nok eit langskot snik seg inn forbi Hennessey! Ein stilleståande og totalt upressa Agüero får avslutta frå distanse, og ballen går via Dann og i mål. Heller ikkje denne gongen maktar Hennessey å reagere kjapt nok.
39'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
38'
Ikkje langt unna for City! Aguero klarer å få avslutta godt frå liggjande posisjon, men skotet frå argentinaren snik seg like til side for Hennessey sitt bur. Det var eigentleg første gongen Aguero har vist seg fram i oppgjeret.
35'
Iheanacho får ballen inne i boksa og prøvar å dempe og avslutte på direkten, men nigerianaren mislukkast.
34'
Hjørnespark
Går farleg inn i boksa, men ingen i blått og raudt får avslutta.
33'
Nære på for bortelaget! Cabaye skrur dødballen mot Hart sitt nedre venstre hjørne, men målvakta rekk å forflytte seg raskt nok og får redda til corner.
33'
Cabaye blir felt nokre meter utanfor City si boks og får frispark i gunstig posisjon. Delph var syndaren.
32'
Puncheon og Souare kombinerer fint på venstresida, men innlegget frå sistnemnde blir for unøyaktig.
31'
Den første halvtimen er unnagjort, og det er Manchester City som leiar etter eit langskot av Fabian Delph. Spelemessig har det derimot vore jamt, og det er eigentleg bortelaget som har skapt det meste av det som har vore. Spesielt Delaney si heading etter to minutt burde ha resultert i scoring for gjestane.
30'
Wickham set fart og stormar mot City sitt mål, men får fire lyseblå spelarar på seg og blir overmanna.
29'
Kolarov med dødball for City. Blir slått inn i boksa, men Palace får klarert.
28'
Domar Moss dømer så utspel frå Hart, noko som tyder på at han ikkje såg noko ulovleg i at McArthur blokkerte utspelet frå Hart. Litt for hissig på å setje i gong angrepet der, England si målvakt.
26'
Så held Hart på å rote det til! Målvakta skal ta eit hurtig utspark, men sender det rett i ryggen på McArthur. Ballen dett så ned i beina på Delaney som prøvar å få avslutta i det tome buret. Skotet går diverre for bortelaget over mål.
25'
Hjørnespark
Nok ein gong godt slått, men den påfølgjande headinga blir stoppa enkelt av Hart.
22'
Mål!
1-0
Ein susar av Fabian Delph! Briten får ballen av Silva, går nokre meter og fyrer av frå langt hald. Ballen går via ein Palace-speler og ned i det eine hjørnet forbi Hennessey. Eit godt skot, men Palace-målvakta bør ha ein god sjanse til å redde det også.
21'
Silva avanserer med ballen, men frå kortsida av sekstenmeteren slår han ballen hardt utanfor mål.
18'
Cabaye prøvar å finne Zaha i bakrom, men pasninga frå franskmannen blir for hard.
15'
Hjørnespark
Godt slått, og Dann vinn både den første og andre duellen, men ingen av forsøka endar nært nok målet. Hart får utspel til slutt.
14'
Aguero prøvar å springe seg laus for å få avslutta, men blir hardt pressa av ein Palace-spelar og kjem dermed til kort.
12'
David Silva skyt frå distanse. Rett i ein motspelar.
11'
Hjørnespark
Svakt slått. Joel Ward headar enkelt unna.
11'
De Bruyne slår inn etter godt førearbeid av Iheanacho. Endar med corner. City sin første i oppgjeret.
10'
Vertane har ikkje makta å etablere noko slags trykk på Palace i starten her.
8'
Godt slått, men Otamendi og City får frispark.
7'
Otamendi kjem tøft inn i ryggen på Wickham og lagar frispark. Cabaye skal slå ballen inn i City si boks.
6'
Heimelaget prøvar å kontre ved De Bruyne. Belgiaren mislukkast og Palace tek over.
2'
Kjempesjanse for Palace! Ein innsvingar blir sendt inn i boksa, men frå kort hald klarer ikkje Delaney å få heada ballen inn forbi Hart. Der bør det stå 0-1!
2'
Hjørnespark
Heimelaget får klarert.
2'
McArthur ordnar dagens første hjørnespark for bortelaget.
Avspark Start 1. omgang
Jonathan Moss er dagens domar. Begge laga han skal døme er derimot nokså snille på grasmatta, og befinn seg i augneblinken på henhaldsvis 18. og 13. plass på tabellen over laga med flest kort.
Begge laga marsjerer ut på grasmatta i Manchester no.
Hos Crystal Palace er det nok Yohan Cabaye som har skild seg mest positivt ut offensivt denne sesongen. Etter returen frå PSG har det blitt fem mål og ei målgjevande pasning på dei 20 kampane han har vore involvert i. Vi må derimot tilbake til 12. desember for å finne siste gongen franskmannen sørgja for nettsus.
Ein spelar å sjå opp for i dagens kamp kan vere Manchester City sin nummer 72, Kelechi Iheanacho. Den 19 år gamle nigerianaren har scora i begge dei to tidlegare oppgjera mot Palace denne sesongen. Han er involvert i sin 12 ligakamp i 2015-2016 i dag, men det er berre for andre gong at han speler frå start. Det lengste han har fått vore på bana i ein ligakamp er 53 minutt.
Laga har møttest 36 gongar sidan 1970. City leiar statistikken her med 17-9-10. Dei lyseblå har vunne åtte av dei ni siste møta. Sist gong Palace gjekk sigrande ut av ein duell var i fjor, då dei vann 2-1 på Selhurst Park. Laga har kjempa mot kvarandre to gongar allereie denne sesongen. City vann 1-0 i det motsette ligamøtet, medan det blei heile 5-1 i ligacupmøtet i oktober.
Alan Pardew må også unnvere noko av mannskapet sitt. Dwight Gayle og Yannick Bolasie er ikkje speleklare endå. Connow Wickham speler derimot frå start. Han scora sist i den tidlegare nemnde kampen mot Stoke i desember.
Manuel Pellegrini må klare seg utan fleire spelarar til oppgjeret i dag. Vincent Kompany, Wilfried Bony, Fernandinho og Eliaquim Mangala er alle skadde og utilgjengelege, og i tillegg er Sami Nasri ute i lang tid.
Alan Pardew og Crystal Palace har til samanlikning 2-2-2 på sine seks siste kampar. I ligaen har det gått veldig trått i det siste, med fire kampar utan siger. Dei har heller ikkje klart å lage mål på desse oppgjera. 19. desember var sist ein Palace-spelar scora eit ligamål. Det skjedde i det 88. minutt då Chung-Yong Lee netta i 2-1-sigeren borte mot Stoke.
Verken City eller Palace er i storform om dagen. Pellegrini sitt mannskap har 3-2-1 på dei seks siste i alle turneringar, men har berre vunne ein av dei tre siste ligakampane. Heime på Etihad Stadium har det blitt 8-1-2 hittil i denne Premier League-sesongen. Sist kamp enda med 0-0 mot Everton.
Dei lyseblå frå Manchester ligg før denne runda på 3. plass, tre poeng bak Leicester og Arsenal som begge har 43 poeng. The Eagles frå South Norwood i London ligg på si side nokre hakk ned på tabellen, på 8.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Manchester City og Crystal Palace!