TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 19-14. På mål: 5-4.
Chelsea toppar dermed tabellen framleis, medan City må klare å nullstille seg og slå tilbake i neste runde.
Manchester City speler altså sin fjerde heimekamp på rad utan å vinne. I dag såg det derimot bra ut, då dei tok leiinga like før pause på eit sjølvmål av Cahill. Etter kvilen trykka dei hardt på for å få 2-0, men til trass for fleire store sjansar klarde dei ikkje å få kula i mål. Spesielt Kevin De Bruyne vil nok ergre seg stort, for etter ein times spel fekk han moglegheita til å putte ballen i ope mål frå tre-fire meters hald, men utruleg nok traff han berre tverrleggaren. Men der City sløsa, så var Chelsea langt meir effektive. Antonio Conte sitt mannskap var fantastiske på overgangane i dag, og alle tre scoringane kom etter presise gjennombrotspasningar. Costa ordna 1-1, Willian 1-2 og til slutt fekk Hazard sett inn 1-3. Ein fantastisk snuoperasjon av Chelsea.
Ei vill avslutning på kampen! Fullstendig kaos etter at Chelsea går opp i 3-1. Medan Guardiola applauderer sarkastisk til domar Taylor etter å endeleg å ha fått ei avgjersle i eigen favør, tek fleire av spelarane hans det heile eit steg vidare - i negativ retning. Agüero sparkar Luiz stygt i låret etter å ha mista kula og får direkte raudt kort. Det tenner Fernandinho på og brasilianaren går fysisk til angrep på Fabregas som også har blanda seg inn. Som om det ikkje var ille nok for City å tape i dag, så må dei klare seg utan Agüero og Fernandinho i fleire kampar framover, og det vil nok ikkje vere overraskande om også Pep Guardiola får seg ei straff for gestikuleringa mot domar Taylor, som hadde fleire kontroversielle avgjersler i dag.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+8'
Gult kort
90+8'
Gult kort
90+8'
Rødt kort
Også Fernandinho får det raude kortet etter tre-fire kvelertak på Fabregas. Manchester City-spelarane misser totalt hovudet her!
90+7'
Rødt kort
Agüero misser hovudet og sparkar David Luiz i låret! Direkte raudt kort!
90+6'
Kaos på grasmatta no! Valdsam knuffing etter eit frispark. Både støtteapparatet og publikum blandar seg inn!
90+6'
Moses set fart og prøvar å slå ein stikkar igjennom til Willian. Det mislukkast han med.
90+3'
Spillerbytte
90+4'
Det blir lagt til minimum seks minutt her. Mange stopp i spelet.
90+4'
Godt forsøk for Chelsea! Willian får avslutta frå skrå vinkel, men Bravo er raskt nede og reddar. Returen går rett ut i feltet, men ingen i lyseblått når fram på den.
90+3'
Toure kjem til ei heading inne i boksa, men ballen går berre rett til vêrs og Courtois kan fange den utan problem.
90+3'
Det står ein slagen Pep Guardiola på sidelinja no. Fire heimekampar utan siger er ikkje kvardagskost for verken han eller Manchester City.
90+2'
Clichy slår inn, men Courtois plukkar enkelt.
90'
Mål!
1-3
Hazard avgjer kampen! Chelsea vinn ballen rundt eigen sekstenmeter og Alonso slår ei langpasning igjennom til Hazard. Belgiaren stormar forbi den bakerste City-forsvararen og scorar sikkert åleine med Bravo. 1-3!
90'
Chelsea-fansen syng bra på borteseksjonen no. Stille på store delar av stadion.
89'
Iheanacho prøvar seg med ei avslutning på halvvolley. Ballen skrur langt utanfor mål.
88'
Hjørnespark
Moses får rydda unna.
87'
Ingen sluttspurt frå heimelaget endå.
87'
Nære ved at Silva og Iheanacho får kombinert seg fri inne i Chelsea si boks.
85'
Hjørnespark
Iheanacho møter ved første stolpe, men sender headinga utanfor.
85'
Spillerbytte
85'
Costa skal faktisk bytast ut.
85'
Diego Costa blir liggjande nede og må etter kvart rusle av bana for behandling.
84'
Chelsea ligg igjen med 10 spelarar frå 30 meter og inn. City strevar med å finne opningane no.
83'
Toure trillar til Silva som prøvar å slå inn. Blir blokkert. City har framleis ballen.
83'
Det påfølgjande frisparket blir slått skummelt inn i City si boks. Dett ned på femmeteren, men ingen i mørkeblått kjem først på ballen.
81'
Gult kort
Navas prøvar å drage av Hazard trøya, og får eit fortent gult kort.
80'
Hjørnespark
Otamendi stig til vêrs, men headinga frå argentinaren går over mål. Grei sjanse, det.
80'
City ropar på straffe ved fleire høve, men domar Taylor seier nei.
78'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
74'
Manchester City si svake heimeform ser ut til å halde fram. Kan gå mot sin fjerde strake seriekamp på Etihad utan siger!
73'
Så blir målscorar Willian liggjande etter ein duell med Kolarov.
70'
Mål!
1-2
Effektive Chelsea slår til igjen! Bortelaget slår til med ei flott kontring i det City står høgt og pressar. Costa sender i veg ein presis stikkar igjennom til Willian. Innbytaren plasserer ballen lavt i det motsatte hjørnet forbi ein utspelt Bravo.
70'
Gundogan kjem seg inn i boksa, men sender eit innlegg vekk frå mål.
69'
Spillerbytte
68'
Svært skummelt innlegg inne i Chelsea sin sekstenmeter. Moses får klarert rett foran ein jagande Agüero.
65'
Bortelaget har fått meir trua på seg no. Småfarleg nesten kvar gong dei kjem framover.
65'
Fabregas er arkitekten bak mykje her no. Strør langpasningar i alle retningar. Nydeleg langpasning til Costa på 1-1-målet.
62'
Så er heimelaget på farta igjen! Agüero får avslutta inne i Chelsea sin sekstenmeter, men skotet går nokså rett på Courtois som stoppar forsøket.
60'
Mål!
1-1
Chelsea har utlikna! Manchester City pressar stort og skapar ein drøss med store sjansar, men der dei er ineffektive, er Chelsea det motsette. Costa får ballen oppe i City si boks, pressar vekk oppassar Otamendi og avsluttar hardt og lavt forbi Bravo i City-målet.
60'
Hazard set fart og stormar mot City sitt mål, men slepp ballen i staden for å skyte sjølv.
59'
Chelsea heng verkleg i tauane no. City produserer ein drøss med store moglegheiter.
57'
Ein vanvittig sjanse for City! Navas slår flatt inn foran mål etter ei fin frispeling av Silva. De Bruyne møter innlegget fire meter frå mål, men utruleg nok set han den i tverrleggaren og ut. Der skal det jo stå 2-0!
55'
Hjørnespark
Agüero blir sitjande i grassmatta etter ein duell med Luiz. Stopp i spelet.
54'
Veldig nære 2-0! Eit håplaust tilbakespel frå bortelaget fører til at Agüero snappar ballen foran beina på Courtois, rundar målvakta og avsluttar mot mål. Heldigvis for Chelsea får Cahill blokkert avslutninga før den snik seg i mål.
53'
Innbytar Willian snappar ballen, set fart og avsluttar. Fem meter utanfor.
50'
Spillerbytte
49'
Gult kort
47'
Så kjem Costa fri i motsett ende og får avslutta. Like utanfor mål. Bra sjanse, det!
47'
Hjørnespark
Endar utan resultat.
46'
Stor sjanse! De Bruyne kjem åleine igjennom, men Courtois reddar flott.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Manchester City toppar Premier League-tabellen etter ei scoring like før pause. Det har vore mange duellar og kontroversielle situasjonar og domar Taylor har hatt nok å tenkje på. Laga har skapt nokre gode sjansar kvar, men det er nok City som har hatt mest initiativ. Målet kom etter at Cahill beina eit Navas-innlegg i eige mål. No må Chelsea fram for å score mål, og det kan by på ein herleg 2. omgang. Det er berre å gle seg!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Ingenting å seie på at City har teke leiinga. Det har vore nokså jamt mellom laga, men City har vore mest angrepsvillige.
45'
Selvmål!
1-0
Manchester City scorar like før pause! Navas bankar ballen inn frå høgresida og Cahill prøvar på ei vanskeleg klarering. Det endar derimot berre med at han set ballen utakbart i eige mål.
45'
Så ropar heimelaget på nok eit straffespark. Gündogan blir hardt stoppa inne i Chelsea si boks, men domar Taylor let spelet gå. Skal bli interessant å sjå den i reprise.
43'
Ny sjane for City! De Bruyne slår perfekt inn frå høgre, men ein hardt pressa Agüero klarer ikkje å styre headinga frå kort hald på mål.
41'
Sane er nære ved å tråkle seg gjennom Chelsea-forsvaret, men Cahill får stoppa tyskaren med ei solid takling.
38'
Hjørnespark
Moses vinn to duellar på rad og får ordna opp.
38'
Alonso slår inn frå venstre, men innlegget går litt bak Pedro inne i boksa og han klarer berre å stusse ballen til utspel frå mål.
35'
Hjørnespark
Blir teke kort. Endar med ingenting.
34'
Kjempesjanse for City! Silva chippar igjennom ei meget presis pasning til Sane som har sprunge frå Moses inne i boksa. Tyskaren breisidar ballen til Agüero som avsluttar på volley. Bortelaget får derimot blokkert.
33'
Nytt lavt innlegg frå De Bruyne inn i Chelsea sin sekstenmeter. Denne gongen er det Courtois som fangar ballen.
31'
Moses set fart og slår inn, men ballen går bak alle i feltet.
30'
Så skjer det ting! Agüero snappar ballen og er på veg åleine igjennom mot Chelsea-målet. Han blir derimot dytta over ende av Luiz og går i bakken. Utruleg nok let domar Taylor vere å blåse. Soleklart frispark og minst gult kort på Chelsea-spelaren.
28'
Hjørnespark
Chelsea sin første corner i kampen. Blir teke kort før ballen blår slått inn i feltet. Der klarer ingen i mørkeblått å få avslutta.
27'
Så skjer det ting i motsett ende også. Hazard blir spelt fri bak City-forsvaret og stormar mot mål. Han klarer å runde Bravo, men går for pasning ut i feltet i staden for å prøve å skyte frå spiss vinkel med venstrefoten. Det endar med at heimelaget får ordna opp.
25'
Annullert mål
0-0
Fernandinho stangar ballen i mål etter frispark, men assistentdomaren er raskt oppe med flagget og vinkar for offside. Korrekt avgjersle.
25'
De Bruyne prøvar å slå lågt inn bak Chelsea-forsvaret, men nok ein gong er David Luiz på plass og reinskar unna ballen.
23'
Så er det Pedro som ligg nede. Ny stopp i spelet i det spanjolen får behandling frå det medisinske apparatet.
22'
Hjørnespark
Endar med ingenting denne gongen heller.
21'
Bra sjanse for City! Agüero blir spelt fri i mellomromet, tek to berøringar og klemmer til. Courtois må reagere kjapt og blokkere skotet.
20'
Vertane prøvar ei kontring, men ein hardtjobbande Pedro gjer ein god defensiv jobb og ordnar opp i duell med Agüero.
17'
Gult kort
Otamendi får kampens første gule kort etter å ha gått litt tøft inn i ei takling. Det har vore verre situasjonar tidlegare i kampen, så det er litt merkeleg at domar Taylor vel å gi kort på denne.
15'
Godt forsøk av Chelsea! Pedro legg igjen ballen til Hazard som klemmer til på direkten frå 17-18 meters hald. Skotet går like utanfor Bravo sin venstre stolpe.
15'
City kontrar ved De Bruyne og belgiaren prøvar å slå inn i boksa. Azpilicueta når derimot opp og får stanga unna ballen.
13'
Navas strevar med å klarere, og landsmann Alonso kjem til innlegg. City får klarert.
10'
Stones prøvar å skjerme ballen frå Costa inne i eigen sekstenmeter, men misser ballen til Chelsea-spissen. Costa prøvar å slå inn i feltet, men heimelaget får ordna opp. Svakt forsvarsspel av engelskmannen, der.
8'
Blir City snytt for straffe? Silva passerer Cahill og stopparen hiv seg ned for å blokkere ballbana. Det endar derimot med at han stoppar kula med arma. Heimelaget ropar på straffe, men domar Taylor vinkar spelet vidare.
6'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
6'
Plutseleg stor strekk i Chelsea-forsvaret. Silva sitt forsøk på innlegg inn i boksa når derimot aldri fram.
5'
De Bruyne går i kroppen til sine tidlegare lagkamerat Gary Cahill. Frispark til dei mørkeblå.
5'
Hazard er oppe igjen og kjem til ei avslutning. Blir blokkert.
4'
Sjølv om dette er eit engelsk storoppgjer, er det ikkje mange engelske spelarar å finne på bana. Faktisk er det berre midtstopparane John Stones og Gary Cahill som har vakse opp på det engelske øyriket. Spania har flest representantar i startoppstillinga med sju spelarar.
3'
Eden Hazard er det som ligg nede. Vi får verkeleg håpe at han kjem seg på beina igjen.
2'
Stopp i spelet etter at ein spelar har pådrege seg ein smell.
1'
Domar Anthony Taylor bles i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Det blir eit minutts stillheit på Etihad til minne om ofra i den tragiske flyulykka i Colombia som råka den brasilianske fotballklubben Chapecoense svært hardt.
Manchester City hadde eit solid overtak på Chelsea førre sesong, og begge ligakampane blei vunne 3-0. London-laget fekk seg også ein opptur, med 5-1 over City i FA-cupens 5. runde.
Vi kan sjå fram til ein skikkeleg toppscorarduell i dag. Både Sergio Agüero og Diego Costa står med 10 nettkjenningar hittil, og begge dei to tidlegare Atletico Madrid-lagkameratane er nok lystne på å auke statistikken endå meir. Costa har scora i tre av dei fire siste oppgjera, medan Agüero har fem på dei fire seinaste.
Heimelaget må unnvere blant anna Vincent Kompany og Raheem Sterling til dagens match. For Chelsea er John Terry og Jon Obi Mikel ute.
Etter at Antonio Conte og co trøbla og gjekk på fleire smellar i september månad, har laget vore nærast utstoppelege den siste tida. Dei står med sju strake sigrar i ligaen, og det med den imponerande målskilnaden 19-1.
Pep Guardiola sitt mannskap har 4-2-0 på dei seks seinaste kampane og er i god form, men eit paradoks er at laget har slitt på eige gras. På dei seks første heimekampane i ligaen hittil har det blitt 3-3-0, og alle dei tre siste har enda 1-1. Når ein i tillegg tek med at det har vore mot motstand som Everton, Southampton og Middlesbrough så er det klart at dette er eit problem som Guardialo må fikse.
Det er kanskje dei to største tittelutfordrarane som møtest på Etihad i dag. Chelsea toppar i augneblinken med 31 poeng, men Manchester City (og Liverpool) ligg berre poenget bak på tabellen.
Hei og velkomen så mykje til livedekning av det engelske storoppgjeret mellom Manchester City og Chelsea. For ein kamp vi har i vente!